Å studere argumentasjon (9788245045314)

Page 1

Kjersti

Å studere

argumentasjon

Å studere argumentasjon

Copyright © 2024 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved

1. utgåve 2024 / 1. opplag 2024

ISBN: 978-82-450-4531-4

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen

Design: Bøk Oslo AS Sats: Hanne Sjøtrø

Framsidefoto: Talerpodium på Pnyx, folkeforsamlingsplassen i Athen (507 f. Kr.).

© Constantinos Iliopoulos / Shutterstock

Forfatterfoto: privat

Spørsmål om denne boka kan rettast til:

Fagbokforlaget

Kanalveien 51

5068 Bergen

Tlf.: 55 38 88 00

e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no

Materialet er verna etter åndsverklova.

Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.

Forord

Denne boka handlar om argumentasjon, og målet er at den som les, skal få ein introduksjon til ulike typar argumentasjonsanalyse. Den primære målgruppa er studentar ved universitet og høgskular.

Argumentasjon står sentralt i språkleg samhandling, det vere seg som ein del av den offentlege ytringskulturen i samfunnet, i det daglege livet menneske imellom og innan ulike sektorar, fag og vitskapsområde. Dermed blir det å kunne studere − det vil seie forstå, analysere og vurdere − argumentasjon ein sentral kompetanse.

Argumentasjonsteori er samstundes eit breitt felt med mange ulike tilnærmingar. I det monumentale verket Handbook of Argumentation Theory (van Eemeren et al., 2014) blir det argumentasjonsanalytiske feltet presentert over nesten 1000 sider. Det er litt av denne breidda eg ønsker å formidle i denne boka, men på eit innføringsnivå og i eit mykje mindre format. Per i dag er nokre analysemetodar, som retorikk og kritisk diskursanalyse, breitt formidla via lærebøker og annan norskspråkleg formidlingslitteratur, medan andre tilnærmingar, som Problem-Løysing-modellen og lingvistisk polyfoni, berre er tilgjengelege via vitskaplege publikasjonar. Målet med denne boka er å gi ei samla innføring på norsk av nokre sentrale tilnærmingar til argumentasjon.

Dei argumentasjonsmodellane som blir presenterte i denne boka, er retorikk, Toulmin-modellen, pragma-dialektikken, kritisk diskursanalyse og andre diskursanalytiske tilnærmingar som lingvistisk polyfoni, posisjoneringsteori, Problem-Løysing-modellen og

argumentasjon i form av tekstleg heterogenitet. Ved sida av dei åtte kapitla der dei ulike tilnærmingane blir presenterte kvar for seg, inneheld boka eit innleiande kapittel, som presenterer sentrale fagomgrep, fagtradisjonar, spenningar og samanhengar på det argumentasjonsanalytiske feltet.

Sidan noko av målet med denne boka er å gi lesaren eit innblikk i kva som særmerker (og eventuelt sameinar) ulike tilnærmingar til argumentasjon, får boka nødvendigvis eit samanliknande preg med ganske mange krysstilvisingar. Det er samstundes lagt vekt på at kvart av dei åtte kapitla som etterfølger innleiingskapittelet skal kunne lesast kvar for seg med størst mogeleg utbytte.

Ein annan balansegang har det heile vegen vore å forklare teoretiske omgrep på ein måte som er presis, men samstundes tilpassa eit innføringsnivå. Retorikken er i seg sjølv eit heilt vitskapsfelt, medan moderne argumentasjonsteoriar, i tillegg til å lene seg (meir eller mindre) på retorikken, drar vekslar på den omfattande teoribygnaden moderne tekstvitskap har utvikla. For å kunne gjere greie for desse argumentasjonsmodellane, har det vore nødvendig å trekke inn ein del tekstteori, men då som punktnedslag og ikkje i form av systematiske framstillingar. Også vitskapsteoretiske spørsmål gjer seg gjeldande i møte med argumentasjonsteori, men heller ikkje slike diskusjonar går denne boka i djupna av.

Gjennom heile boka er teoretiske poeng og modellar illustrerte via eksempel og minianalysar. Fleire av desse minianalysane er nyskrivne for denne boka, nokre er henta frå eiga tidlegare forsking og atter andre er formidling av andre forskarar sine funn. Å trekke inn − ikkje berre teoretiske poeng − men også eksempel frå andre publikasjonar har vore eit medvite grep for å invitere lesaren med inn i eit levande fagfelt.

Eksempla er henta frå mange ulike felt og språkbrukssfærar, som for eksempel politisk og offentleg debatt, vitskapsprosa, styringsdokument, propaganda, den kvardagslege samtalen og elevars tekstskaping. Varierte eksempel bidrar til å få fram kompleksiteten i fenomenet argumentasjon. Analyseeksempla skal samstundes ikkje

6

tolkast i retning av nokon freistnad på å skrive fram empiriske funn, altså tendensar innan vår tids argumentasjon på dei ulike felta. Hovudfokuset i denne boka er argumentasjonsanalyse − med andre ord: det å studere argumentasjon.

