Trass alt

Page 1


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 1


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 3

Alfred Fidjestøl

TRASS ALT DET NORSKE TEATRET 1913–2013

Samlaget Oslo



M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 5

INNHALD Forord 

Del I: 1911–1914 Den første reisa  Landsmålsmartyrar  Premiere i røyken  «Theaterdirektør – Never»  «Tiden er inde»  Spellag på sjølvstyr  «Kjære Chef!»  Slutten for Spellaget  «Lat daa staa til»  Samling om Rasmussen  Eit teater blir til  Jeppe i Volda  Den første oppseiinga  Språklege usemjer  «Lite Von um Staak»  Slaget om Kristiania  Tatt på alvor  Teaterslaget  Frå vondt til verre  «Pøbeloptøier» 


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 6

6

|

TRASS ALT

Dei to kulturane  Mållaust teater  Læraren  Dei to kulturane  «Fru Garborg er ærgjerrig som faa»  Læraren kjem heim 

Del II: 1914–1934 Teater i verdskrig  Rasmussen går  Drabløs surnar  Hannemor på trass  Byggestøtte frå Stortinget  «Det forstyrrede Hus»  Eldegard som redningsmann  «Aa disse ’Scenens børn’»  Huskrossane  Garborgs laurbær  Rydland går tom  Haaland tar over  Huskrossen Mowinckel  Ny tid  «Studentmaallaget erklærer Nationaltheatret krig»  Jærsk folkekomedie  Studentmållaget til kamp  Teateret til Torggata?  «Europæisk luftning»  Den lange natta  Tilbake til start  «Failure Failure Failure»  Ein pressa sjef 


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 7

Innhald

Haalands finale  Overtar Centralteatret  Køpenick-kapteinen  «Min Mor er for døvhørt til aa forstaa ny-norsk»  Maurstad versus Nilsen  Under Sovjet  Ein klase druer  Tung start  Nilsens finale  Ikkje full tillit  Ein epoke er over 

Del III: 1934–1945 Stortingsteateret  Sigeren  «Kunstnerisk forsvarlig»  Walentins dag  Eit politisk gjennombrot  Medmenneske  -årsjubileet  Språkleg samling  «Det nazistiske dramas inntog»  «Er det tider til dette no?»  Krigsfrykt  Teater i krig  Mot normalt  Avskil med Bøndernes Hus  «Udrepelig norsk»  Teaterstreiken  Konsesjonssaka  Det ekstraordinære årsmøtet  Den bitre avgjerda 

|

7


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 8

8

|

TRASS ALT

Frå skanse til skanse  Kamp med sensuren  Dramatisk konkurranse  Problematisk suksess  Sjokket  «Drablös kommt nicht in Frage»  Huset i mørkeret  Hansen frå Moss  Arne Falks dobbeltliv  «Mer og mer sludder»  Økonomisk trygga 

Del IV: 1945–1960 Fritt teater  Til Stortingsgata  Antigone  Andersens lagnad  Spelet om Hergel  Den nest beste sjefen  Teaterduell  Guds grøne enger  Dommen mot Monrad  Det Norske Teatrets teaterskule  Det Norske Folketeatret  Årsmøteslaget  Dei gamle er eldst  Peer Gynt  Ibsens løyve  Prøvetid  Den store snakkisen  Irsk Peer Gynt  Den store kvelden 


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 9

Innhald

«Dette er morosamt, Edvard!»  Å, for ein strålande morgon  Det nynorske pliktløpet  «Vi holder oss til litteratur»  Teater ved vegskiljet  Trost i taklampa  Forlova med døden  Samnorsk og nynorskhat  «No lyt me ha ein teatermann»  Svarteper  Folkeleg komedie  To sjefar  Det vanskelege tiåret  Sensasjonen  Nynorsk Fedra  Subsidierte underbukser 

Del V: 1960–1985 Skagestad-epoken  Hauge-komiteen  Det store jubileet  «Guds egen navle»  Europeiske impulsar  Ein gjengangar-debatt  West Side Story  Hamlet frå Toten  Spelemann på taket og bikube i kjellaren  Kassandra  Spelemann på taket  Eit SUF-appendiks 

|

9


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 10

10

|

TRASS ALT

Sjølvstendekampen  «To lassisar står og ventar»  Snus og tjohei  Babels tårn  «Vi lever i et kapitalistisk samfunn»  «Dette er døden»  Raude salmar  Skagestads sorti  Familiær teaterskule  Fleksnes på Berget  Ny byggestrategi  Oppseiingane  Dyr siger  Sorti  Den snille teatersjefen  Beckett-gjengen  Lure Førde  Første spadetak  «Den mest einsame mann i verda»  Den norske hausten  Vemodig farvel  Kongeleg ironi 

