Issuu on Google+

Janne Nygård og Vebjørn Sture

Kva skal vi med

sidemål? Argument og fakta


Kva skal vi med sidem책l ferdig:Layout 1

14-01-13

14:43

Side 1


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:43

Janne Nygård og Vebjørn Sture

KVA SKAL VI MED SIDEMÅL? Argument og fakta

Samlaget Oslo 

Side 3


Kva skal vi med sidem책l ferdig:Layout 1

14-01-13

14:43

Side 6


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:43

Innhald

På tide med gode svar  Vanlege spørsmål og påstandar om sidemål Tvang – må vi lære sidemål?  Skulekvardagen – tek sidemål for mykje plass?  Samfunnsperspektivet – kva er poenget med sidemål?  Nynorsk – berre ein versjon av norsk?  Kvifor sidemål? Gode grunnar for å lære både bokmål og nynorsk  Korleis få ei betre undervisning? Fem forslag til ei berekraftig sidemålsundervisning  Tilleggsammunisjon  Øystein Vangsnes: Nynorsk som hjernetrim  Eli Bjørhusdal: Språkskifte med eit skuldertrekk  Gunnar Skirbekk: Læreplan på villspor  Notar 

Side 5


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:43

På tide med gode svar

Kva skal vi med sidemål? Eller for å seie det rett ut: Kvifor må vi lære nynorsk? Held det ikkje med bokmål? Kan vi ikkje bruke tida på noko meir nyttig i staden? Elev etter elev har stilt desse spørsmåla, lærar etter lærar har slite med å svare på dei. Og mang ein overivrig politikar har prøvd å bruke dei til å fiske frustrerte ungdomsrøyster. Likeins har det offentlege ordskiftet om sidemål ofte vore prega av billege slagord, tomme argument og sviktande logikk.Vi er leie av å bruke tid og krefter på å motseie beint fram feilaktige argument, i staden for å kunne gje sjølvstendige forklaringar på kvifor det er viktig at vi lærer å skrive både nynorsk og bokmål. Vi skal gje deg skikkelege svar. I denne pamfletten vonar vi å kunne forklare det som ikkje får plass i eit kort lesarinnlegg. Vise samanhengane som druknar mellom innøvde parolar i ein skuledebatt. Underbyggje dei poenga vi berre rekk å presentere i kortform under eit kjapt radioinnslag. Vi trur ikkje nødvendigvis at alle vil ende opp med å vere samde med oss. Folk har ulike mei

Side 7


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:43

ningar her i verda, og bra er det. Men vi har eit håp om å snu debatten frå å handle om kvifor ein skal vere mot sidemål, til å handle om kvifor vi bør vere for. Vi vil gje folk eit betre grunnlag for å gjere seg opp ei gjennomtenkt meining sjølv. Poenget vårt er difor å forklare kvifor vi meiner alle bør lære både nynorsk og bokmål, og kvifor motargumenta ikkje held vatn. Vi vil at du skal tenkje over saka og ta stilling, anten det no vert for eller mot, på grunnlag av haldbar og ærleg argumentasjon framfor lettvinte slagord. Det vil vi gjere fordi du – og språka våre – fortener det. Oslo, januar  Janne Nygård og Vebjørn Sture

Side 8


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

TVANG – MÅ VI LÆRE SIDEMÅL?

14:43

Side 9


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:43

Det er på tide at elevene får velge selv. Lene Langemyr, Grimstad FpU, Agderposten ..

«Sidemål bør vere valfritt, for då kan du avgjere sjølv kva språk du vil bruke.» Dersom sidemålsopplæringa vert valfri, får elevar i åttande klasse i beste fall fridom til å velje kva språk dei vil lære – eller ikkje lære – på skulen. Sagt på ein annan måte: -åringar får høve til å velje bort kunnskap i norsk på eit tidspunkt då dei ikkje eingong kan velje fritt kva filmar dei vil sjå på kino. Det er å gje dei eit vel stort ansvar for eiga læring, fordi det kan få fylgjer for utdanning og yrkesval seinare i livet. Reell, varig valfridom føreset tvert om at alle får god opplæring i både nynorsk og bokmål. Den som meistrar begge skriftspråka, er fri til å velje kva skriftspråk han eller ho vil bruke. Ein slik valfridom varer resten av livet, og vert ikkje avgrensa av kva val du gjorde som pur ung. Poenget her er at til meir kunnskap skulen utstyrer deg med, til fleire valmoglegheiter får du seinare i livet. Å la det vere opp til -åringar å avgjere om dei skal snevre inn sine eigne moglegheiter eller ikkje, er direkte uansvarleg. I tillegg har vi erfaring med at valfritt sidemål 

