Issuu on Google+


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 1

1


31846 TonjeGlimmer:mat 01.12.10 12.04 Side 3

Maria Parr

Tonje Glimmerdal Illustrert av Ă…shild Irgens

Samlaget Oslo


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 5

Brevet KAPITTEL 1

Der Tonje nesten tek ein salto på ski 14 KAPITTEL 2

Der Gunnvald og Tonje snakkar om før i tida 19 KAPITTEL 3

Der rattkjelke-testløp nr. 1 går av stabelen og Tonje vert truga med politiet 28 KAPITTEL 4

Der Tonje ikkje bryr seg om det Klaus Hagen seier og det dalar post ned frå himmelen 38 KAPITTEL 5

Der Tonje, pappa og Måse-Geir et kvelds 44 KAPITTEL 6

Der Tonje legg ut på snusekspedisjon og hamnar i ein ekte slåsskamp 49 KAPITTEL 7

Der Gunnvald fortel om kjærleiken og Tonje fortel om den pitteminste bukken Bruse 58

5


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 6

KAPITTEL 8

Der Tonje får tre nye venner 68 KAPITTEL 9

Der rattkjelke-testløp nr. 2 går av stabelen og Gunnvald lagar hjortegryte 79 KAPITTEL 10

Der Klaus Hagen går over streken og den kjende historia «Hugsar du då Tonje Glimmerdal køyrde om bord i hurtigbåten med rattkjelke?» vert til 90

Heidi KAPITTEL 11

Der Gunnvald og Tonje flyttar Gladiator opp i sommarfjøsen og det skjer ei kaffikjelulukke 106 KAPITTEL 12

Der Gunnvald har himmelens stor sjukehusskrekk 117 KAPITTEL 13

Der Tonje les i den grøne boka og Gunnvald gir henne eit hemmeleg oppdrag 122 KAPITTEL 14

Der det dukkar opp ei mystisk dame og ein frykteleg hund i Glimmerdalen 129

6


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 7

KAPITTEL 15

Der Tonje både opplever noko nifst og vert svært forundra 134 KAPITTEL 16

Der pappa avslører noko aldeles sjokkerande 139 KAPITTEL 17

Der Heidi fortel om den forferdelege planen sin 148 KAPITTEL 18

Der livet er elendig og Tonje treffer gamle kjende 155 KAPITTEL 19

Der Tonje spionerer på nokon som forsvinn 167 KAPITTEL 20

Der Heidi startar ein måsemassakre og Tonje klekker ut ein plan 178 KAPITTEL 21

Der det ikkje går an å seie høgt kva som skjer 186 KAPITTEL 22

Der gamle Nils er full og seier noko sant 196 KAPITTEL 23

Der Heidi og Tonje utkjempar ein stillingskrig som ikkje eingong Klaus Hagen greier å forstyrre 202 KAPITTEL 24

Der Tonje får høyre slutten på boka og Heidi fortel mange ting 209

7


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 8

KAPITTEL 25

Der Tonje møter att ein gammal mann 217

Musikken KAPITTEL 26

Der Heidi viser Tonje noko heilt fantastisk 230 KAPITTEL 27

Der Måse-Geir får eit måseslott og Gunnvald kjem heim 238 KAPITTEL 28

Der tante Eir tek ein salto på ski og Tonje nesten tek ein salto på ski og Ole ikkje er i nærleiken av å ta ein salto på ski 246 KAPITTEL 29

Der Tonje vert ti år og får ei stor kasse og ein god idé 256 KAPITTEL 30

Der Gunnvald tek sitt livs viktigaste telefon 264 KAPITTEL 31

Der alle unnateke Ole går i kyrkja 270 KAPITTEL 32

Der to feler spelar saman 278


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 9

Brevet


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 10


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 11

Om du går av båten nede ved kaia, då kjenner du vinden frå dalen med ein gong. Til og med no når det er kald vinter, kjenner du den. Berre lat att auga. Furu luktar det. Og gran. Det er berre å begynne å gå. Du skal følgje den vegen som går rett fram, forbi den nedlagde kiosken, butikken og frisørsalongen til Theo, og vidare framover langsmed elva. I starten er det nokså flatt, og nokre hus. Eit av dei siste husa står det ei gravemaskin utanfor. Der bur Peter og mor hans. Så vert det meir og meir snø og skog, og mindre og mindre hus. Vegen vert halvparten så brei og dobbelt så bratt. Det kan godt hende du begynner å kjenne deg litt skeptisk, då, dersom du ikkje har vore der før, og kanskje du lurer på om du har gått feil. Men det har du ikkje. For akkurat når du har tenkt det, då ser du eit skilt. 11