Del VI: 1985–2006 Draumanes teater  Frå Nattverd til Cats  Dyrt i drift  Cats-syndromet  Hamlet og Keisar og Galilear  Les Misérables  Ny sjef  Merlin  Jesus for kassa 


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 11

Innhald

Fullt hus  Feil fantom  Trur eg  Full gass  OL-teater  Skagestad går  Ordet blei kjøt  Mor Halldis  Nokon kom  Sju år nok  Jul i januar  Sentrallinja  Sandems suksessår  Karusell utan hell  Nationaltheatret blir støttevinnar  Ein sommars dag  Kampen om Fosse  Noréns norske flukt  Vakkert  Utan filter  Bikubesong  VM i teater  Audition  «Don’t ask, do it!»  Barten til Behn  New York, New York 

Del VII: 2006–2013 Kapittel 35: Ned for teljing  Skrinlagd serie  To nye sjefar  Lik i skapa  Jungelboka 

|

11


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 12

12

|

TRASS ALT

Dragkamp på toppen  Å finne Jesus  Arbeidslause skodespelarar  Holter går  Sjefsstriden  Ulfsby versus Stubø  Teater utan regi  Mediedebatt  Dei to kulturane – igjen  Sandems slutt  Taktskifte og jubelår  Best på små flater  Frå spotten til Grotten  Året utan sommar  Nytt teater  Hedda-fest  Det Multinorske  Jubelåret  Den pragmatiske vendinga  Notar  Litteratur og referansar  Biletkreditering  Sakregister  Namneregister 


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 13

FORORD Teaterkunsten er forgjengeleg og teaterkunstnaren forfengeleg. Derfor er ofte historiebøkene til institusjonsteatera framsynings- og skodespelarnære. Bøkene står der som ei skriftfesting av framsyningar og kunstnarlege prestasjonar som er gått tapt. Dette er ikkje ei slik bok. Dette er ein freistnad på å skrive historia til Det Norske Teatret inn i ein større kultur-, språk- og idéhistorisk kontekst. Boka er skriven som ei samanhengande forteljing frå forløparen Det Norske Spellaget i  til den storslåtte jubileumsfeiringa i . Strukturen på boka er kronologisk-tematisk; i utgangspunktet følgjer teksten historia til teateret frå månad til månad, medan somme meir overgripande emne blir handsama meir einskapleg på ulike tidspunkt. Lesarar som i staden ønskjer leksikalsk informasjon om einskildframsyningar, bør heller konsultere dei tre tidlegare historiebøkene om teateret for dei første  åra og framsyningsoversikta på nettsidene til Det Norske Teatret for dei siste . Dei mange sluttnotane er stort sett berre reine referansar til kvar eg har henta sitat og konkrete opplysningar frå. Med mindre lesaren er spesielt interessert i nokre av dei, kan ein trygt lese forbi alle notane. Eg har vore konfliktorientert i tilnærminga mi til stoffet og har leita etter og løfta fram situasjonar der ulike syn brakar saman, ikkje av dramaturgiske omsyn, men fordi eit programteater som vil noko meir enn å spele teater, står tydelegare fram når noko står på spel. Dei mange kvardagane er det sjølvsagt flest av. Eg har hatt tilgang til eit imponerande arkiv ved Det Norske Teatret. Forutan det har eg òg brukt mykje tid ved andre arkiv, mest handskriftsamlinga ved Nasjonalbiblioteket i Oslo. Eg har intervjua ei rekke menneske som er lista opp i litteraturlista, og utover det hatt kontorplass ved Det Norske Teatret i fire år og slik fått informasjon og inntrykk gjennom å ha vore personleg til stades og hatt samtalar med folk som det er umogleg å nemne i ei litteraturliste. Eg har møtt all munnleg informasjon med største mistru og konsekvent lagt større vekt på skriftlege framfor munnlege kjelder.


