Page 1

2013  |  Bøker frå Samlaget

Det Norske Samlaget www.samlaget.no


bøker 2013 ©2013 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Jens Bjelkes gate 12 postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 oslo tlf.: 22 70 78 00 føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar. omslag: Øystein Vidnes (basert på omslaget til &me skal bli omskapte av Mariell Øyre & Jostein Avdem Fretland) konsept: Reaktor Design formgiving: Fredrik Eive Refsli fotografar: Forfattarportrett side 167


in nhal d

innhald gode lesar

5

6

SKJØNN L I T TERATU R F O R VAK S N E Romanar og noveller 10 Krim 24 Essay, lyrikk og drama 27 Pocket 42 Sniklesing 54 bøKe r f o r barn o g u n ge Leseland Peikebøker (0–3 år) Biletbøker (2–6 år) Barnebøker (9–13) Ungdom

66 72 73 87 95

f aKta o g do K u men tar Fakta og dokumentar Mat og handarbeid Pocket, fakta og dokumentar Høgare utdanning Ordbøker

110 132 144 149 158

Syn og Segn Vennelaget Samlagsrota Register

160 162 164

Marknadsavdelinga


Kjære lesar Stein til stein av Jon Fosse opna 2013 på Samlaget. Utover våren og førsommaren blei denne diktsamlinga folkelesnad, og ho er no kommen i tredje opplag. Ja, det finst berre éin Jon Fosse. Men dette seier også noko om gjennomslagskrafta til god lyrikk. Ingen andre litterære utrykk blir allemannseige på same måten som eit dikt. Kanskje spesielt når diktet set mennesket og naturen i sentrum og lèt dei eksistensielle spørsmåla få vekse fram rundt og mellom verselinjene, slik også Sindre Ekrheim og Terje Tørrisplass gjer i sine nye diktsamlingar. Debutanten Odd Eirik Færevåg skriv i diktsamlinga Dagane grå at «noko har stoppa opp, men det er ikkje sant det heller». Dette er berre to av linjene frå eit sanseleg og sårt dikt om nokon som ikkje finst meir. Eg synest likevel dei linjene kan stå for seg sjølv, så kan vi lese og tolke dei som vi vil. 2013-lista vår har elleve debutantar innan alle bokgruppene. To av dei har skrive roman saman, kjærasteparet Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland med & me skal bli omskapte. Endeleg følgjer Agnes Ravatn opp romandebuten frå 2007 med Fugletribunalet. Og Ragnar Hovland skriv e-postar, Einar Økland fotnotar, Magnhild Bruheim skriv for ungdom, og Olaug Nilssen skriv Stort og stygt-drama.


foror d  7

Vi har sjølvsagt ei rikhaldig liste for barn og unge, langt fleire vaksenbøker, bøker for høgare utdanning og ordbøker. I samband med Språkåret 2013 gir vi ut fleire bøker: Kristin Fridtuns Nynorsk for dumskallar, som viser kor enkelt det er å lære nynorsk, Sture og Nygaards Kva skal vi med sidemål?, som gir deg alle dei gode argumenta for opplæring i to skriftspråk, og Øyvind Vangsnes Språkleg toleranse i Noreg – Norge, for faen. Språkmeisteren Ottar Grepstad kjem med to bøker i haust, ein biografi om Ivar Aasen og almanakken Språksansen – Kalender om all verdas språk. Og vi har ei fin sakprosaliste utover desse også: Revejegerane på Jan Mayen, til dømes, eller Leik med maten!, som vi likså godt gir ut på norsk og engelsk over heile verda. Ver så god!

Edmund Austigard, forlagsdirektør


bøker 2013 ©2013 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Jens Bjelkes gate 12 postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 oslo tlf.: 22 70 78 00 føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar.

Skjønnlitteratur for vaksne omslag: konsept: Reaktor Design formgiving: Fredrik Eive Refsli fotografar: Forfattarportrett sjå: side x


sigrid merethe hanssen

sofia ei norsk kvinne reiser til ein gresk kystby. Ho leiger eit rom på ubestemt tid, for å fullføre eit skriveprosjekt. Sommaren går over i haust, byen blir tømt for turistar og tilværet hennar blir stadig meir prega av isolasjon. Ein dag møter ho Sofia, som arbeider på ein kafé i nærleiken. Denne jenta opptek snart all plass i tankane og skrifta hennar. Og då ho får for seg at Sofia er i fare, tek ønsket om å hjelpe overhand, og ho må kjempe mot krefter ho ikkje har kontroll over. Sigrid Merethe Hanssens første roman handlar om flukt på ulike plan, om galskap og om grensene mellom fiksjon og verkelegheit.

Lyse morgener og varmende middelhavssol til tross, mørket er aldri langt unna i Sigrid Merethe Hanssens debutroman (...) I Sofia balanserer Hanssen det vakre og vanskelige på en nydelig måte. Det er bare å la seg fortrylle og forvirre av denne boka, som både er lys, varm, mørkegrå og bekmørk, men aldri svart-hvit. Live Lundh, Vårt Land

rom a n | k r 3 5 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 7 0 1 i sa l

Språket er stilreint, mjukt og presist … Dette er ein tekst som opnar seg og vert levande og engasjerande. Odd W. Surén, Dag og Tid

sigrid merethe hanssen (f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang og har seinare gitt ut novellesamlinga Ingen heime og barneboka Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Hanssen bur på Finnsnes i Troms.


romanar og nov el l er

jan roar leikvoll

songfuglen Vakkert om det mørke og farlege sidan han vart fødd, har Jakoba levd som ei jente. Han har vakse opp hos mor og tante i ein by der det berre bur kvinner. No er han i ferd med å bli ein ung mann, og han får kjensler for ei jente. Det blir stadig vans­ kelegare å halde løyndommen skjult, men kanskje talentet kan redde han: Ingen syng så vakkert som Jakoba, og han begynner i lære hos den beste songlærarinna i byen. Samstundes, på andre sida av juvet, djupt inne i skogen, truar brøla frå mennene. Songfuglen handlar om einsemda som oppstår når verda ein trudde var trygg og meint å vare for alltid, viser seg å vere både farleg og umuleg. Nok ein gong skaper Leikvoll eit univers der heilt eigne reglar og livsvilkår rår for menneska. Songfuglen skildrar brutale og rå eksistensar, men er samstundes ført i eit omsorgsfullt og kjenslevart språk. Resul­tatet er skakande og vakkert på same tid.

11

rom a n | k r 3 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 7 2 9 u t g . se p t e m be r

jan roar leikvoll (f. 1974) skriv originale romanar der yttergrensene av menneskeleg erfaring blir skildra med nådelaus realisme. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008, deretter kom Fio­linane (2010) og Bovara (2012). Romanane har fått strålande kritikkar, og Leikvoll blir hylla som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i norsk litteratur.


erica löfström

sex, musikk og vold Ei ung kvinnes ferd gjennom helvete «eg prøvde å skriva dagbok. Men det fanst inga sanning i forteljinga. Berre ei parallell verd. Historia om Beatrice er ei slik verd. Ho har blitt til mellom løgn og sanning. Men det er ikkje ho som lyg. Det er eg.» Sex, musikk og vold er ei skildring av ei ung, sårbar kvinne si omsynslause ferd gjennom helvete. Skildringa er sterk og overtydande og gir innblikk i eit ungt sinn som er vikla inn i destruktive og nedbrytande handlingsmønster. Beatrice er rotlaus, einsam, seksuell utprøvande og eteforstyrra. Og ho hatar. Mest av alt hatar ho seg sjølv. Dette unge mennesket ber på ei destruktiv kraft. Til no har svart humor og eit skarpt og avslørande blikk på både seg sjølv og verda redda ho frå undergang. Beatrice flyg inn i ein tilstand der grenser blir stadig meir perifere. Ei verd ho kan halde ut. Ei verd der ho kan flyga frå skulda, frå seg sjølv. Ei verd av sex, musikk og vold.

rom a n | k r 3 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 5 8 6 u t g . aug u s t

Debutant

erica löfström (f. 1978) er frå Sverige, men bur og arbeider i Trondheim.


romanar og nov el l er

karin moe

virkelig­h eten karin moe er tilbake som skjønnlitterær forfattar med ein todelt konseptroman, éin del på bokmål og éin på nynorsk. Vi følgjer først eit sprikande kjærastepar og ein hund. Det er hunden som fortel, og såleis lèt oss møte skapningar på randa av språk og i barbariets randsone. Privat, personleg og offentleg er stikkord her. Den andre delen, lagd til 2031, er eit notat om Norsk Ordbok, og det er ein ufrivillig humoristisk dystopi som skildrar verkelegheita etter den store språkreforma eller den globale språkavlæringa. Frisk, poetisk og bitende satire om en framtid not so very far away (...) Moe balanserer letthet og alvor på en forunderlig måte, og det er en fryd å lese en så velskrevet – likevel utfordrende, og iblant innforstått – tekst. Jeg sverger: Det er setninger her som gir deg eufori. Susanne Christensen, Klassekampen

13

rom a n | k r 2 9 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 8 0 4 i sa l

karin moe (f. 1945) er forfattar og litteratur­kritikar. Ho debuterte med tekstsamlinga Kjønnskrift (1980) og har i seinare bøker markert seg som ein av dei mest eksperimenterande forfattarane i landet. Her er impulsar både frå postmodernisme, feministisk litteraturkritikk og moderne psykoanalytisk teori.


øystein orten

rasmus ­r ebellen Eit sunnmørsk nasjonalepos det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588–1666) folket til kamp mot overmakta. Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Forteljinga er lagd i munnen på fostersonen Aslak, som fortel med eit rikt språk og med stor innleving. Vi får oppleve 1600-talet og kampen småkårsfolket måtte kjempe mot naturen og den politiske overmakta, på nært hald. Denne storslåtte romanen vil ikkje berre appellere til dei som vil lese eit litterært portrett av ein spennande historisk skikkelse, men også til alle som er interesserte i historie.

rom a n | k r 3 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 3 8 2 u t g . se p t e m be r

øystein orten (f. 1962) er lektor og forfattar frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med Havflammen i 1995 og har seinare skrive både lyrikk, romanar og ei dokumentarbok. Han er etterkommar av hovudpersonen i denne romanen, Stor-Rasmus.


romanar og nov el l er

agnes ravatn

fugle­ tribunalet Fengslande roman om skam, skuld og soning tv-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tek ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis? I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?

15

rom a n | k r 3 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 2 3 8 u t g . se p t e m be r

Les meir ­under snik­ lesing s. 55

agnes ravatn (f. 1983) er forfattar og spaltist frå Ølen i Vindafjord. Sidan romandebuten i 2007 har Ravatn gitt ut fleire kritikarrosa og prislønte essaysamlingar, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit.


erlend flornes skaret

lucida Desperat kjærleikssorg i desperasjon forlèt den unge kunstnaren Robert Frahm Oslo og reiser til Syden, til Costa de la Luz, for å oppsøkje den tidlegare kjærasten sin, Maya Mesic. Han tek inn på eit hotell og oppdagar snart at han er i ferd med å fortelje heile kjærleikshistoria si til ei gruppe aldrande tyske turistar. Og medan han førebur den store framstøyten for å vinne Maya tilbake, går dei tragiske realitetane gradvis opp for han: Ho er nok allereie tapt. Robert har trudd han ikkje har noko å tape på gjenerobringsforsøket sitt, men står no på terskelen til fortapinga sjølv. Flornes Skaret skildrar kjærleiksbrotets brutale etterdønningar med språkleg sikkerheit, særmerkt observasjonsevne og varleik for omgivnadene.

rom a n | k r 3 5 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 2 3 5 u t g . se p t e m be r

erlend flornes skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo og er utdanna sivilingeniør. Han debuterte i 2011 med romanen Wrocław.


romanar og nov el l er

sigrun slapgard

englestien Vakkert og sårt om bror og søster julie dalgård har alltid hatt eit nært forhold til veslebroren. I alle år har Julie og Lasse dratt ut på ekspedisjonar, eit fellesskap med fantasifull leik og røff humor. Lasse var to år då dei mista mora, Julie var tretten og uvillig til å ta morsrolla. Ho ber på ei skuldkjensle for at ho valde sitt eige ungdomsliv og reiste frå veslebroren. Og når Lasse får ein alvorleg kreftdiagnose, blir Julie fanga av tanken om å ta han med tilbake til barndomstraktene for å vekke kamplysta. Englestien er ein roman om ei søster og ein bror som trassar ein dødsdom og legg ut på ei vandring i landskapet frå barndommen. For ein gongs skuld skal ho ikkje reise frå han. Lasse, derimot, prøver å få Julie til å gi slepp, for denne gongen er det han som må reise frå henne. Dette er ein frittståande oppfølgjar til Paradishagen.

17

rom a n | k r 3 5 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 9 2 0 u t g . ok t obe r

sigrun slapgard (f. 1953) er forfattar og arbeider også i NRKs utanriksredaksjon. Ho blei nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002), og har også skrive biografien om Sigrid Undset (Dikterdronningen, 2007). Paradishagen i 2011 var den første romanen hennar.


rakel solstad

men kva veit vi om barna Om barn i utsette posisjonar Men kva veit vi om barna er ei samling forteljingar frå tre barns liv. Sigge bur på internatet i kvardagane. Kvar sundag prøver han å få sleppe å reise tilbake. I Ro under vatnet blir leiken mellom to gutar skjebnesvanger. I forteljingane om Ida møter vi ei einsam jente og ein fosterheimsplassert gut som saman og kvar for seg prøver ut grenser. Rakel Solstad skriv om barn i utsette posisjonar. Arbeidet som pedagogiskpsykologisk rådgivar i skolen har gitt ho innsikt i strukturar som kan få negative verknader for utviklinga til eit barn, og grunnlag for å stille spørsmålet: Kva veit vi om barna?

nov e l l e r | k r 3 2 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 2 7 6 u t g . se p t e m be r

Debutant

rakel solstad (f. 1945). Fødd og oppvaksen i Kiberg, Finnmark, bur i Trondheim. Har arbeidd som lærar og i mange år vore pedagogisk-psykologisk rådgivar.


romanar og nov el l er

jens k. styve

friedland Odd Friedland er som Snåsamannen – berre utan dei gode intensjonane

19

odd friedland bur saman man hunden Laika, kona Tordis og sonen Kristoffer. Friedland har ingen jobb, men det vil ikkje seie at han ligg på latsida. Han har alltid eit utal prosjekt på gang, nokre mindre lovlege enn andre. Det er først når han oppdagar sine eigne åndelege og lækjande evner, at innteninga verkeleg skyt fart. Til Odd Friedlands irritasjon har sonen tilsynelatande ikkje arva den Friedlandske evna til å stå på og få ting gjort. Likevel har Kristoffer sine eigne lysskye aktivitetar på gang.  Styve pressar karakterane sine inn i situasjonar der dei blir nøydde til å ta fundamentale val. Bygdeuniverset handlinga er lagd til, er mørkt og småkorrupt, og ispedd solide dosar med humor og menneskeleg varme.

rom a n | k r 3 5 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 7 7 4 u t g . ok t obe r

jens k styve (f. 1972) er frå Hjelmås i Nordhordland. Han debuterte til strålande mottaking med romanen Eg, Ove Kvamme (2007). Styve arbeider i Tromsø som forfattar, illustratør og grafisk formgjevar.


kristin sørsdal

guds hund Mystisk og fascinerande roman ein nylærar set seg fast i lundegarna til ordføraren, og nykommarskamma avlar paranoide tankar. På ferja sit Fred Helmer. Han kjem heim i berre skjorta og utan sokkar i skorne, men i den mentale bagasjen har han fargerike kolibriar. Jenta i den gule jakka vender heim med lite anna enn smerte. Sansane opnar seg på vidt gap når ho går i land. Ei rift i verda gir endeleg næring til dei som drøymer om undergangen. Kven sa at det var lett å leve i opne landskap? Dette er ein fleirstemd roman. Tidslaga flyt over i kvarandre, men det er framleis den same fredagen. Staden er eit forblåst stykke land, omringa av hav. Kristin Sørsdal viste sterk originalitet alt i debutboka. Også i Guds hund er karakterane underlege, mystiske, fascinerande og fråstøytande.

rom a n | k r 3 2 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 3 3 7 u t g . se p t e m be r

kristin sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal og bur i Bergen. Ho debuterte med Makabre bikkjer. Guds hund er den andre boka hennar.


romanar og nov el l er

stein versto

nidaros Intenst trekantdrama nidaros er ei kjærleiksforteljing og eit trekantdrama. Romanen følgjer Peter, ein foreldrelaus gut som veks opp i eit kloster i Tyskland, Ben, ein komponist frå Oslo, og Birgitta, ein skodespelar med røter i Telemark. Romanen flettar saman fortida og notida og det indre og ytre livet til desse personane. Notidshandlinga tek oss med til Trondheim, som Ben har reist til for å begynne på eit nytt musikkverk. Her møter han Birgitta, som han tidlegare har hatt eit kjærleiksforhold til. Birgitta er i byen med ein gammal ven, Peter. Når desse tre møtest blir det ikkje muleg å halde fortida skjult lenger; alt må opp i dagen. Dei blir dermed nøydde til å møte alt dei ikkje visste om seg sjølv. Og det viser seg at dei alle er knytte saman på måtar dei aldri hadde drøymt om. Nidaros tematiserer korleis det vi ikkje hugsar, spelar aktivt med i livet vårt og formar relasjonar, reaksjonar og handlingar.

21

rom a n | k r 3 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 25 2 1 7 6 1 1 7 u t g . nov e m be r

stein versto (f. 1957) debuterte med novelle­samlinga Ho blei borte i trappene. Den fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1990. Versto har også skrive diktsamlingane Innfalda tid, minne (1995) og Snø i parti­t uret (2000). No er han endeleg tilbake med ny bok, og dette er også den første romanen hans.


jostein avdem fretland & mariell øyre

& me skal bli omskapte

under ein luftballong, i ein butikkvegg i Covent Garden, ligg det eit brev til Jakob Hov. Han er chocolatier i Paris og arveprins i familieverksemda, men når gamalonkelen hans døyr, lyt han til London og ta imot ein arv han ikkje har bedt om. Der treffer han Lucy, tremenningen han nesten hadde gløymt, men som slett ikkje har gløymt han. Og så er det Grace, som bur på loftet over butikken, utan at nokon heilt veit kven ho er. På nokre dagar blir alt snudd på hovudet, og Jakob finn ut at det ikkje berre er dei levande som har sterke meiningar om kva han bør gjera med livet sitt.  & me skal bli omskapte er forteljinga om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å få bestemma over sitt eige liv.

rom a n | k r 3 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 4 8 7 u t g . se p t e m be r

Debutant

jostein avdem fretland (f. 1990) er utdanna komponist, i tillegg til å vera musikar og skrivar. mariell øyre (f. 1990) er fotograf, bloggar og redaktør og held vanlegvis til på verdas største nynorskblogg, hjartesmil.


romanar og nov el l er

martin joensen

fiskarmenn Færøysk klassikar símun er ein hardtarbeidande fiskar om bord på sluppen Ørnen i mellomkrigstida. Forholda om bord er miserable, samhaldet dårleg og rivaliseringa sterk: «Símun såg straks han sette foten om bord, at mellom denne mannen og han kom det til å bli harde tak. Dette var ein mann som ikkje gav seg før ein av dei låg der.» Joensen skildrar framveksten av den færøyske klassekampen: opprøret mot rike reiarar og kjøpmenn som ikkje berre eig dei materielle verdiane, men også sjølve arbeidskarane og – jentene på land. Martin Joensens Fiskarmenn (1946) er ein klassikar i den færøyske litteraturen. Frå færøysk ved Lars Moa.

