HAUSTEN 2025
BARN OG UNGDOM




ANKER EYSAJAN (f. 1993) er debutant. Dikta i denne boka spring ut av studieåret hans ved Samlaget og Minotenks forfattarskule. Han har i tillegg gått forfattarlinja på Buskerud Folkehøgskole.
HILDE HODNEFJELD (f. 1966) er ein erfaren bildebokskapar med mange titlar bak seg. For Samlaget har ho mellom anna tidlegare illustrert den brageprisnominerte diktsamlinga Tusen elgar i garasjen av Sigmund Løvåsen.
ANKER EYSAJAN OG HILDE HODNEFJELD (ILL.)
EIN MÅNE I MAGEN
OG ANDRE DIKT
Leikent om barneliv
Krølle er ein vilter og fantasifull gut som elskar å leika! Vi følgjer han gjennom ein vanleg dag i livet, frå han står opp, og til han skal legga seg igjen. På ferda gjennom dagen går han ut og kler den sure vinden inn i mange lange skjerf, han forvandlar seg om til ein superfrosk, og han et ein heil måne til kvelds.
Dei morosame og underfundige dikta til Anker Eysajan speglar verda barna lagar seg heime, og viser fram magien i kvardagen. Hilde Hodnefjelds strek speler på lag med dei leikne barnedikta og tar tankespinnet endå eit hakk vidare.
LUCY KLARER ALT!
SIRKUSET
Ny bildebokserie for dei minste!
Lucy er ei jente som klarer alt, absolutt alt. Og i dag vil ho prøve noko nytt: Ho vil bli sirkusdirektør. Det er berre eit lite problem: Ho har ikkje nokon sirkusartistar! Dette er sjølvsagt ikkje noko hinder for Lucy. Ho har nemleg ein veldig god plan.
Lucy klarer alt! er første bok i ein ny bildebokserie for dei yngste lesarane med oppfinnsame Lucy i hovudrolla. Vi blir med på hennar sprø påfunn for å gjere kvardagen litt ekstra gøyal.


IDA EVA NEVERDAHL (f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserietrilogien om antihelten Floke.


Om Oskar og eg. Alle plassane vi er (2023):

Maria Parrs nye barnebok er rent gull – og Parr befester sin posisjon som en av de beste barnebokforfatterne her til lands.
KRISTINE ISAKSEN, VG
Boka er som ein kakepose med alt som er godt: nære stadar, kjende scener, nye uttrykk og eit mylder av bilete, både i språket og i illustrasjonane.
JANNE KARIN STØYLEN, BERGENS TIDENDE
OSKAR OG EG
ALLE TINGA VI HAR
Gledeleg gjensyn med søskenparet
Oskar og Ida er tilbake! Oskar har gått nesten eit heilt år i første klasse. Han er fortruleg med både klassebamsar, sykling og herjing i friminutta. Men så dukkar det opp noko dei kallar vikar.
Fjerdeklassingen Ida har også blitt eldre og møter nye utfordringar. Korleis veit ein kva som er teit, og kva som er kult? Tekstane kretsar rundt dei kvardagslege tinga vi har, som dinosaurar, syklar og arveklede. Det universelle kjem fram gjennom detaljane.
Oskar og eg. Alle tinga vi har er ein knallsterk oppfølgjar til barneboksuksessen om dei to søskena Oskar og Ida.

MARIA PARR (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005 og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 fekk ho Sult-prisen, og i 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg.
ÅSHILD IRGENS (f. 1976) er illustratør. Ho har illustrert ei rekkje barnebøker, mellom anna Tonje Glimmerdal og Oskar og eg av Maria Parr.


CHRISTIAN WIIK GJERDE, INGUNN THON OG JENS KRISTENSEN (ILL.)
OPPDRAG ROMVESEN DEN NYE NABOEN
Superpopulær lydbokserie endeleg i bokform!
Kvelden før Jakob skal begynne på skulen etter sommarferien, får han eit heilt eksepsjonelt oppdrag av statsministeren. Han skal passe på den nye nabojenta. Ganske snart finn Jakob ut at jenta, som får namnet Ramona, kjem frå verdsrommet! Oppgåva til Jakob er å passe på at ho og familien ikkje blir avslørte. Men korleis skal det gå når Ramona tek med seg ein diger fisk i matpakka, blir forvandla til ein hai når dei er i akvariet, og får alle i klassen til å sovne når ho syng?
Oppdrag romvesen-serien er veldig populær på lyd, og no er han aktuell i bokform.
Bøkene er rikt illustrerte av Jens Kristensen. Bok nummer 1 kjem ut hausten 2025 og bok nummer 2 vinteren 2026.


Bok 2 kjem vinteren 2026

INGUNN THON (f. 1986) debuterte med barneboka Ollis i 2017. For denne boka blei ho nominert til Arks barnebokpris. Ho er journalist og tekstforfattar og har mellom anna arbeidd i NRK Super. Den siste boka hennar, Full Bajas (2023), blei nominert til Barnas bokpris.
CHRISTIAN WIIK GJERDE (f. 1981) debuterte med Jakta på firkløveren i 2016, som er blitt omsett til både russisk og tysk. Den siste boka hans er Jul på Bukken hotell frå 2019. Han bur i Oslo og har tidlegare jobba som journalist, tekstforfattar og også i NRK Super. No arbeider han som skulebibliotekar.
JENS KRISTENSEN (f. 1975) er illustratør og biletkunstnar. Han har illustrert ei rekke barne- og ungdomsbøker, mellom anna den populære Klodeklubb-serien, og dessutan illustrert for magasin, reklame og animasjon.




