Page 1


Stress.indd 1

20.02.2019 14.34.02


Anne Gunn Halvorsen

Livet og korleis leve det. Ei handbok for vaksne. 2017

Stress.indd 2

20.02.2019 14.34.03


A N N E G U N N H A LV O R S E N

s s e r t S og korleis leve med det

9 HISTORIER, 14 TIPS SAMLAGET OSLO 2019

Stress.indd 3

20.02.2019 14.34.03


© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no omslag: Trine og Kim Design Studio førtrykk: Dag Brekke | akzidenz as skrift: Garamond 11,5/15 trykkeri: ScandBook AB, Falun printed in Sweden ISBN 978-82-521-9689-4 Forfattaren har motteke støtte frå Det faglitterære fond.

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.

Stress.indd 4

20.02.2019 14.34.03


Innhald Introduksjon

Stress.indd 5

7

Livet ditt

13

Kroppen din

53

Verda di

89

Etterord

135

Kjelder

143

Takk

145

20.02.2019 14.34.03


Stress.indd 6

20.02.2019 14.34.03


INTRODUKSJON Dette starta natt til 16. november. Det var stille i huset. Dei to barna mine sov på kvart sitt rom, mannen min låg roleg ved sida mi. Huset stod stødig, rekningane var betalte, og eg hadde fri frå jobb. Likevel vakna eg brått og gjekk rett opp i sitjande stilling. Hjarta dundra i brystet. Julekort, tenkte eg. Kvifor har eg ikkje ordna med julekort! Eg kjem ikkje til å rekke å sende dei i tide! Binyrene pumpa ut hormon som gjorde meg vaken og kampklar. Pusten gjekk raskare, og musklane vart klare til bruk. Ein skal i utgangspunktet vere glad for ein slik stressreaksjon. Stress gjer kroppen lynraskt klar til å anten gå i angrep eller flykte. Me kan takke stressreaksjonen for at me har overlevd som art. Det er ei fantastisk superkraft å ha når me skal rekke ei deadline, kjem i ein farleg situasjon eller plutseleg får svigermor på besøk om ein halvtime. Stress gir oss den ekstra dytten me treng for å reagere, fokusere og prestere. Problemet var berre at alt dette skjedde natt til 16. november, og at det vart utløyst av julekort. Det var framleis 7

Stress.indd 7

20.02.2019 14.34.03


ein månad til postens offisielle frist for brev som skulle fram til jul, og det var ingen grunn til å korkje kjempe eller flykte. Det kan vel også diskuterast om det var grunn til å sende julekort, sånn i utgangspunktet. Eg burde vite betre enn å stresse over slikt, det er dumt å la slike småting få ta så stor plass. Det var ikkje akkurat første gong det skjedde, heller. Eg er dum heile tida. Eg stressar over ting som det ikkje er naudsynt å stresse over. Kvar gong eg skal gjere noko, knyter det seg bitte litt i magen. For tenk om det ikkje går! Det kan vere arbeidsoppgåver, føreståande prosjekt heime. Juleavslutning og ein pakke som skal kjøpast inn og sendast i tide til ein bursdag. Å, kvifor har eg ikkje gjort det allereie, gjort det tidlegare og gjort det betre! Eg har prøvd å ha mykje å gjere. Eg har prøvd å ha lite å gjere. Stresset kjem likevel, og etterlèt meg alltid i ein pøl av usikkerheit. Kvifor har eg det slik, og er det farleg? Eg snakkar om stress med vennene mine, les om det i avisa. Det handlar ofte om kor utbreidd negativt stress er. Ei undersøking fortel at over halvparten av alle jentene i tiande klasse var plaga av psykiske helseplager som dei sjølve knytte til stress. Andre tal fortel at vaksne nordmenn er på europatoppen i opplevd tidspress på jobb. Det handlar ofte om dei forferdelege konsekvensane stress kan gi. Langvarig og negativt stress kan generere både hjarteog karsjukdomar, tidleg aldring, rusmisbruk, overvekt og depresjon. Og dårleg humør. Av sjukmeldingar er det 8

