Page 1

LENE KAABERBĂ˜L

Fiendeblod

nynorsk


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 1


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 3

Fiendeblod FrĂĽ dansk ved Ă˜ystein Rosse

Med vignettar av Anders Walter Samlaget Oslo 2014


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 5

1 Eit stivna sekund «Kva har du gjort med far min?» Kahla stod i døra. Eg hadde ikkje høyrt henne kome, men det var kanskje ikkje så rart – eg hadde lege på sofaen i stua og sove som ein bjørn i vinterhi, med ein småsnorkande Kattunge på magen, halvt dekt av eit av dei gamle ullteppa til tante Isa. Det var stupmørkt ute, og eg hadde ein forvirra følelse av at det måtte vere midt på natta. Merkelegare var det at Tomsen ikkje hadde gitt lyd frå seg. Han plar bli heilt ellevill når eit av yndlingsmenneska hans nærmar seg huset, men denne gongen stod han berre midt på golvet og såg forvirra ut. Det verka som han var blitt teken like mykje på senga som eg. Mor hadde enno ikkje kome tilbake, konstaterte eg. Men viss ho skulle køyre heile vegen tilbake til Merkurgata, setje av Oscar, pakke det ho trong for å vere her i huset til tante Isa den veka ho hadde lovd meg … og far skulle jo skrivast ut frå sjukehuset òg. Slikt kunne ta tid, det visste eg av eiga erfaring. Kahla var søkkvåt, og det var noko uvanleg ved henne. Ho var ikkje pakka inn i tre kåper, fire fargerike skjerf og minst to ulluer, slik ho pla. Ho hadde berre ein heilt vanleg, svart regnfrakk og ingenting på hovudet – bortsett frå hår då, så klart. Håret til Kahla er knallsvart og blankt og tjukt – og akkurat no var det altså vått òg. «Regnar det?» spurde eg dumt. Eg var visst ikkje heilt vaken enno. 5


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 6

«Far min,» sa ho igjen, og stemma var både sint og kjølig. «Kvar er han? Kva har skjedd med han?» Alt kom veltande tilbake. For korleis i alle dagar skulle eg få forklart Kahla at meister Millaconda låg stiv som ein statue i ei seng i den store gangen i Vestmark, akkurat som tante Isa, fru Pommerans, Shanaia og herr Malkin? Heile heksekrinsen til tante Isa. Alle låg dei der, og eg visste knappast om dei var levande eller døde. «Noko … noko skjedde,» sa eg. Kahla var bleik frå før under den elles så solgylne huda. No blei ho endå bleikare. «Kva då?» spurde ho. «Sei det!» Og då måtte eg jo ut med det. Heile den forferdelege kampen i grotta der Bravita Blodsunge hadde brote ut av det 400 år gamle fengselet sitt og hadde prøvd å vende tilbake til livet gjennom meg. «Ho ville ha ete meg,» sa eg stille, «så der ikkje var meir Clara att i meg, berre Blodsunge. Katt og tante Isa prøvde å stanse henne, men dei var ikkje sterke nok. Og så … og så kalla eg. Slik som herr Malkin hadde lært meg det: Adiuvate. Og dei kom, alle saman, heile krinsen. Og saman stoppa dei Blodsungen, men … men … etterpå var dei … ikkje døde, det trur eg iallfall ikkje, men heilt stive. Og … og … det er dei enno.» «Kvar?» sa Kahla berre. «I Vestmark.» Ho kom heilt bort til meg. «Vis meg det,» sa ho. Eg blei nesten redd henne. Eg visste jo at ho iblant 6


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 7

kunne verke både lukka og fiendtleg utan at det nødvendigvis betydde at ho hadde lyst til å forvandle deg til noko med vorter, noko ekkelt og paddeaktig, men … det var berre ikkje noko moro når ho såg på deg på den måten. Du har nettopp fortalt at far hennar er meir død enn levande, sa eg til meg sjølv. Hadde du venta at ho berre skulle smile og seie at det var heilt i orden? «No?» sa eg og høyrde sjølv at det høyrdest nesten like dumt og uførebudd ut som det med regnet. «Ja. No!» Ho rekte handa fram som om ho ville dra meg på føtene med makt. Kattunge slutta plutseleg å vere ein liten, halvt usynleg, sovande kul under teppet. Han reiste seg i si fulle høgd – det var vel cirka 20 centimeter – og freste hissig til Kahla. Kahla drog handa til seg. «Kva er det?» spurde ho. «Det er Kattunge,» sa eg. «Ja då, eg ser at det er ein kattunge, men kva gjer han –» Ho avbraut seg sjølv og såg meir inngåande på både Kattunge og meg. «Kvar er Katt?» spurde ho så. Saknet inni meg svulma opp så eg mest ikkje klarte å seie noko. «Han … kjem ikkje meir,» kviskra eg. «Og så har du fått den småttingen der i staden?» «Han er ikkje … Eg veit at han ikkje er så stor enno, men …» Ho rista på hovudet. 7