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 14


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 15

Del I: 1911–1914


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 16


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 17

DEN FØRSTE REISA Passasjerane steig om bord, konduktøren vifta med det grøne flagget, toget kunne starte. Det var laurdag føremiddag den . januar , det var minus seks grader og lett snø i lufta. I fyrrommet i lokomotivet brann kolet, vatnet i kjelen blei til damp, dampen pressa seg ut gjennom sleiderane, som igjen skauv stempla og ved hjelp av veivestenger fekk drivhjula i rørsle, først ein sakte knirkande rotasjon om si eiga akse, deretter gradvis raskare, til lokomotiv og togsett fekk marsjfart og fór ut av Østbanestasjonen, opp den dobbeltspora jernbanetraseen i retning Bryn og Alnabru og vidare opp den landlege Groruddalen. Mellom alle passasjerane som no hadde funne plassane sine på tredje klasse i dei ristande vognene på toget til Kongsvinger, var ein liten amatørteatertrupp som kalla seg Det Norske Spellaget. Dei skulle delta i eit språkpolitisk og teaterhistorisk eksperiment, dei skulle spele teater på landsmål, dei skulle reise omkring og freiste å vinne gehør for ideen om eit nasjonalt landsmålsteater; dei skulle undersøke om tida var mogen. Det var dag éin i ei ny tidsrekning. Men teatersjefen, Hulda Garborg, kunne bruke togturen til å tenkje attende på eit langt teaterstrev. I to tiår hadde ho og mannen, Arne Garborg, sysla med denne planen. Han hadde første gongen tatt til orde for eit eige landsmålsteater etter å ha vitja det nyskipa teateret Freie Volksbühne i Berlin i , som var skipa for at arbeidarar og såkalla vanlege folk skulle få tilgang til teaterkunsten. Det var ei medlemskapsforeining der salen var stor og prisane låge, og det var loddtrekking om dei beste plassane. Inspirert av dette teateret lanserte Garborg ideen om eit «spelarlag av bygdefolk» i Noreg. Sju år seinare, hausten , hadde dei faktisk prøvd, under den store landsmålsmarknaden på det populære forlystingsområdet Tivoli på Klingenberg i Kristiania. Hulda Garborg hadde samla ein trupp, som ho den gongen òg kalla Det Norske Spellaget, og øvd inn nokre småstykke, og framsyningane var såpass vellukka at Hulda Garborg ønskte å halde fram med arbeidet. Men det rann ut i sanden. Det fanst for få skolerte skodespelarar med bygdebakgrunn den gongen. No,  år seinare, var det kome ei ny kraft og ein ny gjev over arbeidet. Dei fleste skodespelarane som sat oppglødde og snakka og lo på toget, var berre barn


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 18

18

|

Del I: 1911–1914

Østbanestasjonen i Kristiania, der Det Norske Spellaget møttest 14. januar 1911.

då Det Norske Spellaget stod fram i . Dei visste lite om historia og føresetnadene for prosjektet dei no var med på, dette var ein gjeng ungdomar som alle støtta landsmålssaka, og som alle hadde lyst til å spele teater. Det var åtte menn og fire kvinner, som på ulike tidspunkt i livet hadde møtt Hulda Garborg, eller fått høyre om teaterprosjektet hennar, blitt nyfikne og hadde fått prøvespele og blitt tatt opp som medlemmer i Det Norske Spellaget. Ekteparet Garborgs eigen son, Aadne Olaus Fjørtoft Garborg, som han var døypt, eller Tuften, som han alltid blei kalla, var mellom skodespelarane. Det same var symaskinseljaren Edvard Drabløs frå Sykkylven på Sunnmøre. Han gjekk på Treider handelsskule, men drøymde om ei framtid som skodespelar og hadde treft Hulda Garborg i teatergruppa til Bondeungdomslaget. I lag med dei sat òg den talentfulle forfattaren Olav Nygard, som lenge hadde ønskt å bli dramatikar, men aldri hadde sett teater i oppveksten. Resultatet blei at han no skulle få høve til å lære teater ved sjølv å stå på scenen. Olav Nygard hadde tatt med seg broren Lars og to vener han kjende frå Møre Folkehøgskule, husmannsguten Anders Underdal frå Valdres og alvdølen Johan Mikkelsen. Jacob Hagen var med fordi søstera hans, Signe Hagen, var tenestejente hos Garborgane


