Tvillingfeber

Page 1



Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

Brit Bildøen

TVILLINGFEBER Roman

Samlaget Oslo 2012

15:44

Side 3


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

«eg er lei av å berre vere ein og når eg er tvilling kan ein av oss gå ut og ein av oss kan vere inne.» (Gertrude Stein, frå Ida)

Side 5


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

TIDLEGVINTER

01-02-12

15:44

Side 7


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

Kap. 1

Når du ein gong møter han skal du lyse Ida går sakte, veldig sakte, gjennom Botanisk hage. Ein siste rest av dagslyset smyg seg gjennom greinene og det som enno finst av blad på trea. Men det begynner å bli ganske mørkt, og det har vore kjølig ei lang stund allereie, og Ida vil gå litt fortare, men ho går framleis like sakte. Ho tenkjer på ein mann ho kjente som sa at han var langsam, og ho lét han vere langsam og difor kom han aldri fram. Sjølv dette har no klumpa seg saman med alt som var litt sårt og som glei unna og som no ligg lagra, ein eller annan stad, inne i henne. Den altfor langsame og den litt for raske og alt det andre som glapp. Det tar ikkje store plassen, det er enno mykje plass igjen til glede, og glad er Ida stort sett, det veit alle. Sjølv no er ho glad, sjølv om ho er kald og det nesten er for mørkt til å gå mellom dei tunge trea. Ida går sakte mellom trea, men stega er likevel lette, for det er ikkje stort som tyngjer. Og ho har gått forbi det gule huset og tenkt at det er dumt kafeen er stengt no, for det er ein koseleg kafé, og det er deilig å drikke kaffi på plassen under dei store trea, med grådige spurvar hoppande rundt. Men det går berre an når det er sommar, no får ho glede seg til han opnar att, sjølv om det er lenge til. Og inne mellom trea lenger framme ser ho noko kvitt, og lurer sjølvsagt på kva det er. Ho nærmar seg sakte og ser snart at det er nokon der bak hekken. Og når ho kjem nærare meiner ho bestemt at det er eit par, at det til og med er eit brudepar, sjølv om det verkar rart på denne tida av dagen. Men det er eit brudepar, han er i mørk dress og ho i kvit lang kjole. Ho i den kvite lange kjolen spring att og fram mellom mannen i mørk dress og eit kamera som står på eit sta9

Side 9


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

tiv, det verkar som ho tar bilde av dei med sjølvutløysaren. Ho spring fram mot kameraet og ordnar noko, så spring ho tilbake og stiller seg opp attmed han som står framfor hekken, og Ida høyrer at dei ler. Det må bli litt av eit brudebilde, tenkjer Ida, for no er det så mørkt at ho berre så vidt skimtar dei der oppe i hagen. Kanskje kan det bli eit slags bilde av det dersom dei brukar svært lang lukkartid, men det må bli temmeleg mørkt og uskarpt uansett. Ho går om mogeleg endå saktare til ho er forbi paret og ikkje ser dei lenger, berre høyrer at dei held på, ein fjern latter. Om ho skulle gifte seg, så trur Ida at ho òg ville hatt lyst til å ta eit brudebilde som var litt spesielt.

