__MAIN_TEXT__

Page 1


s o m

e i n

BROR


2


e i n

s o m

O R R B historia om s j i m pa n s e n

julius

Alfred Fidjestøl

Samlaget Oslo 2019

3


Š Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Arild Jakobsen Laila Mjøs s k r i f t : Newslab pa p i r : Munken premium cream 130 g t r y k k e r i : Scangraphic Printed in Poland om s l ag s foto :

d e s i g n o g om s l ag :

isbn

978-82-521-9930-7


innhald

Forord 6 kapittel kapittel kapittel kapittel kapittel kapittel kapittel kapittel kapittel kapittel kapittel kapittel

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12

Avvist av mora 9 Nesten menneske 17 Edvards finger 2 5 Ein veslebror i bur 3 1 Tilbake til flokken 3 6 Den rare draumen 4 0 PĂĽ flukt 4 7 Den farlegaste flukta 5 4 Livet utanfor flokken 6 0 Apanes konge 7 1 Den gode sjefen 7 7 Som ein bror 8 3

Fotokreditering 8 8


forord

I ein dyrepark i Kristiansand lever det i dag ein 40 år gammal sjimpanse som heiter Julius. Du har kanskje aldri høyrt om han, men då Julius var liten, visste alle barn i Noreg kven han var. Fordi mora hans ikkje tok seg av han, måtte han leve ei stund hos to ulike menneskefamiliar. Han blei filma mens han levde slik. Det blei laga nokre TV-program om han som blei viste på barne-TV, og som dei som var små den gongen, såg igjen og igjen. Julius hadde det visst fint blant menneska. Det såg kjekt ut å ha han som ein slags bror. I den siste filmen blei han sett tilbake i sjimpanse­ flokken i Dyreparken, og alt såg ut til å gå bra med han. Men det gjekk ikkje berre bra. Julius var blitt ein annleis sjimpanse etter å ha levd m ­ ellom ­menneska. Han sleit med å bli godtatt i sjimpanse­­ flokken, han var kanskje forvirra med tanke på

6


kven han var, og kvar han høyrde til. Han blei stor og farleg, han kom i konflikt med dei andre sjimpansane og rømte frå sjimpanseanlegget fleire gonger. I avisene stod det mykje om Julius, der var Julius ein slags kjendis. Men sanninga var at Julius fekk eit vanskeleg og dramatisk liv – fram til det hende noko som gjorde at han endeleg fekk det godt. I denne boka kan du lese om dette merkelege sjimpanselivet. Sjimpansane er den næraste slektningen mennesket har i naturen. For nokre millionar år sidan var vi det same dyret. Mange av dei tinga vi menneske kan, og det vi føler, kan vi finne att hos sjimpansane. Sjølvsagt er det òg store forskjellar, og eg veit ikkje om vi eigentleg kan forstå ein sjimpanse som Julius. Men vi kan prøve. Og kanskje vi gjennom å prøve på det kan forstå meir av oss sjølv.

7


Skremd og forvirra Julius.


1 Avvist av mora

Midt på natta mellom første og andre juledag 1979, mens norske barn låg i sengene sine og drøymde om julegåvene dei hadde fått, blei det fødd ein liten sjimpanse i ein dyrepark i Kristiansand. Då dyrepassaren Åse Gunn Mosvold kom på jobb denne morgonen, såg ho straks at hosjimpansen Sanne hadde fått ein liten baby. Sanne låg med ungen på brystet og heldt varsamt rundt han. Dei andre sjimpansane var rolege og såg ut til å vere glade for å ha fått ein ny medlem i flokken. Åse Gunn trudde først at

9


sjimpansebabyen kanskje var ei jente. Ho kunne ikkje gå inn i anlegget og sjekke. Det er farleg å vere nær dei vaksne sjimpansane. Men ho fekk bestemme namnet og valde Juliane, sidan det var jul. Då dei seinare oppdaga at det var ein gut, skifta dei namn til Julius. Dyreparken var enno ganske ny på denne tida, dei hadde berre få år tidlegare starta med sjimpansar, og no opplevde dei for første gong at to av hosjimpansane i flokken fekk ungar. For nokre veker sidan hadde sjimpansen Lotta fått ein liten unge som heitte Billy. No fekk Sanne vesle Julius. Nokre dyr – som kattar og hundar – veit auto­matisk kva dei skal gjere når dei får ungar. ­Sjimpansane veit ikkje det og må lære det av andre. Sanne, mora til Julius, var ei ung mor. Ho hadde ikkje sett andre hosjimpansar oppdra ein unge. I naturen er det vanleg at sjimpansar som blir mødrer for første gong, har sett korleis dei eldre hosjimpansane i flokken er mot ungane sine. Stundom har dei fått lov å hjelpe mødrene i flokken med å passe babyane. Slik har dei lært seg korleis dei skal halde og bere og stelle ein baby, i god tid før dei sjølv skal bli mødrer. Sanne hadde aldri lært dette.