Eg vil takke forlaget sine konsulentar for verdfulle innspel, og ikkje minst vil eg takke forlagsredaktør Kristin Eliassen for eit framifrå samarbeid.

Vidare har eg hatt stor nytte av at følgande kollegaer har lese og kommentert delar av manuset: Torbjørn Andersen, Ingvil Brügger Budal, Kjersti Fløttum, Maren Hervig Holthe, Sissel Høisæter, Sunniva Pettersen Johansen, Hege Myklebust, Hege Emma Rimmereide, Martha Thunes og Gro Ulland.

Alle feil og manglar er mitt ansvar aleine.

Bergen, 21. mai 2024

Kjersti Maria Rongen Breivega

7 Forord

1

2

3

Innhald
Det argumentasjonsanalytiske feltet ...................... 13 Innleiing.................................................................. 13 Kva vil det seie å studere argumentasjon? 18 Resonnementstilnærminga versus den diskursive tilnærminga 22 Klassisk argumentasjonslære 23 Nyretorikk ............................................................... 25 Diskursive tilnærmingar 27 Nokre overordna spørsmål ........................................... 35 Oversyn over argumentasjonsteoriar som blir presenterte i denne boka 37
Korleis overtyde? Retoriske perspektiv 41 Innleiing.................................................................. 41 Den retoriske situasjonen, eller Mímir i løvehola ................ 44 Klassiske og moderne sjangeromgrep 49 Appellformene .......................................................... 51 Den topiske tenkemåten .............................................. 61
Korleis resonnere? Toulmin-modellen .................... 71 Å studere argumentasjon som resonnement 71 Resonnement i ein elevtekst ......................................... 73 Presentasjon av Toulmins resonnementsmodell ................. 77 Å vurdere resonnement og anvende dei i tekstarbeid 88
Kva er god og gyldig argumentasjon? Pragma-dialektikken 99 Innleiing 99 Kritisk diskusjon: eit utopisk ideal? ................................. 101 Kommunikasjonsprinsipp og språkhandlingar 109 Rekonstruksjon av argumentasjon .................................. 116 Dei 10 reglane for kritisk diskusjon og argumentasjonsfeil .... 123
4

Kven er

med denne framstillinga?

5
tent
Kritisk diskursanalyse ........................................... 131 Innleiing 131 Diskurs som verkelegheitsbilde 133 Faircloughs tredelte modell .......................................... 138 Multimodal kritisk diskursanalyse 144 6 Fleirstemmigheit og personnærvær i argumentasjon .................................................... 153 Innleiing 153 Bakhtins dialogisme ................................................... 154 Lingvistisk polyfoni .................................................... 156 Enonsiative spor 167 7 Posisjonering i argumentasjon 177 Innleiing.................................................................. 177 Sosialpsykologisk posisjoneringsteori .............................. 178 Semiotisk posisjoneringsteori 181 Diskursiv posisjonering i ein klasseromsdiskusjon .............. 183 8 Kva problem løyser argumentasjonen? ................... 191 Ein argumentasjonsmodell i forkledning? ......................... 191 Ein første presentasjon av dei fire komponentane 193 PL-strukturar i akademiske innleiingar ............................ 194 Analysemodellen 198 Didaktisk nytteverdi i skriveopplæringa 209 9 Korleis bidrar samspelet mellom ulike framstillingsformer til argumentasjon? 215 Innleiing 215 Framstillingsformer i argumenterande samspel ................. 216 Når argumentasjonen ikkje er argumenterande 221 Kompleksiteten i argumentasjon .................................... 224 Ordforklaringar ..................................................... 229 Litteratur .............................................................. 244 Stikkord 255 10

1

Det argumentasjonsanalytiske feltet

Innleiing

Argumentasjon er viktig. Argumentasjon rører ved grunnleggande demokratiske verdiar og etiske normer og er avgjerande for politikk og samfunnsutvikling, for faglege og vitskaplege standardar og for korleis vi samhandlar med og respekterer andre. Ikkje minst er argumentasjon berebjelken i ytringskulturen i eit samfunn og dermed ein føresetnad for demokratiet. Det er ikkje utan grunn at klassisk argumentasjonsteori, det vil først og fremst seie retorikken, er uløyseleg knytt til framveksten av den greske bystaten og den politiske språkbrukssfæren. Ein føresetnad for demokratisk samhandling er at medborgarar er i stand til å gå inn i open og sakleg dialog med kvarandre. Dette er det deliberative demokratiet, der ueinigheit og konfliktar skal løysast gjennom språkleg samhandling basert på kritisk rasjonalitet, slik den tyske filosofen Jürgen Habermas (f. 1929) legg vekt på (Habermas, 1999). Det er vanskeleg å tenke seg eit samfunn utan ueinigheit, for folk vil nok alltid ha ulike syn på politiske retningsval, etiske og faglege standardar og eksistensen generelt. Ueinigheit vil alltid vere der og må handterast. Sosiologen Lars L. Iversen meiner det er altfor mykje fokus på at samfunn er bygde på felles verdiar. Fellesskapet vårt er derimot bygd på politisk, kulturelt og etnisk mangfald. Fellesskapet vårt er rett og slett eit ueinigheitsfellesskap (Iversen, 2014).