Side 10


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

Kap. 2

Der du gjekk i ein hage og trudde alt var godt Heime hos Ida blinkar tre beskjedar på telefonsvararen. Ho kan ikkje bestemme seg for kva som er verst å komme heim til: ein svarar som blinkar, illevarslande kan det sjå ut som, eller ein svarar som ikkje blinkar, berre lyser tomt. Det strammar seg i Ida når ho trykker på avspelingsknappen, ho held alltid pusten medan det spolar og pip. Ein veit aldri kva melding som kjem, om det er lys eller skugge i stemmene som ligg lagra på bandet. Først kling det i vestlandsk, ein venn ho ikkje har høyrt frå på lenge vil at ho skal ringe tilbake. Så pip det igjen, og stemma til grandonkel Jakob fyller rommet. Det er ikkje så lett å få med seg kva han vil, han høyrest oppskaka ut, det er noko med huset og eit innbrot og noko Ida må hjelpe han med. Så blir han avløyst av nye pip, og av Nina som seier at ho treng nokon å snakke med. Ida sit ei stund og ser på telefonen, men det kjem ikkje meir. Og ho har ikkje lyst til å ringe tilbake, ikkje med ein gong. Men så snart ho har fått varmen i seg, slår ho likevel nummeret til Jakob. Det er opptatt. Grandonkelen snakkar ein del i telefonen, veit Ida. Ho slår nummeret til Nina, og så er det berre for Ida å legge beina på bordet og lene seg attover og vere medmenneske, noko ho er flink til. Det seier alle. Men i dag kan ho ikkje vere medmenneske så lenge, for ho er spent på kva Jakob vil, og det seier ho til Nina. Nina seier at ho òg er spent på kva grandonkelen til Ida vil, og Ida lover å ringe henne etterpå. Så ringer ho til Jakob, og no kjem ho fram. Han er der med ein gong, med denne stemma som er så kraftig at det høyrest ut som det er to som snakkar. No verkar han litt rolegare, han seier berre: 11

Side 11


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

– Du må hjelpe meg, med trykk på du. – Ja visst kan eg det, seier Ida, ho tenkjer at han er på kant med ei av heimehjelpene sine igjen, og treng assistanse i huset. – Eg kan godt komme ned til deg nokre dagar, viss du vil, seier ho. Men Jakob vil ikkje det, han vil komme til Ida. – Eg kjem med formiddagstoget i morgon, seier han. – Og du må møte meg på stasjonen. Igjen legg han trykk på du. Ida spør kva det er som har skjedd, og Jakob fortel at det har vore innbrot i huset på Odden, at det er tid for å ta ei opprydding der ute. Ei vareoppteljing, ei klassifisering av alle sakene, og betre forvaring av det som er av verdi. Det er det grandonkelen vil ha henne med på, og Ida kjenner at ho blir kald igjen. – Men eg kan då ingenting om gamle ting, forsøker ho seg. – Nei, men det kan eg. Du beskriv tinga for meg, eg seier kva det er, du skriv det ned og sorterer det og køyrer det dit det skal. – Eg skulle så gjerne gjort det, Jakob. Men eg er midt i eit stort arbeid, det er ikkje så lenge til eg skal levere ... – Det treng ikkje ta så lang tid no i første omgang. Du må ikkje gløyme at det er din arv òg, dette. Ida sukkar. – Tenkte du at vi skulle bu der ute, då, er det ikkje litt kaldt no, trur du, seier ho. Men ho skjønar at det blir slik onkelen vil. Det er berre å få greie på kva tid toget kjem inn, og sørge for å vere der og ta imot den gamle. Så ringer Ida til Nina og fortel kva det var grandonkel Jakob ville. Nina meiner det må vere fint å komme seg ut av byen nokre dagar. Ida kjenner det annleis. Ein annan frost er i ferd med å innta kroppen no, og ho vegrar seg. Det er som å bli tvinga til å gå ut midt på natta når ein helst ville ligge under dyna, tenk12

Side 12


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

jer ho. Men ho seier det ikkje. Og dagen etter, når toget rullar inn på stasjonen, står ho klar på perrongen. Ho har handla det som skal til for nokre dagars opphald på Odden, no ser ho Jakob på veg ut av ei vogn litt lenger framme. Han har sjølvsagt fått ei ung og blid jente til å hjelpe seg. Jenta held han i armen medan han bukserer seg ned stigtrinna, og når han er nede, er Ida også der. Ho smiler til jenta, som rekker henne veska hans, så seier ho hei til onkelen og gir han ein klem. Jakob bukkar djupt i retning jenta og takkar for selskapet. Han er blitt magrare i ansiktet, bak dei mørke brillene. Elles er han den same, utstrålar den same krafta, kastar glans. Jakob har alltid fylt romma, trekt til seg merksemda, styrt samtalen. Ida var litt redd han då ho var lita, men altfor fascinert til å la seg skremme bort. – Det verkar som du har hatt ein fin tur, seier Ida muntert og grip tak i reiseveska. Grandonkelen brummar og trekker fram den samanleggbare staven sin. Den faldar han ut, og grip så etter den ledige armen til Ida. – Eg har bilen rett her borte, seier Ida og kan ikkje dy seg for å hale litt i han. – Det er vel like greitt å komme seg ned dit før det blir mørkt. Men onkelen insisterer på kaffi først. – Eg har berre drukke ein kopp i dag, seier han. – Meir klarte eg ikkje av den forjævlige togkaffien. Og får eg ikkje kaffi, blir eg ikkje til å vere i bil med. Eit uslåeleg argument, er det ikkje? Det er det. Heldigvis har det opna ein skikkeleg kaffibar på stasjonen, så dei treng ikkje gå så langt. Kolbekaffi ville definitivt ikkje setje onkelen i humør. Ida plasserer seg og Jakob ved disken og begynner å ramse opp dei forskjellige kaffisortane. Jakob smiler breiare for kvart namn, og Ida veit at ho har skote blink. 13