Stress.indd 8

20.02.2019 14.34.03


psykiske lidingar og muskelplager som er mest utbreidd. Begge delar kan kome frå stress. Men sjølve stresset og kor det kjem frå, verkar meir mystisk. Som om stresset er ein sleip og tjukk slange det er uråd å fange, og som uforstyrra må få gli lydlaust inn og ut av soverom og kontorplassar, kveile seg rundt både vaksne og barn. Nokre berre skjerpar seg når slangen glir forbi, andre blir paralyserte, ineffektive og går rett i veggen. Språket gjer det heller ikkje lett for oss å sirkle inn sjølve stresset, for «stress» famnar så mykje. Du har det dumme stresset over fjollete ting som julekort. Så har du dei som får beskjed om hjernesvulstar og brå dødsfall. Reaksjonane på slikt blir også kategoriserte som stress. Kan desse to variantane jamstillast? Det kjennest jo ikkje slik, det eine er liksom for trivielt til å ta på alvor. Det andre for alvorleg til at ein kan diskutere det i plenum. Men det er dei same fysiske reaksjonane som skjer i kroppen, og det er dei som gjer folk i alle samfunnslag sjuke. Det kjennest skummelt og uføreseieleg, og aldri så lite stressande. Kan eg bli sjuk av å gruble over julekort, er mi hardtarbeidande venninne i fare for å bli utbrend, og kvifor ser aldri den travle naboen ut til å la seg plage av stress? Natt til 16. november kjenner eg også på eit stort sinne. Eg er lut lei av å ligge sånn og stresse over filleting. Kvifor blir eg aldri smartare, kvifor sluttar aldri dette! Den natta bestemmer eg meg for gå meir offensivt til verks. Eg vil jakte det norske stresset, fange det, dra det inn under lupa 9

Stress.indd 9

20.02.2019 14.34.03


og prøve å forstå det betre. Om eg ikkje kan leve utan det, vil eg iallfall klare å leve betre med det. Jakta på det norske stresset skal vise seg å vare i eitt år. I løpet av året kjem eg til å grine, flyte, puste og notere. Eg kjem til å møte sinte sjukepleiarar, angrande skodespelarar og tilfredse navarar. Og psykologar, professorar, filosofar og ein som syng stille songar til meg før klokka er ni om morgonen. Turen kjem til å føregå i tre etappar og ende ute i verda, på kontor og i politikken. Før me kjem dit, skal eg også kome under huda di, bak hårsekkene. Til hjernen og lungene og nyrene, ja, her skal eg faktisk heilt ned på cellenivå og sjå kva stresset gjer med oss reint kroppsleg. Men alt startar heime. Me skal til senga, skrivebordet og studiestaden. Det skal handle om familieplanlegging og fritidsaktivitetar, om privilegerte liv med valmoglegheiter og fridom, og kvifor alt dette fantastiske også kan vere frykteleg vanskeleg.

