Røldalsmagasinet 2018 issuu

Page 19

Historisk reiseliv Reiselivet har lang historie i Røldal. I dag er truleg Røldal stavkyrkje og skibygda dei største attraksjonane.

Eit Kulturhistorisk museum I Tyssedal i Odda ligg Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Det kulturhistoriske museet dokumenterer og formidlar industrihistorien til Odda og Tyssedal. Kraftstasjonen Tysso, er ein av hovudattraksjonane for besøkande. Denne er teikna av arkitekten Thorvald Astrup (1876-1940) i seinhistorisk stil og blei oppført i åra 1906-18. Her kan ein finne maskinar, installasjonar og kontrollrom som spenner over ei driftstid frå 1908 til siste aggregat blei slått av i 1989. Museet har avdelingar i Odda og i Tyssedal og det er ope heile året med utvida opningstider i sommarsesongen. På heimesida nvim.no finn du oppdatert informasjon.

Foto: Dag Endre Opedal NVIM

- På slutten av 1800- talet kom dei første hotella i Røldal, Røldal Hotell og Breifonn Hotell, i samband med at bygda fekk veg. Dette var jo og berre ein sommarveg, så på vinteren var jo bygda så godt som isolert, seier Gaute Losnegård som er historikar og forfattar av Røldal Bygdebok som kom ut i 2017. Han veit mykje om korleis Røldal har utvikla seg frå ei isolert fjellbygd der handelstrafikken var den viktigaste, via vegbygging og dei første turistane som kom, og fram til i dag der Røldal framstår som ein stabil vinterdestinasjon for alle som er glade i snø og ski. Han viser til at røldølane i mellomkrigstida så smått byrja som vertskap for tilreisande turistar frå Stavanger og Haugesund, det skulle vise seg å bli starten på reiselivsarbeidet i bygda. - Mange byrja å leige ut rom i eigne hus, og på 20 – og 30 - talet kom fleire pensjonat til i bygda. Det var den første fasen i fjellutfarten, og då helst i påskeveka, i dag har denne næringa vokse seg stor i Røldal, meiner forfattaren. Han viser og til at bygda tradisjonelt har hatt minst like mykje kontakt med Suldal som med Odda, også dette med tanke på samferdsle og vegen, lenge var vegen ned Bratlandsdalen den einaste heilårsvegen røldølane hadde. I etterkrigstida auka biltrafikken og ein fekk fleire gjennomreisande turistar. - Denne trafikken er jo mindre viktig i dag enn den var før, fordi turistane har fått det så travelt. No reiser turistane ofte meir målretta, og skal stoppe ein stad. Før måtte ein stoppe langs vegen, fordi turen tok mykje lengre tid, fortel Losnegård. - Då låg Røldal særs sentralt til, mellom aust og vest, seier han. Røldal hadde i følgje Wikipedia 359 innbyggarar 1. januar 2017. Bygda grensar til Odda og Ullensvang i Hordaland, Suldal og Sauda i Rogland og Vinje i Telemark. Kommunesenteret i Odda er viktig, også for røldølen, her er blant anna Norsk Vasskraft – og Industristadmuseum og ikkje minst Trolltunga er store attraksjonar. For Røldal er

det viktig å etablere seg som ein destinasjon mellom dei populære toppturane til Preikestolen i Forsand og Trolltunga i Odda. Røldal er også sentralt plassert i fleire reiselivsprodukt. Discovery Route langs riksveg 13 er ei unik reise langs Nasjonale turistvegar og dei norske fjordane. Den gamle ferdselsåra frå Stavanger til Bergen er blitt omstøypt til eit reiselivsprosjekt. Dei lokale bedriftene i Røldal som er med er: Hordatun Hotel og Røldal Skysstasjon. Elles er Kronen Gaard Hotel, Verkshotellet, Spa Hotell Velvære, Mo Laksegard, Energihotellet, Ullensvang Hotel og Sola Strand Hotel med. I tillegg er Røldal og Håra ein del av Nasjonal turistveg Ryfylke, som er ein av 18 nasjonale turistvegar i Noreg. I denne ruta er det også utvikla ein Arkitekturrundtur der ein kan oppleve historisk og spektakulær arkitektur i Suldal, Sauda og Røldal. Vegen frå Sauda til Røldal er både svingete og smal, men byr på fantastiske naturopplevingar i eit magisk landskap. Stavkyrkja i Røldal frå om lag 1250 blir trekt fram som ein attraksjon langs arktitekturrundturen, på den tida stavkyrkja vart bygd var truleg Røldal eit knutepunkt for transport av jernmalm frå Telemark til kysten. Kyrkja er best kjent for krusifikset sitt, som i følgje Wikipedia og legenda får sveittedropar i panna kvar midtsommarnatt. Korset vart då løfta ned slik at pilegrimane kunne tørke av dropane, som dei trudde kunne gjere dei sjuke friske igjen. I dag er stavkyrkja saman med skidestinasjonen dei største attraksjonane i bygda. - På 1970-talet byrja ein så smått og gjere skiaktivitetane om til reiselivsprodukt i Røldal, i ettertid har det vore ei rivande utvikling her, med bygging av hytter og utvikling i skitrekket og Håradalen, fortel Gaute Losnegård.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar

røldalsmagasinet 2018

19


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.