Issuu on Google+

Er du ein nysgjerrig snik? Likar du å åle deg inn i hagen til folk, smyge deg langs husveggen og kikke inn gjennom framande vindauge etter at mørkret har senka seg over kvar ein grastust? Ja, om du er ein slik nygjerrig liten snik, kan det vel hende at du ein forblåsen kveld i november tar på deg gummistøvlar og regnjakke og tråkkar ut i den våte kvelden. Og då kan det faktisk vera at du finn det vesle og nesten falleferdige huset som eg veit om. I dette huset bur nemleg familien Kråkestup.

ISBN

978-82-521-8028-2

Omslag_Kråkestup.indd 1-3

27.04.12 11.24


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 1

1


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 3

Kari Smeland

Familien Kr책kestup og nyset i nabohuset Illustrert av Mona Brekke

Samlaget Oslo 2012


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 5

Innhald Huset som ein gong var lykkeleg 7 Tenk om det ikkje var eit menneske 16 Familien Kråkestup oppdagar kva som kan skje når fiskesuppa kokar over 22 Skuggen som ler 38 Ei av hemmelegheitene til onkel Sigurd 46 Pipa 53 Alle kjærastar er ikkje vakre prinsesser 61 To plankar og ein ishockeykonge 70 Karl Olsen nektar å eta nista si 77 Skikkeleg-Spektakulære-Og-Nokre-Heilt-Vanlege-Dyr-OgFuglar-stemnet 84 Ein lapp med raud skrift 97 Karl Olsen overraskar alle ved å overraske to gonger på ein dag 103

5


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 6

Stjerne og Lykke får vita om hemmelegheita til nabohuset 112 Nokon mistar ei tann 120 Eit merkeleg besøk 128 Dårleg samvit er verre enn mageknip, men ingen-treng-tennerfor-å-kose-seg-med-gelé-festar hjelper mot det meste 135 Der all galskap begynner med eit nys 146 Av og til er ein håplaus hær alt ein treng 158 Snøen kjem alltid til slutt 165


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 7

Huset som ein gong var lykkeleg Det finst mange nysgjerrige snikar i verda, og i eit lite og nesten falleferdig hus som eg veit om, bur det to slike nysgjerrige snikar. Hæ? Kva seier du? Er du også ein nysgjerrig snik? Likar du å åle deg inn i hagen til folk, smyge deg langs husveggen og kikke inn gjennom framande vindauge etter at mørkret har senka seg over kvar ein grastust? Ja, om du er ein slik nysgjerrig liten snik, kan det vel hende at du ein forblåsen kveld i november tar på deg gummistøvlar og regnjakke og tråkkar ut i den våte kvelden. Og det kan faktisk vera at du finn det vesle og nesten falleferdige huset som eg veit om. Og då er du verkeleg heldig, for då treng

7


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 8

du verken skru på tv eller opne ei bok den kvelden. I staden kjem du til å bli ståande utanfor dei smårutete vindauga og kikke inn heilt til kvelden er forbi og natta har dukka opp og du for lengst er for seint ute til sengetid. I det nesten falleferdige huset bur nemleg familien Kråkestup. I familien Kråkestup er alle barna tvillingar. «Vi kan berre laga tvillingar, vi,» brukar mamma Kråkestup å seia til folk som kjem på besøk, og då blir alle tvillingane flaue og seier: «Mamma, då!» Men det er faktisk heilt sant. Mødrer lyg nemleg aldri, iallfall svært sjeldan. Fyrst kom Fritz og Fjodor. Nokre år etter kom Arya og Arvid. Og nokre år etter det igjen kom Stjerne og Lykke. Nesten kvar einaste kveld etter at middagen er oppeten og bordet rydda, legg pappa Kråkestup nasen i ei fuglebok. Han har sin eigen fugleflokk som bur på nokre kvistar oppunder taket i stova. Når pappa finn fram fugleboka, følgjer alle fuglane interesserte med og slår fornøgde fast at det ikkje

8


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 9


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 10

er ein einaste fugl i boka som er finare enn dei sjølve. Mamma Kråkestup finn fram trekkspelet sitt og spelar melodiar dei alle har høyrt før. Fritz dansar over stovegolvet. Fjodor har alltid hundre lekser han må gjera. Arvid triksar med ball sjølv om mamma er livredd for at han skal treffe den antikke vasen ho har arva etter den russiske bestemor si. Arya finn fram fela si og prøver å spela dei same melodiane som mamma. Det er ikkje særleg fint, men det er kanskje ikkje det som er meininga heller. Og i ein stille krok av stova sit onkel Sigurd. Han finn fram pipa si og blir snart borte bak pipedampen. Men ingen merkar at Stjerne og Lykke blir borte. Stjerne og Lykke har vore bestevenner sidan dei blei laga inni magen til mamma, og akkurat det er det ikkje mange bestevenner som kan skryte av. Dei er dei yngste, kortaste og lettaste medlemmene i familien Kråkestup. Kanskje det er derfor dei er så flinke til å snike seg ut av huset etter at mørkret har dytta bort dagen. Når alle er oppslukte i si eiga vesle verd, ser Stjerne og Lykke på kvarandre, nikkar kort og glir umerkeleg mot gangen,

10


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 11

smett stille ned i kvar sine gummistøvlar, opnar døra og blir borte i den mørke kvelden.