Stress.indd 10

20.02.2019 14.34.03


Stress.indd 11

20.02.2019 14.34.03


Stress.indd 12

20.02.2019 14.34.03


LIVET DITT O m f r id o m , f r a m t id o g andre moderne problem

13

Stress.indd 13

20.02.2019 14.34.03


Stress.indd 14

20.02.2019 14.34.03


For hundre år sidan ville eg aldri ha skrive denne boka. Eg ville vore oppteken med å arbeide på garden, tene pengar og springe etter barna. Kanskje hadde eg aldri blitt 34 år, kanskje hadde eg blitt råka av tuberkulose eller blødd i hel under barsel før eg kom så langt. No kan eg derimot rekne med å leve lenge. Eg har både framtid og fritid og kan velje utdanning, familie og bustad sjølv. Eg har også innsikt nok til å forstå at eg er velsigna med eit særleg godt utgangspunkt. Det er likevel alt dette som er kimen til mykje stress. For med alle desse moglegheitene, korleis skal du vite at du har valt rett? La oss starte med det store privilegiet og den store stressfaktoren: valfridom. Det er lett å skjønne at det er vanskeleg å ta val. Ta berre noko så trivielt som kakespadar. Skal du kjøpe deg ny kakespade, vil eit kjapt søk på telefonen avsløre at det finst mange å velje mellom. Det er også viktig å velje rett. Feil kakespade kan gjere at heile kakestykket blir skvisa i det mest avgjerande augeblikket. Det fortel ein fersk kakespadetest utført av kakespadejournalistar på DinSide. Du kan heller ikkje vere trygg på at den dyraste kakespaden er den beste. Nei, i artikkelen kan ein lese at det faktisk er ein heilt anonym kakespade frå Nille som er 15

Stress.indd 15

20.02.2019 14.34.03


den du bør kjøpe. Den ligg fint i handa og løftar ut heile, flotte kakestykke. Det gir noko å tenke på. Når sjølv val av kakespadar kan vere så komplekst og gi så store konsekvensar, er det ikkje rart at det kan vere vanskeleg å velje studium eller jobb. Det hjelper ikkje alltid å ta eit val heller, for då har du jo samstundes valt vekk frykteleg mykje. Ta meg sjølv som eit eksempel. Som ein heilt ordinær person kunne eg likevel, i teorien, blitt både statsminister og IT-teknikar. I staden for å sitje her, aleine på eit rotete heimekontor, kunne eg gått myndig bortover eit ope kontorlandskap på toppen av ein skyskrapar, kanskje i eit anna land. Eller eg kunne kikka roleg ut av eit kjøkkenvindauga, ein eller annan plass der bustadprisane var låge. Eg kunne rørt sakte i ein ripsgelé og hatt ungane mine heime frå barnehagen minst éin dag i veka. Sånn kan eg sitje og gruble og vurdere, gjerne medan eg scrollar på nettet og les bloggane til folk som lever akkurat slike liv. Burde eg, kunne eg? Så får eg vondt inni meg fordi eg har brukt ein time på å kikke på bilete frå andre folks liv og difor må hente seinare i barnehagen enn eg hadde tenkt. Ikkje har eg fått jobba nok heller! Det stoppar ikkje der. Når huset er rotete, får eg alltid lyst på eit større hus. Eller ei enklare leilegheit. Vegen til Finn.no er veldig mykje kortare enn til vaskebøtta. Det er jo ikkje berre tull og tøys heller! Desse husa i distriktet er innan rekkevidde, eg har faktisk råd til dei! Eg kunne gjort det. Burde eg? Kanskje. 16

Stress.indd 16

20.02.2019 14.34.03


Spørsmåla eg kan stille meg, er mange, og eg er ikkje aleine om å vere såpass privilegert. Filosof Kaja Melsom skriv klokt om dette i boka Den fordømte friheten. Her løftar ho nettopp fridomen vår som ei kjelde til stress og uro. – Mange tenker at dei burde gjort endå meir ut av livet sitt. At dei burde bruke all den fridomen dei har, forklarer ho til meg. For min eigen del kan eg no legge planen om å bli statsminister, toppidrettsutøvar og verdas yngste forfattar på hylla. For ein 17-åring er desse moglegheitene enno opne. Kva slags moglegheiter skal ho gripe, veit ho det? Burde ho få ein seksar på samfunnskunnskapen for sikkerheits skuld? Mange presterer på alle område for å behalde fridomen, og filosofen trur det også er difor mange unge er stressa. Dei tek ingen val. – Desse «flinke pikene» har valt seg ein livsstrategi som går ut på at dei passar på at ingen dører lukkar seg. Dei er flinke på alle område i livet. «Eg har ikkje funne min veg, men eg har iallfall ikkje utelukka noko!» Kaja Melsom arbeider som seniorrådgivar i HumanEtisk Forbund og har halde mange foredrag for barn og unge. Ho er ein av fleire eg møter som fortel om ein trend hjå den yngre garde. Dei har heilt andre ønske enn då ho var ung. Der ho, som no er 43 år, hugsar at det var viktig å vere «kreativ og annleis», er det no heilt okei å vere noko keisamt, trygt og tradisjonelt. Men det er blitt viktigare å vere best. Ho har ein teori om kvifor. 17

Stress.indd 17

20.02.2019 14.34.03


– Å vere best er det ultimate beviset på at du har valt rett. Å velje rett er å velje det som gjer at du blomstrar og oppfyller potensialet ditt. Om du blir best, er det eit bevis på at du har brukt fridomen din på ein god måte.

