Page 1

Kristin Fridtun

NYNORK FOR DUMSKALLAR KRISTIN FRIDTUN

rsk? Hadde o n y n å p u d in v je k dauga og ik rske verb? o n y n i v r Kvifor heiter det vin e y ø b is e rl nner? Og ko te n a le ia s o s n e s oristisk a A m u h Ivar g o g le e tt fa tt s gir deg ei le ie m m u d r fo k rs o n grammatikk og , y g N n a lf ti rd o r, u lt u k historie og il læra litt v g o e n k innføring i nynorsk fi y n r e m o både for dei s r e v ø h a k o B . g n ri eigen vilje. ø in s t målf o m k rs o n y n som må læra i e d g o , k rs o n y n m o

82 -5 21 is bn 97 8-

w w w.samla

K S R YN NO l ar a k s m of r du

r master i e ) 7 8 19 . (f n tu d ri F n Kristi spaltist i Dag k rå p s i, g lo lo fi n ø rr no r av Norsk a tt a rf fo g o t n e b ri k s og Tid, 012). Ho kjem (2 k o k p p o k is g lo o etym i Bergen. tt e s u b r e n e m , m frå Elveru

-8 38 0- 1

get.no

FORFATTARFOTO: TINA AAMODT · OMSLAGSDESIGN: JOHANNE HJORTHOL


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 1


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 3

Kristin Fridtun

Nynorsk for dumskallar

Samlaget Oslo 2013


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 5

Innhald

KVA ER NYNORSK FOR DUMSKALLAR? ........................

7

FØR DU LES VIDARE: MYTEKNUSING ........................ Ivar Aasen − fleip eller fakta? ................................................. Nynorsk − fleip eller fakta? .................................................... Nynorsken og dialektane .......................................................

9 9 10 13

OM NYNORSK .................................................................. Ivar Aasen ............................................................................. Nynorskhistoria i stutte drag ................................................. Spynorsk mordliste ............................................................... Spørsmål ...............................................................................

14 14 20 21 24

OM DEI SOM SKRIV NYNORSK .................................... Målrørsla .............................................................................. Andre nynorskinstitusjonar ................................................... Spørsmål ...............................................................................

25 26 26 27

KVA HEITER DET PÅ NYNORSK? .................................. Eit utval vanlege nynorskord ................................................. Er det lov å bruka lånord? ..................................................... Oppgåver ..............................................................................

28 30 37 43

5


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 6

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

Å ORDLEGGJA SEG PÅ NYNORSK ................................ Dobbel bestemming .............................................................. Genitiv ................................................................................. Passiv .................................................................................... Substantivsjuka ..................................................................... Berre tåke ............................................................................. «Hypernynorsk» .................................................................... Oppgåver ..............................................................................

44 45 46 48 51 52 53 53

BØY OG TØY NYNORSKE ORD ..................................... Pronomen og determinativ ................................................... Verb ...................................................................................... Substantiv ............................................................................. Adjektiv ................................................................................ Perfektum partisipp .............................................................. Nokre oppmuntrande ord til slutt .........................................

55 56 61 75 81 83 86

GRAMMATIKKOPPGÅVER ..............................................

88

FORKLARINGAR TIL ORD OG OMGREP I BOKA ......

92

NYTTIGE BØKER OG HJELPEMIDDEL ........................ 101 SVAR PÅ OPPGÅVENE ...................................................... 105


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 7

Kva er nynorsk for dumskallar?

Gode lesar! Det anar meg at du ikkje er stokk dum. Då hadde du nok sett fyr på denne boka i staden for å opna henne, og du hadde i alle fall ikkje umaka deg med å lesa dette føreordet. Altså er du ikkje ein dumming. Kva skal du då med Nynorsk for dumskallar? Rundt om i verda finst det mange tusen for dummies-bøker, men ingen av dei er skrivne for dummingar. Tvert imot retter dei seg mot heilt vanlege folk, mot dei som ikkje er «spesielt interesserte» i temaet det gjeld. Slik er det med denne boka òg. Ho er skriven for dei som ikkje kan så mykje om nynorsk, men som vil læra litt. Eller: Ho er skriven for dei som ikkje vil læra nynorsk, men som må læra det. På ungdomsskulen hadde eg ein norsklærar som sa: «Nynorsk er ikkje vanskeleg − vil eg, så kan eg.» Ingen trudde på henne, ikkje eg heller. Eg var bokmålselev i tjukkaste bokmålsland og skjønte ikkje korleis ho kunne hevda at nynorsk ikkje er vanskeleg. Men no må eg bita i graset og vedgå at ho hadde rett: Når vi vil, går alt mykje lettare − til og med nynorsk. Problemet er berre det at svært få av oss har brennande lyst til å læra nynorsk. Kanskje kjenner vi oss litt dumme og hjelpelause når vi skriv det, og då er det lett å tenkja at det berre er håplaust, alt saman. Det er ikkje moro å skriva når ein ikkje meistrar språket. 7