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 19

Den første reisa

|

19

og hadde tipsa dei om den teaterinteresserte broren. Dessutan var fire av Hulda Garborgs veninner blitt med: Kitty Wentzel, Anna Semb, Ingebjørg Hektoen og Gudrun Grave. Den siste medlemmen var den landskjende konsertspelemannen Olav Moe. Forutan Hulda Garborg var han trekkplasteret i flokken. Han skulle fungere som sufflør og forretningsførar på turneen og som spelemann til dansen. Det Norske Spellaget skulle syne folkedans etter skodespela, det var ein kombinert teater- og folkedanstrupp. Hulda Garborg var den karismatiske leiaren som kunne halde ein brokete flokk som denne samla. Ho var sjølv godt etablert som dramatikar, ho hadde gjeve ut åtte skodespel og var blitt sett opp både på Christiania Theater og på Nationaltheatret og i mange ungdomslag omkring i landet.

Hulda Garborg.


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 20

20

|

Del I: 1911–1914

Med seg på toget hadde skodespelarane alt dei trong for ein tre månaders teaterturné med tre ulike teaterstykke. Nationaltheatrets teatermålar Jens Wang hadde laga kulissar som kunne fraktast omkring og setjast opp på svært ulike scenar dei komande vekene. Kostyma var blitt samla saman frå ulikt hald. Frå eit amatørteater på Lillehammer hadde dei fått tilsendt skjold, brynjer, spyd, sverd og hjelmar. Arne og Hulda Garborgs gamle klede var med som kostyme. Edvard Drabløs hadde fått låne ein flosshatt frå tidlegare statsminister Jørgen Løvland. Den skulle han bruke i rolla som den riksmålsknotande oppkomlingen Herman von Sauenbach i Ivar Aasens Ervingen. Løvland var ein av Spellagets støttespelarar, han sat i styret for Spellaget og skulle hjelpe til med å administrere teaterdrifta frå Kristiania medan skodespelarane reiste omkring på turné, og lånet av denne hatten er eit talande døme på den underlege mellomstillinga spellagsprosjektet og heile teaterdraumen stod i. På den eine sida var det eit idealistisk grasrotprosjekt med ulønte amatørar og lånte kostyme, på den andre sida var prosjektet forankra og hadde støtte på det høgaste politiske nivået i landet. Historieskrivinga til målrørsla har ofte fokusert for einsidig på målrørsla som grasrotrørsle. Inspirert av Stein Rokkans motkulturomgrep har ein fortolka målrørsla som ein rein folkeleg motstand mot sentrum, som ei folkerørsle som slo seg opp frå den norske periferien og erobra embetsmannsstatens kulturelle og politiske sentrum. Men denne modellen har skugga for mykje, mellom anna dei intellektuelle tradisjonane på landsbygda, den gamle skriftkulturen og all den makta og kulturelle kapitalen som representantar frå bygdekulturen kunne rå over ved inngangen til det tjuande hundreåret. Det Norske Spellaget, og seinare Det Norske Teatret, er eit utprega døme på den mellomposisjonen mellom høgt og lågt, mellom makt og avmakt, mellom elite og grasrot som karakteriserte så mykje av den tidlege målrørsla og venstrerørsla. Noko av sjela til prosjektet låg i dette lånet av Jørgen Løvlands hatt.

LANDSMÅLSMARTYRAR

Skodespelarane i Spellaget var idealistar, ingen av dei hadde kontraktar, det var høgst uvisst om dei kom til å få løn, utover ein sparsam kost og losji, ingen ante om prosjektet ville bere seg. Spellaget var ein kamporganisasjon innan den stadig sterkare norskdomsrørsla, som arbeidde for nasjonalt sjølvstende, styrking av tradisjonell norsk kultur og landsmålet som einaste skriftspråk. Dei hadde fått sydd seg bunader, dei skulle demonstrere folkedans, og dei skulle snakke mønstergyldig normert landsmål under framsyningane av dei innstuderte skodespela.


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 21

Den første reisa

|

21

Familien Garborgs heim på Labråten, Det Norske Spellagets hjarte.