I vår globale og digitaliserte tidsalder blir informasjon og nyhende spreidde i høgt tempo, og tilgangen til informasjon og debattarenaer har aldri vore større. I dette ligg eit stort demokratisk potensial, men diverre peiker mykje mot at anti-demokratiske krefter er i frammarsj. Falske nyhende og konspirasjonsteoriar florerer, og ei uforpliktande semi-offentlegheit i sosiale medium fordummar debatten. Dermed blir det å studere argumentasjon viktigare enn nokosinne.

Sidan argumentasjon rører ved så mange sider ved det som går for seg i eit samfunn, er argumentasjon i sin natur eit tverrfagleg fenomen, som både filosofien, jussen, samfunnsvitskapen, psykologien og språkog tekstvitskapen interesserer seg for. Kva stoff som skal med i ei innføringsbok om argumentasjon, vil ein kunne vurdere på ulike måtar alt etter om forfattaren er for eksempel filosof, samfunnsvitar eller − som eg − tekstforskar. Framstillinga og prioriteringane i denne boka speglar min bakgrunn innan anvendt språkvitskap og tekstvitskap med mange års fartstid både innan skulen og lærarutdanninga. For det første vil det seie at eg under skrivinga har hatt studentar både innan disiplinog profesjonsfaga for auget, og at skulerelevante eksempel og refleksjonar får ein viss plass. For det andre, og aller viktigast, vil det seie at framstillinga er prega av eit tekstperspektiv. For meg er argumentasjon eit språkarbeid. Framstillinga er samstundes brei, sidan ho femner om både klassisk argumentasjonslære, nyretorikk og diskursanalytiske modellar som er utvikla innan det vi med ein paraplyterm ofte kallar tekstvitskapen.

Det å sette fokus på ulike argumentasjonsmodellar kan vere augeopnande, for ulike teoretiske rammeverk representerer ulike måtar å sjå på. I denne boka presenterer og illustrerer eg nokre utvalde sider ved ulike argumentasjonsmodellar. På denne måten håper eg at du som student kan hente inspirasjon til innfallsvinklar, for eksempel for bachelor- og masteroppgåver. Dei ulike kapitla i denne boka gir samstundes ikkje stegvise «oppskrifter» for korleis ein skal gå fram i ein argumentasjonsanalyse. Modellane gir nokre rammer, eit utgangspunkt, men i møte med ein spesifikk tekst eller debattkultur som ein

14

ønsker å analysere, vil det alltid vere nødvendig å gå fleire rundar mellom teori og datamateriale for å finne fram til ein lesemåte som fungerer.1 Like lite som med litteraturvitskaplege tilnærmingar representerer argumentasjonsmodellar nokon «quick fix» til tekstanalyse.

Når ein skal undersøke argumenterande tekstar, må det derfor alltid skje eit tolkingsarbeid, på same måte som når ein arbeider med skjønnlitteratur (Hamm, 2023; Kjørup, 2008).

Argumentasjon assosierer vi først og fremst med sakprosa, og i mindre grad med skjønnlitteratur. Sakprosa er «tekster som adressaten har grunn til å oppfatte som direkte ytringer om virkeligheten» (Tønnesson, 2012, s. 34). Sakprosa femner om ei vid rekke tekstar som debattartiklar, lærebøker, leksikon og offentlege utgreiingar. Sakprosatekstar skal vere saklege og etterrettelege, men dei kan ha ulike formål, som å informere, forklare og påverke. Sakprosatekstar kan slik vere meir eller mindre ope argumenterande, men dei deler (og skaper) alltid eit verkelegheitsbilde, slik Johan L. Tønnessons definisjon peiker mot.

Men også skjønnlitteratur kan by på argumentasjon. Dei ulike karakterane i ein roman eller eit skodespel kan diskutere og argumentere seg i mellom, og skjønnlitterære skildringar kan romme samfunnskritiske analysar. I Vigdis Hjort sin roman Leve posthornet (2012) blir den politiske debatten i Arbeidarpartiet rundt EUs såkalla tredje postdirektiv ein del av handlinga. På landsmøtet våren 2011 heldt ungdomspolitikaren Tore Eikeland eit flammande innlegg mot dette direktivet, noko som fekk partiet til å snu i saka, og denne talen er med i romanen, som samstundes eigentleg handlar om kommunikasjonsrådgivaren Ellinor si eksistensielle krise.2 Eit eldre eksempel har vi frå Holbergs skodespel Erasmus Montanus (1731), der bondestudenten Rasmus gjer mor si Nille om til ein stein ved å argumentere på følgande absurde måte: Ein stein kan ikkje fly. Mor Nille kan ikkje fly. Ergo er