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 8

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

Men fortvil ikkje! Den nynorske jungelen er ikkje så stor og skummel som vi trur. No skal eg gå først og kvista løype, så kan du berre henga på.

Elverum, juni 2013 Kristin Fridtun


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 9

Før du les vidare: myteknusing

Alle veit noko om nynorsk. Nokre veit mindre enn andre, men svært få kan seia at dei ikkje veit noko som helst. Dei fleste veit òg noko om Ivar Aasen (1813−1896), «nynorskens far». Men er det rett, det vi veit? Mange utbreidde sanningar om Aasen og nynorsken er ikkje så sanne likevel. Nokre av dei er reint oppspinn, andre er berre mistydingar. Når vi veit lite om ei sak, er det lett å tru blindt på slike mytar. Nedanfor finn du eit utval vanlege påstandar om Aasen og nynorsk, så kan du sjølv sjå om det er noko sant i dei eller ikkje.

Ivar Aasen − fleip eller fakta? 1. Ivar Aasen laga nynorsken for å plaga folk. Fleip! Aasen reiste landsmålet, det vi no kallar nynorsk, for å hjelpa folk. Han såg at mange skuleelevar og vaksne sleit med å lesa og skriva, først og fremst fordi dei måtte lesa og skriva eit framandspråk: dansk. Folk flest prata ein norsk dialekt, men det fanst ikkje noko norsk skriftspråk. Aasen meinte at folkespråket burde vera hovudspråket i landet, difor sette han saman eit skriftspråk som bygde på dei norske dialektane.

9


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 10

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

2. Ivar Aasen var vestlending. Fakta! Aasen var fødd og oppvaksen i Ørsta på Sunnmøre, men størsteparten av livet budde han i hovudstaden Kristiania (no: Oslo). Dessutan reiste Aasen svært mykje rundt i landet: Han undersøkte talemåla i alle dei norske fylka − bortsett frå Finnmark. 3. Ivar Aasen var gamal heile livet. Fleip! Vi ser ofte føre oss ein puslete og inntørka gubbe når vi høyrer namnet «Ivar Aasen», men det er nok fordi Aasen er gamal på alle bileta vi har av han. Då er det lett å tru at det var ein krokete gamling med stokk som reiste rundt og granska dialektane, men Aasen var faktisk berre 29 år då han drog ut på den første store granskingsferda si i 1842. 4. Ivar Aasen var sur og mangla sosiale antenner. Fleip! Folk har fortalt at det var moro å vera saman med Aasen. I lag med gode vener kunne han vera full av skjemt og gode historier, og han hadde støtt ein treffande replikk på lur. Aasen var ein av dei første moderne kjendisane i Noreg, og mange syntest det var stas å treffa han, til dømes slo Henrik Ibsen gjerne av ein prat når han og Aasen møttest tilfeldig på Karl Johan.

Nynorsk − fleip eller fakta? 1. Nynorsk er for vestlendingar. Fleip! Alle som vil, kan skriva nynorsk. Aasen kalla skriftspråket sitt landsmål nettopp fordi det bygde på talemåla i heile landet og var eit skriftspråk for heile landet. Det er rett at nynorsken står sterkast på Vestlandet, og då særleg i Sogn og Fjordane, men vi finn nynorskskrivarar i alle delar av landet og jamvel i utlandet. Mange trur òg at vestlendingar pratar nynorsk, medan alle andre pratar bokmål. Det er feil: Dei aller fleste av oss pratar dialekt. Nynorsk og bokmål er skriftspråk, altså språk som vi skriv. Det finst 10


