Page 1

elis abet vallevik engelstad ü se marie ne s se (1934–2001) valde eit liv i litteraturens teneste, stifta aldri eigen familie, men sette kjÌrleik og venskap høgt. Diktaren, gjendiktaren og tyskfilologen var godt skolert i den klassiske litteraturen. Ho nüdde eit stort publikum med dikt om kjÌrleik og glede, om ü vera kvinne, om sorg, sjukdom og død. Tidvis uglesett av delar av det litterÌre miljøet, men heile tida verdsett av tusentals lesarar. Åse Marie Nesse var 67 ür dü ho mütte gje opp kampen mot kreften. Ho hadde bak seg eit eige forfattarskap pü 22 bøker, og hadde redigert og gjendikta eit 30-tals verk, mest frü tysk og spansk. Diktsamlingane hennar kom i fleire opplag, og büde som universitetslÌrar og diktopplesar var ho kjend for si sterke utstrüling. Med eit rikt kjeldemateriale har biografen fylgt livet og diktinga til den sÌrmerkte lyrikaren, frü barndom og oppvekst pü JÌren, gjennom søkjande studietid i Oslo, usa og Tyskland, forelskingar, engasjement i pen-klubben og strevet og sigeren med framifrü gjendiktingar frü tysk og latinamerikansk litteratur.

Ă…SEMARIE NESSE

Eit poetisk liv

elisabet vallevik engelstad

ÅSE-MARIE NESSE ———

Eit poetisk liv ——— elisabet vallevik engelstad ( f. 1940) fødd og oppvaksen i Ulvik, cand. philol. i 1969, med fransk, allmenn litteraturkunnskap og spansk hovudfag. Cand. jur. i 1998. Frü 1975 til 2007 lektor ved Oslo katedralskole.

eli s abet vallev ik engel stad ( f. 1940) har i mange ĂĽr vore lektor i spansk, fransk og rettslĂŚre ved Oslo Katedralskole.

ISBN 978-82-521-7537-0

���� ----

9

788252 175370

omsl ag: øystein vidnes omsl agsfoto : ole chr . frenning foto pü 2. innbrett : rolf m. aagaard / aftenposten

www. samlaget.no

OMSLAG-Nesse42mmrygg.indd 1-5

21.09.10 12.36


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

21-09-10

16:13

Side 2


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

21-09-10

16:13

Side 3

Elisabet Vallevik Engelstad

Ă…se-Marie Nesse eit poetisk liv

Samlaget Oslo


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

21-09-10

16:13

Side 4

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslagsfoto: Ole Chr. Frenning/A-magasinet omslag: Øystein Vidnes førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond papir: 80 g Munken Print Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-6890-7 Bilete: Der ikkje anna er nemnt, er bileta i privat eige. Prenta med tilskot frå Klepp kommune. Forfattaren har fått tilskot frå Institusjonen Fritt Ord

Til Karl Wilhelm


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

21-09-10

16:13

Side 5

Mitt verk er min biografi. Stein Mehren

Nous sommes tous de lopins et d’une contexture si informe et diverse, que chaque pièce, chaque moment, faict son jeu. Et se trouve autant de différence de nous à nous mesmes, que de nous à autruy. Vi er alle sammen lapper i et teppe så formløst og broket at hver del til enhver tid vil prange med sine farger. Og det er like stor forskjell mellom oss og oss selv, som mellom oss og andre. Michel de Montaigne, Essays, Annen bok, 1


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

21-09-10

16:13

Side 6


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

21-09-10

16:13

Side 7

Innhald Til lesaren 11 Vegen til Weimar

I

15

Heimlandet Jæren – Alvelandet 17

II Veksa opp. 1934–1952

27 Huset i Krossen. 1934–1940 29 Krigsår. 1940–1949 34 Gymnasiast. 1949–1952 48

III Læreår. 1952–1963

61 Heimanfrå. Jelsa og Økstra. 1952–1953 63 Intermezzo, Morgedal. August 1953 75 Lenger heimanfrå. Hovudstaden. 1953–1955 77 Ut i verda. USA. 1955–1956 91 Heim igjen. Student og lærar. 1956–1963 101 Lærar på Austrått, og tur – retur Heidelberg. 1956–1957 102 Hellmut 102 Student i Oslo, og Heidelberg, tur–retur. 1957–1959 107 Blant studentar i Freiburg, blant gudar i Grekenland. 1959–1960 110 Adjunkt, adresse Jæren. 1960–1962 120 Hovudfag – og romantikk. Oslo. 1962–1963 127 Jakob 128 Orfeus og Rilke 133


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

8

21-09-10

16:13

Side 8

åse-marie nesse – eit poetisk liv

I ein annan skog 141 Intermezzo. Roser, men ingen tulipanar i Amsterdam. Juli 1963 146