23

rom a n | k r 2 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 9 0 9 i sa l

Beskrivelserne af livet ombord på færøske fiskeskibe er fremragende, og giver en besk af­sløring af samfundets hier­arkiske opbygning. Jógvan Isaksen, Færøsk litteratur (Kbh. 1993)

martin joensen (1902–1966) debuterte med den første færøyske kollektivromanen, Fiskimenn (Fiskarmenn), i 1946. Martin Joensen har – saman med dei internasjonalt meir kjende forfattarane William Heinesen og Heðin Brú – ein sentral plass i færøysk litteratur. lars moa har omsett 16 bøker frå færøysk til norsk, og er blant anna blitt heidra med Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for arbeidet med å styrke sambandet mellom Noreg og Færøyane.


thore e. helland

farleg ­kreditt Kor langt er du villig til å gå for å redde livet? rockemusikaren Alvin Evjo er på veg for å nå igjen ekskjærasten som han angrar på at han kasta ut av leilegheita i Bergen. Idet han set seg inn i den gamle Volvoen, ringjer faren. Edgar Evjo har gjeld til langt over pipa etter å ha vore involvert i eit mislykka hotellprosjekt saman med broren, Martin. Den litauiske mafiabossen Vanagas har gitt Edgar ein frist på to dagar til å skaffe 640 000 kroner. Men Edgar manglar betalingsevne. Like blakk er Alvin, men han tek likevel på seg å hjelpe faren. Utan aning om kva dei skal gjere, reiser dei heim til det gamle huset i Øystese. Først når Alvin får barndomskameraten Erik med på laget, lausnar det. Den tidlegare drapsdømde kameraten har ingen sperrer, og han har ein dristig plan. Ein hardangerkrim med torpedoar, smuglarsprit og tragiske familieløyndommar.

k r i m | k r 329,– i sbn: 9 7 88 2 5 2 1 8 3 3 1 3 u t g . se p t e m be r

thore eithun helland (f. 1965) er oppvaksen i Hardanger. Han jobbar i dag som advokat i Oslo. Farleg kreditt er den tredje romanen hans. I 2003 debuterte han med Bitterhonning Blues, og i 2008 kom Natta blir til regn.


k r im

kroken & kolden

døden kjem med bussen ein buss med ein død passasjer om bord kjem til Vågå. I Lom stig ei mystisk kvinne av ein annan buss. Fleire i bygda lid ein brutal, brå død. Lensmann Sylfest Seljestad og betjent Jørgen Vold må løyse ei vanskeleg sak som har djupe røter i fortida. Om Evig skal døden vera:

25

Dette er vårens beste norske krim. Sjarmerende bygdekrim med gode karakterer. Torbjørn Lysebo Ekelund, Dagbladet Fortellerens synsvinkel skifter fra kapittel til kapittel, noe som gir dynamikk og variasjon i teksten – og det fungerer svært godt. Anette Os, Fædrelandsvennen

k r i m | k r 259,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 7 9 8 i sa l

kroken & kolden er Vigdis Kroken (f. 1964), journalist, og Ragnhild Kolden (f. 1956), bokhandlar. Begge er frå Lom. Ragnhild Kolden debuterte hausten 2010 med romanen I krig og kjærleik. I 2011 kom første bok i serien med krimbøker frå Lom, Evig skal døden vera.


lars mæhle

den mørke porten ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same stad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tidlegare. Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Hennar gamle venn og mentor, den pensjonerte psykologiprofessoren Trygve Winther, viser seg å bli til stor hjelp. Snart blir det klart at dei står overfor ein seriedrapsmann besett av hemn. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i jakta på fienden, ikkje minst sine eigne. Om Korea. Noveller om kjærleik (2011): Lars Mæhle er en varm skildrer av det gjenkjennelige. Ellen Sofie Lauritzen, Dagsavisen … ein framifrå observatør Sofie Braut, Stavanger Aftenblad

k r i m | k r 369,– i sbn: 9 7 88 2 5 2 1 8 0 8 2 4 i sa l

Langt over godkjent krimdebut Pål Gerhard Olsen, Aftenposten Lars Mæhle er en av våre mest prisbelønte barne- og ungdomsbokforfattere. Skrive krim kan han også! Jørn Lier Horst,

Allereie selt til Tyskland og Italia!

lars mæhle (f. 1971) debuterte med ungdoms­romanen Keeperen til Tunisia (2002), seinare filmatisert med stor suksess som Keeper’n til Liverpool. Mæhle har skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom, m.a. den prislønte fantasyromanen Landet under isen (2009).


k r im essay, ly r ik k , dr ama

sindre ekrheim

ho kjem fram I regnet Vakre dikt frå naturens mikroplan dikta i denne boka framstiller rørsler i naturen på detalj- og mikroplanet: insekta, korna, dropane, fnugga og bakteriane. Mellom desse dikta utfaldar ei rekkje prosastykke ein brutal kronologi, ei historie om ei mor i siste livsfase. Dei to forteljingane i boka viser til ein heilskap der naturen, menneska, livet og døden er bygde opp av dei same bestanddelane.

27

ly r i k k | k r 2 5 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 25 2 1 8 4 1 0 5 u t g . ok t obe r

Gul materie glir ut i mørkret, herdar i augekroken hennar. Ein hestehov bryt frå andre sida. Ein morgon kvittar skyene seg med snøen.

sindre ekrheim (f. 1967) er frå Stavanger og bur i Bergen. Han debuterte hausten 2010 med diktsamlinga Sjøen hugsar ingen barndom.


odd eirik færevåg

dagane grå Tett og personleg om å miste eit lite barn odd eirik færevågs dikt er gripande og personlege, underlege og underhaldande. Dei fortel om ein liten son som døyr, og som bringar fram minna om ei syster som rann på sjøen på eit grått akebrett. Den mørke tematikken blir boren fram av eit overskot, eit leikande språk som jobbar seg ut av sorga. Samlinga er ei hyllest til dei som står rundt: kjærast, foreldre, barn og venner. ly r i k k | k r 2 5 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 8 3 5 u t g . aug u s t

Noko har stoppa opp, men det er ikkje sant det heller. Det held på og held på som ein tanke: ein bekk mellom lauvtre bak eit sjukehus. Eg skulle ha skrive dette med ein øydelagd penn på eit støvete ark på eit bord i eit tomt rom i Gamlahuset, så kunne vinden opna vindauget: Me får aldri sjå son vår igjen.

Debutant

odd eirik færevåg (f. 1976) kjem frå Røvær. Han bur i Haugesund og arbeider som lærar.


essay, ly r ik k , dr ama

jon fosse

stein til stein. 39 dikt og 1 salme

29

det er i år ti år sidan Fosse sist gav ut ei tradisjonell diktsamling. Fosse karakteriserer den nye samlinga som ei kravlaus lita samling. Boka inneheld dikt, men òg ein salme, Nattsalme, som har fått plass i den nye salmeboka. En vidunderlig liten bok. Samlingen inneholder trettini dikt og en salme, og hvert eneste vers er kilde til år med stille meditasjon. Fartein Horgar, Adresseavisen

ly r i k k | k r 2 3 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 4 1 2 i sa l

Satt på spissen, kan det hevdes at det ikke bare er Jon Fosse som kommer til ord og syner i disse diktene, det er virkeligheten eller tilværelsen selv som viser seg. Atle Christiansen, Aftenposten I de beste diktene setter han ord på vesentlige erfaringer ved det å være menneske. Mer kan man ikke forlange av en dikter. Frode Helmich Pedersen, Bergens Tidende

sjå meir av bok a på nest e si de

jon fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela blir sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i både inn- og utland og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.


nattsalme Det finst ei jord som opnar opp sitt djup av svarte natt og løyner både sjel og kropp til ingenting er att Det finst ei natt som møter deg og tek deg mjukt imot og lèt deg kvila æveleg, di hand, di sjel, din fot Det finst frå Gud i alt som er, i jord og nattevrimmel, di sjel er hans, du er hans verd, du lyser fram hans himmel (Frå Stein til stein av Jon Fosse)


juvenal

satirar den romerske forfattaren Juvenal (ca. 55–138 e.Kr.) skreiv unike satiredikt som skulle få stor innverknad på seinare europeiske satirikarar. Juvenal klarar på ein underhaldande måte å fange storheita, grumset og den levande energien i kvardagslivet til romarane. Satirane hans viser fram ei fascinerande og straks gjenkjenneleg verd av prostituerte, spåmenn, alkoholiserte politikarar og sleipe advokatar. Her er skildringar av fåfengda, nytesjuka og maktmisbruken blant dei rike og adelege, men Juvenal gjer òg narr av «oppkomlingane»: frigjevne slavar som har vorte rike og prøver å gjera det nye tilværet sitt så luksuriøst som mogleg. Gjendiktinga er ved Torgeir Bygstad, som også har skrive eit forord og kommentarar til satirane.

ly r i k k | k r 2 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 7 1 8 i sa l

juvenal: Juvenalis (= latin for «ungdommeleg»), egentlig Decimus Junius Juvenalis (ca. 55–135 e.Kr.) var ein romersk diktar. Han var særlig kjend for sine bitre satirar om det moralske forfallet i Roma. Detaljane om livet hans er uklare.


essay, ly r ik k , dr ama

rainer maria rilke

sonettane til orfeus Sonettane til Orfeus er eit av hovudverka i moderne poesi. Syklusen blei skriven som gravmonument over venninna til Rilkes dotter og går attende til Orfeus, den mytiske songaren frå Thrakia. Orfeus var lyrespelaren som kunne fortrylle både ville dyr, bekker og steinar med songen sin. Han hadde også mulegheita til å bringe si elska Eurydike attende frå dødsriket. Vilkåret var at han ikkje såg seg attende før ho sette foten blant dei levande. Men Orfeus kunne ikkje la vere å sjå seg tilbake og mista dermed Eurydike for alltid. Rilke bruker den greske Orfeus-myten og gir samstundes ei moderne, eksistensiell tolking av livet og døden. Åsmund Bjørnstad står for denne gjendiktinga og har supplert ho med kommentarar. Boka gjengir også den tyske teksten.

33

ly r i k k | k r 2 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 4 2 2 i sa l

rainer maria rilke (1875–1926) var ein av dei mest sentrale tyske lyrika­ rane, kjend for sine uvanleg vakre og estetiske dikt. Han skreiv også fortellingar, ein roman og tekstar om kunst og kultur.


terje tørrisplass

glenne i terje tørrisplass’ andre diktbok blir vi tatt med til djupe søkk og høge fjell i eit diktarsinn. Den livslange, tette relasjonen til naturen står sentralt, gjennom arbeid, jakt og vandring. Men også relasjonar til dei som gjekk tapt, ein bror, ein kamerat og ein kjærast. Kvart dikt er livsfragment som til saman skapar ein heilskap, dikta representerer skilsetjande hendingar og blir ståande som «glenner» for erkjenning og forståing. Årets bok er sterk og god fordi ho knyter saman døden, naturen og arbeidet til tung, einsam skjebne. Tore Elias Hoel, Dag og Tid

ly r i k k | k r 2 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 8 2 8 i sa l

Hovedbevegelsen i Tørrisplass’ dikt går i retning av skrivingen som en utviding av personlig erkjennelse, og bok nummer to framstår som mer velkomponert enn debuten. Tom Egil Hvernen, Klassekampen

terje tørrisplass (f. 1957) bur på Bromma i Hallingdal og er skogsarbeidar. Han debuterte med diktsamlinga Eg bygger ikkje byar i 2010.


essay, ly r ik k , dr ama

patti smith

sanka ull/ woolgathering Sanka ull er ei intens lita perle av ei minnebok. Med glimt attende til barndommens mystiske og magiske verd – og til den tidlege ungdommens uskyld og uvisse. Boka rommar essensen av det Patti Smith kan som poet og skribent: gi ord til det for lengst gløymde, fange det flyktigaste tankespinn og mane fram hjartegripande scener. Ei lita bok, men berre av format og omfang. For ho strevar høgt og veks i fylde for lesaren, som får sine eigne minnebilde oppvekte og fletta inn. Gjendikta av Ingrid Z. Aanestad.

35

ly r i k k | k r 2 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 9 6 8 i sa l

Sanka ull er en samling tekster som fortryller verden med språkmagi. Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

sjå meir av bok a på nest e si de

patti smith (f. 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor innverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå 1975.


Eit farvel Utdrag frå Sanka ull av Patti Smith. lufta var karnevalsk, mottakeleg. Eg opna nettingdøra og gjekk ut. Eg kjente graset knitra. Eg kjente liv – eit brennande kol kasta på ei høydokke. Eg dekte til hovudet. Eg kunne gladeleg ha dekt armane, andletet. Eg stod og såg på ungane som leikte, og noko i stemninga – det filtrerte lyset, lukta av ting – tok meg tilbake … Kor lukkelege er me ikkje som barn. Kor dempa blir ikkje lyset av fornufta si stemme.Me vandrar gjennomlivet – ei innfatning utan stein. Inntil me ein dag tek ein sving, og der ligg han på bakken framfor oss, ein drope fasettslipt blod, verkelegare enn eit spøkelse, glødande. Viss me rører oss, kan han forsvinna. Viss me lèt vera å handla, vil ingenting vera vunne. Der finst ein veg i denne vesle


Ei lita hand gav meg ei løvetann. Ønsk deg noko! Eg tok imot. Lysande gul – vill, ubetydeleg og elska av Gud. For vår attrå si skuld forvandlar ho seg til ein gammal dott. Bitar av dunete manna dalar ned på jord …

essay, ly r ik k , dr ama

gåta. Å ytra si eiga bøn. På kva måte betyr ingenting. For når det er over, kjem personen til å eiga den einaste juvelen som er verd å behalda. Det einaste fnugget verdt å gje vekk.

37


ragnar hovland

frå ragnar til alle. E-post I ut val Hovudkonsulent Ragnar Hovlands interne e-post offentleggjord! ragnar hovland var litterær konsulent på Det Norske Samlaget i årevis. Eit par dagar i veka har han hatt tilgang til eit kontor og ein pc. Dette har resultert i mange års bombardement med kortare og lengre e-postar til dei tilsette, og høgdepunktet i veka har for mange vore nettopp Hovlands kontordagar. I denne boka er ein liten del av denne verksemda fanga opp, alt frå Hovlands fråværsassistentar via små oneliners til livsfunderingar og ymse forbrukartestar. Med denne boka gir vi fansen innblikk i ein hittil skjult del av forfattarskapen. Forord av Erle Stokke.

e - p o s t | k r 199,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 1 2 9 u t g . aug u s t

ragnar hovland (f. 1952) er ei sær­eigen stemme i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar.


essay, ly r ik k , dr ama

einar økland

fotgjengar med fotnotar Om kulturens kvite felt økland skriv om eigne og andre sine tekstar, om barnebøker, imaginære bøker, om glansbilde og brevmerke. Her er helsingar til jubilantar i form av både dikt og prosa. Og der store delar av dagens skjønnlitteratur freistar å nytte seg av grep frå faktabøkene, lar Økland denne sakprosaboka slå ut i det eksplisitt skjønnlitterære, gjennom lyriske bolkar, fabulerande prosa og også eit lesestykke som handlar om Dag Solstads 85-årsdag. Økland viser igjen at det framleis er mykje å oppdage og gle seg til i litteraturen.

39

e s say | k r 3 7 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 0 9 9 u t g . se p t e m be r

einar økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i landet. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.


olaug nilssen

stort og st ygt Om gleder og sorger i småbarnslivet olaug nilssens bestillingsverk til Det Norske Teatrets hundreårsjubileum haustar strålande kritikkar i pressa. I stykket møter vi to nabopar. Det eine paret har eit barn og lever eit hektisk kvardagsliv – eit «småbarnshelvete». Det andre paret ventar barn og ser på foreldrelivet frå eit teoretisk og romantisk standpunkt. Dei har heilt klare meiningar om korleis naboane med barn eigentleg burde takle sonen som skrik heile natta. Det ligg ei attkjenneleg uro og ein angst under teksten, for alt som kan gå gale, for at ein ikkje strekker til, og for at ein ikkje gjer dei rette vala i avgjerande situasjonar.

dr a m a | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 3 4 1 u t g . se p t e m be r

olaug nilssen (f. 1977) debuterte med romanen Innestengt i udyr i 1998. Sidan den gong har ho skrive bøker i ulike sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. Særleg kjend er Nilssen for romanen Få meg på, for faen som òg er filmatisert. Nilssen har blant anna vore leiar på Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho kjem frå Solheimsdalen i Førde, men bur no i Bergen.


pock et 41

Pocket


jon fosse

olavs ­d raumar Olavs draumar er ei draumelik, urovekkjande og klaustrofobisk forteljing, mest som ei bibelsk likning. Med sitt enkle og ladde språk skapar Fosse ei lysande skildring av kjærleiken mellom dei to unge. Alida og Asle kom i Andvake til Bjørgvin, der ho fødde eit barn. I Olavs draumar forlèt dei byen, men Asle, som no vel å kalla seg for Olav, vil dra attende til Bjørgvin for å kjøpa ei gåve til Alida. Men det går ikkje slik han drøymer om. Litterært sett er Jon Fosse i toppklasse her. Knut Hoem, NRK Kulturnytt

rom a n | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 3 1 0 u t g . aug u s t

Handlinga i Olavs draumar er enkel og tragisk. Men den vakre ordf laumen, intertekstualiteten og det draumliknande tvitydige gjer den samla forteljinga om Asle (Olav) og Alida (Åsta) til eit verk med stor diktarleg kraft. Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid

jon fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela blir sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i både inn- og utland og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hund­re­årets Beckett.


pock et

Ny pocketserie med ­Gryttens bøker 43

frode grytten (f. 1960) er frå Odda. Han debuterte i 1983, og har skrive bøker i fleire sjangrar. Grytten er ein av dei mest markante novelleforfattarane i Noreg. Ein fellesnemnar for ­tekstane hans er at dei skildrar vanlege folks liv med ein uvanleg energi, både medrivande barndomsskildringar og kompliserte kjærleikshistorier blir fortalde på ein varm måte som gjer det mogleg å følgje karakterane inn i dei mest hudlause situasjonar. Han fekk Brageprisen for Bikubesong i 1999 og blei for same bok nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Han blei tildelt Rivertonprisen for kriminalromanen Fly­tande bjørn i 2005, og for Rom ved havet, rom i byen fekk han Melsom­prisen i 2008. Teaterversjonen av Bikubesong mottok strålande kritikk og trekte fulle hus både i Oslo og Bergen.


frode grytten

rom ved ­h avet, rom I byen denne novellesamlinga er som ein ekskursjon inn i kjærleiken. Frode Grytten har spora opp ti rom ulike stader på kloden – rom der folk finn kvarandre eller går under, der dei øydelegg kvarandre eller elskar med stille kraft. Når Grytten går inn i desse romma, er det for å finne ut meir om kva som gjer oss til menneske. Det handlar om å gå, om å bli og om å stanse rett framfor katastrofen. På vakkert vis skildrar Grytten det vi allereie hadde ein mistanke om: Hjartet er ein einsam jeger.

nov e l l e r | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 8 4 2 i sa l

frode grytten

dans som en sommerfugl, stikk som en bie

nov e l l e r | k r 149 ,– i sbn : 9788252182859 i sa l

denne boka inneheld tolv noveller om mannsrolla i alle fasettar, og vi møter for det meste unge gutar i overgangen mellom barn og vaksen, i dei ofte sterke møta deira med verkelegheita. Tittelen viser til boksaren Muhammad Alis motto, og i fleire av forteljingane er boksing tema. Med stor varheit viser Grytten gutesinnet som vil vere barskt, men som inst inne er ømt og sårbart.


pock et

frode grytten

popsongar 2 4 timar, 24 stader, 24 songar, 24 historier. Musikken dannar eit bakteppe for desse oftast triste, av og til tragikomiske, men alltid djupt menneskelege lagnadene. Her er jenta som er forbanna over kor opptatt mora er av Britney Spears, kona som med si «drømmekraft» er unormalt oppslukt av Tom Jones, mannen som vil drukne bikkja si fordi han meiner hunden har øydelagt samlivet med kona. Mange av tekstene handlar om kjærleik som er på veg – til å bli noko meir, eller til å bli borte, som ikkje blir noko av, og dei viser korleis kjærleiken også fører med seg hat, sorg, smerte og melankoli.