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 12

I hagen ved sida av det vesle, nesten falleferdige huset står eit anna hus og kjedar seg. Dette huset har drøssevis av rom, stova er stor som ein ballsal, kjellaren mørk som eit fangehòl og loftet kaldt som ei vinternatt. Då det store huset var ungt og sprekt, var det fylt med latter og føter som sprang over golvet. Det lukta nybaka brød og heimelaga eplekake frå kjøkkenet, i den storslåtte stova spela nokon piano, og fuglane kvitra inn gjennom dei opne vindauga. Men dette er så lenge sidan at huset knapt hugsar det. Det er ingen føter som spring over golvet lenger, det luktar ikkje eplekake frå kjøkkenet, og det er så lenge sidan nokon har opna lokket på pianoet, at ingen veit kva som er under det lenger. Det var berre to hus som ville stå langs den smale vegen på denne sida av Berget. Dei andre husa nekta. Dei ville heller bli bygde i den vesle byen på den rette sida av Berget. Der er sola alltid blid og utsikta flott, butikkane ligg tett i tett, og husa treng aldri vera einsame. Sidan det store nabohuset har stått tomt i årevis, kunne det blitt skikkeleg einsamt å bu i huset

12


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 13

til familien Kråkestup. Men heldigvis er huset til familien Kråkestup stappfullt og bråkete og rotete frå tidleg om morgonen til seint om kvelden, og derfor er det ingen som treng å vera einsame i det huset. Som dei fleste andre kveldar går Stjerne og Lykke til hekken. Der kan dei nemleg spionere på det store nabohuset. Det ser så ulykkeleg ut. Sjølv om huset ikkje har sagt til Stjerne og Lykke at det kjedar seg, er dei sikre på at det har lyst til å rope det høgt med kvar einaste planke. Ja, om huset berre hadde kunna rope, så klart. «Tenk at vi er så mange som bur i vårt vesle hus, og så er det ingen som bur i det store,» brukar Stjerne og Lykke seia til kvarandre, mens dei stirar inn i dei tomme vindauga. Men akkurat denne kvelden, som jo er nesten som alle andre kveldar, er det at Lykke kviskrar: «Det er nokon der inne.» Og Stjerne gjentar: «Det er nokon der inne.»

13


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 14

For fyrste gong ser Stjerne og Lykke ein skugge som rører seg innanfor dei tomme vindauga. Det blafrar i ei gardin. Eit dunkelt lys blir slått på i eit av romma. Sjølv om Stjerne og Lykke aldri synest det er kjedeleg å sitja i hekken med mørkret hengande over seg, har dei aldri kjent eit slikt sug av spenning frå botnen av magen som dei gjer akkurat denne kvelden. Skuggen vaggar roleg over golvet som ein båt i bølgjene. Han kjem nærare og nærare vindauget. Stjerne og Lykke synest det verkar som skuggen berre veks og veks. Dette kan ikkje vera eit vanleg menneske. Nei, dette er nok heller ei kjempe, eit troll eller eit monster! Aner du kor stor ein skugge kan bli? Ein skugge kan bli nøyaktig så stor at nysgjerrige snikar gløymer å snakke, gløymer å blunke, gløymer å puste. Ein skugge kan bli nøyaktig så stor at dei to nysgjerrige snikane i hekken skulle ønskje dei hadde

14


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 15

snike seg inn i ein heilt annan hekk og kikka inn gjennom heilt andre gardiner. Når ein har vore bestevenner like lenge som Stjerne og Lykke, treng ein ikkje seia det høgt når ein er redd. Det er berre slikt ein veit. Dei kikkar inn i kvarandres like blå auge og veit kva den andre tenker. Mindre enn eit sekund etter spring gummistøvlane med Stjerne og Lykke oppi ut av hekken, gjennom hagen og inn i stova til familien Kråkestup, der kvelden er trygg og varm som alle andre kveldar.