1 Det er sjølvsagt også fullt mogeleg å kombinere ulike argumentasjonsmodellar i ei metodisk tilnærming.

2 Tore Eikeland vart skoten på Utøya 22. juli 2011.

15 1 • Det argumentasjons analytiske feltet

Mor Nille ein stein.3 Eksempelet er sjølvsagt djupt ironisk og inngår som eit element i Holbergs samfunnssatire. Argumentasjon i skjønnlitteratur, slik som i dei to eksempla vi har sett på her, representerer dermed noko anna enn argumentasjon i sakprosa. Å argumentere er ikkje det primære siktemålet i skjønnlitteratur, men kan fungere som ein del av dei underleggjerande verkemidla som pregar fiksjonstekstar (Claudi, 2010, s. 158). Følgeleg vil ikkje argumentasjon i skjønnlitterære tekstar få nokon stor plass i denne boka.

I ei vidare innsirkling av argumentasjonsanalyse, er andre, og vel så viktige, presiseringar på sin plass. At eg over knytte argumentasjon til sakprosatekstar, skal på ingen måte forståast som ei avgrensing til skriftleg verbalspråk. Den eldste argumentasjonsteorien vi kjenner til – retorikken − er utvikla i ein munnleg tekstkultur, og alle dei andre modellane som blir presenterte i denne boka kan nyttast i møte med både skriftleg og munnleg argumentasjon. Vidare skal tekst forståast i vid forstand i tråd med det som gjerne blir omtalt som det moderne, utvida tekstomgrepet (Rogne, 2008). Med dette viser ein til at meining kan skapast ved hjelp av ei rekke ulike meiningsberande teikn, som munnleg og skriftleg verbalspråk, bilde og andre visuelle uttrykk, kroppsspråk, lydsignal, musikk og gestar (Svennevig, 2020, s. 51).

Desse ulike måtane meining kan skapast på, blir vidare ofte omtalte som ulike modalitetar, og som dei fleste andre tekstar vil argumenterande tekstar oftast vere multimodale, det vil seie samansette av fleire ulike modalitetar. Kroppsspråket og gestane til ein talar, vil saman med det som blir sagt, skape meininga i ytringa, og dermed ha noko å seie for kor overtydande talen er. Bilde og hyperkoplingar skaper saman med den verbalspråklege teksten meiningspotensialet og argumentasjonen i ein artikkel i ei nettavis.

Breidda i argumentasjon kan heller ikkje avgrensast til kva modalitetar som blir sette i spel. Kven er det som argumenterer? Skjer argumentasjonen i eit samspel mellom fleire eller som ei form for monolog?

3 Rasmus argumenterer heldigvis mora tilbake til ei bondekone.

16

Kva er konteksten for det som skjer? Kva er formålet? Sterkt relatert til desse spørsmåla er sjangeren argumentasjon opptrer i, noko som vil legge føringar for kva forventingar vi har til argumentasjonen, og kva vi vil vurdere som god argumentasjon. Det er stor forskjell på kvardagssamtalen, YouTube-videoen, den politiske debatten og ein vitskapleg artikkel. Men dette er alle fire sjangrar argumentasjon opptrer i. Ulike tekstkulturar rettar seg etter ulike tekstnormer (Bakken, 2007; Berge, 1990). Det gjeld både med tanke på alle dei ulike tekstkulturane som lever side ved side i dag, og det gjeld om vi legg til grunn eit historisk perspektiv. Ikkje få tekst- og sakprosaforskarar interesserer seg for det som er typisk for kommunikasjonen på eit visst samfunnsområde, og sjangertypisk argumentasjon vil då vere ein del av det som i dag gjerne blir omtalt som fagspesifikk literacy (Blikstad-Balas, 2016, s. 25).

Eg starta denne innleiinga med å sette argumentasjon i samanheng med demokratiske verdiar. I skulesamanheng er det tverrfaglege temaet «demokrati og medborgarskap» sett på dagsorden i gjeldande læreplan (LK20), likeins omgrep som djupnelæring og kritisk tenking. Dette aktualiserer elevars lesekompetanse, skrivekompetanse og deira munnlege og multimodale samhandling med andre − i alle fag. Og ikkje minst aktualiserer det argumentasjonskompetanse. Her kan også nemnast at særleg elevars argumenterande skrivekompetanse lenge har vore sett på som kritisk svak, og at det å lære elevar å skrive argumenterande tekstar dermed er rekna som ei særleg didaktisk utfordring (Berge, 2005a; Hertzberg, 2008; Øgreid, 2017b). Vidare viser både dei internasjonale PISA-testane og anna leseforsking at norske elevar også har altfor lita evne til å lese tekstar kritisk (Blikstad-Balas & Foldvik, 2017; Weyergang & Frønes, 2020).

Via denne innleiinga skulle konteksten for denne boka vere nærare presentert, og det er på tide på gå vidare til kjernespørsmålet: Kva vil det seie å studere argumentasjon?