45

nov e l l e r | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 8 6 6 i sa l

frode grytten

langdistanse­ svømmar noveller om motorvegar, snarvegar, bygdevegar og dei magiske vegane som kan føre ein langt, langt vekk. Parallelt med dramatisk og hardkokt stil og mjukare taktar.

nov e l l e r | k r 1 4 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 8 7 3 i sa l


frode grytten

BIKUBESONG Eitt år i Murboligen, ein arbeidarbustad i Odda. «noko nytt begynte no. Han kunne gå i kva retning han ville, kva veg han sjølv ville. Han følte seg heilt fin, heilt finfin, som om han endelig va r seg sjølv, som om han hadde vo re ein annan person og no hadde komme til seg sjølv igjen. Han skulle gå langs vegen som ein vanlig mann. Det var eigentlig alt han ønskte. Å gå langs vegen som ein vanlig mann.» Bikubesong er ein kollektivroman om det mytologiske Odda, varmt og utleverande skildra, men også med eit skarpt innsyn i det norske sosialdemokratiet anno 1999.

p oc k e t | k r 1 2 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 9 7 2 i sa l

frode grytten

FLYTANDE BJØRN

p o c k e t | k r 129 , – i sbn : 978825217998 9 i sa l

mørk roman bada i norsk sommarlys Hovudpersonen i Flytande bjørn er journalist på eit stille lokalkontor i ein stille småby. Ei juninatt blir ein gut pressa på elva. Alle trur dei veit kven som står bak. «Lukta av sveitt småby. Stanken frå Volvoen min. Det var vittig. No som Odda endelig var kvitt utsleppa frå verket, kjørte eg rundt i ein bil som lukta død og pine. Eg rulla ned vindauget og svinga inn på vegen ved Shell. Det varme rattet var klissete av blod.» Flytande bjørn er ein mørk roman bada i norsk sommarlys.


MEIR ENN REGN meir enn regn er sterke og intense noveller om vanlege folks kjærleiksliv, kvardagsliv, ungdomsliv. Noveller som skildrar avstanden mellom dei menneska som burde vere nærast. «Sjøflyet heng over det kvite landskapet. Morgonsola har nettopp komme opp på ein stålblank himmel. Alt er is og snø. Det er som om frosten held alt oppe. Eg tenker at når regnet kjem, så vil heile verda smelte og rase saman.» p o c k e t | k r 129 , – i sbn : 9788252179996 i sa l

frode grytten

80° AUST FOR BIRDLAND 80 º aust for Birdland har ein stor himmel over seg, vêr og vind og den blå jazzen, blanda saman med livet i ein norsk småby. «Monk spelte ein fantastisk konsert. Men det store, det store skjedde først då han gikk av scena. For tonane slutta ikkje å strømme ut av klave ret. Skjønner de kva eg seier? Monk gikk av scena, bukka og gikk av scena. Men musikken bare kom fossande. Tonane strømte ut av klaveret i fem–ti minutt etter at han gikk av scena. Skjønner de? Det var magi. Rein magi.» p o c k e t | k r 129 , – i sbn : 9788252180008 i sa l

pock et

frode grytten

47


eg liker kveldane seint i august når ­mørket kjem snikande tilbake og månen rullar heilt fram­me på fjellkammen. Eg veit ikkje, det er noko gale med dei lyse sommarnettene. Det er som om dei er vaska på feil program. Eg lengtar etter hausten, regnet mot ruta og mørket med alle lysa utanfor, som om dei er ei smørje av fingermaling nokon har klint på vindauga. Eg ser korleis lyset langsamt skiftar i rommet, korleis alle gjenstandane lagar ulike skuggar etter kva tid på døgnet det er. Eg ser korleis nettene tetnar til, korleis insekta flaksar hjelpelause mot dei tente lampene. Frå Bikubesong, Frode Grytten

Dette er novellenes Rolls-Royce Ane Farsethås, Dagens Næringsliv, om Rom ved havet, rom i byen

Det er en håndfull bøker jeg skulle ønske jeg kunne blande ut i grunnvannet slik at absolutt alle er nødt til å få dem med seg. Popsongar er en av dem. Terje Thorsen, Dagbladet, om Popsongar

Frode Grytten skiver lekende lett, de korte tekstene har iblant en hitlåts suggesjon og rytme i seg. Anne Cathrine Straume, NRK, om Popsongar


pock et

jan roar leikvoll

bovara Eventyrleg roman frå klostermiljø frrok er gartnar i klosteret ved landsbyen Bovara, men blir ståande einsam når vennen Flori forlèt han for å arbeide med ei bok i tårnet. Samstundes kjem ei prostituert jente på flukt og bankar på døra til klosteret. Frrok gøymer henne i kjellaren, og oppdagar med eitt at han har makt over liv og død. Bovara er ein eventyrleg roman om makt, svik og kjærleik. Jan Roar Leikvoll har blitt samanlikna med internasjonale forfattarar som Cormac McCarthy, og hans kompromisslause og kritikarroste forfattarskap er blant dei mest spennande her til lands.

49

rom a n | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 9 0 3 i sa l

Grusomt godt Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen Leikvoll fortsetter å bore i menneskenes mørke sider. Det gjør han godt... Leikvoll skriver litteratur som river... bøker du ikke glemmer med det første. Anne Cathrine Straume, NRK

jan roar leikvoll (f. 1974) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008, og følgde opp med Fiolinane i 2010. Leikvoll er frå Frekhaug i Nordhordland og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.


agnes ravatn

veke 53 georg ulveset er ein middelaldrande, skild lektor som innser at han er misfornøgd med dei fleste vala han har gjort i livet, utan at han heilt veit kva han skal gjere med det. Agnes Ravatns kritikarroste debut­ roman. Veke 53 er en fin debut full av gode og ikke minst morsomme scener, med pinlige, nedrige øyeblikk og genuin kontakt i tørrvittig form. Hilde Stubhaug, Morgenbladet Agnes Ravatn har skrive ei morosam og underhaldande lita perle av ei bok – som også opnar for alvorlege ref leksjonar rundt korleis vi sjølve er ansvarlege for lukka i liva våre. Kari Mathilde Hestad, ABS Nyheter

rom a n | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 3 3 4 u t g . se p t e m be r

agnes ravatn (f. 1983) er forfattar og spaltist frå Ølen i Vindafjord. Sidan romandebuten i 2007 har Ravatn gitt ut fleire kritikarrosa og prislønte essaysamlingar, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit.


pock et

ingelin røssland

kirsebærsnø under den storslagne førtiårsfesten Cathrine har laga for mannen sin, blir ho brått klar over at det finst ein ubalanse i forholdet. Og mens ho står på trappa utanfor festlokalet og frys, kjem det ein som ser henne. Ein viljefast svensk dyrlege som seier det rett ut: Jag vill stjäla dig från din man. Handlinga i Kirsebærsnø utspeler seg i vakre Hardanger, med blømande frukttre, ei kjær bestemor som ligg for døden, og eit gammalt hus som skaper strid i familien. Cathrine er midt i sitt livs største drama: Vil ho orka å stå imot freistinga, når det er så enkelt å gi etter? Selv om handlingen er nokså enkel gjør den solid gjennomførte teksten lesingen til en lek. Denne forfatteren leser jeg gjerne f lere voksenbøker av. Maria Årolilja Rø, Adresseavisen

51

rom a n | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 25 2 1 8 2 9 1 0 i sa l

Dette er en herlig perle av en bok, den er lettlest og har et godt språk. Terningkast 5. Beathe, Beathes bokhylle

ingelin røssland (f. 1976) har jobba som journalist i fleire aviser og i NRK . Ho har fått ei rekkje prisar for ungdomsbøkene sine og er blitt omsett til fleire språk. Kirsebærsnø er den første romanen hennar for vaksne.


snik l esing 53

sniklesing


Les om boka på s. 15

Agnes Ravatn (f. 1983) er forfattar og spaltist frå Ølen i Vindafjord.  Ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit.


snik l esing

frå

fugletribunalet gjekk med kosten tilbake til reiskapshuset. Då eg kom ut, hadde Bagge sett seg tilbake under kirsebærtreet. Han sat med ei hand rundt stetten på det tomme glaset sitt og vinka meg opp. – Hentar du ei til, Allis? sa han med tjukk stemme. – Ei flaske til? Han nikka. Eg gjekk inn og vaska hendene i gloheitt vatn, gneid jorda av med såpe, vaska vekk sveitten frå panna. Det sitra i armar og bein, eg tok ei flaske ut av kjøleskapet. Då eg kom ut i hagen att, låg Bagge i graset. Eg blei ståande bak han, spørjande. – Har du prøvd å ligge slik? sa han. Stemma hans var fjern, som om han ikkje eigentleg snakka til meg. Eg la meg forsiktig ned, to meter frå han. Graset kitla meg i nakken. – Eg burde kanskje setje på ein vask, sa eg. Det er nok godt klestørke i dag. – Det blæs jo ikkje, Allis, sa Bagge. Han bretta opp skjorteermane sine. Heile kroppen min var i spenn, eg frykta han skulle høyre korleis hjartet slo. Etter ei stund kikka eg forsiktig bort på han. Han såg ut som han sov. Brystet hans heva og senka seg sakte. Eg vrei hovudet forsiktig mot han, mønstra ansiktet hans. Sjølv om eg aldri hadde sett han le, hadde han fine rynker ved augo. Håret hans krølla seg så vidt ved øyro. Han såg ikkje eldre ut enn alderen sin, men hadde eit vesen og ein oppførsel som ein tilbaketrekt pensjonist. Eg hadde lyst til å stryke han over panna. Han var så vidt blank av sveitte. Eg vrei hovudet tilbake og lukka augo. Eg greidde ikkje å slappe av, men låg berre slik og forsøkte å puste roleg. Vinen eg hadde tatt ut, stod på bordet og blei varm. Eg begynte å bli utkøyrd av oppførselen hana. Han lét meg alltid kome på etterskot, han styrte meg etter humøret sitt. Tillét seg å berre handle på innfall. Gjorde meg trist og åleine. Bagge pusta tungt og nesten lydlaust.

55


Etter ei stund reiste meg forsiktig og gjekk bort til reiskapshuset for å sjå om det fanst musefeller der. Eg såg ingen. Gjekk ein runde rundt huset for å sjå etter opningar mellom karmane eller i kjellarvindauga. Inga mus kunne vel gnage seg gjennom denne høge grunnmuren. Eg hugsa korleis far min hadde festa metallbeslag nedst på alle dørene på hytta. Eg bestemte meg for å kjøpe det etter helga, og for å fjerne alt buskas og kratt inntil husveggene så dei ikkje hadde noko å klatre i.

Eg kasta eit blikk mot hagen. Bagge låg framleis i graset. Det var underleg av han å sovne slik plutseleg, midt på dagen. Han var vel døsig av sola og vinen. Eg gjekk inn i kjøkenet og starta på middagen. Då alt var klart, og eg gjekk ut på verandaen for å rope inn Bagge, hadde det i mellomtida begynt å regne. Eg såg framfor meg. Han låg heilt i ro i regnet. Eg visste ikkje kva eg skulle tru. Eg blei ståande og stire. Dropane blei tyngre, regnet auka i styrke. Snart kom ei skikkeleg skur. Eg sprang ut til han. Håret var gjennomvått, skjorta og buksa klistra seg til kroppen hans. Han låg med augo att. Eg rista han i skuldra, og då brått slo han augo opp og såg rett opp i ansiktet mitt. – Herregud, sa eg, du kan då ikkje ligge slik.

Han berre såg på meg, dropane hamra mot ansiktet hans. Så begynte han å le. – Kom deg inn i huset, sa eg, og tok tak i armen hans. Han heiste seg opp og gjekk etter meg over verandaen og inn. Eg var redd og sint. – Skift på deg før du blir sjuk, sa eg. Plutseleg skralla det i tore utanfor. Han såg på meg. – Kom no, gå og få på deg tørre klede! sa eg og skauv han framfor meg. – Blir du redd i torever? spurde Bagge bak til meg med hakkande stemme. – Nei. Han gjekk inn på soverommet sitt. Ei lita stund etter kom han ut. Då hadde han skifta til ein tynn grøn ullgenser og ei mørk buk-


snik l esing

se. Eg hadde dekt på til han på spisebordet i mellomtida. Han sette seg. Verka litt brydd. Eg serverte han kalven og spurde kva han ville ha å drikke til. Han svarte raudvin. Då eg kom opp frå kjellaren med ei flaske, sat han ved bordet og rista av kulde. Eg sprang og fann eit pledd til han, som eg pakka tett rundt han. Det kjendest som ei intim handling. Han lo av meg. – Kva då? sa eg. Du kjem til å bli sjuk. Eg fyrer i omnen. Eg sette meg på huk og la i omnen mens han åt. Eg høyrde tennene hans klapre mot bestikket. – No forstår eg at du treng nokon til å passe på deg, sa eg då eg hadde fått fyr. Han smilte. Eg sette meg ned og skjenkte vin i glaset hans. Då såg han ned og fortsette å ete. Det lynte utanfor, og etter nokre sekund tora det på ny. – Ikkje så langt herifrå, sa eg. Han svarte ikkje. – Du burde ha tørka håret skikkeleg. Han togg eit stykke kjøt sakte, med teppet tett rundt seg. Så la han frå seg bestikket og tømde glaset. Eg gjekk bort i omnen og bles forsiktig. Gammal oske virvla opp og fauk ut i rommet, elden blussa opp. Eg la på ein kubbe til. Bagge åt ikkje lenger. Det skralla utanfor. – Eg trur du treng eit varmt bad, sa eg brått. Han snudde seg. – Skal eg tappe i karet for deg? Han nikka. Eg reiste meg og gjekk opp trappa til meg, skrudde på kranen på badet mitt og karet fyltest langsamt. Bagge hadde ikkje sett sin fot i min etasje som eg hadde sett, bortsett frå den første dagen då han viste meg rommet mitt. Eg kjende med handa at vatnet ikkje blei for varmt. Då eg snudde meg for å rope at det var klart, stod han bak meg, i døropninga. Eg gav frå meg eit gisp, herregud, kva er det med denne lydlause framferda. – Det er klart, sa eg. Han var bleik i ansiktet, og leppene svakt blålege. Eg reiste meg frå badekars­ kanten, men Bagge stod framleis i døropninga og sperra utgangen.

57


Les ­om boka på s. 11

Jan Roar Leikvoll (f. 1974) Leikvoll er kjend for å skildre brutale og rå eksistensar, i eit omsorgsfullt og vakkert språk.


snik l esing

frå

Songfuglen oppover gata nevnte Veslejenta fleire gonger med mat i munnen kor mye godt dei hadde på bakeriet, kaker og bollar og smørbrød, og dette skulle ho fortelle til mora. Den tørre bagelen smula ned på kleda hennar mens vi gjekk. – Kan vi gå gjennom parken? spurde ho, og eg forstod knapt kva ho sa. – Det er ikkje lov å gå der. – Men du går der. – Eg er dobbelt så gammal som deg. – Får ein lov å gjere dobbelt så mye då? Oppe på byhøgda hadde fleire tre lauv, andre stod nakne. Handa hennar slapp taket og ho spratt omkring då vi kom inn i parken. Mellom stammane låg lys eller skygge på bakken, ingen rasling i dei tette buskene, men solflekkar skalv kvar gong vinden tok tak i greinene lengst nede, og lauv sirkla. Veslejenta var både her og der og gledde seg over å sjå anna enn blokk og skole, såg på denne ettermiddagen som ei utflukt. Eg tusla eit stykke bak. Det var ikkje lov å gå i parken, men det var ein fin stad å vere. Eg kikka opp, sola blenda mellom to tjukke greiner, eg naus høgt. – Prosit, kom det frå Veslejenta lenger framme. Ho såg ned mens ho trippa av stad, på lauvet skoa sparka opp i lufta. Lenger borte, der tre stod tett, var kråkene urolege. Dei flytta seg att og fram på greinene, varsla dei som var lenger inne, som igjen varsla andre. Same leven som når dei vart til store flokkar på kveldshimmelen. Eg bøyde igjen hovudet og såg, skimta ein skygge i langsam bevegelse, det var ikkje ei grein, og då auga vende seg til det kvite lyset, såg eg ei kvinne henge ikkje langt unna gangvegen. Ho hang høgt. Tauet låg over greina og var festa lenger nede på treet, nokon måtte ha kasta tauet over greina og lagt løkka rundt halsen og heist henne opp, frå bakken, og gått frå henne. Sola

59


ulma i langt hår. Kvinna var kledd i kjole, framleis høghæla sko på føtene, og tauet dreide henne langsamt og knirkande rundt; kjolen var flerra opp framme og falske bryst vistes. Eg visste ikkje kva dei var laga av, men dei var store og lyse, og så snart ein fugl sette seg på dei, fall dei kanskje ned. Veslejenta trippa uvitande vidare. Kråkene vart hissigare, redd eg skulle komme dei i forkjøpet. * Mor vart glad då eg sendte den kortvokste slektningen gjennom døra, ho bøygde seg og omfavna henne, og var snar med å finne nøtter. – Korleis gjekk det hos frk. Malinovskaja? spurde mor. – Fint, sa Veslejenta og stakk handa djupt ned i skåla. Mor smilte og eg kjente igjen motstand mot å fortelle, eg sa det gjekk greitt. Jakoba syng veldig fint, kom det frå jenta som dissa med beina mens ho åt. Ho heldt kvar nøtt med begge hendene. – Korleis går det med mamma? – Ho er lei seg. – Eg skal komme på besøk om ikkje lenge, sa mor. – Ja, sa Veslejenta. – Er alt bra med deg, Jakoba? spurde mor. Du verkar blass. – Alt er som det skal, sa eg. – Du kjenner deg vel ikkje sjuk? sa mor og la handa på panna mi. – Nei, nei, sa eg. – Eg må skunde meg, sa mor. Det skal leggast ut fleire miner og eg må hjelpe til. – Kva er miner? spurte Veslejenta. – Du treng ikkje vite kva det er, sa mor og klappa henne på håret, merka kor feitt det var, snurpa munnen og kikka på meg. Eg slo lett ut med armane. – Så lenge du ikkje trakkar på dei, humra eg.