Side 13


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

– Malabar Monsooned, les Ida. – Mocca Harar, den er etiopisk. Ein ny type, ser det ut til. Hawaii Kona? Og så er det Brun Bali, og Jamaica Blue Mountain, ja, nokre av dei meir vanlege sortane. – Ver så god? seier mannen bak disken. – Eg trur eg vil lukte litt på denne Mocca Hararen, seier Jakob, og det får han. Han får lukte på fleire av sortane. Mannen bak disken lener seg ivrig fram, og han og Jakob har ein lengre passiar om kaffi. Det endar med at dei begge får eit stort krus med spesialblanding. Gratis, sjølvsagt. Slik er det å vere ute med grandonkel Jakob.

Side 14


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

Kap. 3

Kva hadde vel livet vore utan Jakob syng heile vegen ut til Odden. Han er ganske god til å synge, og no går det på eit upåklageleg dansk: Jeg vil blot ha’ lov at sidde på en fortovsrestaurant de kalder vistnok stedet Place Pigalle og jeg vil blot ha’ lov at lytte til en hæs parisersang, den sang der åbner mit pariserbal. Og jeg vil nikke til Clodin, og jeg vil smile til Mizou, og tømme mit glas vin for ham hvis hjerte gik itu. Og først når alle nattens timer de har danset sig ihjel så rejser jeg mig op og si’r farvel ... – Lulu Ziegler, seier Jakob etter at siste tonen har flagra ut av det halvopne bilvindauget. – Aldri høyrt om, seier Ida. – Trøyste meg, seier Jakob. Så seier han ikkje meir på ei stund, men Ida veit at det vil komme meir. – Restaurant Pigalle, kjem det då. – Sommaren 1945. Vel, ho song der seinare òg. Men den sommaren ... du kan vel tenkje deg. «Det er gleden her i verden som skal leve og bestå, den skal skremme alle skyggers mørke krefter,» song ho. Og det blei dobbelt sommar. Jakob er blitt fjern i røysta. Eit spesielt lys har lagt seg over ansiktet hans. Sola står no lågt over fjorden og kastar eit blankt skin inn frå høgre. – Høyrte du henne mange gonger? – Eg var der nesten kvar kveld. Og alltid kom ho bort til bordet mitt og henta rosa eg hadde med til henne. 15

Side 15


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

– Nåh. Du hadde altså ein affære med denne songarinna? – Då ho drog heim att til Danmark, blei hausten dobbel òg, kjem det lakonisk frå Jakob. Så slår stemma hans om og blir melankolsk: – Men må vi ikkje alltid betale for desse gledessomrane? – Ja. Slik er det vel. Ida set på blinklyset og svingar av frå hovudvegen. Jakob rullar vindauget på si side heilt ned, og lukta av våt jord og grantre veks inn i bilen. – No, seier Jakob lurt. – Har du møtt nokon ny mann då, Ida? Ida ristar på hodet, fullt klar over at han ikkje kan sjå det. – Så, ut med det, pressar han. – Eg har vel aldri eigentleg møtt nokon mann, seier Ida. Og så køyrer dei opp framfor den kvite porten, som nok ikkje er så kvit lenger. Særleg ikkje i det dunkle halvlyset som no rår.