VERONIKA ERSTAD (f. 1979) er forfattar og barnevernspedagog og har tidlegare gitt ut bøker for barn og vaksne.
ELLA K. OKSTAD (f. 1973) er illustratør og grafisk designar.
VERONIKA ERSTAD OG ELLA OKSTAD (ILL.)
SAGA OG STORM BLIR IKKJE KJÆRASTAR
Ufrivillig kjærastar
Saga elskar å vere saman med Storm. Han er den beste venen ein kan ha. Men ein dag begynner Boel i klassen. Og ho vil bestemme alt. Først bestemmer ho at jentene ikkje skal leike saman med gutane, for då får dei gutelus. Og så bestemmer ho at Saga skal vere saman med Storm, for det er barnsleg med gutelus. Men Saga vil jo ikkje vere saman med Storm på den måten! Og det vil jo ikkje Storm heller. Men kvifor skal det vere så frykteleg vanskeleg å seie frå til Boel? Og kvifor i all verda er det Boel som skal få Knerten, yndlingskvalpen til Saga?
Saga og Storm blir IKKJE kjærastar er ei bok om venskap, gruppepress og hundar.
HELENE GUÅKER OG ODA VALLE (ILL.) STELLA STÅR I DET
Plan B-bursdag
Stella er fornøgd med livet. Ho bur saman med mora i verdas beste blokk, og to dører bortanfor bur bestevenninna Rania. Dei har ikkje så mykje pengar, for mora til Stella kan ikkje jobbe, men Stella synest likevel ho har alt ho treng. Heilt til mora ein dag inviterer heile klassen heim på bursdagsfeiring. Det vil ikkje
Stella, for kva om mora serverer mat ho har funne på søppeldykking?
Kva om Sofie og Ida ler av den vesle leilegheita deira? Og verst av alt, kva om mora får migreneanfall rett før og ikkje kan arrangere bursdag i det heile tatt? Her må det ein backupplan til! Saman med Rania førebur Stella ein plan-B-bursdag.
Stella står i det er ei varm, humoristisk og sår bok om å vekse opp utan så mykje pengar, om fellesskap og om å stå opp for seg sjølv.


HELENE GUÅKER (f. 1983) er frå
Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen
Sveiseblink, medan ho i 2020 blei nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen for ungdomsromanen Høgspenning livsfare.




OSKAR KROON (f. 1980) er ein av dei store litterære barnebokstjernene i Sverige akkurat no. Samlaget har tidlegare gitt ut Vente på vind, som fekk Augustprisen for beste barnebok i 2019.
OSKAR KROON OG HANNA KLINTHAGE (ILL.)
KVITVEIS OG PISSROTTER
Å beskytte sin eigen bror
Kaj elskar storebror sin, Krister. For Krister kan ALT om robotar, verdsrommet og parallelle univers. Om å ta riktig buss og om å finne dei beste bruktkuppa på dynga. Krister tør å vere seg sjølv. Eller så klarer han berre ikkje å vere noko anna enn seg sjølv. Men det å vere Krister byr også på problem. Med dritsekken Sacke, for eksempel. Til slutt klarer ikkje Kaj å sjå på korleis Krister blir behandla av Sacke og gjengen på skolen lenger. Han må gjere noko. Han må redde Krister!
Kvitveis og pissrotter er ei stilrein og sterk barnebok frå ein av Sveriges fremste barnebokforfattarar.
Forteljinga om brørne Kaj og Krister vann Augustprisen 2023 for beste barnebok og fekk ei White Ravenutmerking i 2024.
Boka er omsett av Mari Reinholt Aas.
En utmärkt högläsningsbok
DAG HEDBERG, BTJ
SKARPE KANTAR
Drøymande forelsking møter skarp verkelegheit
Livet står på pause for sytten år gamle Maja. Ho har mista faren og orkar ikkje anna enn å flykte inn i fantasien, langt vekk frå den strenge politimora og hockeymiljøet ho er omringa av. Da Adam begynner i klassa, blir Maja med éin gong fengsla. Trass i alle åtvaringar lar ho seg rive med. Det heile verkar som ein draum ...
Spol fram i tid, og den gode draumen har utvikla seg til eit mareritt. Ein ung mann er drepen, og Maja må fortelje heile historia til politiet.
Adam skjulte hemmelegheiter, han var ikkje til å stole på. Men det er kanskje ikkje Maja heller?
Skarpe kantar er ein spenningsroman for ungdom som held deg hekta frå første side.
Om Eg skal rive deg i filler:
Ein drivande psykologisk thriller KLASSEKAMPEN


THERESE GARSHOL (f. 1988) har fått mykje merksemd for dei to førre ungdomsromanane sine. Den første boka, Sting, blei tildelt Trollkrittet og vart nominert til Kulturdepartementets prisar i kategorien debutant. Andreboka hennar, thrilleren Eg skal rive deg i filler, vart nominert både til Kritikarprisen og til Uprisen.




ANN HELEN KOLÅS INGEBRIGTSEN (f. 1980) kjem frå Valderøya i Giske kommune. Ho arbeider som norsklærar i vidaregåande skule. Ingebrigtsen debuterte med ungdomsboka Sinne i 2020, ei bok som vann Bokbloggarprisen og Årets Ulest. På ein skala frå éin til ti er den tredje romanen hennar.
ANN HELEN KOLÅS INGEBRIGTSEN
PÅ EIN SKALA FRÅ ÉIN TIL TI
Om sjølvtillit og kroppskompleks
Eg hatar det når folk spør kvifor eg haltar. «Har du skada foten? Er det ein fotballskade?» Så må eg seie at det er lenge sidan, og spørsmåla tar aldri slutt. Dei siste åra har eg begynt å seie ja. Ja, eg har skada meg, og når dei ser på meg og ventar på meir info, seier eg ingenting. Eit ja er alt dei får. Eg drit i om dei føler seg dumme. Eg føler meg uansett dummast. Styggast. Handikappast.
Miriam har levd med skada fot sidan ho var to år gammal. Ho haltar og har store smerter. Då ho fyller seksten, får ho beskjed frå legane på sjukehuset om at ho må amputere foten. Kort tid før operasjonen møter Miriam den kjekke guten Torjus, som ho blir hovudstups forelska i. Kan ho greie å fortelje han kva ho skal gå gjennom på sjukehuset? Og kva vil han seie når han får vite sanninga om kroppen hennar?
På ein skala frå éin til ti er ei sterk og personleg historie om kroppskompleks, om å kjenne seg annleis. Samstundes er det ei forteljing om å overvinne frykta for å seie sanninga og om å kome seg vidare i livet.
INGELIN RØSSLAND
PASS DINE EIGNE SAKER
Trusesal og pedojakt
Når Ida kjem tilbake frå sommarferie, har noko endra seg med bestevenninna Pernille. Brillene er bytte ut med kontaktlinser, og håret er plutseleg bleikt platinablondt. OG: Ho har begynt å henge med Thea og Naomi, dei største jåledokkene i klassen, som alltid har terga Ida og Pernille. Kva har skjedd med Pernille, og korleis har ho fått råd til den nye stilen? Når Ida begynner å grave litt, finn ho ut korleis Pernille skaffar seg pengar. Og det er ikkje ved å hjelpe ein gamal nabo, slik ho fortalde til Ida. Pernille har begynt med «sugardating». I eit forsøk på å redde Pernille frå ekle gamle grisar lagar Ida òg ein profil. For er det eigentleg så uskuldig og ufarleg som Pernille har fortalt?
Pass dine eigne saker handlar om dei risikofylte vala ungdom gjer i ønske om å høyre til. Det er ei underhaldande, spennande, ubehageleg og viktig bok om sugardating og om å vere ung og miste kontrollen. Boka er eit samarbeid med Leser søker bok.