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 8

«Same for meg, så lenge småen ikkje seinkar oss. Kom no!» Kattunge opna igjen heile gapet og freste, denne gongen nesten lydlaust. Det var klart at det ikkje ville bli kjærleik ved første fres mellom han og Kahla. Eg heldt han inntil meg mens eg reiste meg. Eg ville ikkje at han beint fram skulle angripe henne – det ville han neppe sleppe godt frå. «Kvar skal de?» spurde Ingentingen søvnig frå sovepinnen ved vedkomfyren. «Til Vestmark,» sa Kahla. «Eg vil sjå far min!»

Meister Millaconda låg på ryggen og stirte rett opp i lufta. Han såg veldig morsk ut, for dei svarte augebryna rynka seg så fælt at dei nesten møttest på midten, men det var nøyaktig det same uttrykket han hadde hatt nede i grotta. Ingenting hadde forandra seg. Ingen av dei, ikkje tante Isa heller, hadde rørt seg ein millimeter sidan Oscar og eg gjekk frå dei dagen før. Den store gangen såg ikkje fullt så stor ut som han pla no som det stod fem senger i han. Det såg ut som ein sjukesal, tenkte eg. Og kunne ikkje heilt la vere å tenkje vidare: eller eit gravkammer. Kahla utstøytte noko som høyrdest ut som ein mellomting mellom eit gisp og eit hulk. Ho kasta seg ned ved sida av meister Millaconda og greip handa hans. Så sleppte ho handa brått att. «Han er jo heilt kald!» sa ho. «Kvifor har de ikkje sørgt for at han er ordentleg varm?» 8


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 9

Eg prøvde å forklare at vi hadde prøvd, med teppe og fyr på kaminen og varmeflasker og det heile. «Det hjelper ikkje,» sa eg. «Dei er berre slik.» Ho høyrde ikkje etter. Igjen hadde ho teke handa til far sin, og villsongen kom bølgjande ut av henne, høg og skarp og sviande, nesten som ein lusing. Hjartet mitt gjorde eit håpefullt hopp, og eg såg etter ein forskjell, eit livsteikn, kva som helst anna enn at dei var så aldeles urørlege. Men så vidt eg kunne sjå, skjedde det ingen ting anna enn at Kahla blei merkbart trøyttare di lenger ho song. Likevel berre fortsette og fortsette ho, i nesten ein time, trur eg, til stemma var heilt sprokken, og ho var så svak at eg måtte hjelpe henne på føtene då ho endeleg gav opp. «Det verkar ikkje,» sa ho håst. «Kvifor verkar det ikkje?» «Eg veit ikkje,» sa eg. «Eg forstår ikkje kvifor det ikkje verkar …» Knea svikta under henne, og eg måtte hjelpe henne ut på kjøkkenet så ho fekk setje seg. Ingentingen flaksa bekymra etter oss, med ei skur av små «å nei, å nei, å nei»-utbrot. Over kjøkkenbordet hang det ein krok. Ingentingen såg uvilkårleg opp på han, og eg kunne sjå at fjørene hennar reiste seg. På den kroken hadde det hange eit bur, og det var i det buret eg hadde sett Ingentingen første gongen. Ein ynkeleg, snørrete og skiten liten skapning som ikkje hadde kunna leve opp til det skaparen hennar forlangte av henne, og var blitt plassert i det buret berre fordi det irriterte Kimæra at Ingentingen følgde etter henne. Ho hadde ikkje visst kva ord som «ven» og «fridom» betydde. Det var ho 9


