Page 1


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

2

15-12-09

10:25

Side 2


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

Side 3

Einar Ă˜kland

Forteljingar og fablar frĂĽ andre tider

Det Norske Samlaget Oslo 2010

3


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

Š 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Terje Langeggen Printed in Norway Boka er sett i Samlaget med Adobe Garamond Trykkeri: Valdres Trykkeri AS, Fagernes ISBN 978-82-521-7563-9

4

10:25

Side 4


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

Innhald I Drømmedag med vår mann 9 Rusta og rustfri 21 Offeret 25 På dødsleiet 32 Etterspel 36 Ryktet går 49 Ein mann og ei suppe 60 Så stor du er blitt 71

II Tom har det bra 85 Skjebnen kjem til Irene 90 Nesten åleine 99 Foten 104 Då bestefar drog sin veg 110 Fredrikstad 113

15-12-09

10:25

Side 5


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

Side 6


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

i

Side 7


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

Side 8


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

Side 9

Drømmedag med vår mann Rykta om vår mann gjekk ikkje berre etter han der han hadde gått, men også i førevegen der han var ventande. Han trødde i sine eigne rykte kvar han gjekk. Slik sett måtte han vere ein ærleg mann. Han hadde kanskje grunn til å skjule seg, men han skjulte ingenting. Det var så uvanleg at folk blei dratt til han for å sjå om det verkeleg var sant. Heilt motsett av den uærlege, som helst er usynleg både før og etter han har vore på ferde. Den uærlege vil helst berre ha eitt rykte, at ingen veit kven han er, eller korleis han ser ut. Vår mann var ikkje slik. Han var den dei venta på, der han ennå ikkje hadde vore, og han var den dei hugsa, der han hadde vore. Så kom han då endeleg til Røros. Kvifor akkurat Røros, og kvar ligg Røros? Høyr, det dreiar seg ikkje om Røros, men om vår mann, og det finst reisebyrå som kan gi geografisk hjelp. Nå kom vår mann til Røros, kven skulle trudd det. Eg trur det når eg ser det, så lettlurt er eg! ropa han til redaktøren for Fjell-Ljom, som sa det var utruleg. At han var her. Nå i dag. Dette var ute på flyplassen, snoen dreiv mellom hjula på det vesle flyet og kulden reiv sikkert i nasen på han då han streka beint inn i venterommet der ein kunne forsyne seg med kaffi og mat og betale som ein 9


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

Side 10

ville i ei skål. Redaktøren og to andre frå mottakingsgruppa følgde etter han inn, men ryktet hadde gått i førevegen også her, der stod alt ei dame bak disken og gjorde sjølvhjelpstanken til skamme. Den kommunale kultursjefen bakarst i følgjet ropa over hovud og aksler på alle at sanneleg viste sysselsetjingseffekten av dette besøket seg spontant i dag, for aldri hadde han sett nokon servere her på flyplasskafeen før, og han hadde kome hit for fire år sidan og hadde familie i Trondheim, så han reiste ofte med fly. Sysselsetjing kan vere fornuftig nok, men det er urasjonelt! svara vår mann i farten, han var alt innom disken og la armen rundt dama til ære for fotografen frå avisa. Dama serverte store smil, og fotografen førte sin faglege autoritet inn i samtalen: Dette har du gjort før, du har grep om damene! roste han. Men vår mann tok ikkje imot smiger i arbeidstida. Oh, it’s a lay of wife! slo han det bort. Han var her sjølvsagt ikkje for å snakke morosam engelsk. Han var her på grunn av Drømmedagen. Korleis det, eigentleg? undrast kultursjefen, nesten som ein journalist. Jo, draumenetter hadde alle, men draumedagar var noko anna. Han hadde sjølv bruk for ein slik kvar einaste dag. Det var difor han nyss hadde stilt seg til disposisjon som premie hos ein av radiostasjonane sine. Den heldige vinnaren i det store innringingslotteriet i september skulle få ein draumedag med vår mann frå 1. til 2. oktober – ein ettermiddag, ei natt og ein formiddag – på sin eigen heimstad. Og vinnaren viste seg altså å vere frå Røros, og difor var vår mann her. Alt skulle gå i oppfylling som lova var. Den store oppfinnar og investor og aktivist – overraskande sprek og firskoren – 10