INGELIN RØSSLAND (f. 1976) debuterte med Viss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også fått Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk. Den siste boka hennar var OMG frå 2019. Kritikarprisen og til Uprisen.

SKJØNNLITTERATUR

VAIM
Fyrste boka frå Vaim
men eg kan vel ikkje be Eline koma om bord i båten no nattes tid, gift kone ho er og alt
Kan eg få koma om bord i båten, seier Eline
Ja, ver velkomen, seier eg Ver velkomen, tek eg opp att
Jatgeir frå Vaim reiser med snekka Eline til Bjørgvin. Han skal kjøpa nål og tråd, men blir snytt to gonger. Underleg nok får han med seg heim sin ungdoms kjærleik Eline, som rømer frå mannen Frank. Vaim er ei forteljing om Eline, Jatgeir og Frank. Det handlar om snekker og sjarkar, kjærleik og død, føyelege menn og ei uvanleg viljesterk dame. Det nyttar ikkje å argumentera mot Eline.
Dette er det fyrste prosaverket
Jon Fosse gjev ut etter han fekk nobelprisen i litteratur i 2023. Vaim er fyrste romanen med tilknyting til ein oppdikta stad på Vestlandet, seinare kjem Vaim Hotell og Vaim Vekeblad. Alle forteljingane er knytte til bygda Vaim, men handlar om ulike personar. Tekstane har ein lett og humoristisk tone og er umiskjenneleg eit verk av Jon Fosse.

JON FOSSE (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar.
I 2023 fekk han Nobels litteraturpris. Fosse debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Sidan den gong har han skrive romanar, lyrikk, dramatikk, barnebøker og essay. Tekstane hans er omsette til kring seksti språk, og skodespela er sette opp over heile verda.


SKODESPELET
Sjalusidrama på kaien
Eit godt vakse par har kome fram til ein kai med koffertane sine. Dei skal på båttur og har gledd seg, men kaien er underleg liten, det er lite folk å sjå, og kvifor kjem ikkje båten? Eit ungt par ventar også. Ein skodespelartrupp dukkar opp. Dei vil spela eit stykke for dei ventande og får med seg både den vaksne og den unge kvinna som skal på båttur. Det utspelar seg eit sjalusidrama der på kaien. Liv og dikting blir surra saman. Kva er teater? Kva er røyndom? Kven har skrive rollene me spelar her på jorda? Og kvar tek båten oss eigentleg?
Skodespelet har urpremiere under Fosse-festivalen på Det Norske Teatret i september 2025

JON FOSSE (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar.
I 2023 fekk han Nobels litteraturpris. Fosse debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Sidan den gong har han skrive romanar, lyrikk, dramatikk, barnebøker og essay. Tekstane hans er omsette til kring seksti språk, og skodespela er sette opp over heile verda.


DOGGERLAND
Intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på randa av kollaps
I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar – den litterært gåverike Filip og den økonomisk orienterte Henny – posisjonerer seg begge for å ta over.
Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip
- og meir innvoven i familieløyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning. Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar eiga framtid står på spel?
I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er truga. Doggerland er eit intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.

AGNES RAVATN (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og seinast Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er den den femte romanen hennar.

| ISBN: 9788234014628 |
| ISBN: 9788234014635 |
9788234015922



SIGRÍÐUR HAGALÍN BJÖRNSDÓTTIR ELDANE KJÆRLEIK OG ANDRE KATASTROFAR
Når jorda rivnar, kjem sanninga fram
Kraftige jordskjelv råkar Reykjaneshalvøya, området som i tillegg til eit utal turistar, husar dei fleste innbyggarane på Island. Etter fleire hundre års dvale blir slumrande vulkanar vekt til live. Ingen kjenner desse betre enn geologen Anna Arnardóttir, som brått står overfor si viktigaste oppgåve i karrieren.
Katastrofen lurer i horisonten, i undergrunnen, men også i Annas privatliv, idet hennar tilsynelatande perfekte ekteskap også er i ferd med å slå sprekkar.
Kjærleik, spenning og vulkanologi kulminerer i ein eksplosiv miks!
Frå islandsk ved Maren Barlien Guntvedt.
SIGRÍÐUR HAGALÍN BJÖRNSDÓTTIR (f. 1974) er forfattar, journalist og nyheitsanker frå Reykjavík. Ho fekk sitt første litterære gjennombrot med romanen Den avstengte øya (på norsk i 2019), som var den mest selde boka på Island i 2016, og som vart nominert til den islandske kvinnelitteraturprisen og avisa DVs litteraturpris.
Eldane har fått reine kultstatusen på Island, truleg på grunn av det profetiske aspektet i boka: Katastrofen ho skildrar i romanen, er no i ferd med å utspele seg i røynda, ved Grindavík på Reykjaneshalvøya.
BRIT BILDØEN
MODERAT SIKT
Karl vaknar opp i skogen med store smerter. Han hugsar at han sprang. Han hugsar at han fall. I brokkar og bitar kjem minnet tilbake. Han var på Innsetra, arrangerte rovdyrsafari. Det svartnar for han når han prøver å røre på seg. Kvar er alle dei andre?
I denne frittståande oppfølgjaren til Gult farevarsel møter vi igjen søskena Karl, Dorte og Anette og foreldra deira. Da familien var samla på Innsetra eit år tidlegare, gjekk det meste gale. Løgnene og dei vonde minna frå denne helga har splitta dei. Men no, når Karl er borte og leiteaksjonen er i gang, må familien legge alt dette bak seg. Kan det vere denne nye katastrofen som skal samle dei igjen?


BRIT BILDØEN (f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsette til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014), som også vart sett på langlista til Dublin Literary Award. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.




