Suldal Elverk 100 år

Page 40

Matpausen er viktig for karane i elverket. Her blir mange store problem løyste. Fv: Sven Ingvar Botnen (50), Jakob Vetrhus (65) og Geir Egil Nordmark (54).

Dette er ingen jobb for den som har høgdeskrekk. — Jakob Vetrhus

og arbeidskameratane i fare. — Dette er ingen jobb for den som har høgdeskrekk, seier Jakob og klatrar sjølvsikkert i den 10 meter høge stolpen. Dei høgaste mastene kan kome opp i både 15 og 16 meter. Dei har fått bilen så godt dei klarer ut av den smale vegen i Bogsund. Denne dagen er vêret kaldt og fint, då er det gode arbeidsdagar som montørar. Dei legg ikkje skjul på at det er hakket verre å reise ut i storm, regn og snø. Dei kjenner det ekstra godt når dei har vakt, då fylgjer ein spesielt godt med på vêrmeldingane. Sist var det stormen Nina som

40 | Suldal Elverk 1916–2016

herja, når ekstremvêret kjem ruskande og trafoane ryk er det naturleg å kvi seg litt ekstra for å rykke ut. — Men eg har aldri vore redd på jobb. Når me er ferdige er jobben gjort, eg tenkjer ikkje over det etterpå. Me er berre glad straumen er på plass igjen, meiner Jakob. — Og det er godt med friperiodane etter at ein har hatt vakt, då kan ein ta seg inn igjen, seier Sven Ingvar. Jakob reiste ut på sjøen som 16-åring. Etterpå har det blitt arbeid både på Ulla-Førre og hjå Statnett. Likevel har han kome attende til elverket. Han trivst med jobben og med arbeidsmiljøet, seier han medan han er på veg ned frå masta. Det var tilfeldig for dei to andre og at dei nettopp skulle hamne i elverket. Sven Ingvar er eigentleg bilmekanikar, men skoga for elverket under linjene, og etter kvart vart


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.