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

Side 11

hadde landa og stod bak disken og fylte kaffi på ein medbrakt termos mens flyet hans durte vekk og forsvann i snøføyka. Rekk eg å sjå meg om i rådhuset? Og då ingen svara, ropa han vidare: Er det kaffi å få der? Ikkje etter klokka tre, sa dama, for då går dei. Ring og be dei kome hit, så skal eg spandere kaffien! ropa han over henne til mennene. Men ho var smitta av hans opne vesen og la seg imellom: Det nyttar ikkje i dag – dei har fri i i dag, sidan du er her. Ja, ikkje eg, då! retta kultursjefen på henne. Kvar er vinnaren min? spurde vår mann. Jo, dei hugsa godt at det var det han sa. Kultursjefen sjølv hadde møtt fram med håpet om å få i gang ein samtale om just dette, om vinnarkultur og korleis ein kunne få inspirasjon til å skape den slags. Ein må skilje mellom vinnarkultur og vinnarar. Løyse kryssord, det kan alle få til, der kan alle vinne over hindringane, og det er kultiverande. Men det må ikkje bli for mange vinnarar, elles blir det så lett å lage prognosar at alle prognosemakarane misser jobben, og vil vi eigentleg det? skulle vår mann ha sagt. Kvar er hotellet mitt? Dei peika og blei ikkje samde om kven som skulle køyre han den korte vegen dit inn. Han lånte like godt sykkelen av kafédama. Ho skulle hente den på hotellet seinare. Fjellheim er eit dyrt hotell, åtvara ho. Men der tok ho feil. Han hadde kjøpt hotellet for sytti prosent av taksten. Der trudde ho det var han som hadde tatt feil. Du kjenner ikkje uttrykket Rørostakst, du, sa ho. Og der hadde ho rett, det kjende han ikkje. Eg kjenner berre min eigen takst, det er den eg handlar etter, sa han. «Handle etter eigen takst,» skreiv redaktøren som tit11


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

Side 12

tel på leiaren sin i Fjell-Ljom fire veker seinare, då han fekk vite dette. På hotellet venta vinnaren i resepsjonen. Fram kom termosen frå flyplasskafeen. Har du aldri drøymt om å drikke medbrakt kaffi i resepsjonen vår? spurde vår mann. Og la straks til: Det har eg! Vinnaren fekk drikke av begeret med gjenge. Vår mann drakk av termostuten. Visst gjer det vondt! deklamerte han, og stadfeste det visse andre tenkte. Og då han merka at vinnaren ikkje drakk, sa han til portieren: Skaff oss litt sukker og fløyte, herr Boye. «Sukker og fløyte, herr Boye!» sa ein på Røros etter den dag. Vinnaren var ekspeditør i sportsbutikken Treff-Sport. Han hadde køyrt langtransport med eigen lastebil i åtte år, men det blei for ulønnsamt, og han selde bilen og gjekk inn i sportsbutikken som medeigar. Det er jakta som har gitt namnet, forstår eg, det gjeld å treffe det ein siktar på. Ja, kva siktar du på sjølv? ville vår mann vite. På utvida jaktsesong, svara vinnaren. Det går mykje i børser? Nei, lite. Børsene varer for lenge. Det er ammunisjonen vi tener på. Men Forsvaret? Dei handlar ikkje hos oss. Ikkje Heimevernet heller? Aldri. Og nå såg portieren at vinnaren drakk engasjert av kaffien sin. Vår mann reiste seg. Også kultursjefen og redaktøren og fotografen og dama frå kafeen var komne inn i resepsjonen, for det var meir å snakke om når her var slikt besøk. Vår mann sa: Dette er Norge. Dette er vern. Dette er heimstadvern i Norge. Her må dei offentlege sjukehusa kjøpe medisinane på det lokale apoteket. Og her må dei offentlege skulane kjøpe lærebøkene i den lokale bokhandelen. Og så skal altså Heimevernet kjøpe patronene sine frå 12