MARTIN BALDYSZ (f. 1977) debuterte med romanen Vintertrang i 2013 og har gitt ut romanane Vardane (2022) og Fallgard (2024). Han har også gitt ut serien Brenninger under pseudonymet Karen Støylen.
MARTIN BALDYSZ
STILLE GRENDER
RYER-SERIEN. BOK I
Første bok i original historisk krimserie med syskenparet Johan og Sonja Ryer etterforskarar.som
Sunnmøre, Hausten 1902. Dotter til storbonden, Hedda Fosen, blir funnen brutalt drepen i den avsidesliggande Mardalen. Johan Ryer, fersk overkonstabel frå Ålesund, blir send for å etterforske. Med seg får han systera Sonja som assistent.
Krøkt mellom fjord og fjell ligg grenda der det usagde veg tyngre enn det sagde. Sterke krefter står steilt mot kvarandre, og no har noko mørkt sloppe laus.
Ryer-serien følgjer det umake etterforskarparet Johan og Sonja –han nøyaktig, mild og oppteken av detaljar, ho intuitiv, frittalande og med lite til overs for autoritetar. Eit klassisk mordmysterium i historisk drakt – med sterke karakterar, lun humor og den stille uhygga som berre ei avsides norsk fjordbygd kan romme.
En drivende god krimroman som skiller seg ut i både miljø, intrige, karakterer og språk. Et forfriskende pust på den norske krimhimmelen.
GEIR TANGEN - KRIMFORFATTAR
FRIDA FLIFLET
KAN EG
I desse novellene handlar det om å unngå blikk og å fanga blikk. Det handlar om Kaisa i det forferdeleg varme kostymet og den jævla svikaren Linnea, om å bli invadert i eit dansestudio, om Laura som IKKJE må kasta opp marsipankake utover bunaden, og om Edvard sin framande farfar. Det handlar om å slå nokon eller springa frå nokon og å vera ein idiotisk (idiotisk!!!) turist, og om slektslinjer og sitrande skam og dessutan om ein tjueåring med ei greie i magen som må fjernast NO.
Kan eg sjå på er ei novellesamling om å sjå og bli sett, av seg sjølv eller andre, med lengsel og forakt.


FRIDA FLIFLET (f. 1994) kjem frå Bergen. Ho har gått på forfattarstudiet i Tromsø og bidratt i Signaler (2023). Fliflet jobbar i musikkredaksjonen til Klassekampen. Kan eg sjå på er debutboka hennar.




JØRGEN NORHEIM (f. 1952) er fødd i Sollia i Østerdalen og voks opp i Vestre Slidre og er i dag busett i Berlin. Norheim har sidan debuten i 1994 gjeve ut fleire kritikarroste romanar. Adjutanten (2008) vart nominert til Brageprisen, og Ingen er så trygg i fare (2002) vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Olga Bjoners plass er den sjette romanen hans.
JØRGEN NORHEIM
OLGA BJONERS PLASS
Kva hadde skjedd om tyskarane hadde vunne andre verdskrigen?
Året er 1967, og Quisling og NS styrer i Noreg. Førarens høgre hand, partiog statsminister Stein-Ulf Bru, har nok å hengje fingrane i. Den noko demente Vidkun Quisling fyller 80 år, og Tysklands nye førar Albert Speer er ventande til Noreg for å opne Polarbanen Nidaros–Kirkenes, som endeleg er ferdig. Minister Bru får ansvaret for planlegginga og gjennomføringa av Speers besøk, og tryggleiken står i sentrum. Då passar det dårleg at ei gruppe aksjonistar i ly av nattemørkret skiftar ut gateskilt med namn på fortente NS-folk med namn på motstandsfolk frå krigen.
I denne kontrafaktiske romanen teiknar Jørgen Norheim eit truverdig bilete av korleis livet her heime kunne ha arta seg dersom utfallet av andre verdskrigen hadde vorte eit anna og NS hadde fått styre i Noreg –ein skremmande visjon.
MARTIN INGEBRIGTSEN
EIN FILLETING SOM DØDEN
Gjennom dikt, essay og notatbokskisser skildrar Martin
Ingebrigtsen det å bli far, å miste ei mor og å leve med depresjon. Boka er direkte og overskotsprega, og går sjokkerande tett på når forfattaren snur steinane i livet sitt. Vi får innblikk i ein kvardag som rommar fødsel og død, poesi og magi, familieliv og skriving. Ein filleting som døden skapar med sitt skremmande mørke og sin ærlege stil eit driv og ein energi som utmerker seg litterært, samtidig som dikta opnar rom for gjenkjenning og refleksjon. Djupast sett er det likevel ei bok om det som gjer at ein held ut: kjærleik og poesi.


MARTIN INGEBRIGTSEN (f. 1984) er frå Trondheim. Han debuterte i 2018 med diktboka Riv av seg ansiktet
Han følgde opp med Bukk & Sigd i 2023 og fekk både Hauge-stipendet 2024 og Bokhandelens forfattarstipend 2024. Juryen for sistnemnde skreiv at Ingebrigstens «innfall er så vilt kreative, samtidig som han har et uomtvistelig talent for å skape vellykkede poetiske bilder og setninger som får det til å søkke i leseren».
Ingebrigtsen arbeider også som omsettar og har omsett mellom andre Åsa Maria Kraft, Nathaniel Farrell, CAConrad og Julia Camifiejeva.

ISBN: 9788234004919
9788234004926



HILDE MYKLEBUST (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005. Kvit stig morgon skir er den fjerde diktsamlinga ho skriv for vaksne. Ho har også skrive fleire kritikarroste barneog ungdomsbøker. I 2020 vart ho heidra med Diktartavla og i år har ho 20-årsjubileum som poet!
HILDE MYKLEBUST
KVIT STIG MORGON SKIR
Kvit stig morgon skir
Kvitt veks lyset frå mor sin munn
Legg seg over sjøen i ei bøn
Aron vert fødd 18. oktober 1877 og veks opp i tronge kår på Sunnmørskysten. Livet og dauden er tett på familien ved fjorden, dei mister ein veslebror og snart endå ein. Aron tek hyre til sjøs 20 år gammal og mønstrar på skipet Undine av Haugesund. Fyrstereisa endar i tragedie: I storm går skipet på grunn utanfor Portugal, og berre halve mannskapet bergar seg.
Kvit stig morgon skir fortel om eit liv ved og på sjøen, i ei tid då menneska stod nærare naturen og var avhengige av det fjorden og markene gav. Samspelet gjorde det mogleg å leve, men alltid på nåde.
Med ein veldig nærleik til naturen og alt levande diktar Hilde Myklebust fram livet til sin eigen oldefar.
THOR MAGNUS TANGERÅS
Ei vandring langs ei lita elv, ei utforsking av livet ho ber med seg, og livet som omgir henne, på leiting etter håp i ei vanskeleg tid.
I dette langdiktet vert lesaren invitert med på
å følgja
åa frå a til å –frå ås til os, om skogholt og langsmed eng
for å lytta til elvas song: gullvokal og sølvsjølvlyd i elvestemme å-mål og fosserøyst
Å er ein lyrisk hydrografi, eit vitnesbyrd frå vatnet om natur i endring.
Den tredje diktsamlinga frå Thor Magnus Tangerås er umiskjenneleg «Tangeråsk»: stilsikker og leiken, eit forsøk på å gi språk til noko som ikkje har språk, denne gongen elva.


