Page 1

Astrid Grønsnes og Stina Langlo Ørdal

Når bestemor sit djupt i tankar med strikketøyet sitt, legg dei fantasifulle og oppfinnsame jentene Alma og Inga ut på ei vill ferd gjennom heile huset saman med dei raude, ville geitene!

Frå 3 år

Astrid Grønsnes og Stina Langlo Ørdal

www.samlaget.no


I denne boka møter du Inga

og Alma

Astrid Grønsnes og Stina Langlo Ørdal

og Besta

og Pus og nokre andre dyr


Besta sit i godstolen sin og strikkar.


Inga og Alma sit på golvet. Dei leikar med garnnøste og med lappane Besta har strikka. Først leikar dei at nøsta er ballar. Etterpå lagar dei vegar av lappar. Då blir ballane bilar som rullar på vegane. – De veit at garnet er laga av ull, og at vi får ulla av sauen? spør Besta.


– Mm, seier Inga. – Det veit vi. Ulla kjem frå sauene. Og så blir garnnøsta ein sauefamilie på tur. Sauefamilien går roleg i ei lang rekke. Dei kosar seg og et gras. Mamma går først, etter mamma kjem pappa. Heilt sist trippar eit lite raudt lam.


– Bæ, bæ, lille lam, syng Alma.


Besta strikkar med det raude lammet. Av og til drar ho i tråden slik at lammet snurrar og trillar.

Inga prøver å fanga det, men det berre sprett unna. – Grip det raude lammet, Alma! ropar ho. – Eg prøver, ropar Alma tilbake, – men eg greier det ikkje! Det er det villaste lammet eg har sett!


Det raude lammet hoppar og dansar.


Raude, ville geiter  

Astrid Grønsnes og Stina Langlo Ørdal og nokre andre dyr I denne boka møter du Inga og Besta og Pus Besta sit i godstolen sin og strikkar. I...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you