Ikkje alle gjorde motstand under krigen

Page 1



Jon Hjørnevik

Ikkje alle gjorde motstand under krigen

Samlaget Oslo 2018

Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26621

12/03/18 11:20



S ID E

DA

GA

AN

26623 R SID

«My wife and I tried two or three times in the last 40 years to have breakfast ­together, but it was so disagreeable we had to stop.» Winston Churchill

Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26623

12/03/18 11:20


Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26624

12/03/18 11:20


S ID E

DA

GA

AN

26625 R SID

Innhald Kapittel 1 Lynkrig, lynsjing og lyging  Side 26629 Bollekrig i bollebakeriet Det verste eg veit, det er ikkje krig Eg er løva på jakt Dei fekk berre søner Elvira kom ein Jonsokkveld Sersjant Goggen flekte ræv Skyt meg på ein sundagskveld Lyg til meg, Vigdis Hei, Hitler Kapittel 2 Proviant, panser og pikkpakk  Side 26649 Kystens hore, Magga Higen, 1905–1946 Kampen for å få kvardagen til å gå i hop Kommunekannibalens kampsong Far min køyrer meg rundt og fortel veldig lokal lokalhistorie Proviant må lagast frå grunnen av når det kjem austlendingar til gards Naud lærer naken slekt å gå over streken Det er stille før stormen

Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26625

12/03/18 11:20


Kapittel 3 Totalkrig, kriser og kaktus  Side 26665 Kva skal puddingen heita? Eg kjempar mot min fetisj Det storslagne familieferiediktet Brannbombe frå Kommunepyromanen Heltedekorasjonar og bryllaupsgåver Du skal få deg når kaktusen blømer! Kampen for fleire feriedagar gjennom meir enn hundre år Kapittel 4 Fiende, forsvar og frustrasjonar  Side 26681 Du vil ikkje ha ein slagen mann «Majoren» eg bur med spelar kornett Krigsheltar i slekta Maktmisbruk i enkeltmannsføretaket Eg har påhengsmotor Eg er lei meg når du reiser til fronten Den grusame historia gjentek seg Eg går med skjerf i Oslo Eg trekkjer meg ned i skyttargrava

Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26626

12/03/18 11:20


S ID E

DA

GA

AN

26627 R SID

Kapittel 5 Mann, minne og maskingevær  Side 26701 Krigsheltar i slekta II Onkel Siggen har ein gamal Saab Kven skal arva sundagserviset? No står røyken ut av ræva Eg trudde at far min var borte Min rekordkamp held fram Krigens regel nummer 1: Eg kan ikkje læra far min å drikka Ei stinkbombe til far Kapittel 6 Fred, forhandlingar og faenskap  Side 26719 Eg vil vera fredeleg Vert eg løvenes konge i mitt neste liv Fredsforhandlingar og dialog Kommunemobbarens slagmark Overtalingas kunst inntek Banak Hotel Du må ikkje sova i timen Eg ber om fred med ein blomekvast Den siste kamp

Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26627

12/03/18 11:20


Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26628

12/03/18 11:20


S ID E

DA

GA

AN

26629 R SID

Kapittel 1 Lynkrig, lynsjing og lyging

Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26629

12/03/18 11:20


Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26630

12/03/18 11:20


S ID E

DA

GA

AN

26631 R SID

Bollekrig i bollebakeriet Den hausten eg vart laga jobba mor på bakeri, det var eit bakeri dei laga mange bollar i. Den hausten eg vart laga var det ei hektisk tid, spesielt i Bakar-Iversen sitt bollebakeri. Hausten eg vart laga jobba mor på bakeri, han far kom svolten innom kvar gong han hadde tid. Hausten eg vart laga, kva hendte den gong, då? For bakar-Iversen har søner som eg også liknar på. Kven er eigentleg far min, var far min rette mann? Til klinikken kom to andre kandidatar i tillegg til han. Den dagen eg vart fødd møtte fleire stolte menn, far min, bakarens søner og sjølve Bakar-Iversen.

Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26631

12/03/18 11:20


Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26632

12/03/18 11:20


S ID E

DA

GA

AN

26633 R SID

Det verste eg veit, det er ikkje krig Det verste eg veit, det er ikkje krig, men han som kjem på besøk og går rundt i stova og stig. Det verste eg veit, det er ikkje strid, men han som inviterer seg sjølv og er overgladblid. Det verst eg veit, det er ikkje kamp, men han som brått ringjer på og er tørst som ein svamp. Det verste eg veit, det er ikkje blod, men han som stikk innom og som slår seg til ro. Det verste eg veit, det kan verkeleg svi, så no kjem eg på besøk, og eg kjem for å bli.

Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26633

12/03/18 11:20


Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26634

12/03/18 11:20


S ID E

DA

GA

AN

26635 R SID

Eg er løva på jakt Eg er løva på jakt, på jakt etter bøffel som eg kan eta til kvelds med brun saus og trøffel. Eg er løva på jakt, på jakt etter kvinna, på jakt etter gunsten til løvegudinna. Eg er løva på jakt etter markens grøde, til løvegudinna kjem eg med føde. Eg er løva på jakt som kviler i skuggen, men noko er gale, eg kjenner meg uggen. For eg vaknar i stova og ser ingen bøffel, men høyrer ei stemme: «Gå i butikken, din tøffel!».

Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26635

12/03/18 11:20


Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26636

12/03/18 11:20


S ID E

DA

GA

AN

26637 R SID

Dei fekk berre søner Dei fekk berre søner, uansett kva dei gjorde, om dei stod på i senga eller på bordet. Dei fekk berre søner, dei prøvde det meste, i bilen, på eit panser, på eit tilhengarfeste. Dei fekk berre søner, men var sterke i trua, det måtte komme ei dotter utav skrotten på frua. Dei fekk berre søner, dei fekk heile atten, men begge var utbrent med den nittande klatten. Dei fekk berre søner, særskild mannen var sliten, han sperra opp blikket då hans fru venta liten. For brått her ein haust var ei jente på veg, men det var årevis sidan dei hadde hatt seg.

Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26637

12/03/18 11:20


Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26638

12/03/18 11:20


S ID E

DA

GA

AN

26639 R SID

Elvira kom ein Jonsokkveld Elvira kom ein Jonsokkveld til bålet der me budde, eg og Frode var på krigstien, me var begge førebudde. Elvira kom i sommarskjørt, det var kortare enn kort, eg var lynraskt frampå og gjekk med småsteg bort. Elvira smilte vakkert, og eg smilte vakker att, Frode hang i bakgrunnen, det gjekk mot Jonsoknatt. Elvira nynna og dansa, eg vann min hanekamp, Frode gjekk sur i skuggen, eg feira og drakk som ein svamp. Men så drakk eg litt for mykje mens Frode helt seg kvit, Frode sneik seg fram til Elvira mens eg forfall i sprit. Eg tok nok ei halv ei på styrten og la snurt ein pinne på bålet, i bakgrunnen grynta Frode som låg med sin pinne i holet.

Ikkje_alle_gjorde_motstand_Innmat.indd 26639

12/03/18 11:20


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.