17 1 • Det argumentasjons an alytiske feltet

Kva vil det seie å studere argumentasjon?

Argumentasjon er eit komplekst fenomen, som kan forståast og studerast på mange ulike vis. Når nokon uttaler seg om (og gjerne kritiserer) andre folk sin argumentasjon, eller når ein student eller forskar fortel at hen har gjennomført ein argumentasjonsanalyse, kan det handle om ganske forskjellige sider ved det som er sagt, skrive eller formidla på andre måtar.

Kva er argumentasjon? Om ein må gi eitt svar, vil mange seie at argumentasjon handlar om å grunngi eit standpunkt. Eller som Ottar Grepstad formulerer det, er argumentasjon språkbruk som «inneheld minst to informasjonar, der den eine informasjonen grunngir den andre» (Grepstad, 1997, s. 168). Så enkelt kan det seiast og så enkelt kan det vere, om vi for eksempel har ytringa «Noreg bør bli medlem av EU, for faren for krig i Europa er stor». I denne korte ytringa finst to informasjonar, nemleg at (1) Noreg må bli medlem i EU og at (2) det er fare for krig i Europa. Dei to informasjonane kan begge presiserast som påstandar, og i dette tilfellet har den andre påstanden som oppgåve å forsvare den første. Den første påstanden er standpunktet (eller konklusjonen) medan den andre i vanleg daglegtale ofte blir omtalt som nettopp argumentet. I tillegg vil ein i argumentasjonslæra legge til minst ein komponent til, nemleg den underliggande premissen som slutninga frå påstand 2 til påstand 1 kviler på. Ein slik premiss kan vere noko à la at medlemskap i overnasjonale organisasjonar representerer eit vern mot krig.

At argumentasjon handlar om at eit standpunkt blir grunngitt via andre påstandar, er nok ei forståing mange vil kjenne seg igjen i. Det er også dette som i skulens lærebøker ofte blir omtalt som open argumentasjon. Vi kan seie at dette er å sjå på argumentasjon som ei form for grunngivingsstrukturar, der ei viss samanstilling av påstandar heng logisk saman. Ei slik samanstilling av påstandar vil eg i denne boka omtale som eit resonnement. Innan det argumentasjonsanalytiske feltet finst det ulike resonnementsmodellar, og under har eg sett opp det det vesle EU-resonnementet vårt i tråd med klassisk terminologi,

18

Toulmin-modellen og pragma-dialektikken, som alle tre er tilnærmingar vi skal kome nærare tilbake til seinare i denne boka.

Tabell 1.1 Illustrasjon av eit resonnement, sett opp i tråd med tre ulike modellar

Klassisk modell (syllogisme) Toulmin-modellen Pragma-dialektikken

Overpremiss: Medlemskap i overnasjonale organisasjonar representerer eit vern mot krig.

Underpremiss: Det er fare for krig i Europa.

Konklusjon: Noreg må bli medlem i EU.

Heimel: Medlemskap i overnasjonale organisasjonar representerer eit vern mot krig.

Belegg: Det er fare for krig i Europa.

Hovudpåstand: Noreg må bli medlem i EU.

Oversetning: Medlemskap i overnasjonale organisasjonar representerer eit vern mot krig.

Undersetning: Det er fare for krig i Europa.

Standpunkt: Noreg må bli medlem i EU.

Når ein tar seg bryet med å grunngi synsmåtar ein har, kan det sjølvsagt handle om eigne erkjenningsprosessar, men aller mest handlar det om at ein ønsker å overtyde andre om ein viss måte å sjå verda på (van Eemeren & Grootendorst, 2010, s. 1; Jørgensen, 2009b, s. 129).

Overtyding er ein sentral del av kva argumentasjon handlar om, og i retorikken er studiet av kva overtydingskraft ei ytring har, det aller mest sentrale spørsmålet. Om vi går nærare inn på måten overtyding kan skje på, så blir det også innan retorikken lagt vekt på at dette skjer i form av konklusjonar som blir grunngitte (jamfør syllogismen over).

Men når det gjeld korleis overtyding kan skje, opnar retorikken også for mange andre strategiar. Aristoteles definerte retorikken som «evnen til i enhver sak å se hvilke muligheter vi har til å overtale» (Aristoteles, 2006, s. 27), og blant desse mogelegheitene finst for eksempel også appellforma patos, som handlar om kor viktige kjensler kan vere i argumentasjon. Får ein mottakaren til å kjenne på for eksempel frykt, vil ein ofte ha sterk påverknadskraft, og vi er då inne på heilt andre måtar å forstå argumentasjon på enn at det handlar om å grunngi eit standpunkt. Om ein lar seg overtyde om at Noreg bør bli EU-medlem på grunn av den auka krigsfaren i Europa, så kan det sjølvsagt handle

19 1 • Det argumentasjons analytiske feltet

om rasjonelle geopolitiske og militærfaglege vurderingar, men det kan også vere eit resultat av ytringar som har skapt stor krigsfrykt.

