Guden for mareritt

Page 1


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 1

1


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 3

Paula Fox

GUDEN FOR MARERITT Frå amerikansk ved Tove Bakke (MNO)

Samlaget Oslo 



Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 5

Til Ellen Adler og til minne om Leopold de Sola


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 6


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 7

Hav Eg kjenner at båten min har støytt inn i noko, der nedi djupna, noko stort. Men ingen ting hender! Ingen ting ... Stille ... Bølgjer ... – Ingen ting hender; eller har all ting hendt, og står vi allereie, i ro, i det nye? Juan Ramón Jiménez


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 8


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 9

 


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 10


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 11

  Tidleg på våren , tretten år etter at han forlét mor mi og meg, døydde far min Lincoln Bynum ifrå oss langt borte i ein kystlandsby nord i California. Det var ikkje før eg såg kor forskrekka mor mi vart over nyheita, eg skjønte at ho i alle dei år hadde gått og trudd at han nok kom igjen med tida. Faktisk hadde han vore død nesten ein månad da det kom ein blyantskriven brevlapp om det i ein konvolutt med mitt namn på, frå kvinna han hadde budd saman med. «Han slapp å lide», skreiv ho. «Han var lykkeleg og solbrun og såg lyst på livet. Det var det stakkars hjartet som svikta. Vi sat og var nettopp ferdige med frukosten, og så skjedde det, heilt plutseleg. Eg beklagar at eg ikkje har kunna skrive før. Eg har vore sjuk. Eg måtte vaske ned hytta, og flytte. Det er ingen personlege minne etter han, da ville eg sendt dei til deg. Han prata ofte om deg.» Underskrive Bernice. Utan etternamn. «Vi hadde kanskje aldri fått vite det!» ropte mor mi rett ut, lappen datt ut av hendene på henne der ho fall på kne framfor glaskabinettet med alle trofea – pokalar, falma sløyfer, statuettar – som hestane til far min 


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 12

hadde vunne for han. «Og eg ville berre fortsett å gå her …», sytte ho. Ho kan ikkje ha meint anna enn at ho ville fortsett å gå der og narre seg sjølv. Ho la hendene for ansiktet. Eg tok opp konvolutten. Det stod inga avsendaradresse, og frimerket var opp ned. Vår adresse var så svak at det var så vidt den var leseleg. New York var skrive i eitt ord, som om Bernice da ho kom så langt som til staten, ikkje hadde krefter igjen til å lyfte blyanten frå papiret. Det lyste meir katastrofe av konvolutten enn av mor mi som låg på kne og hulka. For den formidla ei sorg som ikkje var innbilling, men naturleg. «Korfor var det deg ho skreiv til!» skreik mor mi plutseleg. Ein augeblink stod eg stiv, som om ho hadde gitt meg ein øyrefik. Innbilte ho seg at eg hadde stått i hemmeleg samband med kvinna i alle år? Eg klarte ikkje å tenkje. Det ynkverdige fjeset hennar, med auga som stod ut av hovudet, og ein flatklemd, våt runding av ein open munn såg ekkelt ut, dumt. Eg snudde ryggen til henne og kviskra: «Ho var vel for skamfull til å skrive til deg», men ho høyrde meg. «Skamfull?» sa ho bittert. «Ei slik ei!» «Slik kva da?» spurde eg. Det svarte ho ikkje på, men herma i falsett ein frase frå lappen: «det stakkars hjartet hans.» «Men herregud, mor, reis deg opp», kommanderte eg. «Hjartet hans stansa. Han kunne døydd for tretten år sidan, for den del, så lite vi har merka til han!» Etter som åra gjekk, hadde vi snakka mindre og mindre om han. Han var som ein song eg hadde kunna 


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 13

for lenge sidan, og som vart borte for meg, først orda, så melodien, til berre tittelen var att, Far. Eg begynte å gråte, men om det var av sorg eller mangel på det, visste eg ikkje. Eg høyrde knirking i eit golvbord, eit stønn, rasling i tøy idet mor mi reiste seg. Høyrde stega hennar, og kjende så armane hennar om meg, det kalde, vesle øyret hennar mot halsen. «Så så … så så …» mumla ho. «Vi klarer oss, vi, skal du sjå. Har vi ikkje støtt klart oss bra, da?» Snart kom mor mi til å bestemme seg for å bli i godt humør. Det siste året hadde eg begynt å lure på om det eigentleg var mogleg å vere modig, eller i det minste stoisk, framfor livsens sorger og ulykker, utan at ein samtidig sveik verkelegheita. Sjølv om det var sjokkerande å oppdage kor sterk tru mor mi hadde på at far min ein gong skulle komme tilbake, og kor forferda ho vart da så aldri skulle skje, vart eg rørt av dei sterke kjenslene i det. Ikkje lenge etter at far min var reist, slutta eg å betru meg til mor mi om korleis eg hadde det. Eg fekk ein nesten fysisk skrekk – som om eg ville bli sjuk av det – for at ho skulle oppfordre meg til å sjå dei lyse sidene ved ting, tru at alt ordnar seg til sist, hugse at sjølv kvar hund skal få si tid, dette siste erklært med litt meir entusiasme enn dei andre vendingane ho hadde parat for det ho kalla livets regnvêrsdagar. I skumringa ein dag, da ho akkurat hadde ymta om ein slik heldig hund (til svar på mi lakoniske forklaring på korfor eg nettopp hadde mista sommarjobben min: 