Historia om Karen (23) som burde bli noko stort Karen (23) frå Bærum har kjent på store moglegheiter – og på stor skam: – Skamma over å ikkje lykkast sjølv om eg hadde alle føresetnader. Kjensla av å ikkje bruke sjansane mine godt nok. Det siste året på vidaregåande fekk ho suicidiale tankar. Ho ønskte aldri å ta livet sitt, ho ville berre at alt skulle ta slutt. Årsaka var at ho ikkje lenger fekk toppkarakterar. – Det var første gong eg opplevde stress som noko anna enn produktivt, seier ho. Karen hadde akkurat kome heim frå eit utvekslingsår i USA og var i fagleg utakt med den tidlegare klassen sin. Før hadde stress verka skjerpande. Det hadde gjort at ho rakk fristar og fekk toppkarakterar. No låste stresset kroppen og paralyserte henne, og ho vart desperat og frustrert, for det siste ho trong, var jo dette. Denne ineffektive avmaktskjensla. Ho måtte jo lese! Utover hausten mista verda farge. Å prøve å prestere var framleis viktig, men Karen vart meir likegyldig til alt anna. Depresjonen vart eit teppe å pakke seg inn i. Det er slik ho hugsar det no, som at det 18

Stress.indd 18

20.02.2019 14.34.03


var ein viss komfort i å legge seg til nede i mørket. Alt gjekk jo til helvete uansett. Mot juletider vart kjensla av håpløyse altoppslukande. Ønsket om at alt skulle stoppe, vart sterkare og sterkare. «Eg kan ikkje gjere det mot mamma», var alltid naudbremsa. Til slutt sende ho ein e-post til læraren. «Eg treng hjelp om dette ikkje skal gå gale», skreiv ho. Han fekk henne til Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. Der brukte psykologen ordet tap. Det var ein tapsreaksjon ho hadde, sorg over å ha mista delar av identiteten sin. Hjå psykologen begynte dei å sortere kva Karen kunne kontrollere, og kva ho ikkje kunne styre. Dette var første gong ho lærte om stresshandtering. – Kunne folk merke på deg at du var deprimert? – Nei, vennene mine vart sjokkerte då eg fortalde om det. Eg vart møtt med sinne. «Korleis kan du ha tenkt slike tankar?» Det bekrefta jo det eg visste. Eg hadde alle føresetnader for å lykkast, så kva dreiv eg med? Kva surra eg med? Det var ingen logisk grunn til at Karen skulle vere lei seg. Ho hadde alltid vore skuleflink og gjort det godt i idrett. Berre ho la ned nok vilje og arbeidstimar, så fekk ho glitrande resultat. Sånn hadde det vore heilt fram til det siste året på vidaregåande. Då mista ho dei akademiske resultata og samstundes seg sjølv av syne. Foreldra hadde alltid støtta sitt einaste barn, aldri gitt inntrykk av å vere mindre glade i henne om ho ikkje lykkast. Men: – Dei har vore opptekne av at det skulle gå bra med meg, at eg skulle oppfylle potensialet mitt. Eg har høyrt 19