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 10

først no så smått i ferd med å lære, og det var sikkert ikkje så triveleg for henne å vere her att. Sjølv om fjørene la seg etter nokre minutt, såg ho likevel endå meir engsteleg ut enn ho pla. Og ikkje berre for si eiga skuld, viste det seg. «Kvifor er dei så stille?» spurde ho. «Isa … ho … auga hennar er heilt stive. Trur du ho har vondt?» «Eg veit ikkje,» sa eg. «Veit du kva som feiler dei?» spurde eg Kahla. Eg håpte så inderleg at ho hadde eit svar. Ho var ei skikkeleg god villheks, mykje betre enn eg var. Men Kahla rista på hovudet. «Eg har aldri sett noko slikt før,» sa ho. «Det verkar som … som om dei har stivna. Kanskje det er noko med tida.» «Kva meiner du?» «Far min sa ein gong at viss ein utfører noko verkeleg stort og veldig – noko magisk, altså – så gjer det noko med tida. Det er som om ho går saktare eller beint fram går i stå nokre sekund.» Eg tenkte tilbake på dei gongene eg hadde vore med på «noko verkeleg stort og veldig». Eg kjende godt att følelsen av at tida liksom stoppa opp litt – som om alt gjekk i sakte film. Viss Kahla hadde rett – betydde det då at dei fem urørlege kroppane rett og slett hadde gått i stå? I eit langt, stivna sekund, midt mellom eitt hjarteslag og det neste, midt mellom to andedrag? Det var på ein måte ørlite grann roande å tenkje på, iallfall betre enn å førestelle seg at dei var fullt medvitne der inne bak dei stirande blikka og urørlege musklane. 10


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 11

«Men korleis får ein tida til å begynne att?» spurde eg. Kahla sende meg eit mørkt blikk. «Viss eg hadde visst det, trur du ikkje eg hadde gjort det då? Eg veit jo ikkje eingong om det er det med tida. Eg berre gjettar.» «Ja, men kva skal vi gjere, då? Trur du ramnemødrene kan hjelpe oss?» Kahla sette olbogane i bordet og tok seg til panna med begge hendene. Det kom ein liten lyd frå henne, noko midt mellom eit sukk og eit lågt kves, og ho strauk det svarte håret litt tilbake. Eg syntest det snodde seg uvanleg levande kring fingrane hennar. «Vi får vel prøve,» sa ho. Men ho høyrdest ikkje særleg optimistisk ut. Eg tenkte på Tomsen og Stjerna og geitene som var åleine heime. Iallfall til mor kom tilbake. «Eg sender ein SMS,» sa eg, «så ho hugsar å gi dyra mat. Kom igjen, Kahla – la oss kome oss av stad. Ramnemødrene veit kva vi skal gjere!» Eg tenkte på Thuja, den fremste i krinsen av ramnemødrer. Ho var nok den klokaste villheksa eg kjende. Kahla reiste seg. Ansiktet hennar var hardt og bestemt. «Hald godt fast på det kattedyret,» sa ho. «Viss vi skal klare det, er det best vi skundar oss, og eg har ikkje tid til å fare rundt i villvegtåkene og leite etter han viss han stikk av.» Eg skulle akkurat til å protestere og seie at Kattunge ikkje var ein som stakk av, men eg tok meg i det. Kva visste eg eigentleg om kva Katttunge kunne finne på? For å 11


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 12

vere på den sikre sida putta eg han innanfor jakka og knepte den øvste knappen. Det skulle vise seg å vere ei klok avgjerd …


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 13

2 Ramnestormen Den trykkjande grå tåka rundt oss var tett og fuktig og … og nærmast lunken. Kleimen. Villvegane var aldri nokon ufarleg stad. Sjølv erfarne villhekser kunne fare vill for alvor. Og vi var ikkje erfarne. Ikkje Kahla eingong, sjølv om ho var hundre gonger betre enn eg til meir eller mindre alt som hadde med den ville verda å gjere. «Er vi ikkje snart framme?» spurde eg. Eg syntest vi hadde gått ei æve. Kattunge mjaua søvnig og strekte eine framfoten, men rulla seg så saman att inne under jakka mi. «Eg veit ikkje …» kviskra Kahla. «Det er som om noko er annleis. Som om noko er … feil.» «Har vi fare vill?» peip Ingentingen frå plassen sin i ryggsekken min. «Nei,» sa Kahla. «Vi er like ved Ramnekjelen no. Det er berre som om villvegtåkene … gjer motstand.» Ja. Akkurat slik var det! Det var derfor det føltest som om vi hadde gått i hundre år. Det var meir som å vasse gjennom vatn enn å gå gjennom luft. Eller eigentleg gjennom noko som var tjukkare enn vatn – olje, kanskje. Lunken, kleimen olje. Det pressa på. I øyra, mot tinningane, i nase og munn. Eg hadde begynt å få vondt i hovudet, ein skikkeleg torevêrshovudverk. Det var som om det ikkje var plass til alt det som skulle vere innanfor hovudskallen lenger. Men det tora aldri på villvegane. Der var det ikkje anna vêr enn tåke. 13