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 11

FØR DU LES VIDARE: MYTEKNUSING

nokre som har bokmål eller nynorsk som talespråk, men dei er temmeleg få. 2. Nynorsk er eit konstruert språk. Fakta! Alle skriftspråk er konstruerte, og nynorsk er som sagt eit skriftspråk. Eit skriftspråk blir til ved at éin eller fleire personar finn ein måte å skriva språket på. Merk at det er politikarar (Stortinget/ Kulturdepartementet) som vedtek dei norske rettskrivingsreglane. Det er lett å sjå at nynorsk er konstruert, ettersom det var éin mann som sette saman skriftspråket, men nynorsk er ikkje meir konstruert eller kunstigare enn bokmål og andre skriftspråk. 3. Det er så mykje vanskeleg grammatikk i nynorsk. Fleip! Den nynorske grammatikken er eigentleg meir systematisk og lettare enn bokmålsgrammatikken. Likevel synest vi ofte at bokmål er det lettaste, fordi vi har bokmålet rundt oss heile tida, og difor lærer vi bokmålsgrammatikken utan vi merkar det sjølve. Dersom vi hadde lese og skrive og sett mest nynorsk, hadde vi synst at nynorskgrammatikken var lettast. 4. Nynorsk er gamaldags og passar best i fjøset. Fleip! Nynorsk er eit moderne språk som er fullt brukande i dag. Det er rett at nynorsk har ein del felles med gamalnorsk, men alle moderne språk stammar frå eldre språk: dansk frå gamaldansk, engelsk frå gamalengelsk og så bortetter. Det er òg slik at mange ord som vi trur er nye, eigentleg er gamle: Lånorda idiot og prosjekt kjem frå gresk og latin − to språk som er eldre enn gamalnorsk. Dei gamle grekarane meinte forresten at latin var eit bondsk språk. Det er òg rett at Aasen først og fremst undersøkte talemålet i bygdene, men det var fordi dei fleste budde på bygda i hans tid, og fordi mange av dei som budde i kjøpstadene og tettstadene, ofte prøvde å prata dansk eller dansk med norsk uttale.

11


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 12

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

5. Det er nesten ingen som skriv nynorsk. Fleip! Nynorsk er eit lite språk om vi samanliknar det med dei største språka i verda, som mandarinkinesisk, engelsk og arabisk, men om vi reknar med alle språka i heile verda, er nynorsk eit stort språk. Undersøkingar viser at om lag ein halv million nordmenn bruker nynorsk privat, dessutan bruker mange nynorsk i arbeidet sitt. I skuleåret 2011−2012 hadde nesten 80 000 grunnskuleelevar nynorsk som opplæringsmål. Nynorsk er administrativt språk i 114 kommunar og i tre fylkeskommunar. Folk i alle yrkes- og aldersgrupper skriv nynorsk, og vi finn nynorsk i alt frå songtekster, teikneseriar, bloggar, sms-ar og vekeblad til stortingsmeldingar og vitskaplege artiklar. Det har aldri vore meir nynorsk i det norske samfunnet enn det er i dag. 6. Eg får ikkje bruk for nynorsk. Fleip! Når vi lærer nye språk, aukar vi den allmenne språkkunnskapen vår. Det er ein av hovudgrunnane til at vi skal læra både nynorsk og bokmål. Vi tileignar oss nye ord og får eit større register å spela på når vi skriv − anten vi skriv nynorsk eller bokmål. Ein del bokmålsbrukarar opplever at dei skriv betre bokmål etter at dei har lært nynorsk. Elles veit vi at mange verksemder og arbeidsplassar har bruk for folk som kan nynorsk, til dømes aviser, forlag, NRK, TV2, reklamebyrå, advokatkontor, skuleverket og ei rekkje statlege institusjonar. Visste du at ordet nynorsk ikkje berre er namnet på eit skriftspråk, men òg namnet på ein språkhistorisk periode? Språket frå ca. år 700−1350 kallar vi gamalnorsk, språket frå ca. år 1350−1536 kallar vi mellomnorsk, og språket frå 1536 og til i dag kallar vi nynorsk. Skriftspråket som Ivar Aasen reiste, byggjer på dialektar i den nynorske perioden. Dermed kan vi slå fast at nynorsk er ny norsk − ikkje gamal norsk.