Side 11


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:43

i praksis betyr ikkje noko sidemål. Frå  til  vart det gjennomført eit forsøk med valfritt sidemål ved ei rekkje vidaregåande skular i Oslo. Ein ting vi lærte av Oslo-eksperimentet, er korleis valfritt sidemål fungerer i praksis, eller rettare sagt: korleis det ikkje fungerer, særleg for dei som vil velje å ha sidemål. Under ei open høyring i Stortinget i etterkant av Oslo-eksperimentet (. oktober ) kom det fram at elevar som likevel ville velje sidemål, fekk eit svært dårleg undervisningsopplegg. Elevar frå ein forsøksskule fekk tilbod om sidemålsundervisning etter skuletid eller i fritimane. Til saman fekk dei berre fire –  – timar sidemålsundervisning gjennom alle tre åra på vidaregåande. Ein av elevane uttrykte det slik: «Viss dette skulle vere eit reelt forsøk på korleis det kan verte i Oslo-skulen eller i skulen i Noreg framover, så er det urealistisk å tru at nokon vil velje å ha to skriftlege målformer – viss det eine medfører mykje meirarbeid heime og dårleg oppfylging på skulen.»



Side 12


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:43

Norsklærere er pålagt å drille elever i en språkform de senere ikke kan bruke. Lærarane Eli Sandem, Cecilie Mileman og Merete Henden, Aftenposten ..

«Eg kjem ikkje til å få bruk for nynorsk.» Det aller meste du lærer på skulen, kan du unngå å få bruk for. Ei slik innstilling innsnevrar likevel moglegheitene dine dramatisk. Du må forstå algebra for å verte ein god programmerar. Du må kunne samfunnsfag for å vite korleis du kan forandre. Og du må meistre nynorsk for å kunne fylle ulike typar jobbar på mange forskjellige område. Nettopp det siste er det viktig å presisere. Eit argument som mang ein norsklærar halvhjarta har framført, er at du må svare på brev på nynorsk dersom du jobbar i statleg forvaltning. Det er for så vidt sant, og det er snakk om ein heil del jobbar, men det er langt frå dei einaste. Som journalist, advokat, revisor, lærar, informasjonsrådgjevar og i ei rekkje andre jobbar kan du måtte bruke både nynorsk og bokmål om kvarandre. Ikkje alltid fordi du er pukka nøydd, men ofte også fordi det kan vere ein konkurransefordel å tilby tenestene dine på oppdragsgjevaren sitt språk. 

Side 13


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:43

Det å vere skrivefør i både nynorsk og bokmål gjer det dessutan lettare å busetje seg kvar som helst i landet. Som tenåring veit dei færraste kvar dei kjem til å bu resten av livet. Kanskje endar nettopp du opp med partnar og ungar i eit nynorskområde. Då hjelper det ikkje å skulde på at du ikkje kan nynorsk. Ungane dine, som i eit slikt tilfelle har nynorsk som hovudmål, kjem til å trenge hjelp med leksene likevel. Vi må også hugse at det vi «får bruk for», ikkje i seg sjølv er det einaste kriteriet for kva vi skal lære på skulen. Der skal vi lære mykje som vi kunne fått bruk for i heilt andre yrke enn det yrket vi endar opp med. Dei fleste vert ikkje kokkar, tekstildesignarar eller personlege trenarar. Likevel lærer elevane både matlaging, strikking og kroppsøvingsteori på skulen. Og det er i grunnen ikkje meir merkeleg enn at alle også lærer kjemi, grammatikk og framandspråk, jamvel om mange yrke ikkje krev slik kunnskap. Skulen er ikkje ein rein arbeidstakarfabrikk, som berre eksisterer for å utstyre oss med dei kunnskapane vi treng for å verte lønsame tilsette. Mykje av det vi lærer på skulen, lærer vi for å vekse som menneske, utvide horisonten og byggje eit breiare grunnlag for å utfalde oss resten av livet – både privat og i yrkeslivet.



Side 14


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:43

Altfor mange elever har for dårlige ferdigheter i lesing og skriving. Vi vil at de skal konsentrere seg om sitt hovedmål. Skulebyråd i Oslo, Torger Ødegaard, i Nettavisen ..

«Elevar vert flinkare til å lese og skrive om dei får konsentrere seg om hovudmålet sitt» Det er ingen ting som tyder på at du vert flinkare i språk om du berre konsentrerer deg om eitt språk. Tvert om har internasjonal språkforsking slått fast at til fleire språk du lærer, til betre vert du i språk. Og dette gjeld ikkje berre heilt ulike språk som norsk og kinesisk, men òg ganske like språk. Ei undersøking utført ved NTNU i  viser at folk som skriv nynorsk ofte, er flinkare i bokmål enn dei som skriv lite nynorsk. Det held altså ikkje å berre lese nynorsk for å oppnå betre resultat, du må òg meistre skriftspråket. For at norske elevar skal dra nytte av fordelen ved å vere tospråkleg, er det ein føresetnad at dei faktisk lærer begge dei to norske skriftspråka. Elevane i Sogn og Fjordane er eit godt døme på at det løner seg å meistre begge skriftspråka. Dei gjer det godt til eksamen og på nasjonale prøver, fordi dei er reelt tospråklege. Men det er ikkje berre i norskfaget dei gjer det betre enn landsgjennomsnittet. Også i andre fag har dei generelt 