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 12

«Glimmerdalen» står det. Og så veit du at du har gått rett likevel. Det fyrste du kjem til etter skiltet, er ein campingplass. Og høyr no godt etter: Du må for alt i verda ikkje finne på å gå inn på den campingplassen. Viss du gjer det likevel, så kom ikkje her og sei at du ikkje vart åtvara. Klaus Hagen, styraren på Hagen Helsecamping, er så sur at ein burde tømme han ut i vasken. Han har ikkje humor, og han liker ikkje barn, særleg dersom dei lagar høge lydar. Og dersom dei har knust ruta i ei av campinghyttene hans med sprettert ein gong, sjølv om det ikkje var med vilje, då synest han dei er verre enn alt anna (det barnet som har knust ei av rutene med sprettert, er ikkje særleg begeistra for Klaus Hagen heller, når sant skal seiast. Det hender ho ligg vaken om kvelden og vurderer å knuse ei til). Så gå forbi Hagen Helsecamping, er du lur. Og etter Hagen Helsecamping kjem du inn i ein skog der snøen bøyer greinene nesten heilt ned til hovudet ditt. Enkelte kallar det ein eventyrskog. Utanfor ligg Sally sitt grøne hus, men det er ikkje så mykje eventyraktig med det. Du ser den lillaaktige permanenten til Sally stikke opp bak ei potteplante i stoveglaset. Sally ser deg også. Ver du sikker. Sally ser alt. Om du så smaug deg forbi det grøne huset som ei lita mus i vinterkamuflasjedress utan 12


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 13

å lage ein einaste lyd: Sally hadde sett deg uansett. Ho søv ikkje middag heller. Men når du har kome deg vel forbi huset til Sally, då kjem du endeleg til brua over Glimmerdalselva. Dersom du går over brua og elva og opp bakken til høgre, kjem du til Gunnvald sin gard. Dersom du ikkje gjer det, men går opp bakken til venstre, då kjem du til Tonje og dei sin gard. Fleire gardar er det ikkje her oppe under fjella. Og no er du altså i Glimmerdalen. Velkomen skal du vere.


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 14

KAPITTEL 1

Der Tonje nesten tek ein salto på ski Det er veldig stille heilt framme i Glimmerdalen kalde ettermiddagar i februar. Elva brusar ikkje, for ho er under isen. Fuglane kvitrar ikkje, for dei har drege til Syden. Ein høyrer ikkje sauene eingong, for dei står inne i fjøsane. Alt er berre kvit snø, mørke graner og store, tause fjell. Men midt i denne stille vinteren er det ein svart prikk som snart skal lage lyd. Den svarte prikken står oppe ved foten av Vardetind, i enden av eit langt og ganske skeivt skispor. Prikken er Tonje Glimmerdal. Ho har ein far som er bonde i Glimmerdalen og ei mor som er havforskar ute ved havet. Og ho har raude løvekrøller. Til påske vert ho ti år. Det har ho tenkt å feire så det dundrar i fjella. Klaus Hagen nede på campingplassen, han som ikkje liker barn, han burde i grunnen vere nokså nøgd med livet. Det finst nemleg berre eit einaste barn i heile 14


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 15

Glimmerdalen. Og eitt barn, det burde sjølv Klaus Hagen tole. Men det gjer han ikkje. Tonje Glimmerdal er akkurat eit slikt barn Klaus Hagen toler minst av alt. Det er noko med henne som gjer at alle feriegjestene hans skjønar med ein gong dei treffer henne at det eigentleg er Tonje sin dal dei er på besøk i, om dei bur på Hagen Helsecamping aldri så mykje. Heldigvis er Glimmerdalens vesle keisarinne meir enn normalt glad i besøk. – Det burde stå «Velkomen» i panna på deg, Tonje, sa tante Idun ein gong. Om vinteren lagar skispora og fotspora til Tonje krusedullar og strekar over heile Glimmerdalen. – Eg slepper henne ut om morgonen og håper ho kjem att til kvelden, seier pappa Sigurd når folk som kjem på besøk, spør kvar han har gjort av dotter si, for det spør folk i Glimmerdalen alltid om. – Glimmerdalens vesle dunder, kallar dei henne. Og no flyttar Tonje litt på seg, slik at skituppane peikar mot Veslehammaren. Dei har fått fri frå skulen tidleg denne siste fredagen før vinterferien. Det er framleis midt på dagen. – Vinterferie, det er ein god ting, seier Tonje til seg sjølv. – Vinterferie og nedoverbakkar. 15