12


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 13

FØR DU LES VIDARE: MYTEKNUSING

Nynorsken og dialektane Mange av dei som bur i bokmålsområde og sjeldan møter nynorsk i kvardagen, tenkjer at nynorsk er eit språk for «dei andre», altså at dei sjølve ikkje har noko med nynorsk å gjera. Men det har dei! Det nynorske skriftspråket byggjer som nemnt på dei nynorske (= moderne) dialektane, og nynorsken samsvarar med vanlege talemål over heile landet. Det er ikkje slik at du må seia eg og ikkje for å ha ein dialekt som ligg nær nynorsk. Dei ulike dialektane våre har det same utgangspunktet: gamalnorsk (norrønt). For tusen år sidan var talemålet stort sett likt i heile Noreg, men etter kvart byrja folk på ulike stader å uttala og bøya orda ulikt. Dialektane voks fram. Når vi veit at nynorsken byggjer på dialektane, skjøner vi at det er ei ubroten linje frå gamalnorsk via dialektane og til nynorsk. Om vi ser ordentleg etter, oppdagar vi fort dei mange likskapane mellom nynorsk og talemåla. Når austlendingar seier gutta, og trønderar og nordlendingar seier guttan, samsvarar det med nynorsk gutane. Det same gjeld former som bånn (nyno. botn), juge (nyno. ljuga/ljuge), høl (nyno. hòl), ei bru, har prata. I presens av sterke verb har svært mange dialektar einstava form, som kjem/kjæm, finn, ligg og søv − akkurat som i nynorsk. Altså kan vi ofte bruka talemålet vårt som rettesnor når vi skriv nynorsk, i staden for å tenkja at nynorsk er eit heilt framandt språk der vi må pugga all grammatikken og slå opp i ordlista støtt. Nynorsk er ikkje latin − du kan mykje nynorsk utan at du veit det sjølv!


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 14

Om nynorsk

Ivar Aasen «Dette landet har vært utsatt for to fatale ulykker. Det er Svartedauen og Ivar Aasen.» Henrik Groth i NRK/Radio 5.10.1973

Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Nokre meiner det. Ikkje så reint få har teikna hitlerbart på bilete av han, sagt at dei skal pissa på grava hans eller ønskt at dei kan reisa tilbake i tid og kverka han. Aasen sjølv tek nok alt dette oppstyret med knusande ro, for han har vore steindaud i over hundre år. Likevel er det litt merkeleg at ein stillferdig mann som ikkje ville gjera noko vondt mot nokon, blir utsett for så mykje spott, uvilje og fiendskap. Ei av hovudårsakene til at mange forbannar «den jævla nynorskens far», er nok at dei ikkje har fått ei skikkeleg forklaring på kvifor Aasen skapte landsmålet − skriftspråket som i 1929 offisielt fekk namnet nynorsk. Dansk og dialekt Då Aasen voks opp tidleg på 1800-talet, var dansk skriftspråket i Noreg. Slik hadde det vore lenge: I 1380 vart Noreg underlagt Danmark, og utover 1400-talet skreiv stadig fleire nordmenn dansk. Det 14


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 15

OM NYNORSK

norske skriftspråket tapte gradvis prestisje. Frå 1600-talet og framover var dansk det einaste respekterte og lovlege skriftspråket i Noreg. Store delar av den norske overklassa heldt til i kjøpstader og tettstader og hadde dansk bakgrunn, så dei hadde ingen vanskar med å bruka dansk. Men over nitti prosent av folket i Noreg budde på landsbygda, og størsteparten av dei prata ein dialekt som var svært ulik dansk. Det er rimeleg å tru at denne språksituasjonen gjorde livet surt for mange av skuleelevane. Den gongen gjekk læraren på rundgang i gardane, og ungane fekk undervisning berre nokre få dagar i året. På denne vesle tida skulle dei altså læra seg å lesa og skriva eit framandt språk. Dessutan skulle dei helst «normalisera» talemålet sitt til dansk når dei var på skulen, altså prata dansk. Om ungane gløymde seg og brukte eit ord frå heimemålet sitt, kunne det henda at læraren lo og gjorde narr av dei. Morsmålet deira var ikkje rekna som eit fullverdig språk; det passa heime på garden, men ikkje i «finare» samanhengar. Visste du at språket i den norske Grunnlova frå 1814 er rein dansk? Nedanfor ser du eit utdrag frå paragraf 51 i lova. Det gjev oss eit lite hint om korleis skriftspråket i Noreg såg ut på den tida: De Forandringer dette efterhaanden maatte undergaae, anføres ufortøvet deri. Enhver skal, forinden han indføres i Mandtallet, offentligen til inge sværge Constitutionen Troskab.