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 14

Eller var det det? Ein bris letta litt på det sveitte håret mitt og kjølte ørlite i nakken. Eg rakk å tenkje at det i grunnen var ganske herleg, før det gjekk opp for meg kor gale det var. «Det blæs då aldri her …» sa eg. Så høyrde vi ei slags rumling bak oss, og vinden blei sterkare. Eg snudde meg. Eit glovarmt vindkast slo imot meg, og tåka bak oss var ikkje lenger grå, ho var svart. «Hald deg fast!» ropte eg til Ingentingen og greip sjølv overarmen til Kahla med begge hendene. Eg klarte ikkje å bli ståande. Lufttrykket lyfta meg opp og slo føtene vekk under meg, eg blei kvervla av stad som eit blad i ein hauststorm, og eit eller anna trefte meg på kinnet, skarpt og djupt som eit piskesmell. Kattunge vreid seg under jakka mi og greip tak i meg med alle klørne. Vi flaug. Vi tumla av stad. Først kunne eg ikkje sjå anna enn tåke og ikkje høyre anna enn brølet frå stormvinden. Så blei lufta fylt av håse skrik, og eg trefte eit tre. Treet knakk. Ikkje på grunn av meg, men på grunn av vinden. Eg kjende ein knekk inne i armen og eit rykk som var så hardt at det eigentleg ikkje gjorde vondt eingong. Det kom først seinare. Eg hadde mista grepet kring armen til Kahla, men eg flaug iallfall ikkje bortover lenger. Eg låg på marka, som var fuktig, mørk og kald, og stormen bles over meg og rundt meg. Det suste og knaka, og lufta var full av skrik og svarte fjører og eit merkeleg spreidd regn som trefte meg varmt og klissete i håret og ansiktet og på den armen eg heldt opp framfor ansiktet. 14


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 15

Det varte ei æve. Eller kanskje varte det berre nokre sekund. Tida gav ikkje meining lenger. Det braka og small overalt. Noko fall over meg – det kjendest ut som ei grein, men eg var ikkje sikker. Kva det no enn var, så blei det rive vekk att, og mørket var totalt. Eg kunne høyre Ingentingens vettskremde: «Å nei, å nei, å nei …» og rakk å tenkje at ho iallfall var der framleis, i ryggsekken, og var verken blitt kvervla vekk eller treft av noko dødeleg. Så blei det plutseleg heilt stille. Vinden døydde. Mørket heldt grepet ein augneblink, men så forsvann det, og sollys seiv ned til oss gjennom tretoppane. Eg tok meg til armen. Han er brekt, tenkte eg, men var likevel ikkje heilt sikker. Eg visste ikkje korleis det ville kjennast, og eg kunne då framleis bøye og strekkje fingrane. Då var det eg oppdaga at det regnet som hadde treft meg, ikkje var regn. Ei einsleg svart fjør dalte ned mot marka i dovne bogebevegelsar. Hendene og armane mine, og sikkert ansiktet òg, var dekt av kleimne, mørkeraude blodflekker, og på marka framfor meg, berre nokre meter borte, låg dei sundrivne restane av ein ramn. «Å nei,» jamra Ingentingen og baska seg opp av ryggsekken. «Kva er det som har skjedd? Å nei, å nei.» Eg såg meg om. Kahla kunne eg ikkje få auge på nett no, men trass i knekte greiner og velta tre kjende eg att stigen som førte ned mot Ramnekjelen. Vi var framme. Eg burde vere letta. Men eg hadde 15


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 16

allereie dü ei kald og redd aning om at ramnemødrene ikkje kunne hjelpe oss lenger.