Om vi inkluderer perspektiv frå diskursanalyse, blir variasjonen i kva som fell innanfor omgrepet ‘argumentasjon’ enda større, og denne presiseringa frå diskursanalytikar Jan Svennevig høgst relevant:

[…] på mange måter kan man si at all språkbruk implisitt er argumentativ, ettersom den søker anerkjennelse for en måte å beskrive verden på. […] ikke noe valg av formulering er uskyldig (Svennevig, 2020, s. 225)

Via språkbruken vår, inkludert val av konkrete ord og uttrykksmåtar, skaper vi visse bilde eller utsnitt av verkelegheita med stort argumenterande potensial. Eit konkret eksempel kan vere at ein i ein abortdiskusjon omtaler abort som fosterdrap (Breivega, 2003, s. 174; Svennevig, 2020, s. 196). Via dette ordvalet signaliserer ein straks ein viss måte å sjå denne saka på, og kva standpunkt ein har i abortsaka (og det utan at dette standpunktet treng vere tydeleg formulert). Kva overtydande effekt eit slikt ordval vil ha, kjem sjølvsagt heilt an på publikum. I akkurat dette tilfellet ville ein nok risikert å støyte frå seg store delar av den norske offentlegheita. Eit anna eksempel kan vere at tilsette i akademiske institusjonar opererer med omgrep som undervisningsplikt og forskingsfri. Slike ordval er på ingen måte nøytrale, og signaliserer kva delar av arbeidet som har status.

Innanfor diskursanalytiske tilnærmingar har ein altså fokus på meir implisitte – eller skjulte – sider ved argumentasjon. Ein interesserer seg for eksempel for korleis folk og fenomen blir karakteriserte, kva som blir framheva i teksten og kva det ikkje blir sagt noko om. Kort sagt: Kva er perspektivet (Svennevig, 2020, s. 195)? Via språket skaper alle ytringar ein viss måte å sjå verda på, og desse konstruksjonane påverkar oss.

Diskursanalytiske tilnærmingar er kjenneteikna av at dei har fokus på teksten som ytring. Kva ord og uttrykksmåtar blir nytta, kven fører ordet i teksten og korleis er teksten bygd opp? Måtar å bruke språket

20

på som kan vere implisitt argumenterande, treng ikkje berre gå på konkrete ordval, det kan også handle om tekstoppbygging og framstillingsformer. Er det for eksempel eit tydeleg eg i teksten, som tar ansvar for det som blir kommunisert, eller er teksten (tilsynelatande) nøytral, utforma som rein saksframlegging? Det siste kan vere ein kraftfull argumentasjonsstrategi. Disposisjon og rekkefølge kan også ha mykje å seie for kva overtydingskraft ein tekst har. Klarer ein å skape ei tydeleg forståing av kva som er problemet, kva som står på spel? Og får ein publikum med på det, tidleg nok i kommunikasjonen? Vidare kan ein ty til andre tekstlege grep enn det å argumentere ope, for eksempel kan ein overtyde gjennom å fortelje ei historie. Vi har alle erfaringar med dette. Kor mange gonger er det ikkje eit konkret eksempel, ei konkret erfaring – formidla i forteljingas form – blir brukt for å overtyde oss? Vitneutsegner i rettssalen er eksempel på dette, den nøgde kunden si utlegging om fortreffelegheita ved eit produkt, det same.

I lærebøker i skulen er diskursive sider ved argumentasjon ofte omtalte som skjulte. Ei viktig presisering er at det skjulte ikkje berre treng gå på måten det blir argumentert på, men også på utgangspunktet for argumentasjonen. Medan utveksling av ulike argument for eller mot eit standpunkt som regel vil vere forankra i ein meir eller mindre etablert meiningsforskjell, så er den typen argumentasjon som dei diskursanalytiske tilnærmingane fangar opp, slett ikkje alltid basert i ein klart definert meiningsforskjell. Reklamebyrået fortel deg ikkje at dei argumenterer for eit visst produkt. Statlege styringsdokument, som for eksempel offentlege utgreiingar om skulepolitikk, tar heller ikkje nødvendigvis utgangspunkt i klare skulepolitiske stridsspørsmål, men dei argumenterer likevel i praksis ofte for visse retningsval. I dette delkapittelet har eg prøvd å gi eit første svar på kva det vil seie å studere argumentasjon. Svaret som er gitt er ikkje eintydig, men kan kanskje oppsummerast slik: Å studere argumentasjon kan både handle om å undersøke korleis eit standpunkt blir grunngitt og om å få fram korleis språkbruk på meir implisitte måtar har eit potensial for å overtyde, for eksempel ved å skape visse verkelegheitsbilde.