Ivar Aasen hadde sunnmørsdialekten som morsmål. Han lærte dansk svært fort, og som 18-åring tok han til å arbeida som lærar. Etter kvart brukte han all fritida si på å studera språk, særleg grammatikk. Han sette seg tidleg inn i latin, tysk, fransk og engelsk, men det var eitt språk han ikkje fann nokon grammatikk eller ordbok over: talespråket sitt. 15


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 16

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

Det var rart, syntest han, for ut frå språkkunnskapane sine skjønte han at sunnmørsmålet var å rekna som eit eige språk. Snart såg han òg at talemålet hans hadde fleire fellestrekk med islandsk og norrønt enn med dansk. Han kom fram til at det same galdt dei fleste norske talemåla. Då Aasen var 22 år, var han overtydd om at dialektane kunne vera grunnlaget for eit sjølvstendig norsk skriftspråk som skilde seg frå dansk (jamfør «Om vort Skriftsprog», som Aasen skreiv i 1836). Aasen og dei andre Aasen var ikkje den einaste som var oppteken av dialektar og norsk skriftspråk på dette tidspunktet. Heilt sidan Noreg i 1814 vart ein eigen stat, hadde språket vore emne for diskusjon: Noreg bør vel òg ha eit eige språk? Elles er vi vel ikkje ein eigen nasjon? Mange visste at dialektane skilde seg mykje frå dansk og hadde fellestrekk med gamalnorsk, men dei var ikkje samde om korleis dei skulle dra nytte av det. Diktaren Henrik Wergeland og historikaren Peter Andreas Munch kan stå som talsmenn for dei to hovudretningane som synte seg på 1830-talet. Wergeland ville ta norske ord og former inn i det danske skriftspråket og gradvis gjera det norsk. Munch var usamd og sa at det ville berre bli rot om vi prøvde å fornorska dansken ved å henta inn laust og fast frå målføra. Han meinte det var betre å «bringe en af vore reneste Almuesdialekter i en ordentlig Form sammenholdt med vort Oldsprog, i stedet for som nu skjændigen at forhutle og sammenjaske vore Dialekter i vild Uorden». Favorisera éin av dei norske dialektane og oversjå dei andre? Det hadde vore urettferdig, og noko slikt ville ikkje Ivar Aasen vera med på. Han hadde ein annan plan: Det er ikke min Hensigt hermed at fremhæve nogen enkelt af vore Dialekter; nei, ingen saadan bør være Hovedsprog, men dette skulde være en Sammenligning af, et Grundlag for dem Alle. («Om vort Skriftsprog» 1836, trykt i Syn og Segn 1909)

16


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 17

OM NYNORSK

Det tyder ikkje at Aasen ville «sammenjaske vore Dialekter i vild Uorden». Han var svært oppteken av orden og system og ønskte at det nye skriftspråket skulle vera regelrett og logisk oppbygt. Det var viktig for han at skriftspråket bygde på alle dialektane, ikkje berre éin dialekt, og at skriftspråket hadde dei levande dialektane som viktigaste utgangspunkt, ikkje norrønt («vort Oldsprog»), som knapt hadde vore i bruk dei siste fire hundre åra. Aasen vart faktisk kritisert for å vera for moderne, ettersom han la meir vekt på det levande folkemålet enn på norrønt. Norrønt var det store prestisjespråket i samtida − det var det ekte, rotnorske språket som dei gamle norske kongane hadde brukt. Men det levande folkemålet hadde låg status: Hovudgrunnen til at eliten var interessert i dialektane, var at dei hadde restar av norrønt i seg. Truleg kan vi seia det same om kulturen til dei som prata dialekt: Eliten var først og fremst interessert i folkekulturen fordi dei fann gamalt, nedarva kulturgods der, til dømes folkeviser og eventyr. Nasjonalromantikken slo gjennom i Noreg nettopp i denne perioden, og mange forskarar og kunstnarar var opptekne å leita opp og dyrka det typisk norske, eller «folkeånda», som visstnok skulle finnast i folkekulturen. Bondesonen Aasen var oppteken av noko anna. Han var kritisk til nasjonalromantikarane, men han skjønte òg at den store interessa for folkekulturen kunne gjera det lettare for han å få støtte til arbeidet med folkemålet. Til skilnad frå mange andre i samtida si hevda Aasen at dei norske dialektane slett ikkje var dårlegare eller meir primitive enn dansk og engelsk og andre språk med høg prestisje. Det er ingen grunn til at vi i Noreg skal bruka skriftspråket til danskane, meinte han, når vi har eit rikt og levande folkemål som vi kan byggja eit norsk skriftspråk på − eit skriftspråk som kan vera til hjelp og nytte for vanlege folk over heile landet, og som kan få dei til å skjøna at talemålet deira er like mykje verdt som andre mål. Eit slikt skriftspråk ville Aasen skapa. Han avgjorde at språket skulle vera samansett av dei skriftformene som samla flest dialektformer i seg (mønsterformprinsippet); 17