Side 15


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:44

betre karakterar. Eit forskingsprosjekt skal no vurdere om det å vere tospråkleg også utvidar evnene til å tileigne seg kunnskap generelt. For desse elevane er det enkelt å bli tospråklege: Dei skriv nynorsk som hovudmål, og får samstundes bokmål inn med morsmjølka, sidan språket er overalt elles i samfunnet. Elevar i bokmålsområde med bokmål som hovudmål er meir avhengige av ei sidemålsordning som fungerer. For vi vil vel lære meir, ikkje mindre? Eit vanleg argument for å gjere sidemål valfritt er å vise til resultata frå sidemålsforsøket i Oslo. Enkelte sidemålsmotstandarar framstiller forsøket som ein suksess, mellom anna ved å hevde at elevane vart mykje betre i hovudmål av å sleppe sidemål. Det er på tide å stikke hol på heile denne retoriske ballongen, ein gong for alle. Å nytte Oslo-eksperimentet som argument er verdilaust – av fleire grunnar: . Forsøket er ikkje truverdig. Dei politiske motiva for forsøket er ei sak for seg, men endå verre er måten forsøket vart planlagt og gjennomført på. Forsøket hadde ei rekkje målsetnader, og ei rekkje ulike tiltak. Kva som faktisk verka inn på kva, er uråd å seie. Forsøket vart sett i gang før forskingsprosjektet var utarbeidd. Med andre ord: Dei som skulle evaluere forsøket, var ikkje 

Side 16


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:44

med frå starten av. Høvet til å samanlikne forholda før, under og etter forsøket, vart for dårleg. Ingolv Austad, dåverande leiar ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret), sa det slik: «at forsøket vert sett i gang før eit forskingsprosjekt er utarbeidd, nærmar seg det utvitskaplege. Det bryt med elementære krav til eit forskingsprosjekt.» Professor i lesevitskap Bjørn Kvalsvik Nicolaysen meinte på si side at «[p]rosjektet har ei form som kompromitterer ideen om etterprøveleg, open forsking». Fagmiljø ved Universitetet i Oslo, Høgskolen i Oslo, Høgskulen i Volda, Lesesenteret i Stavanger, Språkrådet og Göteborgs Universitet takka alle nei til å vere med på prosjektet. Enden på visa vart at forskingsinstituttet NIFU STEP (no NIFU) tok på seg oppgåva etter fyrst å ha takka nei. . Resultata kan ikkje koplast til sjølve sidemålsfritaket. Dersom vi likevel tek forsøket for god fisk, er det vanskeleg å skilje ut kva effektar som kom av kva slags tiltak. Elevane skulle ikkje berre verte flinkare i hovudmål, dei skulle også verte betre til å lese og framstille ting munnleg. Vidare skulle dei få betre haldningar til norskfaget generelt og til sidemålet spesielt. Kvar målsetnad hadde fleire ulike tiltak. Den viktigaste målsetnaden var at elevane skulle verte 

Side 17


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:44

betre i hovudmålet. Valfritt sidemål var berre eitt av mange tiltak for å oppnå dette, ved sida av mellom anna mappevurdering og «kompetanseutvikling» av lærarane. Kanskje kunne eit vitskapleg og seriøst gjennomført forsøk, som berre gjekk ut på å måle korleis karakterane vart påverka av valfritt sidemål, sagt noko om årsakssamanhengen mellom tiltak og resultat. Men i ei så innfløkt røre av målsetnader og tiltak som Oslo-forsøket utgjorde, ser dette ut til å vere tilnærma umogleg. . Resultata er ikkje eintydige. Karakterutslaga er dessutan svært små og slett ikkje eintydige. Ifylgje rapporten fekk forsøkselevane betre karakter i hovudmålet, ein auke på , karakterpoeng i standpunkt og , poeng til eksamen. Elevane som ikkje valde bort sidemål, fekk på si side også karakterframgang – faktisk større i standpunkt (, poeng), om enn mindre til eksamen (, poeng). Dersom det stemmer at det å konsentrere seg om hovudmålet gjer deg betre til å lese og skrive, kvifor hadde også dei som ikkje konsentrerte seg om hovudmålet, ein liknande karakterframgang under forsøket? Og kvifor held sidemålsmotstandarane så tyst om denne konklusjonen i rapporten: «Forsøket ser ut til å ha 

Side 18


Kva skal vi med sidemål ferdig:Layout 1

14-01-13

14:44

hatt en svak negativ effekt på det generelle nivået for avgangskarakterene på VK»? Dersom vi skal tru rapporten, førte Oslo-forsøket til at elevane fekk ein negativ effekt på -, karakterpoeng på gjennomsnittskarakterane frå Vg. Det kjem merkeleg nok ikkje fram så veldig ofte.



Side 19


Kva skal vi med sidemål?