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 16

Det er bratt ned til Veslehammaren. Så bratt at Tonje retteleg må stramme seg opp der ho står, men det er slik tante Eir og tante Idun bruker å gjere når dei er heime i påska. Dei startar her oppe, og så set dei av garde i vill fart så snøføyka står som eit brudeslør etter dei. Dei bruker kanten på Veslehammaren til spretthopp og flyg himmelens høgt. Tante Eir tek til og med salto. – Ein treng to ting her i livet, bruker tante Eir å seie. – Fart og sjølvtillit. Det synest Tonje er klokt sagt av tante Eir. Ho øver seg på forskjellig som har med fart og sjølvtillit å gjere når tantene er i Oslo og studerer. Men ein ting er sikkert, og det er at Tonje Glimmerdal ikkje tek så mykje som eit lite fisleskihopp utan at Gunnvald sit i kjøkkenglaset sitt og kikrar . For det fyrste er det ikkje noko stas å hoppe utan at nokon ser på, og for det andre er det lurt å ha nokon som kan ringe til Røde Kors dersom ho ikkje reiser seg etter landinga. Han bur nokså langt frå foten av V ardetind, Gunnvald, men han har ein enormt god kikert. No veivar Tonje med armane og signaliserer at ho er klar. Og dermed er det slutt på stilla i Glimmerdalen.

16


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 17

– «Per Spelmann han hadde ei einaste ku!» gaular Tonje og kastar seg framover. Det er viktig å synge når ein står på ski. Dei gongane ho hoppar utfor Veslehammaren, syng Tonje så høgt at det går små snøskred i halsgropa på Glimmerhornet. – «Per Spelmann han hadde ei einaste kuuuu!» Ho krøker seg saman med hendene framfor seg og bøyer hovudet for å få mindre luftmotstand. – «Han bytte bort kuuuuua fekk fela igjen!» Kanten på hammaren vert større og større. Tonje kjenner at no må ho synge høgt om ho ikkje skal angre seg noko grusomt. – «HAN BYTTE BORT KUA FEKK FELA IGJEN»! storsyng ho så det gjallar i glimmerdalsfjella. Åh, fy flate for ein fart! Åh, gru på jord kor V eslehammaren veks framfor henne. At ho aldri lærer. At ho aldri, aldri, aldri lærer. No er ho der snart. No be gynner det snart å gå oppover. Det går oppover. Tonje lèt att auga. Der er kanten. Det kiler i magen og prikkar i beina. – «Du gode, gamle fioooooooooooooooooooooooo ooooooooooo…!» Tonje svevar. Aldri før har ho sunge så mykje av «Per Spelmann» medan ho er i lufta. Det er min santen nesten 17


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 18

heile refrenget. Hadde ho kunna å ta salto, slik som tante Eir, då hadde ho rokke å ta tre på rad. Men eg kan dessverre ikkje ta salto enno, tenkjer Tonje der oppe i lufta. Eller kanskje eg kan likevel, tenkjer ho også, for ho merkar at ho har hovudet der beina skal vere og beina der hovudet skal vere. Så, etter eit heilt imponerande svev, krasjlandar Tonje som ein opp-ned-seigmann i ei blautkake med altfor mykje krem. Det er kvitt og kaldt og ho veit ikkje om ho er levande eller er død der ho ligg. Det lurer sikkert Gunnvald på også, nede i kjøkkenglaset. Tonje ligg stille til ho kjenner at hjartet slår . Då ristar ho litt på hovudet, for liksom å få alt på plass att inni der. – Var det ein slags salto, skal tru? undrar ho.