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 17

3 Stille Det var så stille. Himmelen over oss var blå, og sollys glimta i søledammane og langs dei våte greinene. Ein skulle tru at det ikkje var noko som helst gale med verda slik som den sola skein. Nokre av trea rundt Ramnekjelen hadde velta, andre hadde stormen knekt, men dei fleste stod no framleis. Og likevel var alt heilt feil. Greinene var tomme. Ikkje ein einaste ramn kunne vi sjå eller høyre. Ikkje så mykje som ei kråke eingong. Himmelen over oss føltest naken og berr utan dei krinsande, svarte fuglane, og stilla utan dei håse skrika deira var rett og slett … heilt feil. «Er dei borte … alle saman?» kviskra Ingentingen. «Eg veit ikkje,» sa eg. Men eg hadde ein kald, vond følelse i magen, ein følelse som sa: «Ja – kvar einaste ein.» Det verkte og dunka i den armen som kanskje eller kanskje ikkje var brekt, og det ville ha vore fint om ei vaksen villheks berre kunne syngje smerta vekk og gi meg ein kopp baldriante å sove på, men eg visste inst inne at den ømme armen i dag var eit uviktig, lite problem i forhold til dei katastrofane som omgav oss. Eit kjempestort gammalt asketre hadde velta ned i sjølve Ramnekjelen, så det runde krateret var fullt av knekte greiner. Mykje låg berre som kvist og kvas, men mange av dei store greinene hadde bora seg så djupt ned i marka at det såg ut som om ei kjempe hadde slått dei fast for å bruke dei som teltpluggar. Under greindekket kunne eg sjå noko mørkt. 17


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 18

Nei. Ikkje «noko». Nokon. Eit menneske låg fastklemt under den veldige krona til asketreet. Eit menneske kledd i den svarte ordenskappa til ramnemødrene. Berre det ikkje er Thuja, tenkte eg, sjølv om det sjølvsagt ville vere forferdeleg same kven av ramnemødrene det var. Det var berre det at Thuja var den eg meinte var klokast, eller iallfall den eg stolte mest på. «Det ligg nokon der …» sa eg og peikte med den friske armen min. «Vi må hjelpe, Kahla –» Kahla var allereie på veg. Ho tok seg ikkje eingong tid til å gå rundt den skrånande jordrampa som vanlegvis var inn- og utgangen til Ramnekjelen, men skleid og rutsja nedover skrenten, endå så bratt han var, samtidig som ho nynna ein rask, spørjande villsong for å finne ut om det var ein levande eller ein død vi måtte prøve å få laus. Ein levande eller ein død. Eg trur eigentleg at det først var den tanken som for alvor fekk det til å gå opp for meg. Det var som om eg hadde gått rundt i ei boble av uverkelegheit heilt sidan stormen trefte oss, og det først var no det gjekk hòl på bobla. Tenk om det var ein død? Stormen hadde allereie drepe hundretals ramnar, så sjølvsagt kunne menneske døy òg. Særleg viss eit stort tre fall ned på dei. Eg begynte å springe bort mot kraterinngangen, sjølv om det dunka i armen og fekk Kattunge til å setje klørne i både jakka mi og huda under. Det var ikkje Thuja. Det såg eg då eg kom litt nærmare. Det var Valla, den litt dovne mannlege ramnemora som 18


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 19

hadde vore svært misfornøgd med å måtte renne rundt i skogen midt på natta den gongen eg skulle ta eldprøva mi og vise rådet at det var eg og ikkje Kimæra som snakka sant. Heldigvis var det ikkje sjølve stamma på asketreet som hadde treft han, men mange av greinene. Ei av dei hadde bora seg rett gjennom armen hans som eit spyd og nagla han fast til marka, men han var ikkje død, det kunne eg både sjå og høyre. Han jamra svakt og skrapa mot marka med støveltuppane som om han prøvde å krype vekk og ikkje forstod kvifor det ikkje gjekk. «Vent,» sa eg til han. «Ligg still. Vi skal nok få deg laus.» Kvar var alle saman? Det måtte då vere andre her. Dei kunne ikkje vere døde eller såra, alle saman. Kunne dei vel? Hjartet mitt snørte seg saman ved tanken. Kahla var allereie i gang med ein villsong, og det var ho mykje betre til enn eg. Eg hadde til gjengjeld kniven til Oscar, den han hadde gitt meg til fødselsdagen, og med den skar eg forsiktig over greina på begge sider av armen til Valla. Vi måtte sjølvsagt få greina ut av armen òg, men det kravde førebuingar. Varmt vatn, bandasjar, mykje meir villsong … hjelp, viss der då var noka hjelp å få her. Elles får vi klare oss utan, sa eg strengt til meg sjølv. Valla jamra igjen. Det var ord i det denne gongen, men det var vanskeleg å høyre kva han sa. Det gråsprengde håret var vått av smertesveitte og klistra til nakke, kinn og panne. «Ramnane,» mumla han. «Ramnane …» Før hadde eg eigentleg ikkje likt han, men no syntest 19