Stress.indd 19

20.02.2019 14.34.03


dei fortelje om meg til venner og kollegaer og sett kor mykje glede det gir dei å sjå at eg lykkast. Det har nok vore veldig viktig for meg at dei kunne fortsetje med det. Det er som om eg skuldar verda, samfunnet og foreldra mine å gjere det godt i livet. Alle føresetnader for dette har blitt serverte meg på sølvfat. – Du har ingen unnskyldningar? – Nemleg. Det går dessutan fint med alle andre, så kvifor skal ikkje eg klare dette? Etter vidaregåande tok ho opp att fag, og no studerer ho medisin på fjerde året. Både her og i andre miljø ho har vanka i, har det vore flinke, hardtarbeidande folk. Samtalane deira har ofte handla om kven som søv minst, er mest stressa og har det verst. Ho er redd for at dei har romantisert stress. – Det er vanskeleg å seie at ein ikkje er stressa. Det er nesten som ein hån mot andre og eit teikn på at du ikkje jobbar hardt nok, at du ikkje prøver hardt nok. – Kvifor er det viktig å prøve hardt nok? – For meg personleg handlar det om det eg har vakse opp med. Prøver du hardt nok, går det til slutt. Ingenting er umogleg, ergo må eg få det til på eit tidspunkt. Eg trur mykje av både stresset og pågangsmotet mitt kjem derfrå. Nyleg begynte ho å gå til psykolog igjen for å få hjelp med angst og panikkangst som ho utvikla etter depresjonen. Slik er ho eit tal i statistikken som fortel om ei

20

Stress.indd 20

20.02.2019 14.34.04


aukande mengde studentar med psykiske plager. I 2018 oppgav éin av fire studentar at dei slit psykisk. – Studentar har jo ofte berre studiet. Korleis klarer de å opparbeide dykk så mykje stress? Karen smiler og trekker pusten. – Alle egga mine ligg i denne korga. Kva om eg droppar ut av studiet, kva skal eg gjere med livet mitt då? Dette er det einaste eg vil. Det kjennest som om resten av livet mitt står på spel om dette ikkje går.

Følg katastrofetankane heilt heim og le av dei Når du er redd for å stryke på eksamen, spør deg sjølv: Kva er eg eigentleg redd for? Dette er ei øving som psykolog Per-Einar Binder ofte gjer med studentane han møter. Han er professor ved Universitetet i Bergen og møter mange unge som treng hjelp med katastrofetankar. Svært mange er stressa for eksamen. Men kvifor? Fordi dei er redde for å stryke. Men kvifor? Når dei følgjer denne tankerekka, blir mange overraska over kva dei er i stand til å koke saman på eiga hand. Ofte har dei tillagt den eine eksamenen store konsekvensar. Dei er redde for å stryke fordi dei ser for seg at det vil skje igjen og igjen. Heilt til dei blir kasta ut av studiet, skuffar foreldra og endar med å ikkje få jobb.

21

Stress.indd 21

20.02.2019 14.34.04


– Veldig mange førestiller seg at dei skal ende på NAV, og for mange gutar er det også knytt ei frykt til at dei då heller ikkje vil få seg sambuar og bli gift, fortel Binder. Då han sjølv var student i slutten av åttiåra, opplevde han at studentane var opptekne av å velje noko «interessant» å studere og slik få ein «interessant» jobb. Det var ein optimisme og ei tru på at verda gjekk i rett retning. No synest han at den optimismen langt på veg er fråverande. Studentane er meir strategiske, alt frå val av studieretning til val av einskildfag er prega av at dei gjer det som dei meiner er naudsynt. Den reelle valfridomen har blitt mindre, og mange studentar føler dei er nøydde til meir. Binder plar plage dei stressa studentane med spørsmål som: Kva er det DU vil, kva er viktig for DEG? Er det eigentleg viktig for deg å tene pengar, vere best og veltrent, eller er det berre fordi du veit at det er smart, og at du difor burde gjere det fordi du jo er smart? Ofte oppdagar han og studentane han rettleier, at dei har altruistiske verdiar. Mange har lyst til å gjere ein innsats for andre, men er kanskje på heilt feil kurs yrkesmessig. Mange oppdagar også at dei har eit lager av verdiar som ikkje er deira eigne, men som dei har adoptert frå andre. Det kan føre til både stress og eit ulykkeleg liv. Det kan sjølvsagt også vere svært stressande å gjere det du brenn for, men det vil vere meiningsfullt. Og då orkar ein meir. – Å ikkje få leve i tråd med verdiane sine skaper liding i folk sine liv, seier Binder. 22