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 14

Niesa til butikkeigaren eg hadde gjort kontorarbeid for, hadde dukka opp, uventa, og ho trong jobben meir enn eg gjorde, som eigaren sa da han gav meg sparken), fekk eg plutseleg auge på ein verkeleg hund, den hinka seg fram på vegen framfor huset vårt og var eit stussleg syn. Eg ropte på mor mi, som sat i sofaen og reparerte ei rift i eit putevar, og sa at eg ville berge det stakkars kreket. Ho kom bort til meg ved vindauget – eg hadde reist meg for å trekke for gardina, slik vi brukte på den tida av dagen. «Det er ingen ting i vegen med det dyret», sa ho. «Det er berre på veg heim.» Og ho greip meg om handleddet og resiterte nokre linjer frå Thomas Gray, «Elegi skriven på ein landsens kyrkjegard». «Det er ikkje ein ‘brølande hjord’», avbraut eg henne. «Det er ein utsvelta hund.» «Å, for ein surpomp du er!» kommenterte ho roleg og gjekk tilbake til sofaen og syinga. Eg såg ikkje hunden lenger. Begynte å tenkje på kor mykje bry det ville vore om eg hadde dratt den inn i huset, med sjukdommar òg, kanskje. Og plutseleg var eg heilt sløv der eg stod, hugsar eg, som i svime, med hendene hengande som bly og ei visse om at den påtrengande og hersete optimismen til mor mi, som gjorde henne hardhjarta, at utan den hadde ikkje far min vore så åleine i si fortviling, så heilt åleine, og at den også var med på å drive han bort ifrå oss til sist. Eg kom på den stunda og dei tankane no, mens eg såg på at ho sakte rørte i suppa ho varma opp til oss til kvelds. «Ja, vi greier oss vel med suppe, Helen?» spurde ho. 


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 15

«På ein slik sorgens dag har ein ikkje lyst til å stelle til mat.» Det svake, men jamne klinket av sleiva i kjelen høyrdest ut som eit trist lite signal om fortviling. I voksduken som var festa til bordet med teiknestiftar, var det eit stort hol på den sida eg alltid sat på, og det var mitt verk opp gjennom åra, med fingeren eller skeia. Ho snudde seg halvt mot meg, utan å slutte å røre. «Det går over, dette med, skal du sjå», sa ho. Vi hadde ikkje sett far min sidan han drog sin veg, nokre veker etter tiårsdagen min. Han skreiv ikkje ofte – eit par gonger i året. Ein gong sende han ei pengetilvising på femti dollar. Ein gong nemnde han at han hadde møtt ei snill enke, Bernice. Hadde det ikkje vore for alle fotografia av han på så godt som kvart einaste bord i huset, ville eg gløymt ansiktet hans. Han hadde hestar med seg på alle unntatt to: eit stort sepiafarga bryllaupsbilde og eitt av han med meg i armane, eit spedbarn med lang, kvit kjole. Hestar hadde vore lidenskapen hans. Dei vart ruinen hans òg. Frå soverommet mitt på baksida av huset kunne eg sjå den tomme stallen, paddocken, ein liten høylåve, to samanfalne skur, ein -meters bane, og bortanfor den, ei eng med ein skog av raudfuru bak. Når eg stod slik og såg ned på det avlange strekket med stallen og banen og fremste rekka med furu som reiste seg som ein steil bergvegg, var det som om eg vandra rundt inni far min sitt sinn slik eg, da eg var lita, gjekk gjennom stallen, låven, langs det vêrbitne plankegjerdet rundt banen, enno voks det små flekker med villgulrot ved foten på somme av stolpane. Mens han og stallguten 