Side 16


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

Kap. 4

Så kan vi nå kvarandre lenger Ida tar tak i porten og løftar han opp og svingar han open på same måten som somrane før. Då kjem det over henne, alt som har vore. Ho blir svimmel, vil lene seg mot porten og bli der. Men det kvite ansiktet til grandonkel Jakob lyser gjennom frontruta, bilen putrar og går, og Ida må setje seg inn. Ho må køyre forsiktig opp den vesle grasbakken framfor huset og parkere. Det er tydeleg at graset har fått vekse fritt heile sommaren, det er berre så vidt bilen får kverna seg over. Dei blir sitjande i ro ei lang stund. Inn i bilen kjem lyden av lett rasling i tre og buskar og ein ange av sommar på retur. Så stig dei sakte ut på kvar si side. Jakob strekker høyrleg på seg. Ida går ein runde rundt huset, og ser med ein gong den innsparka ruta. Det var naboar som ringte Jakob og varsla om at eit av kjellarvindaugene var knust. Ho bøyer seg ned og kikkar inn, det ligg glasskår på murgolvet, og det er sølespor på benken. – Vi får vel spikre for ei plate, seier Ida når ho kjem attende til grandonkelen. – Og bestille ei ny glasrute til sommaren eller noko. Jakob nikkar og begynner forsiktig å gå mot trappa. Ida finn fram nøkkelen og skundar seg etter. Det er rart å komme inn, frå halvmørke til mørke, til blandinga av den gamle lukta Ida hugsar og ei ny lukt av gammalt. Jakob tar seg vand fram frå karm til karm, veit akkurat når han skal dukke hodet. I kjøkkenet gløttar Ida fram bak ryggen hans. – Det ser ikkje så ille ut her, seier ho håpefullt. – Det kan jo hende dei ikkje har fått gjort så stor skade. 17

Side 17


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

Jakob berre brummar og famlar seg vidare. I stova er ting velta, møblar flytta på, papir strøydd utover. – Her har dei vore, ja, jævlane, mumlar Jakob og blir ståande heilt stille midt i rommet, ser utan å sjå. Ida går rundt og rettar på ting, eit bilde på veggen, den gamle gyngestolen som er skubba bort i eit hjørne. – Skal du ikkje setje deg, Jakob, seier Ida og knirkar innbydande med stolen. Men Jakob står godt der han står, ser det ut til. Han kjenner etter kva som er feil, tenkjer Ida. Han kjenner på ubalansen, prøver å stille seg inn etter den. – Eg går opp på loftet og kikkar litt, seier ho og går ut i gangen att. Der kjem den smale trappa ned, og der går ho opp. Det ser ikkje så verst ut oppe heller. – Det ser ikkje så verst ut oppe heller, ropar ho ned trappa. Det kjem ikkje ein lyd frå stova. Ida står ei stund i døra til kvart rom. Der er soverommet for dei vaksne, med den store dobbeltsenga og dobbeltdører ut mot balkongen. Der er det knøttlille rommet som berre har plass til ei barneseng og ein kommode i barnestorleik. Der er det grøne rommet og der er det blå, bortsett frå fargen er dei heilt like, og veldig vanskelege å velje mellom. Det var eit problem før, då ho var på besøk. Så snart ho hadde bestemt seg for det blå rommet, angra ho seg sjuk fordi ho ikkje hadde tatt det grøne. Men det gjekk ikkje an å ombestemme seg, for så snart valet var tatt, var det akkurat som om det andre rommet også blei opptatt. Om kvelden før ho sovna, pla Ida banke forsiktig i veggen. Ho meinte at ho høyrte ei svak banking tilbake, så sikker var ho på at det låg nokon der, like stille i senga si på den andre sida. Ida veit heller ikkje no kva rom ho skal ta. Eigentleg forandrar vi oss ikkje det plukk, tenkjer ho. Vi er nett lik oss sjølv, heile livet. Når ho kjem ned i stova att, står grandonkelen og leitar med hendene på peishylla. Han ser ikkje glad ut. 18