THOR MAGNUS TANGERÅS (f. 1972) kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Westerdals institutt for kreativitet, forteljing og design ved Høyskolen Kristiania. Han har 10 års erfaring med Shared Reading og har skrive doktorgrad om korleis litteraturen kan forandra oss. Tangerås debuterte med diktsamlinga Ø i 2022 og tidlegare i år fekk han Bokhandelens forfattarstipend.

Om Juleroser:

Siden 2015 har Juleroser vært en vinner. Redaktør er fortsatt Herborg Kråkevik og oppskriften den samme. Det er ingen grunn til noe annet.
STAVANGER AFTENBLAD
Herborg Kråkeviks Juleroser er stadig det mest innholdsrike og gjennomførte av de voksne juleheftene. […] Dette er den typen trykksak man nesten bare må spare på.
FÆDRELANDSVENNEN
JULEROSER 2025
Vakkert og nostalgisk hefte til alle som er glade i jula
Herborg Kråkevik vaks opp med foreldre som samla på historiske julehefte. Ho drøymde om å relansere Juleroser i vår tid, og i 2015 gav
Samlaget ut det første Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør. Det blei ein stor suksess.
Kråkevik opna opp att marknaden for litterære julehefte. Mange har komme i kjølvatnet, men dette illustrerte, litterære juleheftet med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid er noko for seg sjølv og har blitt det aller mest etterspurde i juletida. Forteljingane og tekstane er sette saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne. Den 11. utgåva har bidrag frå ei rekke framståande forfattarar, mellom andre Herbjørg Wassmo, Karl Ove Knausgård, Solveig Kloppen, Mira Hussain, Levi Henriksen, Gunnhild Øyehaug, Halvor Folgerø, Einar Økland, Kari Bremnes og Brynjulf Jung Tjønn. Frida Ånnevik har skrive årets julesong. Hovudtemaet i heftet i år er englar. I ei tid som er tung og krevjande for jorda og menneska, er biletkunsten og litteraturen viktige lyspunkt og trådar inn til håp og fellesskap.
HERBORG KRÅKEVIK (f. 1973)
er ein av våre mest folkekjære og allsidige scenekunstnarar og kulturformidlarar. Ho vaks opp i Jondal, og bur no i Viborg i Danmark. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet.

FAKTA OG DOKUMENTAR

Ei handbok om korleis du lagar ei perfekt steik, sprengjer eit fjell, bruker ei sag, unngår slips, imponerer ei dame, og andre verktøy du treng for å fiksa livet.
LOTHEPUS-MANUALEN: DETTE FIKSAR DU!
113 HISTORIER OM PENGAR, KJÆRLEIK, DYNAMITT
OG ANNA SPETAKKEL
Dei fleste av oss tok korkje eksamen i korleis ein sløyer fisk, handterer ei sag eller slår ein båtsmannsknop. Du har kanskje stått der rådlaus sjølv, med ein tett kjøkkenvask og ei flaske kvikkfiks som ikkje funkar? Ja, og kva gjer du om du er langt til skogs utan kaffikjele, blir vitne til at kollegaen din skadar seg stygt, eller ikkje er kar om å få bikkja til å slutta å skita inne? Eller når du vaknar skikkeleg bakfull ein time før ei viktig avtale – eller dei dagane tankane er så mørke at du knapt orkar stå opp? Er det forresten sant at hundar og hestar dreg damer? Kor mykje aftershave er for mykje? Og kva er eigentleg «godt nok»?
Leif Einar Lothe (55) er anleggsarbeidar, jeger, skytebas, kaptein, musikar, sambuar, far til tre og eigar av eit tital firma. I denne handboka har han plukka ut ferdigheiter det er lurt å ha i verktøykassa for den som er i gang med vaksenlivet – og ein del praktiske triks som berre er jækla kule å kunna. Han deler òg raust av eigenopplevde historier om kor gale det kan gå, og korleis du i alle fall ikkje bør gjere ting.
Felles for alle råda er at dei er enkle både å forstå og fylgja. Over ei rekkje lettlesne og illustrerte sider slår Lothepus fylgje som den nevenyttige kompisen du kanskje alltid har ønskt deg, og som du alltids kan spørja til råds.

HEIDI MOLSTAD ANDRESEN
(f. 1969) er journalist ved Nynorsk pressekontor. Ho har mellom anna lang fartstid som reporter og utgåvesjef i Dagbladet Magasinet og har tidlegare vore sakprosaredaktør i Samlaget.




ODDGEIR BRUASET (f. 1944) er frå Måndalen i Romsdal og bur i Spjelkavik i Ålesund. Bruaset jobba i NRK frå 1971 til 2014. Han har laga ei rekkje program og er mest kjend som programleiar for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han har skrive eit trettital bøker og er ein ettertrakta foredragshaldar.
ODDGEIR BRUASET
VEGEN SOM VART MIN
ODDGEIR BRUASET
SER SEG TILBAKE
Mannen bak kameraet
Gjennom 43 år i NRK har Oddgeir Bruaset samla det norske folk rundt radioen og TV-skjermen. Han har laga hundrevis av TV- og radioprogram, og er kanskje mest kjend for å ha laga Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – som har blitt ein av dei mest populære TV-seriane i Noreg gjennom tidene.
Men kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? Kva skjer i kulissane under opptaka? Gjennom historia til Bruaset får vi innblikk i kva som har rørt seg i norsk mediehistorie frå 1971 til 2014. Om TV-produksjon i 80-åra, om ressursar i distrikta samanlikna med Marienlyst og om å lage TV-program om alt frå natur, tragediar, kongefamilien og Erik Bye.
I denne boka fortel Bruaset også om seg sjølv og oppveksten i Romsdal, om den underlege vegen til NRK, om å måtte velje mellom kateteret og mikrofonen, om hardt arbeid, helikopterulukker og om å komme nær folk når ein har eit kamerateam på slep.
ANNE GUNN HALVORSEN
MITT INTERNETT
DÅ WWW KOM TIL NOREG
Korleis vart internett ein del av oss?
Dette spørsmålet utforskar Anne
Gunn Halvorsen i denne boka som tar utgangspunkt i hennar eigen oppvekst i ei bygd i nittiåra.
Gjennom dagboknotat og intervju med gamle venner og kjærastar, fagfolk og programmerarar fortel ho historia om då internett kom til Noreg: ein unik epoke i norsk mediehistorie då samfunnshierarkiet vart snudd opp ned og barn og unge vart superbrukarar.
Det handlar om teknologien, politikken og driftene som gjorde internett til allemannseige.
Dette er også ei bok om den første generasjonen som levde ungdomstida si digitalt. Dei som brukte kvar ledige stund til å snakke med framande på nettet utan at foreldra ante kva dei dreiv med.
Kva gjorde det med dei?
Og kvifor nektar dei no eigne barn å oppleve det same?
Nyttårsforsett: Vere mindre på internett?
Anne Gunn Halvorsen, skuledagbok, januar 2000


ANNE GUNN HALVORSEN (f. 1984) kjem frå Vikedal i Rogaland og bur i Oslo. Ho har arbeidd som journalist i over tjue år, mellom anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv. I dag skriv ho fast for Aftenposten. På Samlaget har ho gitt ut fleire kritikarroste sakprosabøker. Halvorsen er også kjend for ungdomsromanserien Halve kongeriket, som ho har skrive saman med Randi Fuglehaug.


