Klimaboka. På cruise dit verda smeltar

Page 1


© 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no

omsl ag , sat s & i l lus t r a s jona r : Øystein Vidnes bok a e r se t t med dtl Documenta p r i n t e d i n Norway pa pi r : 90 g Munken Print Cream t ry k k : Valdres Trykkeri AS, Fagernes i sbn 978-82-521-7814-2 Forfattaren har motteke støtte frå Det faglitterære fond og Svalbards miljøvernfond.

Til Viljar, Astrid, Simen – og Styrk og Vinjar – framtida

klimaboka-tredjekorrektur3.indd 2

09.08.11 14:46


sigr i sandberg meløy

Klimaboka pĂĽ cruise dit verda smeltar

Samlaget Oslo 2011

klimaboka-tredjekorrektur3.indd 3

09.08.11 14:46


innhald

i same båt 7

ein l i t en pr at med f r am t ida 15

ei t fly tande par adok s 21

jor dk lu mpen vår 25

konsek v ensane 34

stor e , k jappe tal f rå k ina 42

Dag 1, måndag: Nordkapp 44

Dag 2, tysdag: Bjørnøya 46

t ur isme– ber r e for moro skul d? 50

Dag 3, onsdag: Van Keulen 59

hav et – ei t w il d car d 61

u t sl et t ing 66

in t er nasjonalt v isvas 67

Dag 4, torsdag: Prins Karls Forland 77

Dag 5, fredag: Ny-Ålesund 83

for sk ing og for st y r r ingar 87

dei for bask a jour nal istane 99

Dag 6, laurdag: Raudfjorden, Moffen, Ytre Norskøya 106

isbjør nen som s y mbol 109

klimaboka-tredjekorrektur3.indd 4

09.08.11 14:46


sjampis på nor dpol en og ei t k appløp 115

Dag 7, søndag: Isfjorden 122

super duper nasjonen nor eg 123

sat el l i t tane ser deg 133

k va er gal e med hjer nen ? 141

løysingar 150

k va k an/bør/må v i gjer e? 156

c h r i s t e r h e e n sko t l a n d , koordinator for Senter for fornybar energi, ntnu 156

f rode fa n e bu s t, økonom og forfattar av boka Selvbedraget 158

si v j e nse n , leiar i Framstegspartiet 160

e r i k sol h e i m , miljø- og utviklingsminister 162

bj ør n l om borg , tidlegare klimaskeptikar 164

j e n s s t olt e n be rg , statsminister 165

Frå Facebook-konversasjon med ungdomane i Longyearbyen 167

ta k k t i l 170

l i t t e r at u r l i s t e 172

klimaboka-tredjekorrektur3.indd 5

09.08.11 14:46


klimaboka-tredjekorrektur3.indd 6

09.08.11 14:46


i same båt Innleiing

ja n ua r 2 0 1 0, t h a i l a n d : Det er så heitt at eg smeltar. Over 30 grader, heldigvis ein liten bris frå havet. Og nett då eg sit sånn ved bassenget og renn vekk, kjem det ei lita jente symjande med oransje armringar. – Julenissen må passe seg når Nordpolen smeltar, seier ho. Ho heiter Erle og er tre og eit halvt år, og eg har aldri sett ho før, og eg skal sannsynlegvis aldri sjå ho att, men ho seier dette, og eg kjenner at eg frys på ryggen, og at sveitten stivnar. For eg er faen ikkje god. Her skal eg skrive bok om klima, og før eg er ordentleg i gang, reiser eg på ferie til Thailand med heile familien min. Flyr i 25 timar til saman, bruker air condition og får nye, reine, kvite handklede kvar dag. Og så ser eg på Erle og smiler til ho og seier: – Det har du sanneleg rett i. Og så ler eg ein litt sånn høfleg vaksen latter, og løftar augebryna då eg smiler til faren. For veit vi det ikkje no? At Nordpolen smeltar, for ikkje å snakke om isbrear, Grønland, Antarktis. At fleire land kjem 7