Side 18


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

– Har dei tatt Staffordshire-hundane? spør han. Ida ser ingen hundar på peishylla, men ho ser ein lenger borte på golvet. Det er den med to små kvalpar, og den eine vesle kvalpen manglar. Berre ein ujamn brotkant viser kvar han har vore. Ida veit ikkje korleis ho skal få sagt det. Ho veit inderleg godt kor lei seg onkelen blir når noko er knust. Men han kjenner det jo, med ein gong, og må setje seg nedpå ei stund. – Kan du finne den andre? spør han med tynn røyst. Og Ida finn han under stolen, det er pappahunden, han er heldig og har ramla på teppet. Ida held han mot kinnet til onkelen. – Pappaen er like fin, seier ho. – Eg skal finne den andre kvalpen. Det blir jo ikkje like fint om vi limer han, men då får dei i alle fall vere saman. – Velsigne deg, seier Jakob. – Pøblar, kveser han i same andedrag. – Eg går ut og hentar sakene, seier Ida. Ho går ut og hentar sakene.

Side 19


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

Kap. 5

For i morgon vil alt sjå heilt likt ut Ida har tent på i peisen, og ho har vore nede i kjellaren og slått ei sponplate og nokre fjøler framfor det knuste vindauget. No steller ho i stand mat på kjøkkenet. Ho høyrer onkelen knirke i veg inne i stova. Når ho gløttar inn, sit han berre der i gyngestolen, med hendene hardt rundt armlena. Det gylne lyset ligg over ansiktet hans enno, no er det peiselden som kastar det. Ho lurer på kor han er. Om han er i fortida, eller framleis driv og stiller seg inn etter huset slik det er no. For det er forandra. Det har vore nokon her, inntrengjarar, kanskje har dei ikkje tatt så mykje, men dei har etterlate seg noko. Dei har kasta skuggar. Eller kanskje er det skuggane frå det som er borte som heng att her enno, dei har jo vore sterke nok til å halde Ida unna i mange år. Hus forandrar seg jo ikkje – eller gjer dei? Ho skjer skiver av brødet og kjenner at ho har lyst til å skjere seg i fingeren. Det skal gjere vondt ein annan stad enn nett der det gjer vondt no. Kniven kjem borti peikefingeren, men utan å lage merke. Han etterlèt eit lite trykk, eit løfte om spor, sår. Om ho vil. Ho legg dei ferdig skorne brødskivene i ei korg, den same gamle korga som brødskivene alltid har lege i, men med ein ny serviett. Ein mørkeblå. Eg er jo ein glad person, tenkjer Ida og kjenner tårene presse på. For det er alltid noko i henne som ler. Når ho græt er det alltid som om ho sit og ler ein annan stad. Berre nokre få gonger har ho late gråten trekke henne med, heilt inn. Der var det skrekkeleg mørkt. Ho lurer på om grandonkel Jakob græt nokon gong, bak dei mørke brillene. Ho finn fram ost, skinke og syltetøy. Så skjer ho tynne skiver tomat 20

Side 20


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

og agurk, nær denne kniven igjen, som brått blei så tydeleg i handa hennar. Det gule serviset er også merkeleg nærverande, ligg tungt i hendene, stiller seg traust på bordet. – Jakob, det er mat, ropar ho og høyrer at det sluttar å knirke der inne. Så kjem eit stort knirk, og så står onkelen der og fyller kjøkkenet. – Du vil vel ha litt te, seier Ida og skjenker dei store koppane fulle. Ho set seg i benken, medan onkelen får kongestolen. Den har blå puter på setet og i ryggen og utskorne armlene og er frykteleg fin. Han kjærteiknar dei glatte armlena medan Ida gjer i stand eit smørbrød til han. – Jaja, Idaliten min, seier han så. Ida kryp saman rundt den varme koppen, kjenner tydeleg at ho minkar. Fordi det er nokon der som er større enn henne, kan ho tillate seg det. – No må du ete, du òg, seier Jakob bydande. – Eg trur forresten at dei har tatt koparkjelane. Og sølvet. Men kanskje dei lét det vere med det. Vi kan jo håpe. – Har du verkeleg tenkt å flytte på sakene her? Eg likar ikkje tanken på å gjere noko som helst med huset så lenge vi ikkje veit kva som har skjedd med Ulrik. – Eg skjønar kva du meiner, Ida, men ... Vi kjem frå ein familie der folk har det med å forsvinne. Og så vidt vi veit, er det kanskje berre oss to igjen. Eg trur det er viktig at i alle fall vi prøver å halde fast ved noko. Ida ser ut glaset. Det er mørkt ute, men ho ser den kvite benken lyse nedi hagen. Ho kjenner denne utsikta så godt at ho meiner ho ser den store hengebjørka òg. For ikkje å snakke om steinbedet med staudane mommo var så stolt av, som er så sjeldne og berre finst i hagane til gamle damer. Og oppkøyrselen som buktar seg ned mot porten, glimtet av fjorden. – Eg er samd i at vi skal rydde og halde oppteljing. Men eg 21