HEILT ALEINE
54 DAGAR PÅ TUR TIL SØRPOLEN
Karen Kyllesø er den yngste til å gå aleine til Sørpolen nokosinne. Her skriv ho sjølv om kvifor ho drog, og korleis det gjekk.
Det finst mange 15-åringar som drøymer om å dra til eit av verdas ytterpunkt, men berre dei færraste set draumane ut i livet. Som 21-åring stod Karen Kyllesø på Sørpolen etter 54 dagar aleine på tur.
Kva fekk ho til å legge ut på ei så lang, einsam reise til det kaldaste og mest isolerte kontinentet i verda?
«Eg forstod det ikkje då eg var lita, men eg forstår det no: Etter kvart som åra gjekk, vart grensa flytta lenger og lenger framfor meg. Turane vart lengre og lengre og på sett og vis meir og meir ekstreme. Det å stadig finne nye utfordringar har for meg vore å jakte på meistring.»
I denne personlege og spektakulære forteljinga får du svaret på korleis ho klarte å gå dei 1130 kilometrane inn til Sørpolen – og kva ho tenkte på undervegs.

KAREN KYLLESØ (f. 2003) er ein eventyrar og polfarar frå Årdal i Rogaland. Den 13. januar 2025 blei ho verdas yngste som har klart å gå aleine til Sørpolen. Som 15-åring blei ho den yngste i verda til å krysse Grønland på ski.

ISBN: 9788234015571
ISBN: 9788234015588
ISBN: 9788234015595


KNUT LANGELAND OG CLAUS SELLEVOLL
VINSKVETTEN 50 ÅR HUMOR PÅ RAMME ALVOR
Strilegalskap i 50 år
Vinskvetten, også kjent som Salhus Vinskvetten, har fått vestlendingar til å gapskratta i 50 år.
Songar som «Fergebilletøren», «Gniar’n», «Dans på Grasdal» og «Rånny Bruvik» har gledd fleire generasjonar, og får framleis folk til å gaula med på kulturhus og festivalar. Åtte album har det blitt, og tallause framsyningar med tull, tøys, galskap og alvor.

CLAUS SELLEVOLL (f. 1973) er skodespelar, tekstforfattar og bonde. Han kjem frå Alversund og har vore knytt til ulike teater på Vestlandet. Han er kjend frå oppsetjingar som «Singel & Sand», «Ivar Medaas – Dar kjem dampen» og «Heim til meg». Sellevoll har sidan ungdomsskulen hatt eit nært forhold til Vinskvetten. Musikken deira vart spelt i skulegarden. Det var som medisin for sjølvkjensla.
KNUT LANGELAND (f. 1958) har vore journalist i Bergens Tidende med sport og friluftsliv som spesialfelt. Han har skrive fleire bøker om fjell og friluftsliv, men også om heimbygda Salhus. Langeland var sjølv del av Vinskvetten frå starten i 1975. Han både song, kora og var tekstforfattar. Frå 1984 har han hatt permisjon frå gruppa.
Det heile starta som ei revygruppe i industribygda Salhus nord for Bergen. I ei parodiert form er det dette bygdemiljøet som er bakgrunnen for Vinskvettens tekstunivers, karakterar og elleville historier.
50-årsjubileet skal feirast med konsertar og «reunion» i Grieghallen i Bergen i desember.
ALF KJETIL WALGERMO
LITTERATUR I ANDEBY
DONALD DUCK OG BØKENE
Eit muntert-vitskapleg
studium av Donald Duck og
bøkene hans
Donald Duck er ein del av norsk og internasjonal kulturhistorie. Mange nordmenn har lært seg å lese i selskap med historiene frå Andeby. Det gjeld også forfattaren av denne boka. Alf Kjetil Walgermo, kjent som forfattar, journalist og litteraturkritikar, har skrive ei morosam og analytisk kjærleikserklæring til den hissige, vesle fyren i matrosdrakt. Boka er også ei litteraturhistorie sett med andeblikk. Donald Duck og venene hans har sett eit formidabelt avtrykk i kulturen vår, i språket, tenkemåten og samfunnsdebatten. Verdslitteraturen har sett eit like formidabelt avtrykk i Andeby. Walgermo tek oss med på ein fornøyeleg og kunnskapsrik rundtur i Andebys litterære verd.
Boka gir deg nye inngangar til Homer, Dante og Shakespeare, og du kan kose deg med alt frå Duckens til Duckensteins monster. Vi får òg innsikt i Donalds strategiar som forfattar og følgjer han både i jakta på ein bestseljar og i den litterære feiden med fetter Anton.
Litteratur i Andeby er ei gransking av vårt kollektive minne, eit nybrottsarbeid og eit varmt forsvar for leseglede.


ALF KJETIL WALGERMO (f. 1977)
kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Donald Duck har vore ein hemmeleg lidenskap sidan barndommen.