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 18

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

det ville vera mest demokratisk eller rettferdig. Då måtte han først granska dei norske dialektane skikkeleg, for det hadde ingen gjort før han. Aasen var difor på reisefot i mange år. Då han hadde samla det materialet han trong, måtte han samanlikna funna sine, prøva seg fram til han fann dei formene og skrivemåtane som passa best, og ordna dei i eit klart og godt system. Det var ikkje akkurat tale om noka kjapp «sammenjasking» av dialektane, for Aasen brukte mange tiår på dette arbeidet. Han gav landsmålet endeleg form med bøkene Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873). Ein sann systemfrik Å samla ord og former frå dialektane er éin ting, men korleis avgjorde Aasen kva slags form orda skulle ha? Her skal vi sjå nokre døme på korleis Aasen gjekk fram då han fastsette skrivemåten av orda i landsmålet. Då får vi samtidig ei forklaring på kvifor skrivemåten av mange nynorskord er ulik skrivemåten av bokmålsorda. Aasen hadde ei lett oppgåve dei gongene orda hadde dei same eller nesten dei same formene og bøyingsmåtane i alle dialektane. Verre var det når eit ord hadde særs ulike former, som ordet hovud. Aasen høyrde at dialektbrukarane uttala dette ordet ulikt: Austlandet: Trøndelag og Nord-Noreg: Hallingdal, Valdres: Telemark, Agder: Sør-Vestlandet: Sunnmøre, Nordfjord: Gudbrandsdalen, Østerdalen:

hue, huu hau huvu hovu hove haud hugu

Det var umogleg å finna ein skrivemåte som sameinte alle desse formene. Då tok Aasen utgangspunkt i norrønt, ettersom dialektformene hadde opphavet sitt i den norrøne forma h˛ofuð. Men han tok ikkje den norrøne forma direkte inn i landsmålet: Han justerte skri18


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 19

OM NYNORSK

vemåten litt og landa til slutt på forma hovud (jf. dansk hoved og svensk huvud). Du kan òg merka deg at vi på nynorsk bruker hovud både om kroppsdelen og som forledd i mange ord: hovudrolle, hovudsak, hovudpine. På bokmål bruker vi hode om kroppsdelen, men vi bruker den gamle danske forma hoved som forledd i visse ord (hovedrolle, hovedsak) og den nye forma hode i andre samansette ord (hodepine). Her kan vi vel seia at nynorsken eigentleg er lettast? Aasen la òg stor vekt på at skrivemåten av orda skulle vera gjennomsiktig, altså at det skulle vera mogleg å tolka eit ord og sjå kva ordet var samansett av, berre ved å sjå på skrivemåten. Som døme kan vi ta vindauga/vindauge. I eldre tid var vindauga namnet på eit rundt hol i veggen som det kom luft (vind) inn i. Vi bruker ofte auga om små, runde ting, tenk berre på ord som nålauga og smørauga. Då skjøner vi at vindauga eigentleg tyder ‘lufthol’. Det kan vi tolka oss fram til berre ved å sjå på forma vindauga/vindauge («vindøye»), men det er umogleg når vi ser på bokmålsforma vindu. Skrivemåten vindu er ei forkorting av vindauga. Visste du at det engelske ordet window kjem av norrønt vindauga? Engelskmennene lånte dette ordet av oss i mellomalderen og gjorde det om til window.

