Intertekst vg1 utdrag

Page 45

Eit eksempel på tradisjonelt «titteskapsteater», der publikum får inntrykk av at ein av husets fire veggar er vekke, slik at dei kan sjå inn. Frå Henrik Ibsens stykke Vildanden.

Uttrykka tragisk og komisk er mykje brukte i daglegtalen. Interessant nok blir tragisk brukt over dobbelt så ofte som komisk i norske aviser og tidsskrift.

p

I den greske antikken fanst det to dramatiske former: tragedien og komedien. Desse følgde strenge reglar for handling og oppbygging. I dag finn vi stor variasjon i innhald og form, men både tragedien og komedien finst framleis. Den dramatiske diktinga er sjølvsagt utgangspunktet for filmen. Men filmen kan bruke fleire verkemiddel enn eit drama som blir oppført på eit teater, for eksempel zooming og klipping. Kronologien kan også lettare brytast på film enn i teateret, og handlinga kan gå over eit langt tidsrom, noko som er sjeldnare i dramaet.

Har du tenkt over forskjellen på korleis ein skodespelar snakkar når han står på ein scene og når han er med i ein film? Kva er forskjellen, og kvifor må det vere ein forskjell?

Lyrisk dikting Du kallar det kanskje for dikt? Lyrisk dikting skil seg frå episk dikting ved at språket gjerne er poetisk, og det blir ofte brukt fleire språklege verkemiddel, slik som kontrast, gjentaking og språklege bilete. Eit dikt

43


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Intertekst vg1 utdrag by Fagbokforlaget - Issuu