Page 1


Kvinner i motstand ferdig.qxd:Kvinner i motstand 1 korr.qxd

Kristin Hatledal

Kvinnekamp Historia om norske motstandskvinner

Samlaget Oslo 2011

16-08-11

15:03

Side 3


Kvinner i motstand ferdig.qxd:Kvinner i motstand 1 korr.qxd

© Det Norske Samlaget, 2011 www.samlaget.no omslag: Bjørn Kulseth omslagsillustrasjon: Norsk Hjemmefrontmuseum førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond og The Sans papir: 90 g Munken Premium Cream trykk og innbinding: AIT Otta AS isbn 978-82-521-7904-0

16-08-11

15:03

Side 4


Kvinner i motstand ferdig.qxd:Kvinner i motstand 1 korr.qxd

16-08-11

Innhald Innleiing 7 Helga og Aasta Stene – kvinnene bak foreldreaksjonen 14 Kvinneapparatet til NKP 40 Kurerteneste 46 Flyktninghjelp 60 Dekning 70 Sigrun Solberg – radioagentane sin reddande engel 78 Illegale aviser 92 Ingeborg Refling Hagen – den kvinnelege avisredaktøren 103 Militær innsats 117 Olaug Karlsen og Leikny Karlsen – to søstrer i kamp 135 Etterretningsarbeid 157 Anne Marie Breien – spion på terrassen 175 Dagmar Lahlum – den gåtefulle dobbeltagenten 191 Etterord 203 Takk 205 Forkortingar og ordforklaringar 207 Notar 209 Kjelder og litteratur 250 Namneregister 257

15:03

Side 5


Kvinner i motstand ferdig.qxd:Kvinner i motstand 1 korr.qxd

16-08-11

15:03

Innleiing Sigrid Hammerø er på veg til Oslo kledd i sine finaste klede. Ho har fått beskjed om å ta med seg verdisaker, forskotsbetale husleiga og møte på Vestbanen for vidare flukt til Sverige. Sigrid har lenge arbeidd for den norske motstandsrørsla. Saman med ektemannen Petter Hammerø har ho hjelpt flyktningar, skaffa falske papir og vore involvert i etterretningsarbeid. No har Sigrid fått beskjed om at ektemannen har flykta til Sverige. Nettet er i ferd å snøre seg saman kring henne. Framme på Vestbanen stig Sigrid av toget. For seint oppdagar ho kva som er i ferd med å hende. Uniformerte politimenn ventar. Gestapo er på plass. Sigrid har gått i fella. Ho vert køyrd til det frykta torturkammeret og tysk tryggingspoliti (SIPO) sitt hovudkvarter, Victoria Terrasse, men opphaldet der vert kortvarig. Dagen etter, 21. juli 1944, vert den siste dagen i Sigrid Hammerø sitt liv. Kanskje anar ho kva som er i ferd med å skje medan ho sit bunden i baksetet på Gestapo-bilen med bind for auga. I grålysninga vert Sigrid ført ut av bilen. Saman med to andre kvinner og tre menn er ho køyrd til eit steinbrot utanfor Grini. Sigrid spør: «Er det her folk blir skutt?» Desperat prøver ho å flykte, men vert skoten i ryggen. 22. mai 1945 vert grava funnen. NS-fangane som grev opp massegrava, finn restane av ein blomstrete kjole.1 Tre kvinner vart avretta av tyskarane fredag 21. juli 1944. Desse tre er dei einaste kvinnene som vart avretta i Noreg av den tyske okkupasjonsmakta. Helene Marie Johannesen var berre 19 år då ho vart plassert framfor eksekusjonspelotongen med bind for auga. Saman med