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 19

KAPITTEL 2

Der Gunnvald og Tonje snakkar om før i tida Gunnvald bur i eit voldsamt stort hus og har fjøs og sauer, slik som Tonje og dei, men det er alltid styr med sauene til Gunnvald. Dei rømmer og dei døyr og dei et opp tulipanane til Sally. Heldigvis har Gunnvald snikkarverkstad også. Der nyt han sine eldre dagar og sper på pensjonen. Han er 74 år og bestevennen til Tonje. – Tenk å vere bestevenn med ein slik gammal staur, seier Tonje i tunge stunder. – Det er min santen eit sørgjeleg utval vi har her i Glimmerdalen. Men inst inne veit Tonje at Gunnvald hadde vore bestevennen hennar om det så budde ti år gamle barn på kvar einaste tue i heile dalen. Ho er så glad i Gunnvald at det knakar i hjartet. Han er faktisk gudfaren hennar også. Det var modig av mamma og pappa å la ein slik brumlebasse bere henne til dåpen, synest Tonje. Han kunne sleppt henne rett i kyrkjegolvet med eit klask, om han var i det humøret. Ja, for Gunnvald kan vere så vrang somme tider at det er heilt utruleg. Likevel ville mamma og pappa at det skulle vere Gunnvald 19


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 20

og ingen annan. Dei la Tonje Glimmerdal i dei digre nevane hans, og sidan har han aldri sleppt henne. – Kva skulle du gjort utan meg, Gunnvald? spør Tonje ofte. – Då hadde eg grave meg ned og sjølvdauda, svarar Gunnvald.

Då Tonje kjem glidande over tunet på ski no, peivar Gunnvald vekk kjøkkengardinene med kikerten og stikk bustehovudet ut i vinteren. Han er høg som eit troll med ein liten knekk øvst oppe. I si velmakt var han endå høgre – han har skrumpa litt siste åra. Det er alderen og gikta og all verda, men han går aldri til dokter. Han er livredd for dokterar. Og dessutan er det slik at når Gunnvald får snus under leppa og fela under haka, då vert han spretten som ein kalv. Beste medisinen, den fela, seier Gunnvald. Kva skal ein med dokterar når ein har feler? – Var det salto? spør Tonje. Gunnvald blæs så gardinene slit i fortøyingane. – Viss det der var ein salto, Tonje Glimmerdal, så er eg ein elg. Han lurer på om Tonje alltid må lande med hovudet fyrst så ein trur ho er død. Det trur Tonje at ho må. 20


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 21

På Gunnvald-kjøkkenet har T onje ein fast stol ved vindauget, ein fast knagg til hua si og ein fast kopp i skapet. Gunda, den svarte og kvite katten til Gunnvald, kjem og stryk seg inntil beina hennar.

– Tenk, no er det vinterferie. Hugsar du før i tida, Gunnvald? – Kva slags «før i tid»? spør Gunnvald og set ein tallerken framfor henne. Gunnvald har levd så lenge at før i tida kan vere kva som helst. – Den før i tida då Klaus Hagen ikkje hadde flytta til Glimmerdalen og det var ein heilt vanleg campingplass vi hadde her, seier Tonje. Ja, det hugsar Gunnvald godt. – Eit himmelsk rabalder var det kvar einaste ferie, minnest han. 21


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 22

– Det kom litervis av barn, hugsar Tonje. – Det var berre å gå ned på campingplassen og plukke barn som om det var blåbær. Gunnvald hugsar det. Men så kom den der humørlause Klaus Hagen. Han kom og såg Glimmerdalen og syntest det var ein fantastisk stad. Så fantastisk syntest Klaus Hagen Glimmerdalen var at han like godt kjøpte heile campingplassen. Han er uhorveleg rik. Han bygde nye hytter der nede og laga det så flott til at T onje og alle andre i Glimmerdalen syntest det var heilt strålande. Då han var ferdig, opna han campingplassen igjen. «Hagen Helsecamping – stillast i landet» står det på reklamebrosjyrane hans. Folk som vil ha fred og ro, kan kome dit. I starten syntest Tonje det var storarta. Det kom mange som trong fred og ro, og ingenting er så triveleg som at det kjem besøk hit opp til fjella. Men så begynte ho å stusse. Kvifor i all verda kom det aldri barn? Tonje bruker ikkje å lure så fælt lenge på ting, så ein dag sykla ho ned til Klaus Hagen og spurde. – Du, Klaus, kvifor kjem det aldri barn til denne campingplassen din? – Det er ikkje lov til å ha med seg barn til Hagen Helsecamping, svara Klaus Hagen då. 22