Mors skritt bortover gangen mot trappehuset, brått sakna eg og brått forstod eg korleis det var om mor kom aldri tilbake, om vi kom bort frå kvarandre, om desse stega var hennar siste lyd til meg. Veslejenta åt kvar nøtt og smule, togg på litt skal og kikka tomt ut i lufta før ho la det på bordet. Eg greip tantes ordbok og slo opp det ordet vakta utanfor fødestova hadde brukt, leita litt før eg fann det: I gjelde v øydelegge eller fjerne kjønnskjertlane hos (hanndyr); kastrere, gjelde bukkar, kattar / ein gjelda ver. Mannen i parken, dameklede og falske bryst, var det å gjelde? Om så var, måtte vakta ha overdrive. Ingen ville henge meg opp, tenkte eg, endå eg hadde høyrd at det hadde hendt før. Eg vart snart sittande og gruble og nappe i eit hår på haka. Det var ikkje ein mann frå skogen, men ei av våre. Ei som sa ho var mor, kanskje mormor, utan å vere det. Ei mor som kanskje var ein far. Slik tante hadde sagt at min eigen far var. Eg fekk plutseleg ein veldig trong til å springe etter mor og fortelle om det eg hadde sett, men ho ville bare seie at derfor måtte eg gjere alt ho ba meg om. Veslejenta trippa rundt badekaret, strauk handa langs kanten. – Eit slik har ikkje vi, sa ho. – Eg klappa saman ordboka og såg på henne.

snik l esing

– Jakoba! sa mor og retta peikefingeren mot meg. – Men er det farleg ute? kom det frå Veslejenta. – Nei, nei, sa mor. – Heller ikkje om kvelden? – Om kvelden treng du ikkje vere ute likevel. – Kvifor ikkje? – Fordi det er farleg, sa eg og fekk nok ein peikefinger frå mor. – Fordi det er finast å vere heime, sa mor og hengte våpenet over skuldra, stakk magasin ned i sidelommene. –Kvifor det? –Eg må gå no, sa mor og la ei hand på kvart vår skulder. Tenk, Jakoba har begynt hos frk. Malinovskaja. – Eg veit jo det, sa Veslejenta.

61


– Kvar badar du eigentleg? – Hos dama ved sida av oss. – Tekla? – Av og til kjem ho ut i gangen og seier at eg må kome inn til henne. Så badar ho meg. – Mor di då? spurde eg. – Mamma badar ikkje. Tekla vaskar henne med ein klut. Veslejenta løfta seg opp på tå og smilte ned i det djupe karet. – Vil du bade? spurte eg. – Får eg? spurde ho og viste breitunga. – Klart, sa eg. – Sjå, Jakoba! utbraut ho og peikte ut vindauget. På himmelen sigla ein raud drage, langsamt att og fram på svak luftstraum, like høgt som blokka. Langt under dragen, og eit stykke lenger borte, spruta det plutseleg kvitt frå ei kjelde. – Men då må vi hente vatn der ute, sa eg. – Kva er det kvite? spurte ho. – Det er beist som bur under bakken. – Hanndyr? ville ho vite. – Nei, sa eg tvert. Beist som bur under bakken. Eigentleg er dei av leire, men av og til blir dei levande og sprutar vatn opp av jorda. Dei prøver å bryte seg opp hit. – Men det kjem dei vel ikkje til å klare? – Heilt sikkert ein gong, sa eg. – Når då? – I dag, i morgon, neste veke, om eit år, ti år. Ingen veit. Veslejenta svelgde. – Men der får vi vel ikkje lov å gå, sa ho. – Eg får. Og du får lov til å vere med meg.


snik l esing 63


bøker 2013 ©2013 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Jens Bjelkes gate 12 postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 oslo tlf.: 22 70 78 00 føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar.

Bøker for barn og unge omslag: konsept: Reaktor Design formgiving: Fredrik Eive Refsli fotografar: Forfattarportrett sjå: side x


Lesetrening på app! Lesetrening på app! Gode historier, fengjande tema, lettlesen tekst. Underhaldande og engasjerande lettleshistorier som er tilpassa barnas interesser og lesekunnskap. leseland, for barn som lærer å lese.

nivå ein ny i leseland

nivå to kom i gang

Bøkene eignar seg for barn som nett har begynt å lære å lese.

Bøkene eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder.

Bøkene har lita tekstmengd og mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta. Barna lærer å lese både tekst og bilete.

Tekstmengda aukar litt. Historiene har framleis mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta.

Enkel og kort tekst, korte setningar, 5–10 ord per side.

Enkel og kort tekst, korte setningar, 15–25 ord per side.

nivå tre lesevennen

nivå fire leseproffen

Bøkene eignar seg for barn som begynner å knekke lesekoden, men som enno ikkje er uthaldande i lesinga.

Bøkene eignar seg for barn som jamt over har knekt lesekoden og begynner å bli uthaldande i lesinga.

Tekstmengda aukar, og lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel for å skape pausar i lesinga. Bøkene har illustrasjonar på kvar side.

Tekstmengda aukar, og historiene er meir komplekse. Lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel med illustrasjonar på kvar side.

Korte tekstar, korte til middels lange setningar, 30–50 ord per side.

Middels lange tekstar, middels lange setningar, 70–90 ord per side.


l esel and 67

samlagets leseland for barn som lærer å lese, er laga for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, delte inn i fire ulike lesenivå.

• Fire lesenivå basert på barnas leseerfaring • Tilpassa innhald, tekstmengd og ordforråd • Lettlesne skrifttypar som fremjar leseflyten • Spreke, fargerike illustrasjonar • For både leseflinke og lesesvake barn • For både gutar og jenter

Appane finnst både for iPhone, Android og Windows 8.


mairi mackinnon og francesca di chiara

sola og ­v inden «eg er sterk!» seier sola. «Eg er sterkare!» seier vinden – men korleis kan dei bevise det? Denne livlege gjenforteljinga av ein av dei klassiske fablane til Æsop har lettlesen tekst. Etter at barna har lese forteljinga, kan dei prøve seg på nokre morosame oppgåver. Sola og vinden er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. l e se l a n d n i v å

1

russel punter og david semple

den krokete mannen den krokete mannen har eit krokete hus og ein krokete katt. No vil han ha ein krokete fisk til middag. Men fisken er vekk. Den krokete mannen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. l e se l a n d n i v å

1


den pysete katten katten steinar er redd for det meste, så eit mørkt hus fullt av rare lydar er den siste staden han har lyst til å vere. Men for å redde dagen må Steinar vere modig. Den pysete katten er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. l e se l a n d n i v å

2

kenneth grahame, katie daynes og fred blunt

den under­ lege draken kven har vel høyrt om ein drake som ikkje likar å slåst? Og kva skjer når den barskaste drakedreparen av alle kjem på besøk til han? Den underlege draken er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. l e se l a n d n i v å

2

l esel and

russel punter og gustavo mazali

69


martin baltscheit og ulf k.

feline, professor pål og kjemi­ settet pål har lenge ønskt seg ein stor, farleg hund som kan passe på han og skremme alle i heile verda. Men når han får oppfylt ønsket sitt, blir han frykteleg skuffa: Felline er nemleg lita og slett ikkje farleg. Men han har jo kjemisettet sitt … Felline, professor Pål og kjemisettet er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

l e se l a n d n i v å

3

l e se l a n d n i v å

3

eva muszynski og karsten teich

cowboy-­ claus og den ­p rompande ponnien cowboy-claus er ikkje som cowboyane i Det ville vesten. Han har ikkje hest. Han har kua Rosa og grisen Lisa, og han har ein grønsakhage. Men ein dag høyrer han nokre underlege lydar frå maisåkeren. Cowboy-Claus og den prompande ponnien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.


prinsesse fibi og draken fibi er lei av å vere prinsesse. Ho drøymer om eventyr og heltedådar. Når ein gretten drake kjem og skremmer heile kongeriket, får ho endeleg sjansen: Modig dreg ho av stad for å møte det farlege uhyret... Prinsesse Fibi og draken er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. l e se l a n d n i v å

4

sylvia heinlein og sabine wiemers

dei hemme­l ege superheltane willi, mikke og Jonny har ein hemmeleg klubb: Dei er «Dei beste», og dei les helst superheltteikneseriar. Men ein dag kjem dei tre vennene på sporet av ei superstor hemmelegheit, og plutseleg står superheltane framfor dei i levande live … Dei hemmelege superheltane er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. l e se l a n d n i v å

4

l esel and

gudrun likar og sabine büchner

71


rotraut susanne berner

året rundt I vrimleby dei fire årstidene i Vrimleby er no samla i éi bok! Ein sikker vinnar blant foreldre og barn som er glad i vrimlebilde og vrimlebøker. Vrimleby er store bøker i stiv papp som skildrar byen i kvardag og fest. Her er årstidene i alle fargar, krydra med spennande detaljar. Bli med til vedunderlege Vrimleby!

p e i k e bok | k r 2 7 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 6 5 1 i sa l

rotraut susanne berner (f. 1948 i Stuttgart) er kunstutdanna og internasjonalt kjend for bøkene sine. Ho har hatt ein formidabel suksess med Vrimle­ bøkene i både inn- og utland. Ho bur i München.


peik ebøk er bil et bøk er

helga gunerius eriksen

peri og peti vender om Ei enkel bok om store ting peri og peti er to små vener som vågar seg ut i verda for å oppleve luktene og lydane der. Men brått blir det skummelt! Då gjeld det å kome seg fort bort. Helga Gunerius Eriksen har skrive og sydd denne store, vesle forteljinga om Peri og Peti. Resultatet er blitt ei perle av ei bildebok til glede for både små og store lesarar.

73

bi l e t bok | k r 2 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 6 9 9 u t g . aug u s t

Utgivinga er støtta av Leser søker bok.

helga gunerius eriksen kjem frå Stord og bur i Bergen. Ho er cand.mag. med faga keramikk og filosofi og har skrive over tjue bøker for alle aldrar i fleire sjang­ rar. I 2013 fullfører ho fordjupingskurs i dramatikk ved Norsk barnebokinstitutt.


MINNER OM … jaKob og neiKob k r 2 2 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 0 8 7 0

jaKob og neiKob. t ju v en sl år tilbaKe kr i sbn:

2 2 9 ,–

9788252180480

jaKob & neiKob som app for ipad og iphone Basert på Kari Stais populære og prisvinnande bok Jakob og Neikob.

ja!

nei! appen er interaktiv og perfekt for ungar frå 3 år. Her kan dei slå av og på lyset, høyre Jakob seie JA! og Neikob seie NEI!, og følgje dei to venene når dei køyrer bil og møter alt frå lampeseljarar til ein skummel krokodille. Appen har òg eit Memory-spel.


e-bøk er bil et bøk er

Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs.

75

I haust kjem det to papirbøker og tre bokappar i serien om dei søte pingvinane. Her er kvardagssituasjonar, gjentakingar og humor som passar for barn frå 2 år og oppover.

Appar for dei minste


anna r. folkestad

unni og gunni gjer det fint Tredje bok i sjarmerande småbokserie unni og gunni ser på kvarandre. – Det er på ein måte litt tomt her, seier Unni. – Einig, seier Gunni. – Me gjer det fint! ropar Unni. Pingvinane Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er

ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter undervegs. Serien om Unni og Gunni inneheld tre enkeltbøker som også utgjer ei samanhengande historie. Frå 2 år.

bi l e t bok | k r 1 4 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 6 2 3 i sa l


e-bøk er bil et bøk er 77

– Så fin heim me har, seier Gunni. – Einig, seier Unni.

anna r. folkestad (f. 1983) debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, som kom på russisk i 2012.


lena og olof landström

bø og bæ Dei kjende og kjære klassikarane om Bø og Bæ er endeleg attende!

når bø og bæ skal gjere noko, blir det oftast ugreitt. Dei blir forundra. Til slutt ordnar det seg likevel, utan at Bø og Bæ heilt veit korleis det har gått til. Humørfylte og originale småhistorier som gler både vaksne og barn.

Bø og Bæ får besøk k r 149 ,– i sbn : 978825216 8 3 2 7


kr

149,– |

i sbn :

978825 2 1 4 9 3 2 6

kr

149,– |

i sbn :

9788252147452

bil et bøk er

Bø og Bæ i festhumør

Bø og Bæ til sjøs

79

Bø og Bæ i skogen

Bø og Bæ blir våte

kr

kr

149,– |

i sbn :

978825 2 1 5 5 6 6 2

149,– |

i sbn :

9788252155655

Bø og Bæ i vinden

Bø og Bæ gjer reint

kr

kr

149,– |

i sbn :

978825 2 1 4 7 4 4 5

149,– |

i sbn :

9788252149531


martine grande

­kakerlakken med den ­s t ygge ­f rakken … og ­hovudet fullt av ­t riste tankar Original og varm debutbok kakerlakken er redd for å blø, redd for å dø. Men ho er òg redd for å leve. Kvar finn ein lys og glede når hausten har gøymt sola og fargane? I eit spenstig, humoristisk bildespråk fortel debutant og animatør Martine Grande den bittersøte historia om kakerlakken som får tunge vintertankar. Dette er ei bok det er lett å bli glad i. Denne biletboka kjem også som animasjonsfilm på NRK Super til hausten.

bi l e t bok | k r 2 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 4 0 5 u t g . aug u s t

Debutant

martine grande (f. 1985) voks opp i Lierne i NordTrøndelag og bur no i Volda. Ho er utdanna animatør og jobbar til dagleg i sitt eige vesle animasjonsselskap Grande Produksjon. Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar er debuten hennar som barnebokforfattar.


bil et bøk er

marit lajord og line halsnes (ill.)

olava og beste ­far Varmt og ­vakkert om ­livet, døden og beste­far

81

olava er 7 år, bestefar Olav er 70. Dei gjer fine ting saman, og bestefar lærer Olava å ro. Men så blir han sjuk, så sjuk som berre gamle blir. Historia om Olava og bestefar fangar samspelet mellom barn og besteforeldre på ein varm og jordnær måte og formidlar opplevinga av sorg og avskjed gjennom synsvinkelen til barnet. Med Line Halsnes’ vakre illustrasjonar inviterer boka til fine samtaler om liv og død og slekters gang. 6–9

bi l e t bok | k r 2 2 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 4 0 4 i sa l

år

Debutant

marit lajord (f. 1990) er debutant. Ho har gått på forfattarutdanninga i Bø, studerer jus og skriv for ungdom på nettstaden Framtida.no.


olof og lena landström

pom og pim, Nye ven­n er frå ­s kaparane av Bø og Bæ! skaparane av bøkene om Benny og Bø og Bæ er tilbake med to nye barnebokfigurar: Pom og Pim. To gode venner som av og til har veldig uflaks. Men så blir det noko fint av det likevel! Ei enkel og klassisk historie om hell i uhell, ein ny klassikar som kom på svensk hausten 2012 og alt er omsett til fleire språk. 2–5

bi l e t bok | k r 1 7 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 7 1 2 i sa l

år

Ein skal vere verkeleg god før ein klarer å lage noko så uttrykksfullt med såpass sparsame strekar. Guri Fjeldberg, Bergens Tidende Det enkle er som kjendt ofte det beste for smårollingar. Her er rikeleg med spaning for den som er to. Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

olof landström (f. 1943) er illustratør, animatør og barnebokforfattar. Saman med kona lena landström (f. 1943) har han skrive og illustrert biletbøkene om Bø og Bæ.


peik ebøk er bil et bøk er

ruth lillegraven og inger landsem

mari og ­m agnus får katt

83

Tredje bok i sjarmerande småbarnsserie i den tredje boka om Mari og Magnus får dei oppfylt ein stor draum: Dei får ein kattunge! Tippi er den finaste pusen i verda, og dei lover å passe godt på ho. Men så ein dag – gløymer dei å lukke døra når dei går ut for å leike med Jonas! Den enkle historia rommar store kjensler og dramatikk, og endar heldigvis godt. Ei bok som vil sjarmere og engasjere små lesarar!

bi l e t bok | k r 1 5 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 6 0 6 i sa l

les også Mari og Magnus f lyttar inn Mari og Magnus og smokketjuven

sjå meir av bok a på nest e si de

ruth lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikar�roste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. Bøkene om Mari og Magnus er dei første barnebøkene hennar. inger landsem (f. 1950) har illustrert ei lang rekkje barnebøker og skulebøker. Ho jobbar òg som biletkunstnar og har mange utstillingar bak seg.


småbarnsserie 3–6 år Frå Mari og Magnus får katt i katt ferdig.qxd:Mar Mari og Magnus fa?r

og Magnus

06-06-13

08:45

i katt ferdig.qxd:Mar Mari og Magnus fa?r

Side 4

og Magnus

06-06-13

06-06-13

08:42

Side 5

is. e lodd? seier tante Frøyd – Kanskje de kan trekkj – Ja! God idé! seier Mari. e. trekkj Magnus får

– Kan vi ta to? spør Mari. pappa. – Nei, det går ikkje, seier – Åeeh … seier Magnus.

Mari og Magnus fa?r katt ferdig.qxd:Mar i

og Magnus

08:38

Side 6

– Det blei ein svart pus, seier Magnus. – Jamen ... seier Mari. – Ja, ja, alle er søte.

Mari og Magnus fa?r katt ferdig.qxd:Mar i

og Magnus

06-06-13

08:39

Side 7

– Kva skal pusen heite? spør pappa i bilen på veg heim. – Tippi, seier Mari. – Sjå, ho har jo kvit haletipp. – Tippi, Tippi … seier Magnus. – Ja, det er fint!


bil et bøk er 85

Mari og Magnus fly t tar inn

MARI OG ­MAGNUS OG SMOKKE­TJUVEN

mari og magnus er sysken. Mari er fem år, og Magnus er nesten fire. I den første boka har dei nettopp flytta inn i eit nytt hus. Det står kassar overalt, og ingen finn sakene sine. Kor har for eksempel bamsen til Magnus blitt av? Mens dei leitar, kjem ein ny flyttebil til køyrande. Det er dei som skal bu i den andre halvdelen av huset, som har stått tom. Kanskje Mari og Magnus får nokon å leike med?

mari og magnus er søsken, og går i same barnehage. Ein dag skjer det noko mystisk. Då småungane skal kvile er alle smokkane borte! Kanskje det er ein smokketjuv i barnehagen? Det er nok best dei spionerer litt. Og held vakt.

i sbn :

9788252179811

| kr

i sbn:

9788252180275

| kr

159,–

1 5 9 ,–

Dette er gode bøker for de aller minste. Cathrine Krøger, Dagbladet Spennende historie og velkjente utfordringer. Bladet Mamma Gjenkjenneleg barnehagedrama med fint driv. Gerd Elin Stava Sandve, ­Dagsavisen


gyrid axe øvsteng og per ragnar møkleby (ill.)

førstemamma på mars Sprelsk og ærleg bildebok Førstemamma på mars er forteljinga om ei lita jente som nektar å innsjå at mora er på sjukehus. I fantasien lagar ho mange mulege versjonar av kvar mor har tatt vegen. Kanskje er ho på handletur? På røvarjakt? Eller rett og slett på Mars? Førstemamma på Mars er i tekst og bilde ei eksplosiv og sår forteljing om sjukdom i den næraste familien.

bi l e t bok | k r 2 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 4 8 4 u t g . se p t e m be r

gyrid axe øvsteng (f. 1974) er forfattar og dramatikar frå Vågå. Ho debuterte skjønnlitterært med biletboka Finn! i 2009. Øvsteng er busett i Skien. per ragnar møkleby er illustratør og grafikar frå Lørenskog, busett i Skien. Møkleby er utdanna ved Kingston University i London og har illustrert bøker, aviser og blad for alle dei store forlaga sidan 1998.


bil et bøk er bar nebøk er (9–13)

tore kvæven

Kamel­jegeren Ørkeneventyr i beste Indiana Jones-stil! på ein eldgammal motorsykkel reiser kameljegeren inn i verdas største ørken. Framfor han spring Tam, ein halvtam afrikansk villhund, og bak han sit Øystein og Lisa. Men på dette toktet finn dei meir enn berre kamelar. Ørkenen skjuler også livsfarlege kjeltringar og ei mørk hemmelegheit frå faraoatida. Ei humoristisk og spennande bok for eventyrarar.

