individuelt og overordna plan, og slik ønskt å bidra til eit langt og godt liv for flest mogleg. Viljen til liv sameinar dei ulike innfallsvinklane. Mange har lese større eller mindre delar av manus, og eg har fått gode, nødvendige og til dels krevjande tilbakemeldingar. Det meste har eg teke omsyn til, men alltid er det forfattaren som står ansvarleg for den endelege teksten. Takk til Hanne Bramness, Per Børdahl, Rannveig Dahle, Anne Lise Ellingsæter, Grethe S. Foss, Stig Frøland, Per Haave, Erlend Hem, Bård Kittang, Kristine Lillestøl, Frode Lindemark, Åshild Lunde, John Gunnar Mæland, Ole Georg Moseng, Ole Frithjof Norheim, Svein Atle Skålevåg, Anders Kristian Strand, Randi Tjeldflåt, Magnus Vollset og Ebba Wergeland. Eg ber om unnskyldning om nokon er gløymde! Ein heilt spesiell takk går til Ida Blom, Kari Martinsen og Anne-Lise Seip. Dei har betydd svært mykje på det faglege planet, men kanskje aller viktigast: Dei har alltid vore der når livet har butta imot. Ei som ikkje har lese, men som skal ha takk for å ha bidratt på andre måtar, er Astri Andresen. I heile ti år var ho hovudansvarleg for det årlege Bergen Workshop, eit medisin- og helsehistorieseminar som samla kunnskapsrike folk frå fleire land. Inspirasjonen eg henta der og på andre faglege samlingar i regi av Astri, kunne eg ikkje fått andre stader. Takk også til Per Børdahl og Øivind Larsen som saman med Erlend Hem pressa på for at boka måtte få illustrasjonar. Per og Øivind har likeins bidratt med bilete og talmateriale. Vidare må arbeidsplassen min få takk, Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. Vi held til i det gamle leprahospitalet, Pleiestiftelsen nr. 1. Historia sit i veggane, bygnin gane er gode å vere i, og kollegaene er flotte. Ein spesiell takk til dei administrativt tilsette. Betre hjelp og tone oss imellom går det ikkje an å få. Eg vil framheve Rolv Terje Lie som i mesteparten av tida i arbeidet med boka var instituttleiar. Han har vore ei viktig støtte. Så må eg nemne tilsette ved Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Alltid har dei stått til teneste. Endeleg ein takk til Samlaget som gav meg dette lærerike, interessante og strevsame oppdraget – og til konsulentane Ole Didrik Lærum og Einar Niemi. Dei har gitt særs gode råd og utfordrande innspel. Mest går tankane mine til Atle Kittang, ektemann, inspirator og lesar – og han som igjen førte meg inn i det vakraste norske språket. Han rakk ikkje å følgje meg heilt fram. Mot slutten av livet sa han: «Hugs, det ligg mykje god terapi i godt arbeid. Du må stå på!» Eg har bore med meg dei orda sidan. Boka er til minne om Atle. Åsane, Bergen, oktober 2016 6