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

Side 13

ein butikk langt borte. Jammen sa eg vern og heim – gi meg ein telefon! Kultursjefen rekte fram sin frå innerlomma på boblejakka. Dei såg ikkje kva nummer vår mann tasta inn. Han snakka ikkje høgt heller. Alt dei høyrde, var noko om neste budsjettår. Det blir utvida øvingar for Heimevernet neste år. Du får høve til å sende inn fastpristilbod på ammunisjon god tid i førevegen. Nå skulle det vere i orden. Dette gjeld ikkje heile landet ennå, det blir berre ei prøveordning. Ordninga kjem i stand av tryggingsgrunnar – i tilfelle kontakten med den sentrale leverandøren skulle bli broten, trengst det lokale leverandørar. I eit knipetak kunne vel det militære berre rekvirert det dei trong, sa vinnaren. Nå har eg rekvirert fornuft, det er det tryggaste, sa vår mann. «Han rekvirerte fornuft,» sa dei etterpå. Dette hadde eg aldri drøymt om, sa vinnaren. Det er sånn ein Drømmedag skal vere, sa vår mann. Han gjekk elles hardt på for å finne ut kva ønske og draumar vinnaren hadde. Dét var ikkje lett å få ut or han. Å bli kvitt lastebilen var lenge det han ønskte mest, og så lykkast altså det. Han var tilfreds med det meste og ønskte ikkje noko ekstra korkje om dagen eller natta. Tilfredse folk må ikkje delta i konkurransar, sa vår mann. Men eg rekna med å tape, sa vinnaren. Du hadde uflaks, konstaterte vår mann. Men er det ingen du ønskjer å skyte? Eg skyt ein reinsbukk kvar haust, sa vinnaren. Men folk? Skyte folk? Ja, folk? Det måtte einast vere kultursjefen i kommunen, det. Ja, sjå det! sa vår mann og flytta augo over på kultursjefen, som hadde spurt om ein personleg samtale med vår mann om erfaringar og utsikter og ennå ikkje fått noko klart svar. 13


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

Side 14

Nå fekk han det: Vi må kunne oppfylle fleire ønske samtidig her – stiller du opp her i morgon etter frukost? Kultursjefen gjorde dessverre ikkje det, han hutra og sprang ut den store døra til mørket og den varme snøblåsten utanfor. «Stiller du opp?» Nei, nei, livet har meir enn ein Drømmedag, trøsta vår mann den uheldige vinnaren. Du får sjå fram til neste. «Sjå fram til neste Drømmedag,» sa folk til kultursjefen seinare. Og til andre i kommunen. Dei sjekka inn på hotellet etter kaffien og gjekk på byen. Dei stoppa og stirte lenge inn gjennom utstillingsvindaugo til Treff-Sport. Vinnaren hadde i grunnen alltid drøymt om at nokon langvegsfrå skulle sjå inn der når butikken var stengt. Det er jo difor vi stiller ut. Dei som kjem inn om dagen, veit kva dei skal ha, dei ser knapt på det vi syner fram i vindaugo. Etterpå gjekk dei rundt i heile Røros og såg på det som blei tilbydd. Det var som i ein draum. Skulen, kyrkja, posten, biblioteket, aldersheimen, frisøren, tannlegen, bokhandelen, elkjøpsenteret, alle klesbutikkane og glasmagasinet. Alt var stengt. Vi må ha klart for oss at alle har stengt for vår skuld, slik at vi skal få gå her i fred, elles kan vi ikkje ha skikkeleg glede av det heile. Eg har mange slike gleder i mitt liv – heilt gratis. Vi velståande har det alltid slik, det meste er gratis for oss, og det var noko av dette eg ville dele med meg. Sa vår mann. Redaktøren var framleis i nærleiken. Han streifa omkring i gatene, for det skulle bli reportasje til slutt. Ja, kanskje også intervju. Han satsa på å kome i posisjon. Brått sigla han opp på sida av vår mann og spurde om 14