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 20

eg synd på han. Det var ikkje seg sjølv han tenkte på no, sjølv om alle som har ei spiss grein gjennom overarmen, må få lov til å synast litt synd på seg sjølv. «Det … det går nok bra,» var det einaste eg kom på å seie til trøyst. Eg kunne ikkje lyge og seie: «Dei har det bra.» Kleda mine var fulle av flekker av ramneblod. Kahla song framleis, og det var tydeleg at det hjelpte. Stemma til Kahla høyrdest sliten og matt ut fordi ho hadde sunge så lenge og fåfengt for far sin, men det var kraft i songen likevel. Valla var ikkje fullt så gråbleik no, og det blødde mindre enn før. Han ville setje seg opp. «Vent litt,» sa eg og heldt han att. «Vent til villsongen er ferdig.» Sjølv om han ikkje var heilt klar i hovudet, forstod han kva eg sa. Han låg stille til dei siste håse tonane hadde døydd bort. «Ramnane,» sa han igjen. «Er det nokon att?» Eg kunne ikkje sjå han i auga. «Eg veit ikkje,» sa eg. Det kom ein lyd frå han som om noko inni han hadde gått sund. Han gøymde ansiktet sitt med den uskadde handa, og eg trur han gret. «Kvar er dei andre?» spurde eg. «Thuja, Arkus … dei andre ramnemødrene. Kva har skjedd med dei?» Han senka sakte handa. «Vi må leite,» sa han. «Vi må leite til vi finn dei.» «Kvar såg du dei sist?» spurde Kahla. «Det skjedde så brått,» sa han. «Eg sat og las, og brått kom eit vindkast ned gjennom pipa, så kraftig at det bles 20


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 21

ut elden. Eg høyrde nokre … merkelege lydar. Noko som ulte, noko som knaka. Sjølv om elden hadde slokna, blei det frykteleg varmt. Og så merka eg … så … så døydde Hugin. Ramnen min. Det var ingenting eg kunne gjere, det skjedde så fort. Og eg visste … villsansen min fortalde meg det … at han ikkje var den einaste. Eg sprang ut, men … vinden lyfta meg opp og slengde meg i marka att. Eg kunne høyre trea knekke, og så …» Han tok seg til den gjennombora armen. «Eg kom meg ikkje laus. Eg trudde eg skulle døy, og det … hadde kanskje vore det beste.» «Det er aldri det beste,» sa Kahla i eit hardt tonefall. «Det er alltid noko ein kan gjere med livet sitt.» Kvifor kjefta ho på han? Såg ho ikkje kor ulykkeleg han var? Eg såg bebreidande på henne. Det svarte håret rørte seg i vinden, nesten som om det var levande, men ansiktet hennar var heilt uttrykkslaust og urørleg. Det merkelege var at Valla tydelegvis tok orda hennar til seg og retta seg opp. «Du har rett,» sa han. «Vi må sjå om det har skjedd noko med rugekammeret.» «Først må vi gjere noko med armen din,» innvende eg, men han ville ikkje høyre. «Rugekammeret,» gjentok han. «Egga. Eg må vite om vi har mista alt, eller om det enno er håp for ramnemødrene.» Rugekammeret var hjartet i Ramnekjelen og den inste hemmelegheita til ramnemødrene. Her kom ingen fra-

