forma som ei rund eske. Eg såg det henge over eit tørkestativ med eit vemodig uttrykk i ansiktet; eg sette i eit hyl og peikte for å syne det til Lila. Ho snudde seg brått og gjekk langsamt ditover med ryggen vend mot meg, så strekte ho varsamt ut handa og løfta det ned frå stativet. Ho snudde seg. Over sitt eige ansikt hadde ho no det andre enorme ansiktet, runde augehol utan pupillar, ingen munn, berre den svarte haka som dingla mot brystet hennar. Det finst augeblinkar som har prenta seg inn i minnet. Eg kan ikkje vite det for sikkert, men eg trur eit forskremt ul braut fram frå brystet mitt, ettersom Lila straks skunda seg med å seie at det berre var ei maske, ei gassmaske, som far hennar kalla det; dei hadde ei liknande hengande i eit kott heime hos henne. Eg heldt fram med å skjelve og stønne av redsel, noko som heilt klart overtydde henne om å ta den vekk frå ansiktet og slenge den bort i ein krok, der det slamra i ting, støv blei kvervla opp og bukta seg i dei små lyssprekkane. Eg roa meg. Lila såg seg rundt og fann opninga der vi hadde latt Nu og Tina falle. Vi la oss på kne på den knortete, ujamne grunnen og kikka rundt i halvmørket. Dokkene var der ikkje. Lila gjentok og gjentok på dialekt: Dei er ikkje her, dei er ikkje her, dei er ikkje her. Ho leitte med hendene bortover på bakken, noko eg aldri hadde hatt mot til å gjere. Det gjekk endelause minutt. Berre éin gong trudde eg at eg såg Tina, og hjartet gjorde eit byks, men det var berre ei samankrysta side frå ei gammal avis. Dei er ikkje her, gjentok Lila. Ho gjekk frå meg og var på veg mot utgangen. Då kjende eg meg fortapt. Ute av stand