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

Side 15

han kunne få lov å spørje om han tilfeldigvis hadde noko å seie til folk på Røros – eit godt råd eller noko slikt. Eg har eit godt spørsmål: Har du eller andre på Røros noko godt råd å gi meg? spurde vår mann. Nei, gode råd, og kvar skulle vel dei kome frå og dei gå ut på? sukka redaktøren. Skriv det! sa vår mann. Skriv: Her har vi ingen gode råd å gi bort! I staden for å notere seg dette byrja redaktøren forhøyre seg vagt om korleis alt liksom byrja og kom i gang for vår mann, og det var det at han ikkje fortalde dette, ein hugsa og snakka om seinare. Ingen fekk med seg at eit helikopter var landa på Røros flyplass, og at det hadde med seg det som skulle serverast og etast denne Drømmedags-kvelden: fisk og skaldyr frå kysten ved Bergen, ikkje berre nyfiska og ferske, men jamvel einskilde levande. Denne hummaren er ingen vanleg hummar, den har sett Røros, sa vår mann til kokken på hotellet då denne fekk sine instruksar. Og hummaren dreia augo på stilk og sveipte frå vest til aust med følehorna mens han sa det. Det var den blåsvartaste hummaren nokon på Røros hadde sett. Takke meg til jerven, då, mumla ein av dei som stod bakarst, for det var blitt trongt av interesserte i kjøkkenet. Klapringa og sprutinga frå dei store kamskjela i plastbaljen skapte uhygge og lengt etter baren. Berre den stakkars kokken måtte vere tilbake. Vinnaren sjølv ville likevel heller ha villsvin. Eg køyrde ein gong i hel eit villsvin i Polen, sa han, eg har ofte lurt på korleis det smakar. Dei hadde det på menyen, såg eg. Men når det gjeld dette som er nede i havet, så veit eg ikkje. Det spørst om ikkje dei dyra helst burde vere der nede, for dei har vel ein funksjon der? Det er fleire personar på Røros som har sett eit villsvin enn det er humrar som 15


Forteljingar og fablar ferdig.qxd:Fablar

15-12-09

10:25

Side 16

har sett ein person på Røros. I hummarslekta er det sikkert like uvanleg som at ein i menneskeslekta skulle få sjå Gud. Tenk at noko av det siste hummaren såg her i livet før den døydde, var synet av deg. Trur du det synet gjekk inn i den, trur du det påverkar smaken, trur du at du på eit vis et inntrykket av deg sjølv slik det finst inne i hummaren? Dei skulle ha hatt ein lang samtale der dei utdjupa maten. Det var som ei bordbøn. Fotografen blei tipsa av kokken og kom ut i kjøkkenet for å ta bilde av breiflabben, makrellen, rekene, humrane og alle skjela, og kokken, som var fagutdanna, la ut om koketider og serveringsmåtar. Rykte om dei store fata og dei høge oppsatsane spreidde seg. I resepsjonen blei det fnist. I baren braut det ut spreidd lått. Det store måltidet skremde først gjester frå å gå inn i restauranten. Ingen ville forstyrre. Men så måtte somme ha seg mat likevel, og så kunne andre like gjerne ete, dei òg. Og om litt var bordet med Drømmedags-måltidet berre eit bord mellom andre bord. Vår mann fortærte mykje hummar og anna som ikkje var så lett å setje namn på, mens vinnaren sa seg godt nøgd med villsvinsteika, som elles likna mykje på dei grå skivene med tam svinesteik ingen kunne ta feil av. Det var her det utrulege hende. Vår mann kviskra noko til servitøren, som straks etter kom inn og sette eit brett på bordet. Oppå der låg ein levande hummar. Den siste hummaren var ikkje kokt likevel. Nå rørte den seg tungt og kraslande på bordet. Då den løfta eit auga og eit følehorn på skrå, nærast galant mot ei dame ved eit sidebord, rykte ho til på stolen og skreik. Straks var det fleire andre som også skreik i ei blanding av skrekk og medkjensle. 16

Forteljingar-og-fablar  

2 Einar Økland Det Norske Samlaget Oslo 2010 3 © 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no 4 ISBN 978-82-521-7563-9 Tom har det bra 85 Skjebn...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you