Nedanfor ser du fleire døme på at ord som er i slekt, har same skrivemåte i nynorsk. Til dømes skriv vi hugsa i nynorsk (bokmål: huske), fordi dette verbet kjem av substantivet hug (‘sinn, tankar’). I dialektane varierer uttalen av hugsa, mellom anna huksa, hoksa, husse. Aasen ville at samanhengen med hug skulle koma klart fram i skrift, difor valde han hugsa.

19


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 20

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

nynorsk ein hug − å hugsa har drope (av å drypa) − ein drope ein stad − ein hovudstad eit laup − eit bryllaup (eigentleg: brudlaup) å eiga − min eigen

bokmål en hug − å huske har dryppet − en dråpe et sted − en hovedstad et løp − et bryllup å eie − min egen

Nynorskhistoria i stutte drag ➢ 1842−1847: Ivar Aasen var ute på den første granskingsferda si for å studera norske dialektar, med støtte frå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim. Frå 1851 og til han døydde, fekk Aasen stipend frå staten. ➢ 1848−1853: Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik (1848), Ordbog over det norske Folkesprog (1850) og Prøver af Landsmaalet i Norge (1853). ➢ 1858: Aasmund Olavsson Vinje grunnla Dølen, den første avisa på nynorsk. ➢ 1864: Aasen gav ut Norsk Grammatik. ➢ 1868: Vestmannalaget, det første mållaget i Noreg, vart grunnlagt av Henrik Krohn. Seinare same år vart Det Norske Samlaget grunnlagt i Kristiania. ➢ 1869: Lesebok i Landsmaalet av Olav Paulson kom ut, første skulebok på landsmål. ➢ 1873: Aasen gav ut Norsk Ordbog. ➢ 1878: Det kom påbod om at «Undervisningen i Almueskolen saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog». ➢ 1885: Stortinget sidestilte landsmålet med «vort almindelige Skrift- og Bogsprog» (dansk) som skulespråk og offisielt språk. ➢ 1892: Landsmålet kunne veljast som opplæringsmål i folkeskulen. 20


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 21

OM NYNORSK

➢ 1894: Stortinget vedtok for første gong ei lov som var skriven på landsmål. ➢ 1902: Elevar ved lærarskulen skulle no ha skriftleg eksamen i begge målformer. Dei kunne velja sjølve kva dei skulle ha som hovudmål og sidemål. ➢ 1907: Gymnaselevar fekk sjølve velja hovudmål og sidemål. ➢ 1906: Norigs Maallag vart grunnlagt. Frå 1922 har det heitt Noregs Mållag. ➢ 1908: Det vart tillate å skriva landsmål på embetseksamen ved universitetet. ➢ 1913: Det Norske Teatret (stifta 1912) hadde opningsframsyning i Kristiansand. ➢ 1929: Stortinget vedtok at språket skulle heita nynorsk i staden for landsmål. Samstundes vedtok Stortinget namnet bokmål i staden for riksmål og dansk-norsk. ➢ 1930: Stortinget vedtok lov om målbruk i statstenesta. ➢ 1961: Noregs Student- og Elevmållag grunnlagt, frå 1972 kalla Norsk Målungdom. ➢ 1970: Stortinget vedtok at 25 prosent av sendingane i NRK skal vera på nynorsk. ➢ 1981: Ny mållov (jf. 1930). Ho regulerer bruken av bokmål og nynorsk i statstenesta. ➢ 2012: Ny rettskriving for nynorsk. Nynorsken har no vore gjennom seks rettskrivingsreformer: i 1901, 1910, 1917, 1938, 1959 og 2012.

Spynorsk mordliste Mange synest det er kjekt at boktittelen Nynorsk ordliste lett kan gjerast om til Spynorsk mordliste. Det er ikkje farleg å tukla litt med bokstavane på ei bok og gjera nynorsk om til spynorsk, tvert imot er det ein temmeleg harmlaus måte å få ut frustrasjon på. Ein annan måte å få ut frustrasjon på, er å spy ut alskens stygge 21