Side 7


Kvinner i motstand ferdig.qxd:Kvinner i motstand 1 korr.qxd

8

16-08-11

15:03

innleiing

henne og Sigrid Hammerø vart Ruth Andersen skoten. Både Johannesen og Andersen hadde vore involverte i likvidasjonen av Abwehragenten Raymond Colberg i mars 1942.2 Dette var nok årsaka til at dei var blant dei seks personane tyskarane avretta. Sigrid Hammerø hadde vore involvert i det som vart rekna som mindre alvorlege lovbrot. Men drapet på henne har i ettertid vorte sett på som ein del av tyskarane sin aksjon Blumenpflücken – blomsterplukking. Dette var tysk SIPO sitt svar på Heimefronten sine likvideringar. Meininga var å legge skulda for drapa på Heimefronten. Om lag 4000 norske kvinner sat som politiske fangar under okkupasjonen.3 Få norske kvinner vart likevel drepne av tyskarane for deltaking i motstandsarbeid. Talet er langt lågare enn hos dei norske motstandsmennene. 26 norske kvinner mista livet på grunn av deltaking i motstandsverksemd.4 Dei fleste kvinnene døydde på grunn av opphald i konsentrasjonsleirar og fangeleirar i Tyskland. Om lag 150 norske kvinner vart sendte til slike leirar, og av dei døydde elleve.5 Fem døydde i politisk fangenskap i Noreg. Tre døydde under kampar på heimefronten, og fire omkom under flukt til England. Og tre kvinner vart altså avretta 21. juli 1944.6 Behandlinga dei norske kvinnene fekk av tyskarane bak fengsels- og konsentrasjonsleirmurar, stod likevel ikkje noko tilbake for den behandlinga mennene fekk. Fleire kvinner opplevde hard tortur og lange fengselsopphald. Nokre av kvinnene skulle ikkje overleve torturen, medan andre fekk skadar for livet. Kvinnekamp

Talet på heimeverande kvinner nådde stadig nye høgder frå avslutninga av den andre verdskrigen til 1960.7 I den same perioden forsvann kvinnene i stor grad frå forteljinga om motstandskampen i Noreg. Kvinnene heldt seg tause, og dei mannlege motstandskameratane og historikarane fortalde ikkje meir enn nødvendig om kvinnene sin innsats.

Side 8


Kvinner i motstand ferdig.qxd:Kvinner i motstand 1 korr.qxd

16-08-11

innleiing

15:03

9

Ei av dei mest markante kvinnene frå motstandskampen, Helga Stene, såg rett etter krigen: «med stigende forferdelse hvordan det var mennenes krig og motstandshistorie som ble gjort tilgjengelig for ettertiden».8 Sjølv la ho ned eit stort arbeid for at historia om kvinnene sin motstandskamp skulle verte kjend. Allereie i 1949 søkte ho Norges Almenvitenskapelige Forskningsråd (NAFV) om midlar til å skrive om kvinnene sin innsats. Men Helga fekk avslag på søknaden utan grunngjeving 17 år på rad. Då NAFV i 1976 lyste ut midlar til forsking i kvinneaspekt innanfor dei humanistiske faga, søkte Helga Stene igjen om pengar til å setje i gang eit prosjekt «Kvinneinnsats 1940––45». Ho fekk beskjed om at søknaden var under behandling, men etter fire år hadde ho endå ikkje fått svar på søknaden.9 Tre år seinare døydde Helga Stene. Trass i manglande pengestøtte gjorde Helga Stene sitt for å få ut til offentlegheita ein god del av den kvinnelege innsatsen gjennom både artiklar og foredragsverksemd. Fleire bidrag har komme, men historikarane har i stor grad vore fråverande fram til dei siste åra.10 Kvinnene var ikkje med som soldatar i kampane som rasa i april og mai 1940.11 Då det vart starta opp illegalt arbeid i Noreg, opna det seg derimot mogelegheiter også for kvinnene. I det illegale arbeidet var det ikkje soldatar som deltok, men sivile personar frå alle samfunnslag og i alle aldrar. Kvinnene kom raskt med i motstandsarbeidet, og dei kunne finnast overalt der det vart drive motstand. Dei viste òg at dei kunne utføre oppgåvene på lik linje med menn. Mangfaldig motstandsarbeid

Det første motstandsarbeidet i Noreg byrja etter at kampane var slutt våren 1940. Heilt frå starten vart det drive fleire typar motstand mot okkupasjonsregimet. Nokre kvinner var fulltidsaktivistar. Dei fekk nye identitetar og braut kontakten med familie, vener, arbeid og studiar. Dei aller fleste kvinnene som var med i motstandsrørsla, var likevel ikkje fulltidsaktivistar. Dei heldt fram sine normale liv som koner, mødrer og døtrer, og eventuelt som lærarar, kontordamer og tele-