IV Vandreår. 1964–1995

151

Universitetslektor 153 Ung gjendiktar med diktardraumar. 1964–1969 164 Gud og Kvarmann i Delft 164 «Eg er Odyssevs» 168 Med Tynset til Dortmund – og meir romantikk 172 «Min flekk på jorda» 179 Nelly Sachs 182 Nye vegar. 1969–1973 Av hav er du komen (1970) 188 I andre gudars rike 188 Ut på brådjupet – i motstraum 197 Venskap i 1970-åra 204 Forfattar i tunnelens tid 213 Om dikt og diktarar. 1973–1975 Til ord skal du bli (1973) 223 Diktaren med gullvekta 223 Motstraumen blir sterkare 233 Diktaren og rosa 236 Keisarens nattergal eller folkepapegøye? 242 Eit merkeleg problem 244 Om slangegudinner, solbriller, valmuar – og det vakraste under månen 248 Frå Jæren til Java. 253 Meksikansk sidesprang. 1975–1977 Solstein (1976) 257 Eit anna kvinneperspektiv 257 Presidenten 259 Sor Juana 262 Solsteinens år 267 Mexico Mexico, Mexico-Lexico 273 Slutten på eit tiår. 1978–1979 Nomadesongar (1978) 281 Men størst av alt 281 Pris og ris 287


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

21-09-10

16:13

Side 9

innhald

9

I full fart … 292 Eit anna partitur, ein annan dans. 1980–1983 Vinterhuset (1981) 294 Far 295 Ein lysande fakkel 296 Forandring og samanheng 299 Reiser i aust og vest. Spania – Kaukasus – Israel 305 P.E.N. 312 Kampen om litteraturen 317 Tid for å dikta. 1983–1989 320 Eit evig tema – mennesket, kvinne og mann Narren og Sorga (1984). Johannespasjonar (1987) 320 Fyrlyset finst Eg tenner eit fyrlys (1983) 327 Sorg Lysår (1985) 331 Irina Ratusjinskaja og Frihetens svaler (1986) Men du syng, Irina (1986) 336 Spelet om Hafrsfjord (1984–1990) Hafrsfjordspelet (1988) 348 Eit nytt tiår tar slutt Levande tid (1989) 351 Tid for å gjendikta. 1990–1995 356 «… eg tenkte på Tyskland att.» Over alle tindar (1990) 356 Else Lasker-Schuler. Mitt blå klaver (1990) 356 Gjensyn med Mexico. Møte med ein nobelprisvinnar 00 Octavio Paz og «Saltomortalens time» (1991) 364 Heim til Goethe. Faust I (1993) 373 Poesi i alle kanalar Vandrestjerner (1992) 381 Intermezzo, Orientexpressen. Desember 1993 388 Ord som syng 392

V

Kampår. 1996–2001 395 Kreft og krefter. Januar–oktober 1996 For bare livet (1997) 397 Berre krefter. Og Faust. Oktober 1996–oktober 1998 403 Omkamp. Med Goethe som våpen. Oktober 1998–april 1999 409 Jubelår. April 1999–oktober 2000. Faust II (1999). Mitt hjarta slo (1999) 414 Eit anna Mexico. Januar–oktober 2000 Den tredje porten (2000) 422


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

10

21-09-10

16:13

Side 10

åse-marie nesse – eit poetisk liv

Den siste porten. Oktober 2000–juli 2001 434 Etterpå 441 Notar 444 Kjelder og litteratur 479 Takk 484 Personregister 486


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

21-09-10

16:13

Side 11

Til lesaren No man is an island, entire of itself; every man is a piece of the continent, a part of the main. John Donne (1572-1631), frå XVII. Meditation.

Mennesket er gåtefullt, ingen kan heilt ut kjenna eit anna menneske, knapt nok seg sjølv. Men det lever i samspel med andre, både individuelt og sosialt, og gjev seg på den måten til kjenne. Står fram. Og kvart menneske er eineståande, kvar med si eiga livssoge. Kvar og ein er fødd inn i ei samtid og eit samfunn med visse gjevne råmevilkår som er like for alle, men med personlege og miljømessige føresetnader som er eigne for nett det mennesket. I dette skjeringspunktet utspelar livet seg. I tillegg til det immaterielle minnet om seg sjølv hjå andre, og kanskje materielle uttrykk som brev, dagbøker, notatar og andre skriftlege nedteikningar, etterlet ein diktar seg noko serskilt – det skrivne diktarordet. Det private og det publiserte materialet utgjer to ulike innfallsportar til diktarens liv. Diktarordet – det ferdige verket – er ikkje lenger avhengig av diktaren, men av lesaren. Men i diktarens livssoge er og blir verket ein viktig komponent. Korleis det vart til, kva tankar, idear og kjensler det målber, korleis det vart motteke. Med denne boka har intensjonen vore å laga ei heilskapleg forteljing om livet til Åse-Marie Nesse, mennesket og poeten. Kva for vilkår ho vart fødd inn i og voks opp i, korleis ho forma