klimaboka-tredjekorrektur3.indd 7

09.08.11 14:46


til å forsvinne heilt under vatn. At hordar av menneske allereie kan definerast som klimaflyktningar. At vêret blir villare og våtare. Nyhenda bombarderer hjernen vår, kvar einaste dag, og nokre seier dei er så leie av klimaet at dei vil spy, og andre høyrer ikkje etter lenger. Skeptikarane finst i alle variantar, dei blir fleire og fleire og nektar for både det eine og det andre – medan media held fram å pøse ut nyhende som krasjar med nyhenda dei presenterte dagen før: Isbreane veks likevel. Det er mindre forureining enn ein hadde trudd. Forskarar finn feil i fns klimarapportar. Og så kjem ein iskald vinter, og vi heilt vanlege står her, som forvirra, forvridde, makteslause spørsmålsteikn. For kva er det som skjer? Og kven skal vi tru på? Eg veit ikkje. Og dette er så viktig at eg trur eg må spørje nokon alt no – sjølv om vi berre er i innleiinga og eigentleg ikkje har byrja heilt enno. Helge Drange er klimaprofessor og er ein av dei norske forskarane som skriv for fn. Ettersom det ikkje finst noko verdspoliti eller ein verdsdiktator, har fn ei nøkkelrolle i å få land til å snakke saman om klimaspørsmålet. fns klima­panel blei oppretta i 1988 og har sidan kome med fire hovud­rapportar. Forskarar over heile verda har vore med og skrive desse rapportane, som blir sett på som det viktigaste grunnlaget for verdas klimapolitikk framover. Helge Drange er ein flink professor, han har vunne pris fordi han er så god til å snakke med sånne journalistar som meg. Og Drange skal altså hjelpe meg med denne boka og kjem til å dukke opp med dei lure setningane sine både her 8

klimaboka-tredjekorrektur3.indd 8

09.08.11 14:46


og der framover. Han seier det er bra å vere skeptisk. Det driv forskinga framover. Han seier vi ikkje kan stole berre på media. Journalistane lèt seg lure – og gløymer å stille gode kontrollspørsmål, meiner han. – Så kva skal ein lese for å skjøne kva som går føre seg? Helge meiner vi bør gå inn på Klima- og forureiningsdirektoratets heimesider (www.klif.no). Her ligg ei norsk oppsummering av fns fjerde klimarapport – og fleire gode faktaark. – Og så – neste gong du les noko eller nokon kjem med motargument, kan du stille kontrollspørsmål. Dermed unn­ går du ein heil masse forvirring og sausing, seier Helge. Olav Orheim, tidlegare direktør ved Norsk Polarinstitutt, som driv forsking i kalde strok, på toppen og botnen av globusen – meiner mykje har gått på trynet i formidlinga av klimakatastrofen. – Vi har gått i ei felle. Vi trur vi må vite alt. Forskarane har ikkje kommunisert godt nok, og vi er stuck i ein diskusjon om desse temperaturendringane er menneskeskapte eller ikkje. Det er det folk diskuterer, ikkje det vi eigentleg bør diskutere, nemleg: Kva bør vi gjere? Vi veit meir enn nok til å byrje gjere noko, seier han til meg. Vi veit meir enn nok til å gjere noko, det er godt sagt, synest eg, og difor gjentek eg dette òg – og skriv det med store bokstavar. Når eg skriv denne boka, er det faktisk slik at forskarane aldri har vore meir einige om at klimaendringane er i gang og kan få enorme konsekvensar. Og aldri har folk brydd seg mindre. Men det avløyser berre nye spørsmål: For kvifor? Kvifor gjer ingen noko då, når verda blir varmare og er full av 9