Side 9


Kvinner i motstand ferdig.qxd:Kvinner i motstand 1 korr.qxd

10

16-08-11

15:03

innleiing

kvinner. Nokre jobba med motstandsarbeid ved sida av hus og heim; andre dreiv motstandsarbeid frå arbeidsstaden. Av dei 1003 kvinnene eg har registrert i arbeidet med denne boka, var det spesielt mange som var aktive i illegale aviser. Det same gjaldt etterretning, dekning og kurerverksemd. Desse fire motstandsaktivitetane skilte seg ut når det gjaldt kvinnene si deltaking.12 Innanfor dei illegale avisene hadde kvinnene alle slags posisjonar. Det same gjaldt etterretningsarbeid. Ein del kvinner kom inn i arbeidet gjennom arbeidsstaden. Mange typiske kvinnearbeidsplassar vart uvurderlege for motstandsrørsla. Fleire kvinner sat i posisjonar som gjorde at dei kunne levere både falske identifikasjonspapir og rasjoneringskort til motstandsrørsla. Andre kvinner sat sentralt plasserte som spionar på sine arbeidsstadar. Desse kvinnene var oftast aktive innanfor dei mange etterretningsorganisasjonane rundt omkring i landet. Kvinner som dreiv med dekning, sørgde for husvære for dei som hadde behov for det. Det kunne til dømes vere flyktningar som låg i skjul medan dei venta på å komme seg ut av landet. Eller det kunne vere motstandskameratar som hadde eit behov for ein stad å bu, ute av søkelyset for tyskarane. Ofte måtte dei også forsynast med mat. Dette arbeidet fall først og fremst på kvinnene, og ofte dei eldre kvinnene. Eit arbeid som spesielt yngre kvinner vart sette til, var kurerverksemd. Kurerane frakta illegalt materiale frå ein stad til ein annan. Dette vart rekna som tryggare for kvinnene, sidan dei sjeldnare vart mistenkte av tyskarane for å drive med motstandsarbeid. For husmødrer med småbarn var det ikkje uvanleg å gøyme dei illegale papira på barna eller i barnevognene. Fleire kvinner deltok også i flyktningtrafikken, både som organisatorar og som flyktninglosar. Der det var færrast kvinner, var innan dei meir militære motstandsgreinene: Milorg, SOE, SIS og diverse sabotasjegrupper. Også innanfor likvidering og partisanverksemd var kvinnene mindre aktive. Ein del av grunnen til dette var at dei var mindre velkomne. Hos Milorg slapp dei først og fremst inn gjennom sanitetsarbeid, og ikkje før i 1944. Kjønnsrollemønsteret i dei militære motstandsgrup-

Side 10


Kvinner i motstand ferdig.qxd:Kvinner i motstand 1 korr.qxd

16-08-11

15:03

innleiing

11

pene var også nokså tradisjonelt. Det finst fleire eksempel på kvinnelege motstandskjemparar som vart sette til kjøkkenteneste i leirar, forlegningar og hovudkvarter. Sjølvsagt fekk kvinnene også andre oppgåver, men var det underbukser eller tallerkenar som måtte vaskast, eller te eller middagar som måtte lagast, vart dette kvinnene sin jobb. Det finst likevel eksempel på kvinner som gjekk imot dette kjønnsrollemønsteret, og menn som slapp kvinnene til. I det sivile haldningsarbeidet var kvinnene derimot aktive. Det var kvinnene som stod bak den største masseaksjonen under krigen, foreldreaksjonen mot «Lov om Nasjonal Ungdomsteneste» av 5. februar 1942 som skulle innføre tvungen teneste i Nasjonal Samling si Ungdomsfylking.

Kvinner i alle lag Av naturlege grunnar var det ikkje registrert under krigen kven som deltok i motstandskampen. Etter krigen var det først og fremst enkelttilfella som vart trekte fram. Det er difor ikkje lett å seie kor mange kvinner som deltok i motstandsarbeid, eller kven desse kvinnene var. Eg har i arbeidet med denne boka registrert dei kvinnene eg har komme over. I alt har eg funne fram til 1003 kvinner. Her manglar det framleis mange. Likevel kan desse kvinnene vise eit mønster. Oslo var den enkeltstaden i Noreg der prosentvis flest motstandskvinner oppheldt seg under okkupasjonen. Omtrent 44 prosent av kvinnene registrerte med bustad budde i Oslo. Omtrent halvparten av motstandskvinnene var også i aldersgruppa 15–30 år. For desse kvinnene var det lettare å delta i motstandsarbeid. Dei hadde ofte ikkje ansvar for hus og heim. Dei yrkesaktive var i solid fleirtal, medan omtrent ein av fem var husmødrer. Eit anna interessant funn er kor mange av dei yrkesaktive som jobba som sekretærar og kontorpersonale. Dette er den klart største gruppa av dei yrkesaktive.13 Den typiske motstandskvinna var altså ung, budde i Oslo og var yrkesaktiv før krigen. Samtidig var motstandskvinnene like mangfaldige som resten av befolkninga. I fleire distrikt var det store mot-

Side 11


Kvinner i motstand ferdig.qxd:Kvinner i motstand 1 korr.qxd

12

16-08-11

15:03

innleiing

standsmiljø, mellom anna i Nord-Noreg. Der deltok alt frå husmora med fjorten ungar til ungjenta på 15 år. I motstandsleiinga