Stress.indd 22

20.02.2019 14.34.04


Bruk hjarta Ved matematisk-naturvitskapleg fakultet på Universitetet i Oslo går realfagselevane som var flinkast i klassen på vidaregåande. Her studerer dei data, astrofysikk, kjemi og biologi. All statistikk tilseier at det kjem til å vere bruk for dei i framtida. Dei har valt trygt. Likevel er det fleire og fleire studentar på fakultetet som er urolege. Som har flakkande blikk, uroleg kropp, vondt i magen, slit med å sove, hugsar dårleg og ikkje klarer å konsentrere seg. Rein gift for studentar som skal lære. – Berre dei siste to åra har me sett at stress har blitt eit stadig større hinder for læring. Stress er eit spøkelse som får større og større plass, seier seniorrådgivar ved Universitetet i Oslo Ilan Dehli Villanger. I 2006 ringde ein kjemiprofessor frå NTNU til Villanger. Han visste ikkje kva dei skulle gjere. Dei opplevde at mange kvinnelege studentar vart svært opprørte over å få karakteren B på eksamen. Hendinga vart startskotet for prosjekt ForVei, førebyggande rettleiing, «forebyggende veiledning», som no held til ved realfagsfakultetet på Universitetet i Oslo. Her arbeider Villanger og ein kollega fulltid med å lære studentane om relasjonar og stressmeistring. I starten opplevde dei dette som eit utprega jenteproblem. No har dei lagt merke til at gutane kjem etter. Dei plaga studentane synest ikkje berre at dei burde klare å fullføre studia, dei synest også at dei burde ligge i tet. Fordi det er slik dei er, liksom. 23

Stress.indd 23

20.02.2019 14.34.04


– Me oppdaga at det var mange som hadde bygd identiteten kring det å få ting til. Å vere best. Når dei då ikkje var best lenger, vart det ein narsissistisk smell. Kven var dei, når dei ikkje var best? – Dei unge har mykje å gjere fordi dei gjer alt som dei blir bedt om. Dei har litt mange baksetesjåførar i livet sitt. Folk som seier kor dei skal, og kva dei bør gjere. Han fortel at studentane ofte lyttar til alle, til mor, far, lærarar, søsken, politikarar og tilfeldige folk på internett. Mange er ikkje eingong klare over kven dei har med seg i baksetet. – Er dagens studentgenerasjon mindre eigna til å stå imot «gode råd» frå omverda? – Personleg har eg tenkt at mykje handlar om val. Målet på suksess i dag handlar om å velje rett. På Facebook og Instagram handlar det jo om alle vala folk har teke. «Her valde eg å ha ferie, her valde eg å bu, denne partnaren valde eg.» Å ta feil val utløyser difor ei uro. Men i denne jungelen av moglegheiter og informasjon, korleis skal me sikre at me sjølve – og barna våre – tek val som er rette? På det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ser rådgivaren tydeleg kven av studentane som klarer seg bra. Det er dei som går der fordi dei har lyst, ikkje fordi det er smart. Villanger erfarer at dei som har valt fornuftsbasert, og berre det, i stor grad opplever negativt stress. Dei som har valt studia fordi det er gøy, klarer meir og er meir robuste. 24

Stress.indd 24

20.02.2019 14.34.04

Profile for Det Norske Samlaget

Stress og korleis leve med det  

Stress og korleis leve med det, av Anne Gunn Halvorsen. Les meir og kjøp boka: https://samlaget.no/products/stress-og-korleis-leve-med-det

Stress og korleis leve med det  

Stress og korleis leve med det, av Anne Gunn Halvorsen. Les meir og kjøp boka: https://samlaget.no/products/stress-og-korleis-leve-med-det