87

f rå 9 å r | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 7 0 5 u t g . se p t e m be r

tore kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Kamel­ jegeren er den første barneboka hans.


MINNER OM … maria parr

vaffel hjarte Omsett til 16 språk! i denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i.

ba r n | k r 199 , i sbn : 9788252179774 | i sa l ly dbok | k r 199 , i sbn : 9788252176087 | i sa l

maria parr

Illustrert av Bo Gaustad.

Utgitt i

No også som lydbok.

land

19

risgep Bra nnar vi 9 200

tonje glimmerdal

Sjå stykket på Det Norske Teatret no i haust. her er latter, drama, tårer og musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyris Heidi og ikkje minst Astrid Lindgrens univers. Illustrert av Åshild Irgens. No også som lydbok.

ba r n | k r 1 9 9 ,i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 4 0 3 8 | i sa l ly dbok | k r 1 9 9 ,i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 6 0 9 4 | i sa l


bar nebøk er (9–13)

anne viken

Elise og mysteriet på heste­ klinikken

89

Nyskapande hestebokserie med skikkeleg driv! onkel kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle alvorleg trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etter kvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar. I denne spennande serien om Elise tek Anne Viken hesteboksjangeren til nye høgder!

f rå 9 – 1 3 å r | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 5 3 8 u t g . aug u s t

anne viken er veterinær, statsvitar, bloggar og skribent. Ho debuterte i 2012 med den første boka i den spennande serien om Elise, Elise og mysteriet med dei døde hestane.


Ny hestebokserie av dyrlege Anne Viken Frå Elise og mysteriet på hesteklinikken: «døra knakar så Elise er redd den skal ramle av hengslene. I gangen er det mørkt. Vinden får trea i hagen til å drysse daudt lauv som blæs inn døra saman med henne. Elise tek eit steg inn, famlar oppetter veggen etter ein lysbrytar, kjem borti noko hårete og trekker handa til seg. Ho set i eit hyl og ryggar beint inn i veggen. Frå tussmørkret midt i rommet stirer to svarte augneholer beint på henne.»

Fyrste , serien boka i cket no i po


bar nebøk er (9–13) 91

Å lage spenning er ein krevjande sport som Viken kjem vel ifrå. Eg trur at boka vil fenge målgruppa, og eg innrømmer villig at eg lét meg rive med i den spennande slutten. Hans Jakob Reite, NRK Sogn og Fjordane Boka er diggbar. Og viss du er ute etter ei spenningsbok og du i tillegg likar hestar – då trur eg at denne er perfekt! … Anne Viken, bra forfattar! Bibliotekaren din, bokblogg


lene kaaberbøl

villheks Kimæras hemn Bok tre i ny og spennande fantasyserie! «er han død?» Clara tør nesten ikkje spørje, for det er hennar eigen villven Katt det gjeld. Livet hans heng i ein spindelvevtynn tråd, og viss Clara vil redde han, må ho følgje eit spor som fører henne rett i klørne på dødsfienden Kimæra … Kimæras hemn er tredje boka i serien om Clara, kjærleiken hennar til dyr og kampen for å overleve som villheks i ei verd der magi ikkje akkurat er barnemat. Les også dei to første bøkene i serien, Eldprøva (kåra til beste barnebok av danske barn i 2012) og Viridians blod. frå

8

fa n ta s y | k r 1 7 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 2 5 5 (n n ) 9 7 8 8 2 5 2 1 82 2 6 2 (bm) i sa l

år

lene kaaberbøl (f. 1960) starta karrieren sin som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og ho er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare gitt ut serien om Skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for W.I.T.C.H.-serien.


fan tasy

lene kaaberbøl

villheks Blodsungen Lett å lese, lett å like

93

om det hadde vore opp til Claras mor, ville Clara aldri blitt villheks. Det er så altfor farleg! Ho er redd for at Clara skal komme i fare, og det viser seg dessverre at ho har rett. Den ville verda er ein farleg stad, ikkje minst no som Bravita Blodsunge er i ferd med å bryte ut av fengselet ho har vore innesperra i dei siste 400 åra. Blodsungen er fjerde bok i den medrivande og lettlesne serien om dyrevennen og villheksa Clara. Serien kjem på både bokmål og nynorsk.

fa n ta s y | k r 1 9 9 , – i sbn 9 7 8 8 2 52 1 8 2 6 7 5 (n n ) 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 6 8 2 (bm) u t g . aug u s t

Vinnar av Orlaprisen, barnas eigen litteratur­pris i Danmark


erna osland

nasevis Ei lita bok om små og store nasar dette er ei bok full av nasar, verdas beste nase, verdas største nase og verdas minste. Og det er ei bok full av kunnskap om nasar, store snablar, breie tryne og spisse snutar. Her får du verkeleg vite kor nyttig ein nase er, og korleis dei greier oppgåva med å dra inn luft. Men kva meir kan nasar brukast til enn pusting? For nasar er ikkje berre til å puste eller nyse med. Store nasar kan ein dusje med. Lange nasar kan ein jakte med. Mens verdas minste nase, heilt usynleg, kan brukast til å leite fram ein kjærast med. Les og bli nasevis! Boka er illustrert av Elisabeth Moseng.

sa k p ro sa f or ba r n k r 2 4 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 3 9 9 u t g . se p t e m be r

erna osland (f. 1951) debuterte i 1987 med ungdoms­ romanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikar­ roste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn, men bur på Byrkenesøy i Sogn.


sak prosa bar n u ngdom

sunniva relling berg

beina I ­g itaren Intens og mørk oppfølgjar til Brage-­ nominerte Utfor bo er 17 og har gitt opp å passe inn. Men då ho møter Hans, blir det ikkje lenger så lett å tenkje at ingenting betyr noko. Vi følgjer ho eit år frå sommar til sommar, gjennom tilbakeblikk til barndomen ho er på veg ut av, og intense, men famlande forsøk på å finne sin plass i verda og i forholdet til Hans. Beina i gitaren er ei sterk, kompleks og velskriven historie om identitet og sterke kjensler.

95

u ngdom | k r 2 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 9 2 7 i sa l

Mørkt og finstemt om ei desperat jente. […] en befriende litterær ungdomsroman, skrevet av en dristig forfatter. Maja Troberg Djuve, Dagbladet

sunniva relling berg (f. 1988) kjem frå Ålesund og bur i Bergen. Ho vart Brageprisnominert for debutboka Utfor (2011).


magnhild bruheim

det som er sant Kva skjedde på det rommet på den festen? kva er sant, og kva er rykte? Kven si side stiller du deg på når det er ord mot ord? Linn og Solveig er bestevenninner, men vennskapen blir sett på ein vanskeleg prøve når Hanna og Sander har to ulike versjonar av kva som eigentleg skjedde på det rommet på den festen. Denne romanen engasjerer lesaren frå første side og er ei høgaktuell bok om sex, vennskap, overskriding, grensesetting og hemningslaus ryktespreiing på sosiale medium.

u ngdom | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 5 6 9 u t g . aug u s t

magnhild bruheim (f. 1951) frå Skjåk i Gudbrandsdalen debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og for ungdom. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK , både i Oslo og på Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.


u ngdom

atle hansen

flukt Lettlesen spenningsbok rett under fjellet ligg det eit tomt hus, som plutseleg ikkje er tomt lenger. Nokon har flytta inn, men vil ikkje bli sett. Er det dei rømte asylbarna, eller kanskje den farlege fangen som har slått seg til der? Og kva i all verda gjer ein når ein oppdagar noko som er hemmeleg? Flukt er ei lettlesen og spennande bok om å våge å gjere skumle og kanskje ulovlege ting. Les og få hjarteklapp. let tles frå

12

97

år u ngdom | k r 1 7 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 5 4 5 u t g . se p t e m be r

Utgivinga er støtta av Leser søker bok.

atle hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Atle Hansen bur på Stord.


ragnar hovland

om noko ­s kulle skje Endeleg ny ungdomsroman frå Ragnar Hovland! ingrid, kjærasten til Reiner, døyr. Og Reiner sørgjer slik over henne at han ikkje vil leve meir, han heller. Så blir han, gjennom den mystiske Percy, kjend med Kapteinen, som gir han eit tilbod han ikkje kan seie nei til. Kapteinen veit nemleg kor døra til den andre verda finst, der Reiner kan få møte ho han elska att. Han må gjennom umulege prøver og store farar, men har ingenting å tape. Om noko skulle skje byggjer på myten om Orfeus og Evrydike, men underverda frå den gong har forandra seg til eit grått landskap utan mobildekning og med gamle pc-ar som ikkje fungerer. Kjær­leiken, derimot, er den same, og fortvilinga når den ein elskar går frå ein, er like vond som før.

u ngdom | k r 2 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 6 1 3 u t g . ok t obe r

ragnar hovland (f. 1952) er ein særeigen stemme i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar.


u ngdom

harald nortun

nesten saman Ei diktsamling som treffer midt i ­ laneten! p 99

Kanskje du akkurat no er åleine. Kanskje du trur at ingen bryr seg. Kanskje du trur at ingen ser deg. Kanskje du trur at du ikkje er bra nok. Kanskje du trur at ingen veit kven du er. Kanskje du ikkje kan førestelle deg at det finst nokon som tenkjer på deg og berre på deg kvar dag, kvar time, kvart minutt og sekund. Går det an å vere forelska i den suraste på heile skulen? Går det an å vere nesten saman? Denne diktsamlinga skildrar på humoristisk, sårt, energisk og treffande vis, korleis det er å vere ung, sur og nesten saman.

di k t f or u ngdom k r 1 9 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 5 0 4 u t g . aug u s t

harald nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. Harald Nortun er busett i Trondheim.


tor arve røssland

svartemathilda iii Siste boka i lesarane sin favorittgrøssarserie elisabeth og gry drar til Venezia for å finne ut kva som skjedde med bibliotekaren Viggo. Kva var han på sporet av då han døydde? Lesaren blir også tatt med til 1500-talets Venezia, der Gallo-brørne går i gang med spegelproduksjon. Dei blir både offer og reiskap for dei demoniske kreftene som seinare skal heimsøkje Hardanger på 1800-talet og notidas Bergen. Her får lesarane som har følgt SvarteMathilda frå spegel til spegel, endeleg vite den grufulle byrjinga på historia. Eller går ho kanskje endå lenger bakover i tid? Den tredje boka om Svarte-Mathilda er mørkare og skumlare enn dei to første, som har blitt lesarfavorittar og nominert til Uprisen.

u ngdom | k r 2 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 0 1 6 i sa l

tor arve røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge. Første boka om Svarte-Mathilda vart nominert til Uprisen.


u ngdom

gaute m. sortland

the rise and fall of gøran trovåg

101

Unggutar på leit dette er historia om Stuart, som eigentleg heiter Gøran, og kompisane hans. Det er historia om skitten sprithandel, vennskap og musikk. Det er forteljinga om måker og vind, om damer og eksplosjonar, og ikkje minst: historia om å gå skikkeleg på trynet i hundeskit. Gaute Sortland har skrive ei morosam, skeiv og sår bok om det å vere ung gut i ein liten norsk by. u ngdom | k r 1 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 5 8 3 u t g . aug u s t

gaute m. sortland (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009 og er kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband.


linn t. sunne

alt du kan ønske deg Lett og godt om vanskeleg kjærleik siri kan berre ikkje la vere å møte Andreas, som sender henne meldingar som får det til å krible i henne, sjølv om ho er kjærast med Jens. Men har ein lov til å gjere det slutt med nokon som har det vanskeleg, sjølv om ein eigentleg vil? Dobbel Brageprisvinnar Linn T. Sunne skriv godt, lett og tett på om ung kjærleik, ocd og psykisk sjukdom. u ngdom | k r 2 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 5 2 1 u t g . se p t e m be r

linn t. sunne (f. 1971) debuterte som barnebokforfattar i 2000, og har sidan den gongen fått mange begeistra lesarar. Ho har vunne Brageprisen to gongar. Sunne bur på Dokka og arbeider med litteratur­formidling for barn og ungdom på bokbussen i Oppland.


pock et

anne viken

elise og myste­r iet med dei døde ­h estane

103

Spennande om hestar og dyrlege­draumen då onkel kalle får sommarjobb som veterinær i den bortgøymde Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treffer ho den pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar og finn fort ut at dei kvite hestane i Tordenbygda ikkje er som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tek dyrlegedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og dyreglade frå 10 år og oppover.

p oc k e t | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 5 1 1 i sa l

Pocket

anne viken er veterinær, statsvitar, bloggar og skribent. Ho debuterte i 2012 med den første boka i den spennande serien om Elise, Elise og mysteriet med dei døde hestane.


aina basso

inn I elden Historisk ungdomsroman med hekseprosessane i Finnmark som dramatisk bakteppe i tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 «trollkvinner» dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie. Romanen har to parallelle forteljarar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei «klok kone» i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssar kvarandre på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene får vi ei levande og poetisk skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid med både parallellar og sterke kontrastar til vår eiga tid. Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for barne- og ungdomsbøker.

u ngdom | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 5 8 0 i sa l

nomin ert til

Nordisk råds litteraturpris

aina basso (f. 1979) kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 følgde ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Tater­ pige. I 2012 kom ungdomsromanen Inn i elden, som vart nominert til Brageprisen i open klasse, ungdomsbøker. Ho er nominert til Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013 for boka Inn i elden. Basso er utdanna historikar og bur i Oslo.


pock et

lars mæhle

fuck off I love you Spennande og tankevekkande roman om val og vold vemund er ein vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor? Leiaren i gruppa, Two-Face, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle viktige vegval med myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Da blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Da blir handlinga vond … Fuck Off I Love You er ei sterk og spennande forteljing som tek opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre livet vårt? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over? Nominert til Uprisen 2013!

105

u ngdom | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 6 5 8 i sa l

Mæhle har skrevet en viktig ungdomsroman som kan anbefales på det varmeste. Endre Ruset, Romsdals Budstikke

lars mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia (2002), seinare filmatisert med stor suksess som Keeper’n til Liverpool. Mæhle har skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom, m.a. den prislønte fantasyromanen Landet under isen (2009).


kristian bjørkelo

ekstremist­ boka Dagsaktuelt og engasjerande kva er terror, og finst det døme på legitim terror? Kva kan vi kalle ekstreme ytringar, og når blir ein ekstremist? I denne aktuelle debattboka for ungdom diskuterer Kristian Bjørkelo kva ekstrem­ isme og terror er. Gjennom intervju, fargerike døme og historie gjev forfattaren ein bakgrunn for å forstå ekstremistar og motivasjonen deira. Han gjer dette i eit kunnskapsrikt, humoristisk og provoserande språk.

sa k p ro sa f or u ngdom k r 1 9 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 5 9 0 u t g . de se m be r

Debutant

kristian a. bjørkelo (f. 1978) er utdanna folklorist, har følgt ulike ekstreme miljø i over ti år, og kombinerer fagleg innsikt med humor og snert. Han har skrive blogg og artiklar i fleire år, og i 2013 redigerte han Gi meg en scene!, ein antologi om norsk blogging.


sak prosa u ngdom omset t u ngdom

robert muchamore

slått ut Bok nr. 7 i den bestseljande agentserien cherub

10 7

då eit m15-oppdrag går katastofalt gale, treng James Adams alt han har lært, for å komme seg levande ut av Russland. I mellomtida er søstera, Lauren, ute på sitt første solooppdrag. Ho skal prøve å gå undercover i ein brutal operasjon knytt til menneskehandel. Og når James endeleg kjem heim, finn han ut at marerittet berre så vidt har begynt … Dette er den sjuande cherub-boka. Serien har både vunne litterære prisar og blitt ein internasjonal suksess. Les også Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Drapet, Heilag galskap og Mennesket og dyret. Rekrutten finst òg som grafisk roman.

u ngdom | k r 1 8 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 5 4 7 9 i sa l

robert muchamore (f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk og har selt fleire millionar bøker.


bøker 2013 ©2013 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget leiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Jens Bjelkes gate 12 postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 oslo tlf.: 22 70 78 00 føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar.

Fakta og dokumentar

omslag: konsept: Reaktor Design formgiving: Fredrik Eive Refsli fotografar: Forfattarportrett sjå: side x


olaf almenningen (red.)

hundre års idrettsliv Idrotts­laget i Bonde­ ungdoms­laget i Oslo 1913–2013 i Idrottslaget i Bondeungdomslaget finn vi ruvande idrettsheltar som skikongen Johan Grøttumsbråten, verdsmeistrane Ingrid Kristiansen og Odd Martinsen, ekteparet Åge og Ingrid Hadler og ol -vinnaren Khalid Skah. Klubben har fostra idrettsleiarar som Olaf Helset, Arne Haukvik, Målfrid Kuvås, Ivar Egeberg og Unni Helland. Idrottslaget har gått i brodden for skistafett i nm for klubblag, sprint-nm på skeiser, gateløp og førjulsrenn på ski, fotball for kvinner og idrett for psykisk utviklingshemma. Dagens mest kjende bul -stjerner heiter Heidi Weng, Martine Ek Hagen, Jaysuma Saidy Ndure, Cathrine Larsåsen og Ezinne Okparaebo.

h i s t or i e | k r 4 6 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 7 8 4 i sa l

olaf almenningen (f. 1947) er frå Voss og har vore tilsett i Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo sidan 1987. Han har tidlegare vore dagleg leiar i Noregs Mållag og skrive fleire bøker om målrørsla og lærebøker i språkhistorie og om nynorsk målbruk. Han har vore styreleiar i Idrottslaget i tre år og med i Bondeungdomslaget sidan 1979.


fak ta og dokumen tar

ole m. ellefsen

reve jegerane på jan mayen Dei skulle fange rev, men enda med å jakte på kvarandre den erfarne journalisten Ole M. Ellefsen fekk ei skattkiste i fanget i form av fleire dagbøker skrivne av fangstmenn som overvintra på Jan Mayen. Året er 1926. 11 menn er isolert på ei aude øy mellom alt og ingenting. Klippeøya Jan Mayen er nettopp blitt erklært som norsk territorium. Under det ruvande vulkanfjellet Beerenberg skal dei klare seg gjennom vinteren i tronge, små fangsthytter. Målet er å bli rike på revefangst. Vi følgjer karane gjennom vonbrot, krangel og glede. I desembermørket kjem dei svarte tankane. Snart må den eine rømme over fjellet for ikkje å bli slått helselaus. Dei kjem i klammeri om jaktrettane og øydelegg fellene for kvarandre. Til slutt dreg Hank, cowboyen frå Baltimore, ein Colt .38, klar til å drepe.