Hausten 1941 vart den 23 år gamle universitetsstudenten Sigrid Steinnes kontakta av professor Sverre Steen. Kunne ho tenke seg å gå inn i motstandsrørsla? Sigrid sitt ja vart starten på fire år i Heimefrontleiinga si teneste. Fleire gongar kom ho ut for farlege situasjonar, som då ho skulle frakte 150 000 kroner til kontaktnettet i Notodden. Reisa gjekk med tog, og med tyskarar i same togkupé. På eit møte mellom leiinga i Heimefronten og pressa 14. mai 1945 svarte Heimefrontleiinga sin øvste leiar slik på spørsmålet om kor mange som hadde den fulle oversikta over arbeidet i heile landet: «Det har vært ganske få, ja, sier den talende med et lite smil, det er nesten bare den beskjedne damen der nede – han peker langt ned over bordet – som har visst alt, hun burde egentlig sittet her på hedersplassen.»14 Sigrid sat som bindeledd i sekretariatet til Koordinasjonskomiteen (KK), eit apparat som var bygd opp rundt Heimefrontleiinga. Ho sat med heile kontaktnettet i hovudet. Hadde ho vorte teken, kunne store delar av det sivile motstandsnettet vorte rulla opp. Slik sett var Sigrid ein av dei viktigaste personane i Heimefronten. I sekretariatet der Sigrid sat, utgjorde kvinnene godt og vel halvparten av personalet.15 I leiinga av sjølve KK og Kretsen var det derimot få kvinner med. Av 50 personar i leiinga i dei to organisasjonane var berre éi kvinne, Frieda Dalen i KK. Det same mønsteret gjentok seg i andre leiande motstandsorganisasjonar under krigen. Verken i Milorg eller Noregs Kommunistiske Parti (NKP) sitt motstandsapparat hadde kvinnene høge posisjonar, sjølv om det alltid var ei eller fleire kvinner med Peder Furubotn i sentralforlegningen til NKP. I større grad enn elles i motstandsrørsla opna NKP for at kvinnene kunne få høge posisjonar. «Kvinnene inngår i de bestående partilag på like fot med mennene, og må i stadig stigende utstrekning nyttes til alle tillitsverv i partiet.»16 At det også rådde haldningar mot

Side 12


Kvinner i motstand ferdig.qxd:Kvinner i motstand 1 korr.qxd

16-08-11

15:03

innleiing

13

kvinner i NKP, var det likevel ikkje tvil om. Ein av medlemane i sentralkomiteen sitt apparat skreiv mellom anna i eit brev: «Bærplukking må være en typisk kv.oppg.»17 Dette var nok ei haldning som ofte gjekk att i resten av motstandsrørsla også. Kvinnene vart ofte forbigått når det gjaldt dei leiande stillingane. Dette hang i stor grad saman med tidsånda. Det vart sett på som utenkeleg, av både kvinner og menn, at kvinnene skulle ha høgare posisjonar enn mennene. I tillegg kom leiinga i motstandsorganisasjonane ofte frå høge posisjonar før krigen, og færre kvinner enn menn var fulltidsaktivistar.18 Kvinnene søkte også i mindre grad desse posisjonane, sjølv om det fanst unntak. Ei kvinne i NKP klaga over forbigåinga av kvinnene i 1944: «Når det for øvrig gjelder mann kontra kvinnespørsmålet innenfor partiarbeidet, så har jeg tidligere nevnt (…) at det forekommer meg at kvinnene så godt som utelukkende blir brukt til kurervirksomhet og maskinskriving. Hvis det er en eller annen selvstendig jobb, selv om den er aldri så liten, som fordrer litt selvstendig tenking og disposisjoner, så brukes fortrinnsvis menn, selv om de kanskje ikke er oppgaven voksen.»19 Denne skepsisen til kvinner kan kanskje også vere ein del av forklaringa på kvifor to av kvinnene med leiande posisjonar i motstandskampen hadde mannlege dekknamn. Dette gjaldt Eva Jørgensen, som var leiar av Milorg Distrikt 25. Ho hadde dekknamnet «Jacob». Og det gjaldt Anne-Sofie Østvedt, nestleiar i etterretningsorganisasjonen XU, med dekknamnet «Aslak».

Side 13

Kvinnekamp. Historia om norske motstandskvinner  

Kvinnekamp. Historie om norske motstandskvinner. Andre verdskrig. 2. verdskrig

Kvinnekamp. Historia om norske motstandskvinner  

Kvinnekamp. Historie om norske motstandskvinner. Andre verdskrig. 2. verdskrig