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 16

stelte med hestane, plukka eg bukettar og fylte alle dei syltetøyglas mor mi kunne avsjå. Det er sant at eg nesten hadde gløymt korleis han såg ut – sjølv om fotografia viste meg dei ulike draga av eit ansikt, ansiktet hans – men ikkje nærværet hans. Men for å mane det fram trong eg berre å gå ut i stallen og puste inn luktene som hang igjen, av hestar, av slite lêr, av kornet, og klinten med si tørre åkerlukt som reiv deg litt i halsen og framleis sat igjen i fôrtønnene, stundom kunne det komme ein eim derifrå og så eit ørlite gjennomsiktig insekt, etterkommar av generasjon på generasjon, som eit levande støvgrann. Eg var tre år gammal da han sette meg opp på Felicity, ei raud hoppe. Det svære beistet var som eit landskap for meg. Når eg såg far min galoppere rundt banen på ein toåring han hadde store håp for, var det som om det var jorda han reid. Etter at han var reist, sa mor mi at eg skulle halde meg borte frå stallen, for ei av «hestegreiene» kunne ramle ned og treffe meg, sa ho. Men nesten kvar dag etter skulen gjekk eg dit. I salrommet regna det støvfnugg gjennom solstrålane og la seg i tjukkare og tjukkare lag på hovudlag og munnbit, på nasereim og kandartaumar, på hyllene med striglebørstar, rusta stigbøylar, arbeidshanskar med inntørka jord på, spann, tomme linimentkrukker, møkagreiper, alle desse «hestegreiene» mor mi hadde åtvara meg om at eg kunne få over meg. Men det visste eg at ikkje kom til å skje. Enda eg ikkje passa meg når eg gjekk rundt der, lyfta på dei òg, så var dei berre minne og høyrde, liksom far min, fortida til. Sennepsfarga saldekken og ullteppe låg og mygla i 


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 17

dungar på golvet. Den beste engelske salen hans hang skrevs over ein tverrbjelke, i lêret var det avtrykk etter knea, der dei klemde seg inntil, stigbøylane var stramma opp så dei passa til dei bøygde beina hans. Same kor kalde dei korte ettermiddagane var midtvinters, i stallen gjekk eg. Eg strekte meg på tå for å titte inn i dei mørke boksane, mens eg remsa opp for meg sjølv dei hestenamna eg hugsa. Når eg gjekk ned rampen av digre kampesteinar frå engene som førte heilt ut, mintest eg korleis den tunge lyden frå hovane på hestane forandra seg straks dei kom ut av den brune og kornstøvete stallen, til ein skarp og klingande, festleg klippeti-klapp. Ved sida av rampen stod ei gammal grønmåla hestetransportvogn, skjækene stod ned i jorda som to svære hoggtenner. Eg klatra ofte opp i den vogna og pusta djupt inn hestelukta, i det tronge rommet var den ekstra stram, eit slags hestebrygg eg drakk til det svimla for meg. Av alt tåpeleg mor mi sa, var ingenting tåpelegare enn å gi meg beskjed om at eg ikkje fekk gå i stallen. Ho visste nok at eg gjorde det likevel, det må ho ha visst, men eg var eit barn og visste ikkje at ho kunne sjå gjennom vegger og inn i mine inste tilbøyelegheiter. Ho sa at far min hadde tapt ein formue, men hadde han ikkje vore ein så impulsiv kar som han var, kunne han berga unna iallfall noko, trass i denne rekka av frykteleg uflaks som begynte den dagen ei av hoppene fekk falsk drektigheit. «Etter det fekk han ikkje til ein verdsens ting», sa ho. «Å ta ting med eit smil og tole dei, slik vi andre er nøydde til i motgang, låg ikkje for han.» Da ho kom fram med dette, hadde eg begynt å tru at å smile var ein måte å ikkje tole på. 


Guden for mareritt ferdig.qxp_A 26.06.2018 11:16 Side 18

Han heva paringsprisen langt over det som var rimeleg, for han hadde det han meinte var hundreårets hingst. «Han vart så freista – han var så sikker på at den hesten hadde glimtet, hadde storheit i seg. Å vere freista kan drive eit menneske til vanvit.» Men han hadde feilvurdert hingsten, feilvurdert ein toåring som i sitt første løp ikkje kom seg ut av startmaskinen. Han kom i krangel med kvar bidige dyrlege, om ikkje i heile Hudsondalen, så i  mils omkrins av der vi budde, utanfor Poughkeepsie. Sjølv om mor mi påstod ho ikkje visste det grann om seletøy, la ho ikkje skjul på kunnskapen sin om veddeløpshestar, stellet dei kravde, og kor ille det kunne gå om dei var over- eller undertrena. Far min hadde gått til begge ytterlegheiter med dei mest lovande føla sine. «Men han visste betre, så han må ha gitt uflaksen ei hand med», svarte eg henne ein gong. Eg var seksten. Det einaste eg visste sikkert, var at alt det ein vaksen gjorde, var ei medviten viljeshandling, om aldri så urimeleg eller dum. Orda mine fekk henne til å sette frå seg igjen bryllaupsbildet ho hadde tatt opp frå bordet og stått og stirt på. «Korfor skulle han gjort noko slikt?» spurde ho indignert. «Det var ikkje slik at han likte å vere fattig, må du tru. Nei. Det var den hoppa. Han var så liten vorten i eigne auge, at han mista vurderingsevna. Han var forvirra, Helen. Han var aldeles panisk. Eg prøvde å få han til å sjå alt det gode vi framleis hadde. Å, om du hadde visst kor eg prøvde!» Om eg visste. Eg hadde høyrt henne snakke til han ved kveldsmaten, akkurat slik ho snakka til meg kvar gong ho trudde eg var nedfor. 


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.