Page 1


Flukt ferdig.qxd:Fangar i natta-2.korr.qxd

Atle Hansen

Flukt

Samlaget Oslo 2013

24-06-13

13:12

Side 1


Flukt ferdig.qxd:Fangar i natta-2.korr.qxd

24-06-13

13:12

Side 3

Folk kallar det berre Huset. Eller Huset under Hammaren. Det stikk ein fjellhammar ut bak huset. Ein svær, glatt bergvegg. Han ser ut som om han kan ramla ned kva tid som helst og slå huset til pinneved. Var det difor dei flytta, dei som budde der? Fordi dei var redde for hammaren, at dei skulle få han i hovudet? Eg står inne i naustet som ligg nærast Huset. Både huset og nausta blei bygde lenge før nokon kan hugsa. Bordkledninga i naustet er sprokken med store gliper som eg kan sjå gjennom. Eg har fri utsikt bort til huset. Men ingen kan sjå meg som står der inne i mørkna. Det går to fotspor gjennom snøen. 3


Flukt ferdig.qxd:Fangar i natta-2.korr.qxd

24-06-13

13:12

Side 4

Dei går bort til inngangsdøra til huset. Men det har jo ikkje snødd sidan i går? Og det går ingen fotspor andre vegen, vekk frå huset. Dei går berre til. To par. Eitt litt større enn det andre. Ikkje store nokon av dei. Det kan ikkje vera spor etter vaksne menn. Ungar eller damer, kanskje? Dei går side om side frå dei snøfrie steinane, under berget ved dei store nausta og bort til inngangsdøra. Ei lita trapp fører opp til henne. Berre eit par trinn. Døra har eit vindauga med rugla glas øvst. Ho er alltid stengd. Eg har prøvd fleire gongar å opna henne. Når eg har vore trygg på at ingen har sett meg. Eller når eg har vore saman med Karl. Døra lèt seg ikkje opna. Karl har sagt at me kan bryta henne opp. Men det vil eg ikkje. Det er ulovleg å bryta seg inn i andre sine hus, har eg svara då. Me treng ikkje bry oss om det, sa han. 4


Flukt ferdig.qxd:Fangar i natta-2.korr.qxd

24-06-13

13:12

Side 5

Ingen bur der. Det har ikkje budd nokon der på fleire år. Likevel er det ulovleg, svara eg. Endå det ikkje har budd folk der på lenge. Men det er ikkje fullt så ulovleg å gå inn viss døra er open. Eg har aldri leitt etter nøkkel. Eg har heller ikkje prøvd å dirka opp låsen. Eg kan ikkje dirking. «Ein gong skal eg greia å klatra opp heile hammaren», seier Karl stundom. Han vil bli fjellklatrar, seier han. «Men hammaren går jo utover», svarar eg. «Du kan ikkje greia det.» Eg har ofte stått og sett oppover den glatte bergveggen. Eg har ikkje sett noko feste. Dei gamle gardinene i huset er trekte føre som alltid. Alt er like stille og daudt som alltid. Ingen lys og ingen lydar som alltid. 5


Flukt ferdig.qxd:Fangar i natta-2.korr.qxd

24-06-13

13:12

Side 6

Ikkje noko som fortel at det er folk der inne. Men nokon må likevel vera der. Om dei ikkje er ekspertar på å klatra i bratte berg, dei som har gått gjennom nysnøen. To par føter. Eitt litt større enn det andre. At dei er henta med båt, har eg lita tru på. Dei fleste båtar er på land på denne tida av året. Vêret dei siste dagane lokkar heller ikkje til båttur.

6


Flukt ferdig.qxd:Fangar i natta-2.korr.qxd

24-06-13

13:12

Side 7

Det dirrar i lomma mi. Melding frå mamma. «Middag snart», skriv ho. «Kjem», svarar eg. Eg kjem alltid til middag. Særleg om sundagen. Det veit ho. Eg likar mat. «Kor har du vore?» spør ho. «Ikkje ved sjøen, vel?» Eg svarar ikkje. Så lyg eg ikkje heller. Ho likar ikkje at eg går til sjøen aleine vinterstid. «Såg du folk der?» spør pappa. Eg svarar ikkje no heller. «Kva har me til middag?» spør eg. «Kjøtkaker i brun saus», svarar pappa. «Og kålstuing.» Favoritten min. Eg set meg til bords 7