klimaboka-tredjekorrektur3.indd 9

09.08.11 14:46


kloke folk med massevis av utdanning og vi aldri har visst så mykje som vi gjer akkurat i dag? Kvifor kollapsar alle internasjonale forsøk på samarbeid? Kvifor greier vi ikkje stogge utsleppa, stogge oppvarminga? Alle menneske lever først og fremst i si eiga vesle boble. Er det det som er det største problemet av alt? At vi eigentleg, om vi skal vere heilt ærlege, drit litt i alt som skjer langt borte og med folk vi ikkje kjenner? Vi rynkar kanskje augebryna så vidt når vi høyrer om oljekatastrofen i Mexicogolfen, om flaumen i Pakistan og i Australia, og er det ein i den næraste krinsen som har fått spysjuka, slepper vi kan hende til og med eit «uff» ut av munnen … Er det slik vi er skapte? At vi må stå til rumpa i flaumvatn eller smelta permafrost før vi skjøner alvoret? Er vi altfor flinke til å fortrenge det vi ikkje liker å høyre? Så kva er det eg vil? Kva er dette for ei bok eigentleg? Det er ei tynn flis. Som eg håpar du får plass til i jakke­ lomma di. Ei lita klimadebattbok utan plass til altomfattande, gode svar. Og det er umogleg å touche innom absolutt alle kontinent, argument og menneske på desse små sidene. Men eg har lufta nokre problemstillingar og paradoks for deg allereie, og eg skal innom fleire. Måten eg vil gjere det på, er å ta deg med på ei reise dit eg bur, nordover til Svalbard – eit smørauge i grauten av klimaendringar. Nordområda har blitt løfta fram i offentlegheita og blir sett på som svært viktige. Kjendisar og viktige personar frå heile verda er stadig på vitjing. Politikarane inviterer med seg venner og kollegaer, landar i Longyearbyen, flyr vidare nordover i helikopter, kikkar på alt det vakre og kallar Svalbard eit utstillingsvindauge. Her går visst oppvarminga dobbelt 10

klimaboka-tredjekorrektur3.indd 10

09.08.11 14:46


så raskt som andre stader. Det var ein varm periode her på 1920–40-talet, men no har gjennomsnittstemperaturen gått opp tre heile grader sidan 1975. Og skal stige åtte grader til i dette hundreåret. Permafrost, brear og polis smeltar – og isbjørnen hoppar frå flak til flak og skal visstnok snart vere utrydda. Dessutan er det sjukt med forureining her i det som skal vere verdas best bevarte villmark: pcb, ddt, kfk – og ein heil haug med nye gifter som skulle erstatte desse gamle. All mogleg slags skit hopar seg opp her i nord på grunn av hav- og luftstraumar. Og som ikkje det skulle vere nok: På denne øygruppa finst også dei einaste kolgruvene i Noreg. For å kome til Svalbard skal vi sigle over havet. Medan vi kan velje mellom sju ulike dessertar kvar dag etter middag og kan sjå ut på alt det vakre, alt som skal forsvinne, og midnattssola. Vi skal på klimacruise, i ei luksusskute, ei hurtigrute som heiter «Fram». Oppkalla etter den gamle skuta til vitskapsmannen, polarhelten og humanisten Fridtjof Nansen – fødd for nøyaktig 150 år sidan. Klimareisa blir marknadsført som eit cruise og er open for alle som har råd. Forskjellen på dette og eit vanleg cruise er at Hurtigruta har invitert med fagfolk til å halde foredrag om klima og den slags så vi blir litt klokare. Båten blir lasta full av folk og diskusjonar og symbol. For vi er jo i same båt, alle mann alle på denne kloden. Anten vi vil eller ikkje. Og når vi er om bord i skuta og siglar, siglar vi i skråskrift her i boka. Og eg skriv «vi» for eg vil at du òg skal vere med. Eg skal ta deg med inn i samtalane, inn i problema. Du skal få vere med på middag, og du skal få vere med i boblebadet på dekk sju, der er det god utsikt. Så i tillegg til å vere ei debattbok blir dette òg ein situasjonsrapport frå nord. Slik ser det ut her, akkurat no. 11