Dei hadde øvd inn tre stykke på førehand, Ivar Aasens Ervingen, Hallvard Handes Ei hugvending og Ivar Mortenssons Varg i veum. Dei hadde hatt stor glede av å lære seg tekstane, ofte kunne dei spøke med å legge inn sitat frå rollene sine i diskusjonar seg imellom. Dei hadde med seg manuskripta på toget, truleg nytta fleire av dei togturen til ein siste lesedag før premieren. Kitty Wentzel hadde sprenglese, det var berre elleve dagar sidan ho blei med i Spellaget. Prøvearbeidet hadde vore vanskeleg. Dei hadde så vidt prøvd seg for eit publikum på ei lukka prøveframsyning på Asker Bondeungdomslag sin basar på Venskaben i Asker den . november . Fleire av skodespelarane hadde budd privat hos Garborgane eller naboen Rasmus Steinsvik på Labråten på Hvalstad i Asker i prøvetida. Dei hadde ikkje hatt råd til å leige eit eigna prøvelokale, men hadde fått låne rom ymse plassar, mest og oftast heime hos Hulda og Arne Garborg. Olav og Lars Nygard var blitt sette i arbeid i åkeren til Rasmus Steinsvik for å arbeide for losjiet og pæla stein og pugga replikkar om einannan. Tuften erta dei med å synge «Steinbrjotarvisa» frå Ervingen på rommet sitt. Folk jobba i hagen, pugga replikkar og øvde på dansesteg om einannan. Hulda Garborg fortalde seinare at naboane trudde ho hadde starta ein psykiatrisk pleieheim. Ambisjonane var store, føresetnadene små. Ervingen og Ei hugvending var


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 22

22

|

Del I: 1911–1914

Venskaben i Asker, der Det Norske Spellaget hadde si første prøveframsyning.

lettspelte komediar med ei oversiktleg rolleliste, medan Varg i veum var eit monumentalt og krevjande vikingdrama som ingen institusjonsteater hadde våga seg på. Hulda Garborg hadde arrangert om stykket slik at alle kunne ta to roller kvar, og slik kunne dei greie å setje det opp med  skodespelarar, om dei klarte å skaffe ein statist på kvar plass som kunne spele hundreåringen Aae og på stikkord levere éin replikk. Medan dei denne første reisedagen sat på toget, bøygde over manuskripta, nervøst urolege for morgondagen, kunne Den de Mais lesarar over heile landet lese ein heroiserande artikkel om «Fru Garborg» og «det vesle spellaget». Journalisten klarte knapt å understreke tydeleg nok kva for eit enormt slit som venta henne og dei unge skodespelarane: «Det er eit endelaust slit, beint fram, slit, med alt slikt, skal ein drive det til noko. Slit i aarevis», stod det i avisa. Denne martyrposisjonen er typisk for sjølvforståinga og historieskrivinga i den tidlege landsmålsrørsla. Ivar Aasen er sjølve farsmartyren, den geniale filologen som ofra heimbygda og familielivet og måtte leve einsam i den forferdelege storbyen for forskingas skuld. No var det Hulda Garborg og dei tolv unge disiplane sin tur til å låne landsmålsrørslas tornekrans.