Ei eventyrleg forteljing om livet som musikar av Patti Smith, forfattaren bak boksuksessen Just Kids.
BRØD FRÅ ENGLANE
Patti Smith veks opp i etterkrigstida. Frå eit falleferdig bustadkompleks tar ho oss med inn i barnets fantasiverd. Ho opptrer som kaptein for ein lojal søskenhær, overvinn bøller, kommuniserer med kongen av skjelpadder og leitar etter heilage sølvmyntar.
Vi blir med vidare gjennom tenåra, der Arthur Rimbaud og Bob Dylan dukkar opp som forbilde når Smith begynner å skrive poesi, deretter songtekster, og kombinerer begge delar i dei ikoniske innspelingane som Horses og Easter. Men så legg ho alt dette bak seg for å gifte seg med den eine sanne kjærleiken sin, Fred «Sonic» Smith, og med han skapar ho eit liv i truskap og eventyr ved ein kanal i St. Clair Shores i Michigan. Her, i den landfaste Chris-Craftbåten sin, sit paret oppe om nettene og studerer nautiske kart og kartlegg nye eventyr, samtidig som dei stiftar familie.
Mens Smith lid store tap, flettar sorg og takksemd seg saman gjennom år med omsorg for barna og forsøk på å bygge livet opp igjen. Til slutt begynner ho på ny å skrive – og forvandlar det verdslege til noko vakkert, det vanlege til noko magisk og smerte til håp.
Omsett av Ingvild Holvik.
OMSLAG KJEM
PATTI SMITH (f. 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria, og ho er også kjent som pønkens gudmor. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og har gitt ut fleire bøker. Just Kids (2012), Sanka ull (2013), M Train (2016) og Om å skrive (2018), er alle gitt ut på norsk. For Just Kids fekk ho National Book Award i 2010.

HØHGARE UTDANNING

|
| ISBN: 9788234008320 |
E-BOK | ISBN: 9788234008337 | PRIS KR 279,–|

LEIV INGE AA er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved NTNU. Han arbeider særleg med språklege emne som grammatikk, tale- og skriftvariasjon og språkpolitikk og -didaktikk.
ELI BJØRHUSDAL er professor i norsk språk på lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal. Der underviser ho i språkdidaktiske, sosiolingvistiske og språksosiologiske emne.
ELI BJØRHUSDAL OG LEIV INGE AA (RED.) SPRÅKPLANLEGGING OG SPRÅKPOLITIKK I SKULEN
Elevar i Noreg har lovmessig rett til skikkeleg opplæring i både nynorsk og bokmål. Det inneber ikkje berre å skulle lese og skrive språka, men òg å lære om kvifor dei ser ut som dei gjer. Både utsjånaden til og opplæringa i dei to skriftspråka er resultat av det vi kallar språkplanlegging. Gjennom rettskrivingar, læreplanar, lovverk og annan språkpolitikk er det lagt planar for oss som språkbrukarar – anten vi er elevar, studentar, lærarar eller andre innbyggjarar i Noreg.
Denne boka er først og fremst tenkt som ei hjelp til lærarstudentar med norsk som undervisningsfag. Derfor handlar ho om planlegging av norsk språk, som primært vil seie dei to norske skriftspråka. Sjølv om norske talemål ikkje blir planlagde på same måten, er nettopp tilhøvet til talemåla særleg interessant i norsk skriftspråkplanlegging. Kunnskap om språkplanlegging og språkpolitikk trengst for å kunne undervise etter kjerneelementet «språkleg mangfald» på ein fagleg føremålstenleg måte. Som norsklærar er du dessutan med på å planleggje språkbruken til elevane dine.
STIAN BONES OG HALLVARD
TJELMELAND
NOREG UNDER DEN ANDRE VERDSKRIGEN
Den andre verdskrigen er kanskje den mest omdiskuterte og omstridde perioden i norsk historiografi. I boka oppsummerer forfattarane dei ulike realhistoriske sidene ved krigen og diskusjonen om han fram til i dag. Det blir lagt vekt på at krigen i Noreg ikkje kan sjåast isolert frå den store krigen, og forfattarane ser heile tida hendingane her til lands i eit internasjonalt og komparativt perspektiv, med vekt på Noregs strategiske stilling. I større grad enn andre framstillingar blir linjene trekte både bakover og framover i tid. Sentrale tema er Noreg i stormaktspolitikken, bygginga av Festung Norwegen og omskapinga av norsk økonomi, kvardagsliv, kollaborasjon og motstand. Forsøket på å utrydde dei norske jødane, tvangsevakueringa og nedbrenninga i nord blir også grundig behandla, og ikkje minst rettsoppgjeret og dei langsiktige verknadene av krigen.

STIAN BONES er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.
HALLVARD TJELMELAND er professor emeritus i historie same stad.

| ISBN: 9788234014819 |
9788234014826

TONE DAHL-MICHELSEN er professor ved Institutt for helse, VID vitenskapelige høgskole i Oslo.
KAREN SYNNE GROVEN er professor og prodekan for forsking ved Fakultet for helsevitenskap, VID vitenskapelige høgskole.
EINAR AADLAND er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole.

TONE DAHL-MICHELSEN, KAREN SYNNE GROVEN OG EINAR AADLAND
PROFESJONSETIKK I FYSIOTERAPI
Det finst mange forventningar til korleis fysioterapeutar skal utøve sin profesjonspraksis. I denne innføringsboka i etikk handlar det nettopp om det: om etiske problemstillingar i fysioterapi.
I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, inkludert etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar.
Andre del av boka går nærare inn på etiske utfordringar knytt til relasjonar til pasientar og brukarar. Her blir lovverk og profesjonsetiske retningslinjer gjennomgått, og tema som teieplikt og fagleg tvil blir grundig behandla. Boka tek også opp etiske sider ved fysioterapi som kunnskapsbaserte praksisar, og i eit eige kapittel blir forskingsetikk behandla.
ERLEND EIDSVIK OG
EDIT BUGGE (RED.)
VITSKAPSTEORI FOR LÆRARSTUDENTAR
På kva grunnlag kan vi konstruere truverdig kunnskap om verda? Og kva er eigentleg vitskap? Dette er heilt grunnleggande spørsmål som ligg til grunn for kvart eit master- og forskingsprosjekt.
For å svare på dette treng vi både ei grunnleggande innføring og ikkje minst konkrete tips og retningsvisarar på vegen. Det finst mange vitskapsteoretiske verk der ein kan søke innsikt i slike grunnleggande spørsmål, men få som tek for seg konkret bruk og nytte tilpassa spesifikke forskingsprosjekt.
Formålet med denne boka er nettopp å gjere bruk av vitskapsteori på ein måte som er forståeleg og nyttig for å skrive til dømes ei masteroppgåve.
Boka er bygd opp av to delar. Den første delen gir ein introduksjon til sentrale omgrep, tenkemåtar og vitskapsteoretiske retningar.
I den andre delen presenterer vi korte døme frå ulike fagretningar, skrivne av forfattarar som sjølv har brukt desse grepa i sitt arbeid. Kvart døme gir eit innblikk i kva dei ulike teoretiske grepa tilbyr, og på kva måte dette kan fungere.