21


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 22

mande inn, og først ville ikkje Valla ha oss med ned dit heller, men han var så svak at han ikkje kunne gå sjølv. «Lukk auga,» befalte han. «Dette er berre for dei innvigde!» Eg lukka lydig auga, men eg kunne ikkje lukke øyra òg, og eg høyrde tydeleg den heilt spesielle villsongen han brukte. Han var ganske kort, han varte ikkje stort lenger enn det ville ta å rope: «Sesam, sesam, lukk deg opp!» Likevel var det nesten meir enn han orka. Det kom eit dunk og eit stønn av smerte, og då eg opna auga att, låg Valla på alle fire, eller snarare på alle tre, for den skadde armen heldt han framleis pressa inn mot kroppen. Men det hadde skjedd noko anna òg. Eit svakt lysskjær trengde opp gjennom greinene og kvistene som hadde falle, og vi kunne sjå omrisset av noko rundt, nesten som eit kumlok, berre ganske mykje større. Vi fekk Valla til å setje seg på marka mens Kahla og eg hjelpte kvarandre med å dra greinene til side så vi kunne få opna loket. Eg ville aldri ha funne det sjølv. Kor mange gonger hadde eg ikkje gått gjennom det runde krateret i Ramnekjelen utan å leggje merke til det? Mose og lav og vårsoppar voks rundt det og oppå det, og det var tydeleg at ramnemødrene hadde brukt mange krefter på å lage denne inngangen slik at han var levande nok til å kunne gøyme seg i den ville verda. Då vi opna det, såg vi at loket var fletta av levande røter som berre bøygde seg og lét seg opne fordi villsongen til Valla hadde vekt dei og gjort dei føyelege. 22


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 23

Lysskjæret kom ikkje frå vanlege lamper, men frå eldøgler som kravla rundt mellom trerøtene. Ei trapp førte nedover i halvmørket, og vi hjelpte Valla ned. Det var overraskande varmt der nede. Faktisk så varmt at sveitten begynte å piple fram under vindjakka og Tskjorta. Det kunne ikkje vere eldøglene, eller ikkje berre – dei var det ein kallar vekselvarme, og dei små flammehikka som kom frå dei, var temmeleg bleike og gav ikkje mykje varme. Det var jorda under oss, skjønte eg. Den varme sanden rekte meg til okla, så det var nesten som å stå på ei badestrand om kvelden når sola har skine på sanden heile dagen. Valla gjorde seg fri frå det støttande grepet til Kahla og vakla gjennom sanden bort til noko som likna eit slags omvendt juletre. Det var røtene som breidde seg ut som ei underjordisk trekrone, og rundt omkring på rotgreinene hang fine, fletta sivkorger. Valla gjekk frå den eine korga til den andre, vippa lett på dei og kikka oppi, og først då han hadde sett etter i kvar einaste ei, sokk han saman i sanden og stønte av lette. «Alt er i orden,» sa han. «Vi har iallfall egga!» I det same høyrde vi steg i trappa bak oss. «De rører dei ikkje!» Orda var halvt rop, halvt villsong, og dei trefte meg med ei slik kraft at eg vakla og støytte inn i Kahla. Eg kjende eit stikk av smerte i armen og kunne ikkje la vere å gispe. Det var Thuja som kom tumlande ned trappa med armane strekte fram og dei blinde auga vidopne, sjølv om eg 23


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 24

visste at ho ikkje kunne sjå noko utan hjelp frå ramnane. Arkus, den vesle guten som hjelpte henne med å lese og finne fram, kom rett i hælane på henne og prøvde å ta den eine armen hennar. Bak henne var det andre skapnader, temmeleg mange, trur eg, men det var vanskeleg å sjå på andre enn henne. Det var nesten som om ho lyste. «Ikkje fall,» kviskra Arkus. «Ver forsiktig, frue, trappa er bratt!» «Det har ikkje skjedd noko med egga,» sa Valla. «Det er berre meg, Thuja.» «Du er ikkje åleine,» sa Thuja. «Det er nokon her. Nokon som ikkje høyrer til her.» «Det er meg, Clara,» sa eg. «Og Kahla. Og Ingentingen. Og … og … Kattunge. Han er den nye villvenen min.» «Dei hjelpte meg,» sa Valla. «Dei har ikkje noko vondt i sinne!» Vondt i sinne? Sjølvsagt hadde vi ikkje det. Korleis kunne Thuja tru det? Det var ikkje likt henne å vere så mistenksam og fiendtleg. Ho stansa, framleis med opne auge, som om ho desperat prøvde å sjå sjølv om ho ikkje kunne det. Elles var auga hennar ofte heilt eller halvt lukka, og det fekk henne på ein måte til å verke rolegare og meir fredfull enn dei fleste andre. Akkurat no var det absolutt ikkje noko fredfullt over henne. Ho såg ut som om ho var klar til å forvandle den neste som prøvde å gjere noko mot Ramnekjelen, til noko svært slimete, lite og ubehageleg. 24