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 23

Den første reisa

|

23

PREMIERE I RØYKEN

Etter to og ein halv times togtur var Spellaget framme på Kongsvinger. Her måtte dei skunde seg av, raske med seg alt av kulissar, kostyme, sminke, mat, klede og personlege eigedelar og i løpet av elleve minutt kome seg over på Solørbanen og toget som skulle ta dei vidare frå Kongsvinger til Kirkenær i Hedmark, der premiereframsyninga skulle haldast dagen etter. Dei rakk toget og reiste vidare gjennom eit flatt jordbruksland, over dyrka mark, skogmark og myrstrekningar. Dei hadde lagt opp ei omfattande reiserute med mange speleplassar på kort tid. Den materielle føresetnaden for prosjektet var det forbetra norske tognettet; dei siste tiåra hadde kartet over Sør-Noreg krakelert i eit stadig meir finmaska nett av jernbanelinjer. Fjell og skogar var blitt skorne opp, byar og bygder bundne saman, og modernitetssymbolet framfor noko, damplokomotivet, skulle i svimlande fart trekke dei bunadskledde landsmålspionerane frå by til bygd. Etter tre kvarter stansa toget i Kirkenær. Dei var i heimbygda til spellagsmedlemmen Jacob Hagen, kanskje var det grunnen til at dei starta nett her. Dei skulle innkvarterast privat, dagen etter skulle dei ha premiereframsyning i forsamlingslokalet Furulund. Ervingen og Ei hugvending skulle synast fram. Om føremiddagen, den . januar, var det generalprøve. Etter prøven var det tid for å ete og kvile og vente. Dei var spente på om salen ville bli for stor, heile  menneske var det plass til, men idet klokka nærma seg . og framsyninga skulle starte, strøymde det på med folk, skodespelarane bak scenen kunne høyre hestevrinsk og forventningsfull summing idet den eine hesteskyssen etter den andre stansa opp framfor Furulund. Om dei titta ut gjennom sceneteppet, kunne dei snart sjå ein smekkfull sal. Lokalet var isande kaldt, det blei sprengfyrt i omnen, og røyken la seg som tåke i rommet. Spellagets første framsyning skulle finne stad i svart røyk og kolos. Men spelet gjekk godt inne i røyken, Ervingen var ein klassikar, folk lo av intrigane og song med på songane, fleire gonger blei dei avbrotne av spontan applaus og fleire gonger kalla fram etter framsyninga. Ervingen var eit sjølvsagt repertoarval, det var ofte før blitt spelt med ein slik rituell representativ funksjon. Dagen etter kunne dei vakne opp til skryt i avisa: «For Spellaget og landsmaalet var dette ein stor siger, daa Solør høyrer til dei faste borgerne for riksmaalet», heitte det i ei melding i Den de Mai. Om kvelden spelte dei Varg i veum same stad, det gjekk ifølgje Hulda Garborg «nogenlunde; men slet ikke særlig godt». Slik er teater, ingen kveldar er like. Det Norske Spellaget hadde enno mykje


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 24

24

|

Del I: 1911–1914

Forsamlingslokalet Furulund der Det Norske Spellaget spelte si første offisielle framsyning.

å lære. Men dei var i gang. Dei hadde alt tent  kroner og  øre då dei . om morgonen tok toget til Kongsvinger, der dei skulle spele i eit kinolokale same kvelden. Deretter drog dei på oppfordring til Skarnes og spelte ein ikkje-førehandsannonsert kveld i Afholdslokalet. Og derfrå nordover til Hamar, med innkvartering på Grand Hotel og teaterframsyning i Håndværkeren. Hamar var Hulda Garborgs barndomsby, her hadde ho opplevd sosial og klassemessig degradering då mora skilde seg frå den velståande faren. Mange gonger hadde ho drøymt om å returnere til barndomens by i triumf, som «verdenskjendt Kunstnerinde» med silkekjole. No kom ho som amatørteaterleiar i «gammel norsk Hardangerbunad», ironiserte ho sjølv. På Hamar møtte dei motstand for første gong. Det var mobilisert til pipekonsert mot det omreisande landsmålsteateret.  var ei språkpolitisk kamptid. Noreg hadde vore ein sjølvstendig nasjon i knappe seks år, og kva som skulle bli den unge nasjonens framtidige skriftspråk, var gjenstand for ein intens og hatefull debatt. Eit omreisande landsmålsteater, om aldri så lite og uskuldig, var for mange ein provokasjon. Ein flokk gymnasiastar på Hamar hadde planlagt demonstrasjon, dei hadde kjøpt opp billettar og freista å overdøyve «maulet» frå scenen. Men dei lukkast berre delvis, politiet kasta ut leiaren, og Spellaget makta å fullføre framsyninga.


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 25

Den første reisa

|

25

«THEATERDIREKTØR – NEVER»

