Ferdaminne ferdig

Page 1

ferdaminne vinje:ferdaminne ny 07.04.10 15.33 Side 1

Ferdaminne er A.O. Vinjes reisebrev frå den store Noregsreisa han gjorde i 1860, ein kåserande reportasje som blir rekna som hans viktigaste verk. Med kritisk sans, livsnær realisme, humor og tvisyn skildrar han bygdene han reiste gjennom: Eidsvoll, Odalen, Kongsvinger, svipptur innom Sverige, opp Østerdalen, Hjerkinn, Orkanger, Trondheim, retur via Nord-Trøndelag, Romsdal og ned Gudbrandsdalen. Dette pionerverket i norsk journalistikk inneheld lyriske perler som diktet «Ved Rondane», infame prosastykke om «Grannane i Odalen», «Grauten på Grut» og varmare om «Malene frå Folldal». 150 år etter at «Dølen» gjorde reisa, kjem denne glitrande skrivekunsten i ny utgåve. Kjartan Fløgstad har skrive innleiing til boka.

AASMUND OLAVSSON VINJE FERDAMINNE

JUBILEUMSUTGÅVE AV NORSK KLASSIKAR

Aasmund Olavsson Vinje Ferdaminne frå Sumaren 1860

A.O. Vinje (1818-1870) Forfattar, bladmann og jurist. Vinje er rekna som ein av dei viktigaste og mest originale pionerane i norsk litteratur og offentleg liv på 1800-talet. Med sitt tvisyn var han ein markant og retorisk medviten kritikar av samfunnstilhøve, politikk og littteratur, og ved sida av Ivar Aasen sjølv var han den første som tok landsmålet aktivt i bruk.

DET NORSKE SAMLAGET

ISBN 978-82-521-7620-9

www.samlaget.no Omslag: Asbjørn Jensen

SA M L AGET


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Ferdaminne ferdig by Det Norske Samlaget - Issuu