klimaboka-tredjekorrektur3.indd 11

09.08.11 14:46


Undervegs hoppar eg av og til av skuta for å forklare litt om kva som eigentleg skjer med verda. Og kva konsekvensar det får. Og kva ein klimamodell eigentleg er. Nokre av avstikkarane blir reine faktabolkar, andre blir meir diskuterande. For eg vil vise fram litt av alt snakket i og rundt klimadebatten òg. Eg skal diskutere om det finst noko som heiter miljøvennleg turisme, før eg tek for meg havet vi siglar på – og korleis samfunn i tidlegare tider blei utsletta. Kvifor er det så vanskeleg å få gode internasjonale avtalar på plass, og korleis kan ein unngå å bli klimadeppa? Eg skal stille kritiske spørsmål til forskarane og media si rolle i klimadebatten. Og mumle litt om isbjørnen som symbol for heile oppvarminga. Etter kvart tankesprang skal vi lande på dekket til Hurtigruta att, og du skal få sjå dette vanvitig vakre dyret i kikkert, før vi siglar vidare, nesten til Nordpolen. Så vi får snakke litt om det 4000 meter djupe polhavet òg. Kvifor vil alle dit og drikke sjampanje – og kven eig eigentleg toppen av jordkloden? Når vi snur og siglar sør att mot Longyearbyen, skal eg snakke litt om Noreg, som meiner det er fullt mogleg å vere olje- og kol- og miljønasjon på same tid. Og kva satellittane eigentleg driv med høgt der oppe over oss. Mot slutten lurer eg på kvifor vi er så skeptiske – og på kva som skjer med hjernen vår når han blir pøsa altfor full av informasjon. Eg må jobbe litt for Hurtigruta for å få vere med. Når vi går i land, ber eg rifle i lag med dei andre guidane i tilfelle vi møter isbjørn. Eg skal skrive ein blogg for dei òg. Hurtigruta får lese gjennom det eg skriv om dei, før boka går i trykken, men eg skal få skrive det eg vil. Og det gjer eg. Innimellom kvessar eg tastinga litt for å tøffe meg, eller for å få fram eit poeng. Og heile tida skal eg 12

klimaboka-tredjekorrektur3.indd 12

09.08.11 14:46


pøse ut spørsmål, til alle eg møter. Eg skal spørje om mykje, men eitt spørsmål skal gå igjen og igjen. Fordi eg synest det er det viktigaste, nemleg: Kva kan, bør og må vi gjere? Det skal eg spørje både statsminister Jens Stoltenberg, Frp-leiar Siv Jensen, miljø- og utviklingsminister Erik Sol­ heim, tidlegare miljøskeptikar Bjørn Lomborg, økonomar, ungdom i Longyearbyen og folk eg møter på båtturen, om. Og dei skal få svare. Så godt dei berre kan. Nokre av svara kjem undervegs, nokre heilt bak i boka, som er via løysingane. For vi må jo finne ut av dette. Heilt til slutt skriv eg litt om kven eg har lena meg på, kor eg har henta fakta frå. Og etterpå, etter båtturen og etter boka, håpar eg du kan halde fram, med å mase og stille spørsmål, til deg sjølv, ut i lufta, til vennene dine, til det du les i avisa og på nettet, til lærarane, til foreldra dine – og ikkje minst: til dei som styrer og steller og stullar heime i dette landet på toppen av jordkloden. Spørsmål er mykje av vitsen, iallfall med denne boka. Men no må vi setje i gang. Eg har så mange spørsmål i hovudet at det gjer vondt. Eg må sleppe dei laus, ut av kroppen og ut i verda, desse spørsmåla. Blir du med?

klimaboka-tredjekorrektur3.indd 13

09.08.11 14:46


klimaboka-tredjekorrektur3.indd 14

09.08.11 14:46


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.