Dei drog vestover med Bergensbanen, som var blitt opna eit drygt år tidlegare. Hittil hadde det gått så bra at Hulda Garborg kunne betale ut fem kroner i løn til kvar einskild. Dei gjekk av på Voss og spelte tre kveldar, for tre fulle hus, før dei drog vidare til Bergen og direkte vidare med båt til Stavanger. Dei spelte seg nordover kysten, med framsyningar i Stavanger, Sandnes, Haugesund, Stord og Bergen. Dei hadde vidare avtalt spelekveldar i Volda, Ålesund og Flemsøy, men lenger rakk ikkje planane. Fekk dei inn nok pengar, og hadde dei enno krefter, ville dei halde fram til Kristiansund og Trøndelag. I Bergen ville Olav Moe forlate Spellaget, familien hans trong han. Motsett skodespelarane hadde Moe kontrakt, han hadde kontrakt på at han skulle vere med på heile turneen, og framsyningane på Sunnmøre var allereie annonserte med Olav Moes namn på plakatane. Men Hulda Garborg orka ikkje å krevje at han skulle halde fram. Ho klarte ikkje å setje hardt mot hardt og bad han melde seg sjuk, «den eneste antagelige Grund». Og ho innsåg at den veikskapen ho her synte, var ein indikasjon på at ho aldri burde bli teaterstyrar. «Nei Theaterdirektør – Never», lova ho mannen. Men ho klarte å erstatte Moe, den unge, men kjende spelemannen Arne Bjørndal kunne steppe inn og reise vidare med Spellaget. I Ålesund måtte plutseleg Kitty Wentzel hoppe av turneen, ho fekk eit tilbod om fast stilling i VG og hadde ikkje råd til å takke nei. Spellaget la då vekk Varg i veum og øvde i staden inn Hulda Garborgs populære komedie Rationelt Fjøsstell undervegs. Dette var det minst høgtidlege teaterstykket Hulda Garborg hadde skrive, men det mest populære; Christiania Theater hadde spelt det  gonger frå premieren i april  til teateret blei lagt ned i . Spellaget hadde mista Olav Moe og Kitty Wentzel og skrinlagt eitt av dei tre stykka og hasteinnstudert eit nytt. Teaterlokala blei stadig dårlegare nordover vestlandskysten, vintervêret var tøft, og dei blei sjøsjuke på reisene. På Flemsøya hadde dei heller ikkje noko eigna teaterlokale, veggen ved inngangsdøra til huset dei skulle spele i, måtte sagast opp for å få inn kulissane, på scenegolvet var det ikkje plass til dei, og kulissane måtte spikrast opp på veggen i salen. Framsyninga måtte utsetjast, først klokka . kunne framsyninga starte, fordi ein måtte vente på at fiskebåtane skulle kome attende frå havfiske. Garderobar fanst heller ikkje, skodespelarane stod samanstimla på ein halv meter brei gang bak scenen, vestavinden peip inn gjennom veggane, det var igjen isande kaldt på scenen, men varmt omkring omnen nede i salen. Og då den slitne flokken skulle reise vidare morgonen etter, slo vêret seg


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 26

26

|

Del I: 1911–1914

endå vrangare. Vêret var så ille at hestane som skulle frakte ensemblet frå teaterlokalet, ikkje kunne gå ut: «Vi maatte baske os frem i Kavet, Arm i Arm og puste bagom forskjellige Husvægger paa Veien. Snekornene var som Sylspidser, og Veien var ganske igjenføget», fortel Hulda Garborg. Frå Flemsøy drog Det Norske Spellaget til Volda, der Hulda Garborg feira -årsdagen sin den . februar i lag med dei jamt tretti år yngre kollegaene. Ho fekk gåver, ungdomslaget arrangerte fest, og skodespelarane dansa og festa til .. Hulda Garborg meinte sjølvsagt at desse «Natfester er ravende gale for Arbeidets Skyld». Det var korte netter, strabasiøse reiseplanar, lite pengar og lite mat. Reiseplanen var slitsam, det var nye framsyningar nesten kvar kveld. Ungdomane var uvande med å reise. Hulda Garborg var reisevand, men ingen ungdom. Dei byrja å merke hardkøyret no, ikkje minst Hulda Garborg. Ein kveld måtte ho hive i seg to «stive Drammer» før teppet gjekk opp for i det heile tatt å vere i stand til å gå inn på scenen. Det Norske Spellaget slost på fleire frontar, dei måtte spele godt nok teater til å bli tatt på alvor av sympatisørane, dei måtte stå oppreist mot demonstrantar og sabotørar. Dei var klovnar i kamp. Dei spelte «tregrepsteater», med korte prøvetider, mange roller per skodespelar, improviserte scenar og teaterhus. Berre ein gong i veka unnte dei seg skikkeleg middag. Hulda Garborg triksa, laug og ordna som best ho kunne for at ungdomane hennar skulle kunne legge seg mette likevel. På hotella kunne ho stundom fortelje hotellsjefane at dei alle var vegetarianarar, slik at kjøkkenet måtte koke risgraut eller annan mat som Spellaget hadde råd til. Eller ho kunne seie at dei var inviterte ut på middag, slik at dei kunne snike seg unna middagsopplegget på hotellet og setje seg i løynd på romma og ete nistepakkane dei hadde med. Hulda Garborg, som mellom mykje anna var matreformator og kokebokforfattar, var overtydd om ein ernæringsteori som tilsa at om ein alltid togg maten  gonger, så ville han både mette betre og gje meir næring. Dei unge teateridealistane sat på hotellromma med matpakkane sine og togg og togg og togg. Hulda Garborg blir svært ofte skildra som ei mor for spellagsflokken. Morsmetaforen ligg nær i dei fleste presentasjonar av Hulda Garborg, og ho la meir enn gjerne opp til det sjølv i både private og offentlege ytringar. Generelt er det noko maternalistisk over Hulda Garborg. Ho var ein oppdragar. Gjennom bunadsprosjektet skulle ho lære folk å kle seg, gjennom dansen å te seg. Gjennom matspalter og kokebok lærte ho dei å lage mat, gjennom hygieniske føredrag lærte ho dei å vaske seg, pusse tennene og trene. Og gjennom teaterprosjektet skulle ho utvikle og trygge talemålet deira, altså lære dei å snakke.