21 1 • Det argumentasjons analytiske feltet

Resonnementstilnærminga versus den diskursive tilnærminga

På bakgrunn av dei kjenneteikna ved argumentasjon som er trekte opp i førre delkapittel, vil denne boka operere med ei todeling av det argumentasjonsanalytiske landskapet, der det blir skilt mellom resonnementstilnærmingar og diskursive tilnærmingar.

Med resonnementstilnærminga blir det sikta til argumentasjon forstått som det å grunngi eit standpunkt via ein samanstilling av påstandar. Eit resonnement er slik ein påstandsstruktur som stør opp om ein konklusjon, og det er vist eksempel på resonnement i tabell 1.1 over.

I engelskspråkleg litteratur blir ordet argument ofte brukt om det eg omtaler som resonnement, og ein ser av og til argument brukt på den måten også i skandinaviske språk. Ordet resonnement er her å føretrekke, for å unngå samanblanding med ‘argument’ i allmennspråkleg tyding. Resonnement er dessutan eit fransk ord med opphav i ‘rationare’ frå latin. Etymologisk er opphavet til ordet fornuft (raison), noko som gir god meining. Argumentasjon i form av resonnement står sentralt i både retorikken, Toulmin-modellen og pragma-dialektikken, som vi skal sjå nærare på i dei tre påfølgande kapitla (kapittel 2−4).

Med den diskursive tilnærminga blir det sikta til argumentasjon forstått på ein meir implisitt og subtil måte. Her handlar det om å påverke via for eksempel ordval, sjølvframstilling, kjenslemessig appell, vinkling, forteljarmåtar og i det heile tatt via det å konstruere eit bestemt verdsbilde som ein prøver å få mottakaren til å godta.

Den diskursive tilnærminga er brei og mangefasettert. For det første vil store delar av retorikken falle inn under dette perspektivet, for, som vi skal utdjupe meir i kapittel 2, fokuserer retorikken på ei rekke andre sider ved argumentasjon enn det reint resonnementsmessige. For det andre har vi mange ulike, og nyare, diskursanalytiske tilnærmingar som er utvikla i det 20. hundreåret. Blant desse er kritisk diskursanalyse (KDA), lingvistisk polyfoni, posisjoneringsanalyse, Problem-Løysing-modellen og argumentasjon forstått som tekstleg

22

heterogenitet. Dei ulike diskursive tilnærmingane vil bli presenterte i kapittel 5−9 i denne boka.

Før vi avrundar dette innleiingskapittelet, skal vi ta oss tid til å kort presentere nokre overordna teoribygnader, som det vil vere nyttig å ha med seg i den vidare framstillinga. Det vil seie at vi skal sjå litt nærare på klassisk argumentasjonslære, nyretorikk, diskursomgrepet og nokre tekstvitskaplege omgrep med særleg stor relevans for den vidare framstillinga. Heilt til slutt i kapittelet kjem ei oppsummering av nøkkelspørsmål ein kan stille for å skilje mellom ulike argumentasjonsteoriar, og dessutan ei kortfatta oversikt over dei ulike argumentasjonsmodellane som inngår i denne boka.

Klassisk argumentasjonslære

Ofte viser vi berre til retorikken når det er tale om klassisk argumentasjonslære. Men den klassiske arven består av både retorikk, dialektikk og logikk, og det er derfor nyttig å sjå dei tre felta i samanheng.

Retorikk (frå gresk rhetorike tekhne, talekunst) er, som vi alt har vore inne på, studiet av kunsten å overtyde. Historisk er retorikken særleg knytt til talesjangeren og den politiske sfæren. I moderne tid er retorikken sitt nedslagsfelt mykje vidare, slik at retorikarar i prinsippet kan interessere seg for alle typar kommunikasjon som er eigna til å overtyde. Typisk for retorikken er at han omhandlar det vi ikkje kan ha sikker kunnskap om, det vi berre kan sannsynleggjere. Retorikkens felt er tvilsspørsmåla, som vi via retorisk kommunikasjon prøver å skape konsensus om.

Dialektikk (frå gresk dialektike tekhne, dvs. samtalekunst) er ofte beskrive som ein filosofisk metode der ein gjennom samtale utforskar eit omgrep eller ei sak. Historisk er dialektikken særleg knytt til Sokrates (469 −399 f.Kr) og Platon (428 −348 f.Kr). Ei side ved det dialektiske

23 1 • Det argumentasjons analytiske feltet

er også fokuset på påstandar og motpåstandar, altså motsetnader, eller det retorikaren Øivind Andersen karakteriserer som «dikotomiske spørsmål» (Andersen, 1995, s. 146). Samstundes representerer formell dialektikk ei streng argumentasjonslære med fokus på krava til haldbare og gyldige resonnement. Den dialektiske feltet kan slik vere noko vanskeleg å fange, då det på den eine sida, i si utforskande og dialogiske form, framstår ganske «mjukt», medan formell dialektikk, på si side, er forløparen til det vi i dag omtaler som logikk.