111

h i s t or i e | k r 3 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 1 1 5 u t g . se p t e m be r

ole m. ellefsen, (f. 1949) har mange år som journalist og forfattar bak seg og er no leiar ved Aalesunds Museum. Han har tidlegare gitt ut bøkene Farefull ferd på Sunnmørskysten, Folket ved Hustadvika og Uræd.


dag h. nestegard

atlanter­ havsflygaren thor solberg Ei røvarhistorie Eventyrleg om flypioner sommaren 1935 flaug Thor Solberg som førstemann frå USA til Noreg via Grønland, Island og Færøyane med eit spinkelt einmotors Loening amfibiefly. Den utrulege historia er lite kjend, og Thor Solberg var sjølv ein mann utanom det vanlege. Han dreiv business både i Noreg og i USA, var stor i kjeften og ein solid mytebyggjar. Solberg var ein del av flypionermiljøet i Brooklyn N.Y., saman med mellom andre Charles Lindbergh. Dette er historia om ein flygalen gut frå eit småbruk i Florø, som fekk til nesten alt han ville, men som krasjlanda rett som det var.

h i s t or i e | k r 3 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 0 7 8 u t g . se p t e m be r

Debutant

dag h. nestegard (f. 1968) er journalist og redaktør i Bok og Samfunn.


fak ta og dokumen tar

alfred fidjestøl

trass alt Det ­Norske ­Teatret ­1913–2013. Drama­ tiske ­scener frå 100 års teatereventyr det norske teatret trassa tyngde­ lovene i Teater-Noreg, det trassa dei økonomiske vilkåra og dei fysiske føreset­ nadene i den vesle teatersalen, og det trassa den veldige motstanden mot prosjektet mellom riksmålsfolket. Opninga i hovudstaden utløyste eit vekelangt teaterslag, med pipekonsertar under framsyningane, blodige slagsmål i salen og titusentals demonstrantar i gatene omkring teateret. 100 år seinare er språkstriden avvæpna og teaterkunsten har mist den privilegerte posisjonen sin i kulturfeltet. Men Det Norske Teatret står framleis like støtt, med eige palass i Karl Johan-kvartalet og 200 000 publikum­marar i gode år, trass alt. For første gong kjem her heile historia, frå turneane til forløparen Det Norske Spellaget i 1911 og 1912 til den storslagne hundreårsfeiringa i 2013.

113

h i s t or i e | k r 4 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 8 7 5 3 u t g . ok t obe r

sjå meir av bok a på nest e si de

alfred fidjestøl (f. 1973) er journalist og forfattar og har tidlegare gjeve ut bøkene Hans Jonas. Ein introduksjon (2004) og Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007). Han har vore tilsett ved teateret for å skrive denne jubileumssoga, men har stått heilt fritt til å skrive ærleg, kritisk og usminka om vegval og konfliktar, kriser og høgdepunkt.


for før s t e g ong

h e i l e h i s t or i a om D e t Nor s k e T e at r e t

Lasse Kolstad og Rolf Daleng i Spelemann pĂĽ taket, 1968.


fak ta og dokumen tar 115

over: Rasmus Rasmussen og Mally Haaland i Jeppe pü Berget, 1913. under: Heile ensemblet i Les Misèrables, 1988.


jan olav gatland

olav dalgard. ein biografi Ein frikar i norsk åndsliv olav dalgard (1898–1980) var ein av dei mest aktive kulturarbeidarane Noreg har hatt, ein markant pioner innan film og teater. Han var ein sentral aktør i norsk kultur- og åndsliv i over 50 år, også som litterat, målmann og humanetikar. Med ei halv stilling som dramaturg på Det Norske Teatret gjennom femti år fekk han høve til å røre seg fritt mellom institusjonar og kunstartar. Han var aktiv i sosialistiske Mot Dag, laga ni filmar, sat på Grini og i Sachsenhausen under krigen, var kritikar i fleire aviser, skreiv fleire bøker og kjempa fram teatervitskap som universitetsfag og ein offentleg teaterskule. Biografien om Olav Dalgard er blitt ein kulturhistorisk gjennomgang av frontar, rørsler og institusjonar i det 20. hundreåret.

bio gr a f i | k r 3 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 8 7 3 9 u t g . aug u s t

jan olav gatland (f. 1949) er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har arbeidd som kritikar og omsetjar og i tillegg skrive ei rekkje artiklar og utgitt fleire bøker om litteratur og teater, som Ord og orgasme. Ein biografi om Ola Raknes (2010), og Torvald Tu. Eit diktarliv (2008).


fak ta og dokumen tar

katrine sele

kenneth – Historia om Kenneth ­Sivertsen historia om kenneth Sivertsen er ei historie om eit uvanleg talent, absurde innfall og ville påfunn, intense kjærleikshistorier, men også om alt som kan bryte ned eit menneske. Kenneth Sivertsen døydde julaftan 2006, berre 45 år gammal. Mange hugsar ein brutal nedtur og eit halvt hovud, men Sivertsen var mykje meir enn eit fall for open scene. Han var gitarist, komponist, songar og humorist. Han voks opp på Mosterøy i Bømlo, med Jesus og englar som ein sjølvsagd del av kvardagen. Alt som 22-åring skreiv han sin første symfoni. Kenneth Sivertsen var klassisk komponist, skreiv viser, spelte med dei fremste amerikanske jazzmusikarane, vart rikskjendis som kabaretartist saman med kjærasten Herborg Kråkevik og turnerte ein periode saman med 47 teddybjørnar.

11 7

bio gr a f i | k r 3 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 1 8 4 u t g . se p t e m be r

sjå meir av bok a på nest e si de

katrine sele (f. 1972) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Ho er busett i Jølster i Sunnfjord og har arbeidd som journalist i avisa Firda sidan 1998. Tidlegare har ho blant anna gjeve ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar.


Kenneth – Historia om Kenneth Sivertsen Utdrag frå boka «før kenneth sivertsen skreiv ein symfoni, før han spelte kompliserte gitarkomposisjonar på tv, med luggen ned framfor auga, før visesong, strengekvartettar og jazz, før han og Herborg vart landets artigaste kjærastepar, før Einar Førde-parodiar, turar med sjøfly, pillerus, alkoholisme og konkurs og før han var på framsida av Se og Hør med halvt hovud, lenge før alt dette, vart Kenneth fødd inn i familien Sivert-


fak ta og dokumen tar

sen på øya Moster på Bømlo, i utløpet av Hardangerfjorden. Mora heitte Bertha Sivertsen, eller Mossa, som alle kjenner henne som. Faren heitte Gunnar Sivertsen og dreiv fraktebåt i lausfart. Søskenflokken vart seks med yngstemann Kenneth – først tre jenter, så tre gutar. Alle dei eldre søskena hans fekk tradisjonelle, norske namn: Bjørg Evy, Solfrid, Gunn, Sivert og Vidar. Namnet Kenneth, derimot, kom sjøvegen. Mossa hadde høyrt det frå ein onkel som hadde vore i Amerika, og ho syntest det var så fint. Om ho visste den gongen at tydinga på det gaeliske namnet var «den vakre», er ho uviss på, men sidan tenkte ho alltid at det passa så godt på nettopp han. For henne var han den vakre.»

119


ottar grepstad

historia om ivar aasen Ny biografi om 200-års jubilant ivar aasen reiste lenger enn Marco Polo, hadde bøker på minst 20 språk og hugsa alt han hadde lese éin gong. Han var bonde­ sonen og vegarbeidaren som moderniserte Noreg, grunnla den nynorske diktekunsten og blei ein internasjonalt respektert språkforskar. Berre 22 år gamal bestemte Ivar Aasen seg for å finne det språket som alt var på folkemunne, og gjere dette til det norske språket. Offentleg sa han det først 16 år seinare, og laga seg ein grenselaust ambisiøst arbeidsplan. Lesaren blir med Aasen landet rundt og livet gjennom i arbeidet hans med å oppfylle planen. Rekk han det han må få gjort?

bio gr a f i | k r 3 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 4 4 7 2 u t g . aug u s t

ottar grepstad (f. 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum, forfattar og hovudredaktør i Allkunne. Han har gitt ut over 25 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.


fak ta og dokumen tar

magnhild folkvord

fredrikke ­m arie qvam Rabaldermenneske og strateg fredrikke marie qvam (1843–1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Målet vart nådd i 1913, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Fredrikke sitt politiske og organisatoriske engasjement. Qvam vart ikkje utan grunn kalla «Korridorenes Dronning», og ho påverka gjerne landets leiande menn ved å gå gjennom konene. Sjølv var Fredrikke Marie Qvam gift med Ole Anton Qvam, ein sentral Venstre-politikar. Mykje sjukdom, to barn som døydde tidleg, ein son som døydde av tuberkulose 25 år gammal, og eit dødfødd barn sette eit sterkt preg på livet hennar.

121

bio gr a f i | k r . 3 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 0 0 9 i sa l

magnhild folkvord (f. 1945) er utdanna adjunkt. Ho har sidan 1999 arbeidd som journalist i Klassekampen. I 2008 gav ho ut boka Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma? i samarbeid med Ebba Wergeland.


kristin fridtun

nynorsk for dumskallar Nynorsk er ­ikkje ­vanskeleg Nynorsk for dumskallar er skriven for dei som ikkje kan så mykje om nynorsk, men som vil lære litt. Eller: Ho er skriven for dei som ikkje vil lære nynorsk, men som må lære det. Kristin Fridtun var sjølv bokmålselev i tjukkaste bokmålsland. På ungdomsskulen hadde ho ein norsklærar som sa: «Nynorsk er ikkje vanskeleg.» Fridtun trudde ikkje på henne. Seinare måtte Fridtun bite i graset og vedgå at læraren hadde rett. Den nynorske jungelen er ikkje så stor og skummel som mange trur! Fridtun syner veg på morosamt, enkelt og underhaldande vis. Ho stiller spørsmål som: Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Ho knuser mytar om nynorsken og Aasen og gir ei enkel og uvanleg god innføring i nynorsk språkføring og grammatikk.

sp rå k | k r 2 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 1 6 0 u t g . aug u s t

kristin fridtun (f. 1987) har mastergrad i norrøn filologi. Ho er oppvaksen med bokmål, men skifta til nynorsk i 2006. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Bergen. Fridtun gav i 2011 ut boka Norsk etymologisk oppkok.


fak ta og dokumen tar

janne nygård og vebjørn sture

kva skal vi med sidemål? kvifor må elevar lære både nynorsk og bokmål? Denne pamfletten går rett inn i det vanskelege og viktige ordskiftet om sidemål. Dei unge forfattarane legg fram ein god og grundig argumentasjon for kvifor opplæring i begge dei norske språka er viktig, både for den enkelte og for samfunnet. Er norskundervisninga god nok? Og korleis burde norskfaget eigentleg sjå ut? Les om fordelane med å lære både nynorsk og bokmål, og korleis vi kan lukkast med det. Med bidragsytarar som Øystein Vangsnes, Gunnar Skirbekk og Eli Bjørhusdal tek pamfletten føre seg både den faglege og den politiske sida ved spørsmålet. Denne boka er både for dei som berre vil ha svar på kvifor vi har sidemål i skulen, og for dei som leitar etter harde fakta og gjennomtenkte resonnement.

1 23

sp rå k | k r . 9 9 , i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 0 8 5 i sa l

vebjørn sture (f. 1987) er møbelsnikkar og leiar i Norsk Målungdom. janne nygård (f. 1989) er student og redaksjons­sekretær i Syn og Segn.


øystein a. vangsnes

språkleg ­t oleranse I noreg – n ­ orge, for faen! Er vi eigentleg så språktolerante i dette landet? blant språkforskarar utanlands blir Noreg sett på som eit land med stor takhøgd for språkleg mangfald. Men i kva grad set vi eigentleg pris på språkmangfald? Kvifor ser ein stadig negative og til dels hatske utfall mot nynorsk? Kvifor møter meir synleggjering av samisk språk i Nord-Noreg sterk folkeleg motstand? Og er det eigentleg så populært med alle moglege slags dialektar i dette landet? Bodskapen i boka er at språkleg toleranse og verdsetjing av språkmangfald er bra for den enkelte, og difor også for samfunnet.

sp rå k | k r 1 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 8 2 5 u t g . ok t obe r

øystein a. vangsnes (f. 1968) er dr.art. i lingvistikk og arbeider som forskar ved Universitetet i Tromsø og professor II ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han er ein aktiv forskingsformidlar som mellom anna bloggar om språk og språkvitskap på nettportalen Forsking. no. I 2012 vart Vangsnes tildelt Universitetet i Tromsøs formidlingspris.


fak ta og dokumen tar

ottar grepstad

språksansen Kalender om all ­ verdas språk

1 25

Boka som rommar ei heil verd og varer i år etter år. kva skjedde i all verdas språk nett i dag? Kven har sagt noko lurt om språk og litteratur som du kan bruke på bloggen, i lunsjpausen eller i talen? Denne språkkalenderen har svar for alle dagar året gjennom. Kvar dag har ei forteljing frå språkhistoria verda rundt, opplysningar om ein forfattar som blei fødd eller døydde, og eit ord for dagen om språk. Det heile er lagt til rette med overblikk og språkglede, sans for detaljar og glimt i auga. Forteljingane rommar 5000 år og nærmare 300 språk. Som dagane går, tek eit fargerikt bilete form, av språk som blir til og vinn posisjonar, endrar seg og tek uventa vendingar. Språksansen er ei overraskande, lærerik og underhaldande bok for fleire enn den språkinteresserte.

sp rå k | k r 34 9 , i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 6 1 0 u t g . se p t e m be r

ottar grepstad (f. 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum, forfattar og hovudredaktør i Allkunne. Han har gitt ut over 25 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.


22. januar «2010 skriv den amerikanske astronauten Timo­ thy Creamer den første Twitter-meldinga som er send frå verdsrommet. Creamer tvitrar frå den internasjonale romstasjonen og er sjølv attende på jorda 2. juni 2010. Den amerikanske programvareskaparen Jack Dorsey utvikla Twitter i mars 2006, og 21. mars 2006 kl. 12.50 PM (Pacific Time) sender han den aller første meldinga: «just setting up my twttr». Ordet tyder «a short burst of inconsequential information» eller «chirps from birds». Frå 15. juli 2006 er ein fullversjon av programmet allment tilgjengeleg. Twitter Inc. blir skipa i april 2007, og den nye digitale tenesta får gjennombrotet sitt på den årlege konferansen South by Southwest i Texas i oktober 2007. Tekstmengda er avgrensa til 140 teikn, og Twitter blir det same på Internett som sms er blitt for mobiltelefonane. Kommunikasjon via Twitter blir ein viktig føresetnad for opprøret i Egypt og Tunis i 2011. Det nye formatet kan også brukast skjønnlitterært. Frå årsskiftet 2011/12 til mai 2013 publiserer Frode Grytten kvar dag ei Twitter-novelle på 140 teikn.» Utdrag frå Språksansen – Kalender om all verdas språk av Ottar Grepstad

Berre der det er språk, er det ei verd. Adrienne Rich, Leaflets, 1969


fak ta og dokumen tar

jan inge sørbø

til trøyst Å gje språk til ­psy­kiske kriser

127

Om psykisk sjukdom i skjønnlitteraturen medisinen har ikkje eit godt nok språk for dei kjenslene og erfaringane folk får ved psykiske sjukdommar og plager. Jan Inge Sørbø viser at det er litteraturen som er den store og romslege kjelda til slik innsikt og forståing. Dette kan ikkje erstatta diagnosesystema og fagkunnskapen, men litteraturen kan supplera og stundom korrigera dette. Det skarpe skiljet mellom frisk og sjuk, galen og normal, er gjerne mindre viktig i skjønnlitteraturen. Vi møter ofte innsiktsfulle og kloke røyster som har erfaringar på begge sider av slike skilje. For den som sjølv kjempar med slike vanskar, kan det liggja både gjenkjenning og trøyst i gode romanar og dikt. Sørbø gir døme frå bøker av m.a. Beate Grimsrud, Olav H. Hauge, Karin Fossum, Arne Garborg, Alfred Hauge, Gunvor Hofmo, Göran Tunström og Lars Amund Vaage.

e s say o g f i l o sof i k r 3 2 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 1 0 8 u t g . se p t e m be r

jan inge sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist. Han er professor ved Nordisk Institutt,  Universitetet i Bergen, professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda.


torolf nordbø og leif arild steen

ei slags hand­ bok I sunt bondevett Jakta på den praktiske klokskapen! kor mange gongar har vi ikkje høyrt tale om at vi bør bruke «sunt bondevett»? Men kva er det eigentleg?  I denne morosame og nyttige boka følgjer vi Ryfylke-humoristane Torolf Nordbø og Leif Arild Steen i deira jakt på den praktiske klokskapen som ein kallar sunt bondevett. Finst det eit usunt bondevett? Og kan folk som i utgangspunktet ikkje har sunt bondevett, lære å bruke det? Saman med handplukka menn og kvinner viser forfattarane kjeldene og ingrediensane til det sunne bondevettet. Dette er ei bok full av humor og med glimt i auga. Du kan ikkje lære sunt bondevett på skulen. Men du kan kjøpe denne boka!

h u mor | k r 2 9 9 , – i sbn: 9 7 88 2 5 2 1 8 4 3 2 7 u t g . se p t e m be r

leif arild steen (f. 1972) er finnøybu, humorist og prosjektleiar i kulturbedrifta Ryfylke Livsgnist. torolf nordbø (f. 1956) er humorist, musikar, tekstforfattar og filosof.


fak ta og dokumen tar

are kalvø

ny grunnlov den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslege menn på seminar på Eidsvoll. Are Kalvø meinte han måtte kunne gjere ein betre jobb, og reiste ut i landet for å lage ei ny grunnlov, som bygger på det folk i dag meiner.  Resultatet blei ei ny og sjølvsagt mykje betre grunnlov, men òg ein TV-serie som dokumenterer arbeidet, som blir vist på NRK i år med titelen Riksforsamlinga.  Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til, men òg mange ulike slags forsøk – nokre av dei direkte tøvete – på å finne ut kva folk i dag eigentleg meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytringsfridom.  Boka inneheld fleire vitsar og søkte teoriar og er illustrert med ganske overraskande foto.