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

12

21-09-10

16:13

Side 12

åse-marie nesse – eit poetisk liv

livet sitt ved eigen vilje, kva val ho gjorde, korleis ho møtte motgang og sjukdom. Det poetiske uttrykket utgjer ein integrert del av dette livet. Samanhengen mellom hennar materielle liv og diktarordet viser seg å vera svært nær og tett. Bortsett frå dei siste to diktsamlingane har eg likevel valt å sjå på forfattarskapen i eigne avsnitt, der bøkene kronologisk høyrer heime. I tillegg tek eg gjennom heile boka fram dikt som kommentar og klangbotn i forteljinga, utan omsyn til når diktet er utgjeve. Åse-Marie Nesse levde eit aktivt liv, og ho må ha hatt eit godt syn for det praktiske. Men mitt inntrykk er at det poetiske, viljen til poesi i vid forstand, var det overordna og samlande prinsippet i tilværet hennar. Dette vonar eg denne boka vil visa. Det indhold fant jeg i en ældgammel filosofi: Poesi er resten af alt, når alt er gjort op og talt. (Jørgen Gustava Brandt (1929–2006) frå Støv)

Det nynorske språket eg brukar fylgjer i hovudsak den rettskrivinga eg lærde i mi eiga skuletid. Åse-Marie Nesse bruka både nynorsk og bokmål, både i dikting og i gjendikting. Når det gjeld nynorsk kan ein sjå ei til dels sterk endring i det språket ho opphavleg lærde som skulejente i Klepp og på Bryne frå 1940 til 1952, til eit språk med mange såkalla «klammeformer» – valfrie former – utover i forfattarskapen. Alt er sjølvsagt attgjeve slik ho skreiv det. Åse-Marie Nesse var ein flittig og nøyaktig brukar av «7. sansar» – dei små notatbøkene ’alle’ hadde før. I nokre ungdomsår skreiv ho og dagbok. På den måten finst det mange autentiske uttrykk for hennar eiga røyst – eg har valt å ta med ein del direkte sitat. Av dei grunnane som er nemnde ovanfor kan nok dette føra til ein del variasjon i språket – men ein lyt ha i minne at det gjeld eit tidsrom på 60 år. Sjølv møtte eg Åse-Marie Nesse berre eit par gonger, men har vore så heldig å få snakka med mange menneske som kjende henne


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

21-09-10

16:13

Side 13

til lesaren

13

godt, både her i landet og i andre land. Fleire har og med stor velvilje stilt til disposisjon brev dei har fått frå henne. I tilegg til desse kjeldene – notatar, dagbøker, brev, samtalar, epostar – har eg nytta ei rekkje intervju med Åse-Marie Nesse i bøker og blad opp gjennom åra. Sandvika – Rømskog august 2010 Elisabet Vallevik Engelstad


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

21-09-10

16:13

Side 14


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

21-09-10

16:13

Side 15

Vegen til Weimar Weimar. Ordet vekkjer assosiasjonar. Eit anna Tyskland. Die Welt von Gestern. Weimarrepublikken. Goethe og Schiller. Vitskap, daning, kultur –. Juni 2001. Tre kvinner på veg til denne byen, med bil gjennom Tyskland. Tre veninner, to er tyske, ei er norsk. Det er møte i Goethe-selskapet, det er dit dei skal. Den norske kvinna er mykje merkt av sjukdom. Men til Weimar er det ho vil og skal, det kan vera siste gongen. Dei to veninnene har det ikkje godt, dei heller. Dei er urolege for kva som kan henda med henne … Gåter Kva er sterkast, blomen eller steinen? Blomen – for han voggar steinen i sin ange og lèt som ingen ting. Kven er sterkast, barnet eller mannen? Barnet – for det får mannen til å bøye seg. Kva er sterkast, songen eller skriket? Songen – for han har samla mange skrik og gjort dei mjuke.


Nesse ferdig.qxd:Nesse 1 korr.qxd

16

21-09-10

16:13

åse-marie nesse – eit poetisk liv

Kva er sterkast, livet eller døden? Dei er like sterke – like sterke – (Nomadesongar, Det Norske Samlaget, 1978)

Side 16

Nesse  

ÅSE-MARIE NESSE ——— it poetisk liv ——— eit poetisk liv Elisabet Vallevik Engelstad Samlaget Oslo © 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no...