Logikk (frå gresk logos, dvs. ord, tanke, fornuft) handlar om følgerett tenking. Logikken interesserer seg for prinsippa bak haldbare resonnement, slutningar og bevisføringar, og har sitt utspring i Aristoteles si syllogismelære. Logiske slutningar kan vere av ulik type, som årsak-verknad, klassifisering, deduksjon og induksjon. Logikken er i dag eit stort fagfelt med mange ulike greiner. Dei mest formelle sidene ved logikk ligg i grenselandet mellom filosofi og matematikk, og er eksempel på tilnærmingar som fell utanfor rammene for denne boka. Det er praktisk og autentisk argumentasjon som er i fokus her, og då blir formell og kontekstuavhengig logikk mindre relevant. Logikk i meir uformell forstand er derimot relevant med tanke på å analysere resonnement og fornuftsbasert argumentasjon.

Grenseoppgangen mellom logikk, dialektikk og retorikk (og då særleg skiljet mellom dialektikk og retorikk) er ikkje krystallklar, og kvar skiljelinjene går, er eit diskusjonstema mellom retorikarar (Blair, 2012; Jørgensen, 2009b, Jørgensen, 2014 & Kock, 2009a). Somme ser det slik at retorikken er ei lære vinkla mot argumentasjon i taler, dialektikken ei lære om argumentasjon i dialogar og logikken ei lære om kva som er god resonnering i begge (Blair, 2012). Den danske retorikaren Christian Kock meiner at argumentasjon for handlingar er retorikkens domene, medan argumentasjon for fakta er dialektikken og logikken sitt domene (Kock, 2009a). Eksempelet vi brukte tidlegare i dette kapittelet, om at Noreg bør bli medlem av EU, vil då vere eit typisk eksempel på retorisk argumentasjon, for det er nettopp argumentasjon

24

for ei handling. Om argumentasjonen derimot dreier seg om korleis fenomenet krig kan forståast eller forklarast, ville vi vore over i meir dialektisk argumentasjon, slik Kock ser det.

Ein annan dansk retorikar, Charlotte Jørgensen, er skeptisk til definisjonar baserte på få, eller kanskje berre eitt, kriterium (Jørgensen, 2014). Etter hennar syn fungerer ikkje dette fordi kvar av dei tre tradisjonane, eller felta, som Jørgensen føretrekker å kalle dei, i seg sjølve er samansette og utvikla på ulike premissar. Jørgensens vurderingar synest fornuftige. Eit viktig skilje er nok likevel det dei nederlandske argumentasjonsforskarane Frans van Eemeren og Rob Grootendorst fokuserer på, når dei understrekar at forholdet til publikum er forskjellig i retorikk og dialektikk (van Eemeren & Grootendorst, 2004, s. 42f).

I retorikken skal publikum overtydast, medan i dialektikken ser ein publikum som ein likeverdig samtalepartnar.

Eit ekko av skiljet mellom retorikk og dialektikk kan vi også sjå i norsk skriveopplæring når det såkalla Skrivehjulet (Berge et al., 2016) opererer med argumenterande (overtydande) og drøftande (utforskande) skriving som to ulike skrivehandlingar. Når ein argumenterer, er ein ute etter å overtyde, og eventuelle innvendingar blir tilbakeviste. Når ein drøftar, stiller ein seg meir open og lar gjerne ulike syn få kome fram utan å imøtegå dei (Øgreid, 2017a). Dette kan forståast slik at den argumenterande skrivehandlinga er retorisk, medan den drøftande er dialektisk.

Ny retorikk

Frå mellomalderen av mista retorikken den sjølvsagde plassen i vestleg lærdomstradisjon, men frå andre halvdel av 1900-talet skjer ei revitalisering av retorikken. Og då ikkje berre på den måten at dei klassiske tekstane blir lesne og anvende i møte med nye kommunikasjonsformer, men også på den måten at nye retoriske omgrep og teoriar oppstår.

Blant dei viktigaste nyretoriske bidraga er to bøker som begge kom ut i 1958: Traité de l’Argumentation: La Nouvelle Rhétorique av Chaim

25 1 • Det argumentasjons an alytiske feltet

Å studere-serien består av lett tilgjengelege innføringsbøker skrivne av engasjerte og dyktige formidlarar. Bøkene gir studentane det første overblikket som er så viktig for å få ein god start på eit studium.

Argumentasjon står sentralt i språkleg samhandling, det vere seg som ein del av den offentlege ytringskulturen i samfunnet, i det daglege livet menneske imellom og innan ulike sektorar, fag og vitskapsområde.

Samstundes eksisterer det mange ulike tilnærmingar ein kan bruke for å forstå, analysere og vurdere argumentasjon.

Denne boka gir ei innføring i fleire ulike argumentasjonsmodellar. Lesaren blir introdusert for både klassisk argumentasjonslære og retorikk, resonnementsbaserte modellar og mange ulike diskursanalytiske tilnærmingar. Framstillinga er illustrert med eksempel, og det er lagt vekt på å få fram kva som særmerker dei ulike retningane.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.