10


Likevel klarte ho seg greitt den første tida. Ho hadde morsmjølk i brysta og kunne amme og passe på Julius. Men etter nokre veker såg det ut som om ho gjekk litt lei. Ho kunne plutseleg legge Julius frå seg på golvet og gjere andre ting. Sidan dette var om vinteren, var sjimpansane inne i det store innandørsanlegget heile tida. Julius blei dermed stadig liggande åleine på sementgolvet og fryse mens mora gjekk frå han. Faren til Julius, Dennis, brydde seg heller ikkje. Dennis var sjefen i flokken og far til begge ungane som var blitt fødde her dei siste månadene. Han hadde sett stolt ut då Julius blei fødd, og hadde lege lenge og sett på den vesle ungen, men no tok heller ikkje han vare på Julius. Det er ikkje vanleg at sjimpansefedrane bruker mykje tid på å stelle og sjå til ungane sine. Dennis var ein normal sjimpansepappa sånn sett. Ein dag, då Julius var seks veker gammal, såg ein av dyrepassarane at Julius låg åleine på golvet. Han låg i ein blodpøl med peikefingeren biten rett av. Ingen hadde sett kven som beit han. Blodet rann ut av fingeren, og Julius hylte av smerte. Dyrepassaren frykta at han ville døy framfor auga deira. Han ringde då til direktøren for heile Dyre-

11


parken, Edvard Moseid. Direktøren ringde vidare til legen i parken, Billy Glad. Saman sprang dei opp til sjimpanseanlegget så fort dei kunne. Då dei kom fram, låg Julius framleis og blødde på golvet. Dei bestemte seg for at dei var nøydde til å redde Julius. Dei måtte ta han ut frå sjimpanse­ anlegget. Dei kunne ikkje gå inn til sjimpansane. Derfor henta dei brannslangen og spylte mor hans, Sanne, med vatn slik at ho blei pressa bak mot veggen. Så opna dei matluka, bøygde seg inn med ei plastrive og raka vesle Julius fram mot sprinklane. Julius var så liten at dei klarte å lirke han under sprinklane og ta han ut. For første gong heldt dei Julius i armane sine. Ute snødde det. Dei pakka Julius inn i ei grøn jakke og bar han ned til parkeringsplassen. Dei la han inn i bilen og køyrde heim til huset der legen Billy Glad budde i Kristiansand. Her tok kona hans, Reidun, imot dei. Saman vaska dei Julius, reinska såret på fingeren, bandasjerte handa og henta litt mjølk. Dei tynna mjølka ut med vatn, varma henne opp til 37 grader, og putta henne i ei ­tåteflaske som Reidun og Billy hadde brukt til sine eigne gutar då dei var små. Så tok Reidun Julius i armane og mata han med flaska.

12 ilien Glad.

Julius på badet hos fam


13


Julius knyter seg til Reidun som

ei mor.


assa.

Julius oppi k

Julius fekk altså førstehjelp, han fekk mat, han fekk kos og varme – han fekk alt det han hadde sakna i Dyreparken. Han såg trygg og glad ut, og han sovna. Reidun og Billy la han på eit gult handkle i ei kasse som dei sette inn på badet, der det var varmekablar i golvet og lunt og godt. Frå kjellaren henta Reidun ein madrass som ho la på badegolvet ved sida av kassa til Julius. Der la ho seg til for å sove i lag med den vesle sjimpansen for å passe på han denne natta – slik ho hadde passa på sine eigne barn då dei var små. Julius sov roleg gjennom natta. Då familien Glad vakna neste morgon, hadde dei fått ein ny familiemedlem. Og dei hadde fått eit problem: Kva i alle dagar skulle dei gjere no?

15


16

Billy undersøker Julius.

Profile for Det Norske Samlaget

Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius  

Barne- og ungdomsbok av Alfred Fidjestøl https://samlaget.no/products/som-ein-bror-historia-om-sjimpansen-julius?variant=28818145869876

Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius  

Barne- og ungdomsbok av Alfred Fidjestøl https://samlaget.no/products/som-ein-bror-historia-om-sjimpansen-julius?variant=28818145869876