Side 21


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

synest ikkje vi skal flytte på noko, ikkje enno. Kan vi ikkje heller sikre huset betre, og la alt vere som det er? – Ida, seier Jakob alvorleg. – Trur du verkeleg at Ulrik kjem tilbake? – Eg veit berre at når onkel sa han skulle ta ferie frå livet sitt, så meinte han ikkje å ta livet av seg eller noko. Eg trur han berre tenkte å gjere ingenting ei stund. – I alle høve så var Ulrik ein ekte utopist. Og då er det ikkje godt å vite når han landar, om han nokon gong gjer det. Sidan han ikkje har gitt lyd frå seg på fleire år, så er det heilt naturleg at vi tar over ansvaret her. Ida sukkar så stille ho kan og ser ned på brødskiva si. At dei ikkje skjønar at det går an å vere både i verda og utanfor verda, tenkjer ho, utan heilt å vite kor den tanken kom frå. – Et ferdig no, så set vi oss framfor peisen med ein drink, seier Jakob mildt. – Vi kan jo sove på dette, vi treng ikkje ta noka avgjerd i kveld. Framfor peisen er det no godt og varmt, og whiskyen dei finn i barskapet til Ulrik tar på seg jobben med å varme dei opp innanfrå. – Ah, usquebaugh! seier Jakob og smattar. – Hæ? seier Ida. – Usquebaugh. Det er gælisk, og tyder «livets vatn». For engelskmennene høyrtest det ut som uishgi, og så blei det whisky etter kvart. Denne her var alle tiders. Men Ulrik har då heller aldri servert dårleg whisky. – Kvifor kallar du han utopist? spør Ida når elden etter dei første slurkane har brent frå seg. – Kanskje fordi han ikkje såg – orsak, ser – nokon avgrensingar. Han har alltid trudd at alt var mogeleg. Viss du sa til han at noko var umogeleg, blei han heilt frå seg. Det hugsar du vel? 22

Side 22


Tvillingfeber pocket 2012.qxd:50489 Tvillingfeber.qxd

01-02-12

15:44

Jo, Ida hugsar. Ho har sett han rive seg i håret og trave kvilelaust rundt på tunet. Men ho ser også for seg ein ettertenksam onkel i ein stol. Dei gongene ho såg han sitje slik, fekk ho kjensla av at han ikkje var riktig til stades. Han kunne smile og snakke til henne, men det verka som om han stod på spranget til noko. Om han såg roleg eller uroleg ut, stod han på ein måte alltid på sprang bak seg sjølv. – Og så ville han ha forandringar, heile tida. – Eg trur ikkje han ville ha forandringar her, seier Ida. – Du har rett, heimen var på ein måte borga hans, han hadde nok ikkje likt at noko blei fjerna eller flytta på. – Som bildet over peisen, for eksempel, ler Ida. Jakob skuttar seg ved tanken på bildet over peisen, ein dystert utsjåande fugl som sit på ein steinliknande substans ved eit vatn. Grandonkelen har ein gong uttalt at berre dette bildet var grunn god nok til å bli blind.

Side 23


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.