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 27

Den første reisa

|

27

Hulda, Arne og Tuften Garborg på Labråten, nokre år før dei drog i gang Det Norske Spellaget.

Arne Garborg såg dette og noterte ein gong i dagboka si at «Hulda, den æveleg flakkande, er fari […] og skal tala um Klæde og Mat. Og det er vel; det er ingin Ting Folke treng so saart som aa lære upp-att aa klæ seg og laga Mat, no, daa det hev vorti so syrgjeleg av- og halv-kultivera». På same vis var ho som ei mor for dei tolv skodespelarane ho hadde med seg. Då ho lét dei reise åleine nokre dagar, medan ho sjølv kom til hektene i Ålesund, skreiv ho uroleg i dagboka, som ei mor som var skild frå ungeflokken sin: «Stakkars ’Flokken’ min, som er paa Tur ude i Fjordene. […] Faar jeg dem hele i Hændene igjen forlader jeg dem ikke mer om jeg blir aldrig saa træt.» Men flokken kom tilbake, og turneen gjekk så bra at dei valde å forlenge han, dei plotta inn stadig nye speleplassar. Etter nye vellukka kveldar i Molde, Valldal og Stranda valde dei å avslutte turneen i tråd med dei mest ambisiøse planane og inkludere stopp i Kristiansund, Trondheim og Steinkjer. I Trondheim gjekk det rykte om at dei igjen kunne bli møtte av demonstrantar. Ein journalist frå avisa Nidaros spurde Hulda Garborg før framsyninga kva ho ville tenkje om det skulle bli pipekonsert her i Trondheim. «Det skal være mig en fornøielse», svarte Hulda Garborg sjølvsikkert. Og piping blei det. Begge sider hadde mobilisert, salen var stappande full, politiet hadde fått nyss om planane og stilte mannsterke og sivilkledde rundt


M_Trass alt_a 04/09/13 10.04 Side 28

28

|

Del I: 1911–1914

omkring i salen. Framsyninga var annonsert til klokka ., men blei forseinka. Det var ei fortetta stemning i salen. Då ho endeleg byrja, fekk skodespelarane spele i fred for mishagsytringar heilt til ein spontanapplaus frå målsympatisørane starta pipekonserten frå riksmålsfolket. Teppet måtte gå ned og lyset bli skrudd på. Deretter freista Spellaget igjen, før ein på ny måtte avbryte og politiet truge med å gripe inn mot demonstrantane. Og med det trugsmålet i bakhand lukkast det Spellaget på eit vis å fullføre og få spelt gjennom stykket. Hulda Garborg heldt løftet sitt og tok lett på demonstrantane: «Kvelden her igaar blev livlig. Fuldpakket Hus og en vældig Pipekonsert af Gymnasiaster», noterte ho i dagboka. Kanskje var det nett litt piping og motstand dei trong? Som ei påminning om slagkrafta, faren og potensialet i teaterprosjektet. «Fru Garborg tok no til å bli trøytt», har Edvard Drabløs seinare fortalt: «men pipesjauen i Trondheim tok ikkje modet ifrå henne. Tvertum. Ein kan vel heller segja at ho fekk ’blod på tann’».


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.