ERLEND EIDSVIK er geograf og professor i berekraft- og klimadanning ved Høgskulen på Vestlandet, og underviser og rettleiar i samfunnsfaglege emne innanfor berekraft, klimadanning, politisk økologi, utdanningspolitikk og postkolonial teori.
EDIT BUGGE er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, og spesialiserer seg innanfor språkvariasjon, språkendring og språktileigning. Ho er særleg interessert i dei sosiale og samfunnsstrukturelle vilkåra for språkbruk og språkendring.

| ISBN: 9788234003264 | PRIS KR 499,–|
E-BOK | ISBN: 9788234003271| PRIS KR 419,–| UTG. OKTOBER


HEIDI I. SAURE er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen med spesialisering i vegetasjonsøkologi og naturfagdidaktikk.
JOHN SKARTVEIT er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen med spesialisering i entomologi, paleontologi og naturfagdidaktikk.
JOHANNES SÆLESET er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen med doktorgrad i naturfagdidaktikk.
SIGVE LADSTEIN er førstelektor ved NLA Høgskolen med spesialisering i naturfagdidaktikk og molekylærbiologi.
ENDRE KNUDSEN er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen med spesialisering i zoologisk økologi, fenologi og naturfagdidaktikk.
GEIR OLAV TOFT er høgskulelektor ved NLA Høgskolen med spesialisering i ornitologi og naturfagdidaktikk.
HEIDI I. STAURE, JOHN SKARTVEIT, JOHANNES SÆLESET, SIGVE LADSTEIN, ENDRE KNUDSEN, GEIR OLAV TOFT NATURFAGSDIDAKTIKK
Denne læreboka gir ei innføring i naturfagsdidaktikk for lærarar i grunnskulen. Forfattarane har brei erfaring frå forsking og undervising, og ser naturfaget i lys av fagets historie i Noreg, læringsteori og livssyn. Boka er basert på oppdatert forsking om naturfagsdidaktiske tema og har praksisforteljingar som set søkelys på problemstillingar ein møter i undervisinga. Forfattarane drøftar kva som er unikt med naturfaget, kva elevane skal lære, og kva ein treng å vite om elevane for å fremje læring og vurdere læring i naturfag. På konkrete måtar og med relevante døme får lesaren innsikt i korleis ein kan stimulere til motivasjon hjå elevar, fremje likestilling i naturfagundervisinga, gjennomføre uteskule og arbeide med tverrfaglege problemstillingar. Boka førebur lesaren til ein skulekvardag der elevar får engasjerande naturfagundervising samstundes som ein arbeider med grunnleggjande ferdigheiter. Boka er skriven for studentar i grunnskulelærarutdanninga.
GÖRAN SÖDERLUND
ALT EIN LÆRAR TRENG Å VITE
OM HJERNEN
Kva er samanhengen mellom nevrovitskap og pedagogikk?
Moderne nevrovitskap viser korleis minnefunksjonane og dei ulike prosessane til hjernen er avgjerande for læring, og i denne boka tek forfattaren med seg kunnskapen frå nevrovitskapen inn i pedagogikken og lærarutdanninga. Dei ulike fagtradisjonane med sine ulike tilnærmingar til læring og læringsprosessar utelukkar ikkje kvarandre, men kan styrke forståinga vår av korleis læring skjer.
Denne boka gir ei innføring i kva lærarar og lærarstudentar bør vite om hjernen og ulike nevrobiologiske prosessar som påverkar læringa og læreføresetnadene til elevar. I boka kan du mellom anna lese om hjernens oppbygging og persepsjon, om minne og minnesystem, læring og motivasjon, om barns utvikling og om korleis vi kan hjelpe elevar med ulike former for funksjonsnedsetjingar.
Forfattaren viser korleis kunnskap om desse ulike emna er sentral for å forstå læring og læringsprosessar og for å kunne tilpasse undervisninga til elevane sine føresetnader.

GÖRAN SÖDERLUND (f. 1955) er professor i spesialpedagogikk ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han har ph.d i eksperimentell psykologi frå Stockholms universitet og forskar på merksemd og minne, særleg på barn med merksemds- og lese- og skrivevanskar.


SJÅ VERDA FRÅ EIN ANNAN STAD.
I ei verd med flimrande skjermar og raske nyhende er Syn og Segn ei motvekt. Hos oss møter du tankar som er tenkte heilt ut, og tekstar som varar lenge. Vi skriv om kultur, politikk og samfunn – på nynorsk. I 2024
skal vi trykke tekstar om ny amerikansk poesi, om pengemangel og vanskar i den norske velferdsstaten og om fridomskamp i Belarus. Blant anna.
Syn og Segn kjem med fire utgåver i året, og det kostar berre 300 kroner å teikne årsabonnement.
Martin Årseth er redaktør i Syn og Segn.
synogsegn.no facebook.com/synogsegn Instagram: @tidsskriftet_synogsegn

- SYN OG SEGN RETT I POSTKASSA – FIRE GONGER I ÅRET - 400 SIDER SAKPROSA KVART ÅR - BØKER FRÅ SAMLAGET TIL REDUSERTE PRISAR
FOTOREGISTER
SARA SANDERUD ... s. 8, 12, 17, 32, 42, 43
GRY DAHL s. 9
JULIA MARIE NAGLESTAD ............... s. 10
IRIS ENGEN SKADAL ........................s. 15
CAROLINE ODDEN GISKE s. 18
LARS MYHREN HOLAND .................. s. 19
AGNETE BRUN s. 24, 26, 29, 36, 47
KRISTINN INGVARSSON................... s. 28
HELLE FROGNER........................ s. 30, 34
AMANDA IVERSEN ORLICH ............... s. 31
TERJE VISNES ................................. s. 33
TOVE K. BREISTEIN s. 35
KAREN KYLLESØ ............................. s. 44
STEVEN SEBRING s. 48
FØLG OSS PÅ
Facebook.com/samlaget
Instagram.com/detnorskesamlaget og abonner på nyheitsbrev på Samlaget.no
KONTAKT OSS
Anne Liv Tresselt
sals- og marknadssjef
90 56 13 22
a.tresselt@samlaget.no
Karin Helgøy kommunikasjonssjef
97 01 98 65
k.helgoy@samlaget.no
Sara Olivia Sanderud
marknadskoordinator og kundesørvis
95 27 34 88
s.sanderud@samlaget.no
Katerina Futsæter Vik
sals- og marknadskonsulent
93 05 77 23
k.vik@samlaget.no
Merete Pharo
sals- og marknadskonsulent for barne- og ungdomsbøker 45 25 51 10 m.pharo@samlaget.no
Line Omland Eilevstjønn
innhaldsprodusent og digital marknadsførar 97 64 21 25 l.omland@samlaget.no
Berit Rødstøl lydansvarleg
94 48 86 89
b.rodstol@samlaget.no