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 22

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

ord om nynorsk og om dei som skriv nynorsk. Det har folk gjort i over hundre år. Dei har kalla nynorsken «grautmål», «fjøslatin» og «dustesprog», og dei har kalla nynorskfolk «spyfluer» og «spedalske». Vi kan le av det, men vi skal òg hugsa at nynorskbrukarane er i mindretal. Tidlegare var bokmålstilhengjarane redde for at nynorskingane skulle bli i fleirtal og gjera nynorsk til det einaste skriftspråket i Noreg. Det har ikkje skjedd: I dag har bokmålstilhengjarane eit solid overtak, og dei treng eigentleg ikkje bruka tid på å plaga nynorskingane. Likevel ser vi stundom at folk driv ap med eller seier at dei hatar folk som skriv nynorsk; det er så vanleg at nesten ingen reagerer på det. For å setja det på spissen: Ein del homofile nynorskingar fortel at dei aldri har blitt plaga fordi dei er homo, men at dei stadig blir spotta fordi dei skriv nynorsk. Det kan av og til sjå ut som nynorskfolk er den einaste minoriteten som det er fullt lovleg å trakassera offentleg. Med det i minne skal vi sjå nokre eksempel på kva folk har sagt om landsmål/nynorsk og målfolk opp gjennom tidene.1 Vi opnar friskt med Bjørnstjerne Bjørnson. I starten såg Bjørnson med godvilje på landsmålet, men med tida snudde han tvert om, og i 1907 var han med og grunnla Riksmålsforbundet. Men saa slip dog «Fedraheimen»! Disse endnu lodne Folk, disse Huleboere, lad dem raute paa Maalet og sikle Bønner nedover en Stenfetisch; hvad Fanden har De med det? Kan De civilisere slige Dyr? Bjørnstjerne Bjørnson i brev til Arne Garborg ein gong før 1880

Naar hverken Oldnorsk eller Bygdemaal strækker til, naar alle naturlige Midler slipper op, griber Maalstræverne til de overnaturlige; da begynder de at trolle. Maalstræverne er store Troldmænd; hvor der 1

Du finn fleire slike sitat i Den store nynorske sitatboka. Norsk kulturhistorie gjennom 800 sitat (2000) av Ottar Grepstad.

22


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 23

OM NYNORSK

ingen Ord er, der gjør [lager] de Ord, Ord som ingen Tunge har talt, og intet Øre har hørt; det er «Trollmaal». Professor Johan Storm i Landsmaalet som Kultursprog, 1903

Stupid bonde-«kultur» som velter sig ind paa folk med alt sit habengutt [skrap] − sin stenalderdannelse og sine tomme, rosemalte hjernekister. Oslo-avis, 1913

Kan ikke De, Skard, tale litt landsmål, så vi kan få noe å le av. Vertinna i eit ungdomsselskap på Oslo vest til gjesten Sigmund Skard, kring 1920

Herved meddeles at vi ikke antar [godkjenner] elever som taler og skriver landsmaal. Brev til ein søkjar frå sjukepleiarskulen ved Ullevål sykehus 31.3.1926

Gjennom skolevæsenets betændte lymfebaner har sotten spredt sig fra de store svulster på Vestlandet; havregjøede spyfluer har sværmet ut over landet og slått ned med smittestoffet overalt hvor de fant et stykke uskjærmet hud. Peter Wessel Zapffe i Frisprog 5.2.1955

Når jeg hører landsmålet i radioen nu blir jeg syk. Alf Larsen i Farmand 28.2.1962

På en del kartonger for skummet melk som Vestfold Meieri har distribuert, er det kommet en annonse med nynorsk tekst. Dette har vakt irritasjon blant konsumentene. Gjennom NRK får folk mer nynorsk enn de noensinne kan fordøye, og man ber om å bli spart for uappetittlige ord på spisebordet. Reportasje i Tønsberg Blad, kring 1983

23


Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 24

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

Jeg kan ikke lese norsk bygdemål. Det irriterer meg så jeg blir sjuk av det. Det virker som en ondskapsfull imitasjon av islandsk. Den islandske forfattaren Halldór Kiljan Laxness i intervju med NRK, kring 1983

Spørsmål 1. Kvifor fanst det ikkje noko norsk skriftspråk i Noreg tidleg på 1800-talet? 2. Korleis kan vi seia at landsmålet til Aasen var eit demokratisk prosjekt? 3. Kva er grunnen til at vi skriv vindauga og hugsa i nynorsk?

Profile for Det Norske Samlaget

Nynorsk for dumskallar  

Humoristisk og nyttig nynorskguide

Nynorsk for dumskallar  

Humoristisk og nyttig nynorskguide