Flukt ferdig.qxd:Fangar i natta-2.korr.qxd

24-06-13

13:12

Side 8

og byrjar ausa kjøtkaker og saus på tallerken. Dei andre er alt godt i gang. «Lurer på kvar dei har teke vegen?» spør mamma ut i lause lufta. «Ja, det er mystisk», seier pappa. «Kven snakkar de om?» spør eg. «Dei ungane som har stukke av», svarar mamma. «Har du ikkje høyrt om dei?» «Nei», svarar eg. «To søsken har stukke av frå asylmottaket, og ingen har sett dei sidan», svarar pappa. «Det står i avisa.» «Kva for eit asylmottak?» spør eg. «Rett utanfor byen», svarar pappa. «Dei skulle sendast heim til landet dei kjem frå», seier mamma. «Saman med mor si. Ho fekk ikkje løyve til å bu her», held pappa fram. «Men dei har budd på mottaket i mange år, går på skule og har vener her. Dei har knapt budd i heimlandet sitt», seier mamma. «No vil dei ikkje tilbake. Stakkars ungar. Dei må ha vore redde.» 8


Flukt ferdig.qxd:Fangar i natta-2.korr.qxd

24-06-13

13:12

Side 9

«Men viss dei ikkje har rett til å bu her i landet, er det klart dei må reisa heim att», seier pappa. «Me må jo ha reglar for slikt. Elles hadde det blitt kaos.» «Men dei er jo berre ungar», seier mamma. «Dei har vener. Dei snakkar norsk. Dei kjenner ikkje landet dei kjem ifrå.» «Ja, eg forstår jo godt at dei vil vera her», seier pappa. «Korleis veit de dette?» spør eg. «Det står i avisa.»

9


Flukt ferdig.qxd:Fangar i natta-2.korr.qxd

24-06-13

13:12

Side 10

Etter middag finn eg avisa. Ho er frå i går. Dei er på framsida. Ein gut på elleve og ei jente på åtte. På biletet smiler dei begge to. Mor deira seier at ho ikkje veit kor dei er. Ho er fortvila. Det hadde vore eit fakkeltog til støtte for dei i byen. Mange hundre hadde møtt fram. Då dei skulle dra tilbake til asylmottaket, var dei borte. Sporlaust forsvunne. Biletet var teke rett før fakkeltoget starta. Dei har på seg vanlege, varme vinterklede. Dynejakker og strikkehuer. Dei ser ut nett som meg. Berre hudfargen er annleis. Og blikka. Eg les intervju med venene deira. Dei var med på både fotball og korps, står det. 10


Flukt ferdig.qxd:Fangar i natta-2.korr.qxd

24-06-13

13:12

Side 11

Dei var flinke på skulen. Dei hadde budd der i fem år. Ho var tre då dei kom til mottaket. Han var sju. Eg tenkjer på om eg kan hugsa noko frå då eg var tre år. Eg trur ikkje det. Men eg er ikkje sikker. Eg har budd på same staden heile tida. Alt er likt frå dag til dag. Kan henda hugsar du betre om du flyttar på deg? Eg har høyrt om landet dei kjem frå. Sett bilete på tv. Det er krig der. Husa er bomba sunde. Folk blir drepne. Eg ville aldri likt å bu der. Eg finn fram det gamle atlaset frå bokhylla. Det er langt dit. Veldig langt. Lurer på korleis dei kom seg hit? Med fly eller tog, tenkjer eg. «Trur du dei kan ha reist til Oslo?» spør mamma. «Der er det mange av deira folk og lettare å gøyma seg.» «Korleis skulle dei komma seg heilt dit?» spør pappa. «Med buss. Det går bussar over fjellet.» 11


Flukt ferdig.qxd:Fangar i natta-2.korr.qxd

24-06-13

13:12

Side 12

«Ja, men då ville vel nokon ha sett dei? Ville dei ikkje?» «Dei kan ha kledd seg ut. Eller dei kan ha gøymt seg ein stad i byen. Hos nokre vener, kan henda.» «Ja, dei er nok ikkje langt vekke», svarar pappa. Han set inn i oppvaskmaskina. Mamma har funne fram iskrem og frukt til dessert. Eg held på å seia det. Eg veit kvar dei er. Men så held eg det inni meg. For eg kan jo ikkje vita at dei er i huset. Eg har ikkje sett dei. Sjølv om eg er heilt sikker. Dei kan jo ha drege vidare no. Eg kan heller ikkje forstå det, at dei har funne vegen fram til Huset under Hammaren. Men kven andre sine fotspor kan det vera?

12

Flukt  

Lettlesen og spennande ungdomsroman