1 29

h u mor | k r . 2 9 9 , i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 9 3 4 i sa l

sjå meir av bok a på nest e si de

are kalvø (f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar.


frå «ny grunnlov» av are kalvø


fak ta og dokumen tar

N y g ru n n lov §1

selig kr atisk, fredelig og pas norge er eit demo ein klem. ge tren kan alle der kjendisfiksert rike §2

føre på det dei vil, og få opp t dei vil , og la vere å tru heller. av lt all e må få tru på de hei ta å dig ven er ikkje nød seg så rart dei vil, men det §3

n ge både folket og familie ein kongefamilie, så len r elle n ilie fam norge må gjern e ha en pe den dag amilien må også få slep på omgang gå ge sjølv vil det, men kongef kon r elle ng nni det bør jobben som dro skal folket har fått nok. Etter konge eller dronning, som året blir det trekt ein ny i g gon Ein et. som folk. seg mellom folk føre opp l ska og nga har ikkje makt, ha tittelen Dronge. Dro §4

ig måte som mulig. på ein så smart og rettferd me på. fol ke t bes temmer, måten å la folket bestem har funne den perfekte Og ein må aldri tru at ein §5

lover straffer, men ikkje fleire lov er og domstolar og er greitt med det samfu nn et ska l ha Og r. ene fort folk verre straffer enn dre. enn nødvendig og ikkje blir kjende med kvaran tigaste er uansett at folk vik t De ff. stra tisk humoris §6

ge st. Staten bør derfor sør fol k er ikk je så ver at: Ved . side te bes si for at folk får vise seg frå r til å leve, vere fri, gå på all e har like muligheite livet friske og ha det bra heile skule, slappe av, halde seg ke og ten , seie å den dei vil vere, og til all e har rett til å vere fordrar opp r elle vlig ulo o nok ge dei ikkje gjer gjere som dei vil, så len vlig ulo kelig alvorlig andre til å gjere noko skik ta i . Til gjengjeld bør folk del likt la and beh bli å til all e har rett ge, geli hyg og noko er feil, vere greie samfunnet, seie frå når s dre og ha humoristisk san ran kva d me kke sna

131


ingrid espelid hovig

lett ­t raktering Nostalgisk kokebok for 40 år sidan kom boka Lett traktering av Ingrid Espelid Hovig. Samlaget hyllar no heile landets matmor med å gje ut boka på nytt, akkurat slik ho såg ut i 1973, supplert med eit nyskrive forord av Andreas Viestad. Dette er ei bok som vil vekkje mange gode minne. Lett traktering var den andre kokeboka Ingrid Espelid Hovig gav ut. Då hadde ho allereie formidla mat i Fjernsynskjøkkenet i elleve år. Interessa for nye råvarer, nye retter og oppskrifter var stor. Boka inviterer til mimring om korleis det norske kjøkkenet var i ei tid då nye retter kom til landet. Skal du traktera lett, kan du til dømes laga hane i vin, fiskegryte, laksesalat, svinerygg, bidos, lammegryte, risottoblåskjel i ratatouille eller høne på austerlandsk vis. Oppskriftene er framleis gode og enkle.

m at o g dr i k k e | k r i sbn: 9 7 88 2 5 2 1 8 4 3 8 9 u t g . aug u s t

179,–

Kokebok­ klassikar frå heile Noregs matmor

ingrid espelid hovig (f. 1924) er programleiar, forfattar og utan tvil heile Noregs matmor. Ho er kjend frå Fjernsynskjøkkenet og frå over 50 kokebøker. Espelid Hovig er utdanna på Statens lærerinneskole i husstell. Ho har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland. I 1994 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ingrid Espelid Hovig voks opp på Askøy, men er busett i Oslo.


mat og handar beid

gunda djupvik

ball, klubb og komle med dott

133

Kraftkost til kvardag og fest potetball har vore populær husmannskost over heile landet, og kvar landsdel har sin favoritt. Kompe, komle, klubb, krumme, kompedøse, ruter eller risk – alle er namn på «den grå juvel». Ball er heller ikkje eit særnorsk fenomen, både palt, gnocchi, knödeln og zeppelinar er variantar av vår potetball. Gunda Djupvik gir deg oppskrifter på eit solid utval av både potetball og fiskeball – med ulikt tilbehør. Du lærer knep og triks for å få din favorittball heilt perfekt og med rett konsistens, og nye og moderne vriar på den tradisjonsrike retten. I dag er potetball ikkje berre kvardags­ kost, det er også herleg festmat!

m at o g dr i k k e | k r i sbn: 9 7 8 8 25 2 1 8 3 0 4 7 u t g . se p t e m be r

369,–

sjå meir av bok a på nest e si de

gunda djupvik (f. 1966) er profilert matbloggar og skribent. Ho har tidlegare gitt ut bøkene Smalhans og Sylting og safting heile året. Ho bloggar på altgodt.no. Foto av Gunda Marie Næss.


ball, Klubb og Komle med dott Av Gunda Djupvik her finn du oppskrifter på eit solid utval av både potetball og fiskeball – med ulikt tilbehør. Potetball har vore populær husmannskost over heile landet, og kvar landsdel har sin favoritt av «den grå juvel». Kumle, blodkumle, mjølkekumla, kvitsøykomle, komla med dott i, komlasteik, kompe, raspekompe, raspekumpe, rivkompe, rivkumpe, blodkompe, potetklubb, fatklubb, flatklubb, flættklubb, hakklubb, skjeklubb, melklubb, klub, klubb, klubb og duppe, klubb og stinge, kløbb,


mat og handar beid

isterklubb, blodklubb, kalveklubb, snåsaklubb, fleskeklubb, skjeklubb, saueleverklubb, sildklubb, sildeklubb, rognklubb, måssaklubb, auke, kodla, kudle, klot, klot og duppe, kams, kamsehau, kams-hauv, melball, ball, potetball, raspeball, blodball, blandaball, baill, blainna-baill, kristiansundsball, kamsball, langbaill, ruindbaill, fiskeball, grovfiskball, løkball, seiball, storfiskball, inniball, hitraball, kvitball, ferskfiskball, saltfiskball, salt kvitball, saltsildball, rognball, fiskeleverball, comperdøse, kumperdøse, kompadøs, kompedøse, kumperuta, ruta, komperute, ruter, rognruta, potetboller, potetbollar, raspekaker, raspekako, risk, rasperisk, blodraspekaker, klubbtralle, klotremat, krumme, kromme, raspekrumme, fløttkromme, kroppkake, palt …

135


bodil nordjore

brødboka Den ultimate norske brødboka korleis lage eit saftig, sunt og knallgodt brød? Det er knapt noko matemne Bodil Nordjore har fått fleire spørsmål om enn brød. Her har ho samla dei 120 aller beste oppskriftene. Du får oppskrifter på kvardagsbrød, brød tilsett ulikt godt, som lauk, oliven eller tomat. Her finn du òg oppskrifter på småbrød som foccacia, franske bagettar og heilnorske rund­stykke. Og du får vite korleis ein lagar brødet nord­menn har ete i generasjonar, nemleg flatbrød, og ei solid innføring i korleis ein bakar med surdeig. Bodil Nordjore svarar også på alt ein lurar på når det gjeld baking. Kor lenge skal brød eltast? Kva er ein kald og ein varm deig? Når skal saltet i brødet? Skal ein bruke olje i brødet? Kva skjer med brødet om deigen er laus? Korleis lage eit haldbart brød?

m at o g dr i k k e | k r i sbn: 9 7 88 2 5 2 1 8 3 2 1 4 u t g . se p t e m be r

399,–

sjå meir av bok a p å de i n e s t e si de n e

bodil nordjore bur i Vinje og er kjend for mange frå NRK-programma Kvelden før kvelden, Nitimen og Matlyst. Ho er lektor ved Høgskulen i Telemark og fagansvarleg for tradisjonsmatstudiet på Rauland. Nordjore har tidlegare gjeve ut bøker om blant anna fjellmat, pølser og julemat. Ho er fast spaltist i Tara Smak. Nordjore reiser land og strand rundt med kunnskap og kurs om mat.


mat og handar beid

ida skivenes

leik med ­m aten! Kreative frukostar for store og små

13 7

Oppskrifter på 70 lukkelege morgonstunder mor di tok feil, det er lov å leike med maten! Og det treng ikkje vere kjedeleg å ete sunt. Med enkle grep kan ei vanleg brødskive bli eit lite kunstverk, ja, rett og slett matkunst. Kva med isbjørngraut, ape-pannekaker, Raudhette av jordbær og kiwi, eller brødskive med Munch-motiv? Eller kanskje du heller vil lage Big Ben, Taj Mahal eller Oslo rådhus? Her får du mange idear til sunn og god mat som er moro for både store og små. Dei artige frukostane er laga med enkelt utstyr og lett tilgjengelege ingrediensar, og mange av dei tek berre 5–15 minutt å få ferdige!

m at o g dr i k k e | k r i sbn 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 8 0 1 u t g . aug u s t

299,–

Debutant

sjå meir av bok a p å de i n e s t e si de n e

ida skivenes (f. 1984) deler matglede og kreative frukostar med over 130 000 følgjarar frå heile verda på Instagram under namnet @IdaFrosk. Ho har også fast spalte i VG og Foreldre & Barn, og er blitt ein internasjonalt etterspurd matkunstnar med oppslag i alt frå Vogue, Wall Street Journal og BBC .


utdrag frå

brødboka Av Bodil Nordjore «eg elskar å bake brød! Eg elskar varme, lause, smidige, store deigar, deigar det luktar godt av og deigar med mykje godt i. Å arbeide med hendene i ein brøddeig er ei lukke og det er like spennande kvar gong om brøda blir slik eg hadde tenkt. Brød skal passe til ulike dagar og ulike måltid. Ingen dagar er like og ingen brød blir like sjølv om du nyttar same oppskrifta. Godt brød, saftig brød, grovt brød, fint brød, sunt brød, kvardagsbrød, festbrød, brød med mykje godt i, flatbrød, knekkebrød, surdeigs-


mat og handar beid

brød, haldbare brød, runde brød, avlange brød, store brød og små brød – du finn alle her i denne boka. Gjennom alle mine år med mat, er det knapt noko matemne eg har fått fleire spørsmål om enn brød. Eg har delteke i tallause samtalar om brød. Det er like spennande kvar gong. Eg har ein lidenskap for gode brød og vil gje lesaren og brukaren av denne boka ei grunnleggjande forståing for det å lage brød, eg vil du skal få det til, bli glad i å bake, eg vil du skal få den gode kjensla av rikdom når du opnar omnen og kan ta ut nybakte brød. Eg vil gje deg kunnskap og fridom slik at du kan finne dine brød i denne boka, dine oppskrifter, men også skape dine eigne brød, akkurat slik du vil ha dei. Å forføre folk med gode brød er ein sann fryd. Sprø og karamellbrune skorper, brød som heng godt saman når du skjer i dei, og som gjev saftige skiver. Det er ein fryd og ei lukke å dele nybakt brød.»

139


Oppskrifter på 70 lukkelege morgonstunder

Over

130 000

følgarar på ­Instagram som @IdaFrosk


mat og handar beid 1 41

Kjent fr책 VG: www.godt.no


tove fevang

klassisk småbarns­ strikk 0– 4 år Strikk i retromønster til dei minste strikkeekspert Tove Fevang har vore i arkivet til garnfabrikken Sandnes Garn. Denne gongen har ho vore på jakt etter oppskrifter til dei aller minste. Her finn du plagg med snømenn, seglbåtar og lokomotivmønster, tradisjonelle kufter og genserar, heile sett til dei aller minste, men òg jakker, kjolar, luer og vottar. Fevang har leita fram kjære og kjende strikkeoppskrifter frå heilt tilbake til 1950-talet, tilpassa dei vår tid og dagens garntypar. Arkivet til landets eldste garnfabrikk er eit skattkammer for den strikkeinteresserte, og ein del av norsk kulturarv. Boka inneheld trinn-for-trinn-bilete og gode forklaringar for den som ikkje er heilt stø i alle teknikkar. Strikk vakre strikkeklede med namn som Lykkeliten og Småen! Alle modellane kan strikkast i ullgarn som toler vask i maskin.

hobby | k r 3 9 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 2 0 7 u t g . se p t e m be r

tove fevang er utdanna innan tekstil, broderi og design. Ho jobbar med handarbeid som designar, forfattar og frilansjournalist og har gjeve ut ei rekkje bøker innan handarbeidsfeltet. I 2012 gav Fevang ut boka Klassisk barnestrikk med oppskrifter for aldersgruppa 2–8 år.


fak ta og dokumen tar 1 43


patti smith

just kids No i pocket året er 1967. Verda står på terskelen til ei ny tid. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og entusiasme reiste dei på kryss og tvers av New York. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel. Just Kids er Patti Smiths varme og inderlege kjærleiksforteljing om vennen Mapplethorpe, men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks avantgardistiske og spennande kulturliv i byrjinga av 70-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskretsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire. Til norsk ved Brit Bildøen.

bio gr a f i | k r 1 4 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 8 9 7 i sa l

I et presist og korthogget språk gir Smith et detaljert og realistisk bilde av en nesten mytisk epoke i nyere kunst- og rockehistorie. […] Sidemålets iboende protest mot ensretting passer til Patti Smiths rebelske ånd. Rock – best på nynorsk? Bernt Erik Pedersen, Dags­ avisen

patti smith (f. 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor innverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå 1975.


Frå Just Kids av Patti Smith, omsett av Brit Bildøen

fak ta og dokumen tar

det fanst dagar, regnfylte, grå dagar, da gatene i Brooklyn var verde eit fotografi, kvart vindauge var ei Leica-linse, utsikta kornete og stilleståande. Vi samla saman fargeblyantane og papir – arka våre og teikna oss inn i kvelden som ville, utemte barn, til vi, heilt utslitne, fall over ende i senga. Vi låg i armane til kvarandre, framleis forlegne men lykkelege, og utveksla ande­ lause kyss til vi var langt inne i søvnen. Guten eg hadde møtt, var sjenert og hadde vanskar med å uttrykke seg. Han likte at nokon leidde han, likte å bli tatt i handa for så heil­hjarta å gå inn i ei anna verd. Han var maskulin og beskyttande, samtidig som han var feminin og føyeleg. Sjølv om han var svært pedantisk i klesdrakt og framferd, var han også i stand til å framkalle ei skremmande forvirring med arbeidet sitt. Hans eigne verder var einsame og farlege, og gav ein forsmak på fridom, ekstase og lausriving. Iblant kunne eg vakne og oppdage at han sat og jobba i det dimme lyset frå eit bønelys. Han la siste hand på teikninga, snudde arbeidet hit og dit, studerte det frå alle vinklar. Tankefull og konsentrert kunne han kikke opp og legge merke til at eg såg på han, og da smilte han.

1 45


astrid sverresdotter dypvik

det var ddr Forteljingar om eit nedlagt land Kamp om historia 3. oktober 1990 vart ddr lagt ned og Tyskland samla. Denne boka byr på forteljingar om det som vart att etter ddr . Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbei­darar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur. Alle desse historiene har sin plass i den store forteljinga om ddr . Med nærgåande portrett teiknar Astrid S. Dypvik eit levande bilete av republikken og korleis han gjekk i oppløysing hausten 1989.

Med Astrid Sverresdotter Dypviks «Det var ddr» har vi fått noe så sært som en norskskrevet bok av internasjonalt format — dette er en bok som garantert lar seg eksportere, og som er verdt det. Jon Rognlien, Dagbladet

p oc k e t | k r . 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 9 9 6 i sa l

Journalisten Astrid Sverresdotter skriver drivende godt om ddr-skjebner, og får det til å føles relevant også for et norsk publikum. Knut Hoem, NRK

astrid sverresdotter dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. I dag er ho tilsett i Nationen, men ho har tidlegare arbeidd i både Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid.


pock et

per inge torkelsen

humor E heile vitsen «Hvis du ikkje bler i godt humør av dette, så banke eg deg …» eg ska begeistra deg. Eg ska få deg i godt humør, enten du vil eller ei. Eg ska servera någen kjekke historiar; snåle, tankevekkande, løgne, og anderledes. Eg ska gje deg kunnskab du kan gleda deg øve, artige anekdotar du kan briljera med i det nesta selskabet. Du ska få folk te å slappa av, åbna seg og trivas trygt. Eg ska lera deg kordan godt humør, latter og optimisme ska beriga resten av livet ditt. Etter meir enn 20 bøker og eit halvt hundreår i humoren og samfunnsdebattens teneste vil Per Inge Torkelsen heller rose enn erte på seg folk. Krydra med ikkjeinjurierande døme og anekdotar frå mange års kurs og foredrag for organisasjonar og næringsliv, byr han på ei positiv handbok i kunsten å gi ros.

1 47

p oc k e t | k r 1 4 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 2 5 9 i sa l

per inge torkelsen (f. 1953) er komikar, skode­ spelar, forfattar, radiokåsør, politikar og sjølverklært klovn. Han har gitt ut fleire bøker, mellom anna Den store, stygge eldreboka og Ikkje heilt rektige.


Bøker for høgare ­u tdanning


bøk er for høgar e u t dan ning

gunnar danbolt

frå modernisme til det kontemporære

1 49

Tendensar i norsk samtidskunst ­etter 1990 i denne boka gir Gunnar Danbolt ei oversikt over trendar og utviklingstrekk i den norske kunstverda dei siste tjue åra. Den nye kunsten etter 1990 blir ikkje lenger kalla moderne eller postmoderne, men contemporary eller kontemporær. Dette er blitt eit nytt internasjonalt uttrykk for tendensar i kunsten dei siste tjue åra, men kva det inneber, er ikkje eintydig, og det er det forfattaren vil utforske. Trendane blir presenterte og drøfta gjennom kunstnarar og deira verk, og sett inn i ein kunstteoretisk kontekst. Boka er rikt illustrert.

e s t e t i sk e fag | k r 3 8 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 4 4 6 | 3 3 0 si de r u t g . ok t obe r

gunnar danbolt er professor emeritus i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Han har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunsthistorie og er ein ettertrakta formidlar i fleire fora.


jan olav fretland og aud søyland

rett og godt Handbok i nynorsk­ undervisning nyttig bok for alle som skal undervise i nynorsk. Første del av boka tek for seg undervisningsmetodikk for ulike målgrupper: elevar som skal lære med utgangspunkt i eigen dialekt, elevar som har utgangspunkt i bokmål, og elevar som lærer nynorsk som framandspråk. Andre delen av boka gir ei innføring i nynorsk rettskriving og formverk. Her finn du ei fullstendig oppstilling over nynorsk formverk etter endringane 1.8.2012 og ei eiga ordliste for skulen. Her får du òg råd og vink om ordval.

sp rå k o g l i t t e r at u rv i t sk a p k r 2 9 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 3 6 8 2 0 8 si de r | i sa l

jan olav fretland arbeider ved lærarutdanninga til Høgskulen i Sogn og Fjordane. aud søyland var sekretær for nemnda som utarbeidde den nye rett­ skrivingsnorma for nynorsk, og er medredaktør for klas­sikaren Nynorsk ordliste.


bøk er for høgar e u t dan ning

heming gujord og per arne michelsen (red.)

norsk ­l itterær ­å rbok 2013 i årets utgåve skriv Marta Norheim om prosaåret 2012, Espen Stueland om lyrikkåret og Marius Wulfsberg om kritikkåret. Ingrid Mathisen tolkar Kristofer Uppdal med vekt på mannleg kraft og omsorg, medan Claus Elholm Andersen skriv om fedrar og søner hos Karl Ove Knausgård. Knut Faldbakkens Uår. Aftenlandet (1974) blir nylesen av Henning Howlid Wærp i eit økokritisk perspektiv.

