Kvit stig morgon skir - Hilde Myklebust

Page 1


hilde myklebust

Berre dagar seinare. Dikt 2005

Søkk. Dikt 2008

Glødepunkt. Roman 2011

Kvar ein fugl. Dikt 2018

Hilde Myklebust

Kvit stig morgon skir

Dikt

Samlaget Oslo 2025

Til mamma

Til dagleg vert garden kalla Låtra.

Det tyder ein stad der dyr ligg, ein liggjeplass for dyr.

Det kan kome av at kobben heldt seg på

Kobbesteinane rett ut for garden i gamle dagar, men meir truleg er det at namnet kjem av at kyrne hadde «skinstøde» på Tunheimssanden her ned for garden på sumarsdagane før i tida og låg ofte der.

Bygdebok for Vanylven. Gard og ætt.

Dei store grandane breier seg utover

Vi fylgjer etter randa av sjø

Ho trekkjer seg attende no trekkjer oss etter seg

ned i fjøra og ut

Kobbesteinane stig langsamt opp

Ein steingard som syner seg to gongar i døgnet

Anna går fyrst eg etter

Spora hennar er runde i sanden

Vesletåa så vidt synleg i avtrykket

Eg set foten min inntil sporet hennar når eg går

Vi gøymer oss bak inste steinen

Kobbane kjem symjande

Dei bykser opp og legg seg i sola

Auga deira kransa av kvite vipper

store og runde og svarte

som Anna sine hårkringler

Vi huker oss saman og er så nær

desse dyra som stig opp frå fjorden

rautande i blank pels

Vi sit heilt til det snur der ute og sjøen kjem attende

Umerkeleg med det same smygande langs fotblada

Vi sit framleis og Anna pustar så stilt imot steinen

Det flør oppover leggane det flør oppover steinane

Kilande kaldt og salt og endeleg

veltar siste kobben seg ut og vert borte

Skarvane flyg lågt over fluda

sliper vengespissane mot vassyta

før dei landar

Faldar ut vengene mørke av væte

Står i svarte krossar der ute

tørkar seg til ein ny farge

eg ikkje kan sjå herifrå

Eit grønt skin

når eg held fjøra i handa

held ho mot sola

Eimen av tjøre i naustet

Færingen glinsar

svartbreidd i eit blygt lys

Det er stilt her inne

Ei sval tyngd av nøtene som heng langs veggane krummar seg kring meg

Eg trekkjer kvisten ut av holet legg auget varsamt inntil

og der er ho rett der ute

ligg nisa i vasskorpa og prustar mellom ei verd og ei anna

Veslebror surklar

Kroppen hans dirrar

og brenn ved sida mi

Sengekledet er vått

det fylgjer etter ryggen min

når eg set meg opp ropar

Mor

Røysta mi er grov framand

kastar ho seg fram frå eit hol i meg

Mor kjem stigande held lampen høgt

så det gule lyset fell på bror

Auga er kvite berre kvite eple

Det brune blikket vrengt attom

kvelva inn i mørkeret der lys ikkje finst der han ikkje kan sjå lyset

mor held

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.