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 23

– Hæ? sa Tonje. – Gjestene mine skal høyre elvebrus og gransus, ikkje mas og ståk, forklarte Klaus Hagen og såg på klokka si. Tonje glodde himmelfallen på campingplasseigaren og kåra det han nettopp hadde sagt til det verste ho hadde høyrt i heile sitt liv, men akkurat då ho hadde gjort det, knuste Klaus Hagen sin eigen rekord med å seie noko endå verre: – Dette med mas og ståk gjeld i grunnen deg også, Trulte. – Tonje, retta Tonje. – Tonje, ja. Kan du vere snill og slutte med denne synginga di til alle døgnets tider? Tonje pirka seg i øyret av forundring. – Du øydelegg roa for gjestene mine når du fer skrålande forbi her på sykkelen din, sa Klaus Hagen og laga eit slags høfleg smil. – Meiner du eg skal slutte å synge i min eigen dal? spurde Tonje. For å vere sikker. – Din eigen og din eigen, mumla Klaus Hagen irritert. – Eg reklamerer med at eg har den stillaste campingplassen i landet, og ber deg respektere det. Det var vel i grunnen der Klaus Hagen for alvor trødde feil her i livet. Ein ber ikkje Glimmerdalens vesle 23


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 24

dunder om å slutte å synge, slik utan vidare. Det kunne alle ha fortalt han. Om han hadde spurt. – Nei, dessverre, sa Tonje Glimmerdal. Så trødde ho oppover dalen att medan ho song opera så småskogen låg flat i vegkanten. Tonje har halde fram med å synge etter det. Kanskje syng ho endå litt meir enn før også, når sant skal seiast. Særleg når ho syklar forbi campingplassen. Og Klaus Hagen, han ser på Tonje som om ho var eit lite skadedyr, nesten. Endå verre vart det i haust, då Tonje var uheldig og knuste den ruta på campingplassen med sprettert. Det var slett ikkje meininga. Ho sikta på flaggstonga. Det vert så fin lyd når ein skyt på flaggstenger, og så er det utruleg vanskeleg. Ho treffer ikkje kvar gong, Tonje Glimmerdal heller, når ho skyt på flaggstenger. – Oi, sa Tonje då det singla i glas. Ho sykla heimover i stor fart og henta alle sparepengane sine. Pengane la ho i eit nydeleg skrin som ho hadde snikra borte med Gunnvald. Saman med eit stort og alvorleg unnskyld leverte ho skrinet til Klaus Hagen. Men Klaus Hagen ville ikkje ha skrinet. Han tok ut pengane og gav henne skrinet attende med eit grynt. 24


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 25

– Kva skal eg med det? spurde han irritert. Skal med det og skal med det. Han kunne vel legge pengar i det, han som er så rik, meinte Tonje. Klaus Hagen fnyste og lét att døra.

25


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 26

Den dagen gav T onje opp å verte venn med Klaus Hagen. Ja, ho gav opp heile Klaus Hagen, frå øvste hårtust til nedste stortånagl. Tenk at nokon i denne verda kunne takke nei til eit slikt skrin! Ho hadde halde på med svipennen ein heil laurdag for å få til dei to fuglane på loket. – Han har ikkje greie på kunst, sa Gunnvald då ho fortalde det. – Han har ikkje greie på noko som helst! sa Tonje sint.

– Det er eit sorgens kapittel heile campingplassen. Ikkje ein einaste ferieunge, seier Tonje no. – Jammen bra du har meg til å live opp, Gunnvald, så du slepp å sitte her og ete middag i einsemda. Gunnvald brettar den lange kroppen ned på kjøkkenstolen så det knakar i både kne og tre. – Amen, mumlar han. Dei forsyner seg med steikt ball og steikt kjøt og steikt rabbe, og Tonje lurer på kva det er som gjer at maten Gunnvald lagar, alltid smakar betre enn all annan mat ho veit om. – Veit du kva som står klart til testing der inne? spør Gunnvald plutseleg og kastar med hovudet i ret26


21524 TonjeGlimmer_mat 25.11.09 08.18 Side 27

ning verkstaden, lenge før han har begynt på å tenkje å svelgje ned det han har i munnen. Tonje legg gaffelen stille ned på tallerkenen. – Kjelkane?


Tonje Glimmerdal