151

sp rå k o g l i t t e r at u rv i t sk a p k r 3 2 9 ,– i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 4 1 3 6 2 8 8 si de r | u t g . se p t e m be r

heming gujord er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar, Universitetet i Bergen. per arne michelsen er dekan ved Høgskolen i Bergen, avdeling for lærar­ utdanning, og førsteamanuensis i norsk.


simon malkenes

ta grep! klasse­l eiing I praksis Ta grep! er ei bok om klasseleiing i praksis, kva ein skal gjere og ikkje gjere for å lukkast som klasseleiar. Ved å bruke enkle omgrep frå retorikken viser forfattaren korleis ein kan planlegge og førebu seg på kvardagen i klasserommet. Korleis skape eit godt læringsmiljø? Korleis leie aktiviteten i klasserommet? Boka viser grep ein kan ta i møte med uro og konfliktar, og gjennom heile framstillinga bruker forfattaren konkrete situasjonar og eigne erfaringar.

p e dag o gi k k | k r 2 2 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 0 5 7 1 2 4 si de r i sa l

simon malkenes er forfattar og lektor i vidare­gåande skole.


bøk er for høgar e u t dan ning

ture schwebs og helge østbye

media I ­s amfunnet (6. utgåve) grunnleggjande innføringsbok i medie­vitskap. Med utgangspunkt i definisjonar av kommunikasjon og medium drøftar forfattarane sentrale kjenneteikn ved nye og «gamle» medium. I tillegg presenterer boka generelle teoriar og metodar for studiet av medium og medieinnhald. Boka dekkjer heile feltet og skildrar viktige trendar i dagens medielandskap, som mediekonvergens, sosiale medium og globalisering.

15 3

m e di e fag | k r 4 2 0 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 3 5 1 3 3 6 si de r i sa l

ture schwebs er førsteamanuensis ved avdeling for lærarutdanning ved Høgskolen i Bergen. helge østbye er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen.


jon vidar sigurdsson og anne irene riisøy

norsk ­h istorie 800 til 1536 Frå krigerske bønder til lydige undersåttar bandet dekkjer perioden frå ca. 800 og fram til reformasjonen. Det overordna grepet er korleis maktforholda endra seg, og korleis dette påverka dagleglivet til folk flest. Her var det ei utvikling frå rivaliserande høvdingdømme i vikingtida til ei sentralisert kongemakt og sterk kyrkje på 1200-talet. Etter folketap og agrarkrise i seinmellomalderen glir Noreg inn i dynastiske unionar som endar med lydrikestatus og reformasjon.

h i s t or i e | k r 3 8 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 4 4 1 0 | i sa l

302

jon vidar sigurdsson er professor i historie ved Universitetet i Oslo. anne irene riisøy er førsteamanuensis i samfunnsfag og historie ved ­­Høgskolen i Buskerud.

si de r


bøk er for høgar e u t dan ning

ståle dyrvik

norsk ­h istorie 1536 til 1814

155

Vegar til sjølvstende bandet dekkjer tida frå reformasjonen i 1536 til 1814, med Noreg som del av den dansk-norske staten. I den politiske historia blir det lagt vekt på den nordiske maktkampen og utviklinga av eineveldet, med vegen fram til norsk sjølvstende i 1814 som overordna perspektiv. Innanfor denne ramma blir sosiale og kulturelle forhold drøfta. Landet hadde ein sterk folkeauke, med nye næringsvegar og økonomisk vekst, statsapparatet blir utbygd og ein ny elite veks fram.

h i s t or i e | k r 3 8 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 4 4 2 7 | i sa l

ståle dyrvik er professor i historie ved Universitetet i Bergen.

320

si de r


jan eivind myhre

norsk ­h istorie 1814 til 1905 Å byggje ein stat og skape ein ­nasjon bandet skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå unionsstatus til å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. Landet og innbyggjarane blei bundne tettare saman gjennom omfattande utbygging av kommunikasjonar og nasjonale institusjonar. Samstundes tok vi steget inn i det moderne, i ein industriell kapitalisme som prega alle sider av økonomien og gjorde landet til eit av dei rikaste i verda.

h i s t or i e | k r 3 8 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 4 4 3 4 | i sa l

jan eivind myhre er professor i historie ved ­Universitetet i Oslo.

320

si de r


bøk er for høgar e u t dan ning

ola svein stugu

norsk ­h istorie etter 1905

15 7

Vegen mot velstands­ landet bandet dekkjer tida etter unionsoppløysinga i 1905. Ein viktig tråd i framstillinga er å vise korleis den sterke velstandsveksten har gått føre seg, ikkje minst korleis internasjonale tilhøve har lagt føringar for norsk utvikling. I perioden har Noreg utvikla ein høg grad av sosial tryggleik og lågt spenningsnivå jamført med andre land, og drøftinga av dei politiske, sosiale og kulturelle tilhøva som har gjort dette mogleg, får brei plass i framstillinga.

h i s t or i e | k r 3 8 9 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 4 4 4 1 | i sa l

ola svein stugu er professor i historie ved ntnu.

336

si de r


norsk ordbok, band 11 Norsk Ordbok er den største ordboka over norsk talemål og nynorsk skriftspråk. Ordboka blir på tolv band og vil vere ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Til saman vil Norsk Ordbok omfatte 300 000 oppslagsord. Ordboka byggjer blant anna på ein database med over 3,2 millionar ord samla inn frå skriftlege kjelder og frå dialektane og på eit moderne elektronisk tekstkorpus med hovudvekt på nyare tekstar, skjønnlitterære og sakprosa. Norsk Ordbok band 11 tek for seg ord frå stø og ut alfabetbokstaven t. Norsk Ordbok blir utarbeidd av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo.

nor sk or dbok | k r 8 5 0 , – i sbn: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 3 6 3 4 | 8 1 6 si de r i sa l


bøk er for høgar e u t dan ning 15 9


Syn og Segn tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Bli abonnent på Syn og Segn, eit tidsskrift som både er tradisjonsrikt og moderne. Vi tek opp aktuelle tema om kultur, samfunnsliv, litteratur, politikk og språk. Vi gir deg nye ting å tenkje på, spennande lesestoff og overraskande vinklingar. Skribentane våre er både dei nye, unge stemmene og dei erfarne og solide forfattarane. I 2010 er Syn og Segn kåra til Årets Tidsskrift, både i Noreg og i Norden. Årets nordisk tidsskrift 2010: «Syn og Segn er eit moderne og aktuelt tidsskrift i beste tyding av ordet. Det inneheld interessante, velskrivne, grundige og personlege artiklar. Tidsskriftet har stor breidd både i sjanger og tema. Syn og Segn gir lyst til å lese meir og tenkje vidare sjølv, og juryen anbefaler det på det varmaste.» (nordisk jury) Årets norske tidsskrift 2010: «Syn og segn kjennetegnes av uforutsigbare og overraskende vinkler og temavalg. Det er et spennende og lesbart tidsskrift som tør gå egne veier. Syn og Segn redigeres med humor og snert, og er et ujålete og relevant tilskudd av høy kvalitet til den norske tidsskriftfloraen.» (norsk jury) Som abonnent får du mange fordeler: • Syn og Segn rett i postkassa fire gongar i året • blir medlem i Det norske Samlaget og rabatt på bøker • fire hundre sider godt lesestoff i året Abonnement: privat: 410, student: 350, bedrift/institusjon: 500 Bestill på www.synogsegn.no

bøk er for høgar e u t dan ning

abonner på

161


VENNELAGET SAMLAGSROTA vennelaget samlagsrota er skipa i 2013 av folk som likar Det Norske Samlaget og er glade i nynorsk språk og litteratur. Vennelaget arbeider med å spreie kunnskap om nynorske forfattarskapar, og med å utvikle og skaffe støtte til tiltak og bokprosjekt som er viktige for nynorsken. Bli medlem av Vennelaget! Alle som er interessert i nynorsk kan melde seg inn i Samlagsrota. Medlemmene får informasjon om aktivitetar og nye bøker, går gratis på arrangementa og kan elles delta i alle prosjekt og tiltak som Vennelaget engasjerer seg i. Arrangement: Samlagsrota har fire medlemsmøte i året, om bøker eller forfattarskapar. I 2013 omfattar programmet Astrid Dypviks bok om DDR, Marit Eikemos forfattarskap,

Billige bøker som medlem får du kjøpe bøker som har fri pris med minst 50% rabatt!

Kulturreiser samlagsrota er i startfasen, men har planar om turar til arrangement der den nynorske kulturen blomstrar, t.d. Aasen-tunet, Poesidagane i Ulvik, Litteraturveka i Stavanger, Litteraturdagane i Vinje. Vi vil også invitere til samlingar i forlaget for å dyrke det gode samværet og humøret!

Styre styre for vennelaget blir valt på årsmøte. Førebels er arbeidsgruppa for Samlagsrota: Audun Heskestad (leiar), Guri Vesaas, Sverre Tusvik, Wenche Fossen, Svenn Fosseng og Arne Torp.

Velkommen som medlem! E-post: Samlagsrota@gmail.com Vennelaget Samlagsrota er også på Facebook.


bøk er for høgar e u t dan ning 163


Register

Tit t elregist er & me skal bli omskapte  22 80° aust for Birdland  47 Alt du kan ønske deg  102 Atlanterhavsflygaren Thor Solberg. Ei røvar­historie  112 Ball, klubb og komle med dott  133– 135 Beina i gitaren  95 Bikubesong  43, 46, 48 Bovara  49, 59 Brødboka  136, 138, 139 Bø og Bæ blir våte  79 Bø og Bæ gjer reint  79 Bø og Bæ i festhumør  79 Bø og Bæ i skogen  79 Bø og Bæ i vinden  79 Bø og Bæ til sjøs  79 Cowboy-Claus og den prompande ponnien 70 Dagane grå  28 Dans som en sommerfugl, stikk som en bie  44 Dei hemmelege superheltane  71 Den krokete mannen  68 Den mørke porten  26 Den pysete katten  69 Den underlege draken  69 Det som er sant  96 Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land  146 Døden kjem med bussen  25 Ei slags handbok i sunt bondevett 128

Ekstremistboka 106 Elise og mysteriet med dei døde hestane  90, 103 Elise og mysteriet på hesteklinikken 89 Englestien 17 Farleg kreditt  24 Feline, professor Pål og kjemisettet 70 Fiskarmenn 23 Flukt 97 Flytande bjørn  43, 46 Fotgjengar med fotnotar  39 Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg  121 Friedland 19 Frå modernisme til det kontemporære. Tendensar i norsk samtidskunst etter 1990  149 Frå Ragnar til alle. E-post i utval  38 Fuck off I love you  105 Fugletribunalet  15, 55 Førstemamma på Mars  86 Glenne 34 Guds hund  20 Historia om Ivar Aasen  120 Ho kjem fram i regnet  27 Humor e heile vitsen  147 Hundre års idrettsliv. Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo 1913–2013 110 Inn i elden  104 Jakob og Neikob  74 Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake 74


r egist er 165

Just kids  144, 145 Kameljegeren 87 Kenneth. Ein biografi  117–119 Kirsebærsnø 51 Klassisk småbarnsstrikk 0–4 år  142, 143 Kva skal vi med sidemål?  123 Langdistansesvømmar 45 Leik med maten! Kreative frukostar for store og små  137, 140, 141 Lett traktering  132 Lucida 16 Mari og Magnus flyttar inn  85 Mari og Magnus får katt  83, 84 Mari og Magnus og smokketjuven 85 Media i samfunnet (6. utgåve)  153 Meir enn regn  47 Men kva veit vi om barna  18 Nasevis 94 Nesten saman  99 Nidaros 21 Norsk historie 1536 til 1814. Vegar til sjølv­stende  155 Norsk historie 1814 til 1905. Å byggje ein stat og skape ein nasjon  156 Norsk historie 800 til 1536. Frå krigerske bønder til lydige undersåttar 154 Norsk historie etter 1905. Vegen mot velstandslandet 157 Norsk litterær årbok 2013  151 Norsk ordbok, band 11  158 Ny grunnlov  129–131 Nynorsk for dumskallar  122

Olav Dalgard. Ein biografi  116 Olavs draumar  42 Om noko skulle skje  98 Peri og Peti vender om  73 Pom og Pim  82 Popsongar 45 Prinsesse Fibi og draken  71 Rasmus Rebellen  14 Rett og godt. Handbok i nynorskunder­visning  150 Revejegerane på Jan Mayen  111 Rom ved havet, rom i byen  43, 44 Sanka ull / Woolgathering  35–37 Satirar 32 Sex, musikk og vold  12 Slått ut  107 Sofia 10 Sola og vinden  68 Sonettane til Orfeus  33 Songfuglen 11 Språkleg toleranse i Noreg – Norge, for faen!  124 Språksansen. Kalender om all verdas språk  125, 126 Stein til stein. 39 dikt og 1 salme  29, 31 Stort og stygt  40 Svarte-Mathilda III  100 Ta grep! Klasseleiing i praksis  152 The rise and fall of Gøran Trovåg  101 Til trøyst. Å gje språk til psykiske kriser 127 Tonje Glimmerdal  88 Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013 113–115


Unni og Gunni gjer det fint  75, 76 Unni og Gunni malar  75 Unni og Gunni reiser  75 Vaffelhjarte 88 Veke 53  50 Villheks. Blodsungen  93 Villheks. Kimæras hemn  92 Virkeligheten 13 Året rundt i Vrimleby  72

Forfat tarregist er Almenningen, Olaf  110 Baltscheit, Martin  70 Basso, Aina  104 Berg, Sunniva Relling  95 Berner, Rotraut Susanne  72 Bjørkelo, Kristian  106 Blunt, Fred  69 Bruheim, Magnhild  96 Büchner, Sabine  71 Chiara, Francesca di  68 Danbolt, Gunnar  149 Daynes, Katie  69 Djupvik, Gunda  133–135 Dypvik, Astrid Sverresdotter  146 Dyrvik, Ståle  155 Ekrheim, Sindre  27 Ellefsen, Ole M.  111 Eriksen, Helga Gunerius  73 Fevang, Tove  142 Fidjestøl, Alfred  113 Folkestad, Anna R.  75, 76 Folkvord, Magnhild  121

Fosse, Jon  29, 31, 42 Fretland, Jan Olav  150 Fretland, Jostein Avdem  22 Fridtun, Kristin  122 Færevåg, Odd Eirik  28 Gatland, Jan Olav  116 Grahame, Kenneth  69 Grande, Martine  80 Grepstad, Ottar  120, 125, 126 Grytten, Frode  43–48 Gujord, Heming  151 Hansen, Atle  97 Hanssen, Sigrid Merethe  10 Heinlein, Sylvia  71 Helland, Thore E.  24 Hovig, Ingrid Espelid  132 Hovland, Ragnar  38, 98 Joensen, Martin  23 Juvenal 32 K., Ulf  70 Kalvø, Are  129, 130 Kolden, Ragnhild  25 Kroken, Vigdis  25 Kvæven, Tore  87 Kaaberbøl, Lene  92, 93 Lajord, Marit  81 Landström, Lena  79, 82 Landström, Olof  79, 82 Leikvoll, Jan Roar  11, 49, 58 Likar, Gudrun  71 Lillegraven, Ruth  83–85 Löfström, Erica  12 Mackinnon, Mairi  68 Malkenes, Simon  152 Mazali, Gustavo  69


r egist er 167

Michelsen, Per Arne  151 Moe, Karin  13 Muchamore, Robert  107 Myhre, Jan Eivind  156 Myszynski, Eva  70 Mæhle, Lars  26, 105 Nestegard, Dag H.  112 Nilssen, Olaug  40 Nordbø, Torolf  128 Nordjore, Bodil  136, 138 Nortun, Harald  99 Nygård, Janne  123 Orten, Øystein  14 Osland, Erna  94 Parr, Maria  88 Punter, Russel  68, 69 Ravatn, Agnes  15, 50, 54 Riisøy, Anne Irene  154 Rilke, Rainer Maria  33 Røssland, Ingelin  51 Røssland, Tor Arve  100 Schwebs, Ture  153 Sele, Katrine  117 Semple, David  68 Sigurdsson, Jon Vidar  154 Skaret, Erlend Flornes  16 Skivenes, Ida  137, 140, 141 Slapgard, Sigrun  17 Smith, Patti  35–37, 144, 145 Solstad, Rakel  18 Sortland, Gaute M.  101 Stai, Kari  74 Steen, Leif Arild  128 Stugu, Ola Svein  157 Sture, Vebjørn  123

Styve, Jens K.  19 Sunne, Linn T.  102 Sørbø, Jan Inge  127 Sørsdal, Kristin  20 Søyland, Aud  150 Teich, Karsten  70 Torkelsen, Per Inge  147 Tørrisplass, Terje  34 Vangsnes, Øystein A.  124 Versto, Stein  21 Viken, Anne  89–91, 103 Wiemers, Sabine  71 Økland, Einar  39 Østbye, Helge  153 Øvsteng, Gyrid Axe  86 Øyre, Mariell  22

Omset jarregist er Bildøen, Brit  144, 145 Bjørnstad, Åsmund  33 Bygstad, Torgeir  32 Moa, Lars  23 Aanestad, Ingrid Z.  35

Illust r atørregist er Gaustad, Bo  88 Halsnes, Line  81 Irgens, Åshild  88 Landsem, Inger  83–85 Moseng, Elisabeth  94 Møkleby, Per Ragnar  86


Fotoregist er Tove Breistein  7, 11, 16, 17, 26, 27, 34, 39, 49, 58, 86, 89, 91, 94, 102, 103, 104, 105, 146 Lena Sørensen  10 Benedicte Skarvik  12 Janne F. Stol  13 Odd Goksøyr  14 Agnete Brun  15, 50, 54 Nicolas Tourrenc  19 Stian Olsen  21 Mariell Øyre  22 Monica Jensen  24 Tom A. Kolstad  29, 42 Edvard Mapplethorpe  35, 144 Herborg Pedersen  38, 98, 101 Lars Myhren Holand  40, 51 Hans Jørgen Brun  41 Hilde Holthe Berg  73 Bodil Haga  77 Hilde Ranheim  80 Paal Audestad  83, 112, Arnfinn Pettersen  106 Cecilie Seiness  113 Bent Are Iversen  117 Eirik Hagesæter/BA  118–119 Hallgeir Vågnenes, VG/ NTB ­Scanpix  118-119 Lars O. Flydal  120, 125 Tina Åmodt  122 Kjartan Helleve  123,163 Geir Henning Hopland  129, 130 Ida Skivenes  137, 140, 141 Geir Arnesen  142,143


r egist er 169


Følg oss på: www.twitter.com/samlaget www.facebook.com/samlaget og abonner på nyheitsbrev på www.samlaget.no


Kontakt oss Anne Liv Tresselt Sals- og marknadssjef Mobil: 905 61 322 a.tresselt@samlaget.no Karin Helgøy Informasjonssjef Mobil: 970 19 865 k.helgoy@samlaget.no Siri IfarnÌss Salskonsulent Mobil: 950 29 198 s.ifarnaess@samlaget.no Maren Ingeborg Hvamstad Marknadskoordinator Mobil: 412 26 449 m.hvamstad@samlaget.no

Samlaget 2013  

Bøker 2013 frå Samlaget

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you