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 25

«Clara,» sa ho. «Korleis har det seg at du er her?» Eg forklarte så godt eg kunne – om tante Isa og dei andre, at dei berre låg der og var heilt stive, og korleis alt hadde skjedd. Thuja lytta med hovudet på skakke, som om det gjorde at ho oppfatta orda betre. «Isa òg?» sa ho då eg var ferdig. «Og Agate Pommerans og … alle dei andre i heksekrinsen? Kva i alle dagar er det som skjer? Det verkar som om nokon er ute etter å ta livet, eller nesten ta livet, av alle villhekser … Den stormen. Det var ein heksestorm. Han var ikkje naturleg.» «Det er ikkje berre ’nokon’,» sa eg. «Det er Bravita Blodsunge.» «Det kan vi ikkje vere sikre på. Ho fekk jo ikkje deg. Og sa du ikkje at inngangen til grotta rasa saman?» «Jo. Eg trur Ilja … blei teken av raset. Vi måtte klatre opp til eit ørlite hòl i taket, og det trur eg absolutt ikkje Ilja kan ha klart.» Oscar var skulemeister i klatreveggen, og han klarte det berre så vidt etter å ha ramla ned to gonger. Ilja var halvfeit og halvgammal, så eg hadde vanskeleg for å førestelle meg at ho kunne gjere det etter han. «Men … eg er sikker på at det er Blodsungen.» «Det kan vi ikkje vite,» sa Thuja igjen. Eg merka at eg blei litt meir usikker berre fordi ho ikkje gav meg rett. Og likevel … likevel var eg jo sikker. «Kan ramnemødrene hjelpe?» spurde Kahla, og stemma hennar skalv som om ho var på gråten. «Far min … han ligg der og … han blunkar ikkje eingong.» «Vi får sjå kva vi kan gjere,» svarte Thuja, «men utan ramnane … er eg redd det ikkje er stort.» 25


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 26

«Men noko?» «Kanskje. No får vi først sjå kor mykje vi har mista i stormen.» Det var ikkje det svaret Kahla hadde håpt på. Ho bøygde hovudet, og det skein i dei mørke auga. «Først må de ta dykk av dykkar eigne, meiner du,» sa ho, kaldt og sint. «Det kan du godt kalle det. Men far din og dei andre får det etter alt å dømme ikkje verre dei neste tjuefire timane. Kven veit kor mange av dei såra her som står i fare for å døy viss dei ikkje får den hjelpa vi kan gi dei?» Kahla blei heilt kvit kring leppene, og det høyrdest ut som ho hadde problem med å trekkje pusten. «Eg er lei for det,» sa Thuja og vende det blinde ansiktet mot henne. «Eg skjøner at det ikkje er lett.» «Gjer du?» kveste Kahla med samanbitne tenner. «Eg trur faktisk ikkje du forstår noko særleg.» Ingentingen gispa, og eg var ganske forferda sjølv òg. Tenk å stå og seie slikt til Thuja, som var den viktigaste av alle ramnemødrene! Thuja svarte ikkje med det same. Det var som om ho «såg» svært lenge på Kahla først. Så rista ho lett på hovudet. «Det kan hende du har rett,» sa ho og høyrdest med eitt svært trøytt ut. «Utan ramnane er vi … berre vanlege villhekser. Ja, kanskje ikkje det eingong.» «Ikkje sei det, Thuja!» innvende Valla. «Kvifor ikkje? Det er jo sant.» «Vi har egga. Vi har framleis egga. Og når dei blir 26


Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 27

klekte … om berre nokre veker, ja, kanskje om nokre dagar … så kan vi begynne på nytt.» Thuja rekte ei famlande hand ut til ho fann skuldra til Valla. Det var den skadde armen, men det lét han seg ikkje merke med. «Takk,» sa ho. «På ein vond dag som denne er det godt å bli mint på at framtida enno finst …» Kahla kasta eit sint blikk på dei skrøpelege, grå egga som hang der i korgene sine, varmt og godt og trygt. «For somme …» sa ho, men ho sa det ikkje så høgt.

Villheks. Fiendeblod (nynorsk)  

Femte boka i fantasyserien Villheks av Lene Kaaberbøl.