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 16

Tenk om det ikkje var eit menneske Stjerne og Lykke går ved sida av kvarandre langs den smale vegen til skulen. På ryggen har dei sekk full av skulebøker, eple og nistepakke. På føtene har dei gummistøvlar, for regnet plaskar mot bakken. Framfor dei går Arya og Arvid. Dei kan høyre at dei ler høgt av noko, slik dei gjer kvar morgon. Framfor dei igjen går Fritz og Fjodor. Fritz og Fjodor er så store at dei nektar å gå med gummistøvlar sjølv om regnet plaskar. I staden går dei med kvar sin paraply og er så våte på føtene at det surklar mellom tærne. «Kven trur du det var?» spør Lykke. «Aner ikkje,» svarar Stjerne og trekker på skuldrene. «Kanskje det var feiaren,» foreslår Lykke.

16


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 17

«Så seint på kvelden?» lurar Stjerne. «Og dessutan, kven var det som skulle ringt feiaren og sagt at han måtte koma? Og kven var det som sleppte han inn?» Nei, det var nok ikkje feiaren. Feiarar ligg sikkert på sofaen og latar seg på kveldane og er ikkje ute og reinskar piper i folketomme hus. Dei traskar vidare i det plaskande regnet.


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 18

Kvar dag må dei gå langs den smale vegen, rundt Berget og gjennom dei tronge gatene i den vesle byen. Akkurat når det verkar som byen tar slutt, dukkar skulen opp. Skulen har rosa veggar, raudt tak og ei diger klokke midt på veggen så ingen skal gløyme at tida aldri sluttar å gå. «Kanskje det var posten,» foreslår Lykke etter at dei har gått stille med tankane sine nokre meter. «Posten!» svarar Stjerne overraska. «Men kven var det som skulle få post i det gamle huset?» «Aner ikkje! Kanskje han hadde kome til feil adresse.» «Men posten kjem jo aldri inn i huset. Dei puttar berre breva i postkassa,» seier Stjerne. Sjølv om Stjerne og Lykke er så like at det kan vera vanskeleg å sjå kven som er kven, er det mange ulikskapar mellom dei to som ikkje er så lette å få auge på. For eksempel brukar Stjerne ein heil skostørrelse større enn Lykke. Og Lykke har trettiseks frekner over nasen, mens Stjerne berre har tjueni. Og akkurat no synest Lykke at Stjerne er altfor fornuftig, og Stjerne synest Lykke har mange dårlege forslag.

18


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 19

«Men tenk om det ikkje var eit menneske,» kviskrar Lykke. Dei stansar opp mens regnet trommar mot nasetippane. «Ja, tenk om det ikkje var eit menneske,» kviskrar Stjerne. På eit augneblikk dukkar det opp kjemper med veksande tenner og giftige auge, skapningar frå andre planetar som leitar etter menneskebarn dei kan bortføre, og gjenferd som strekker sine kalde hender etter deg når du søv. «De to treigingar!» ropar endeleg Fritz og Fjodor og riv dei heldigvis ut av dei fryktelege fantasiane. «Fyrste time begynner snart!» Karl Olsen ser utover klasse 3a. Karl Olsen synest 3a er eit stakkarsleg syn. Karl Olsen er nemleg ikkje spesielt glad i barn, og han er ikkje eingong bitte litt glad i lærarjobben sin. Dei tretten elevane stirar forventningsfullt opp på han, men dei kjem til å bli skuffa. Karl Olsen har ikkje eit einaste sprell, ikkje ein einaste spøk, ikkje ei einaste sprø historie, nei, ikkje eingong eit lite smil, på lager. I staden sukkar han tungt bak kateteret og ønskjer seg langt bort

19


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 20

til ei aud øy midt ute i det ville havet. Karl Olsen er tynn som ein kulepenn, og under nasen har han ein bart tjukk som ein sopelime, og når han sukkar tungt, blafrar det i den tjukke barten. Karl Olsen sukkar ofte tungt. Stjerne og Lykke ser på den tikkande klokka på veggen. Timane med Karl Olsen får klokka nesten til å stå stille. «Ta opp blyant og skrivebøker.» Dei tretten elevane stuper ned i sekkane sine og fiskar opp blyantar og skrivebøker. «Skriv det eg seier,» kommanderer Karl Olsen. «Ein dag skal eg stela ein buss.» Klara, som alltid har noko å seia, rekker opp handa: «Du veit at det er ulovleg å stela bussar?» «Ja, det veit eg, Klara,» sukkar Karl Olsen. «Men det er vel ikkje ulovleg å skrive det?» Det kan verken Klara eller nokon av dei andre elevane påstå, så dei bøyer seg over bøkene og skriv: «Ein dag skal eg stela ein buss.» Både Stjerne og Lykke hugsar at det er to s-ar i buss, men fire av elevane gløymer det og skriv: «Ein dag skal eg stela ein bus» i staden.

20


Familien Kra?kestup ferdig.qxd:A

10-09-12

14:05

Side 21

«Då skal eg kjøre til Finland,» fortset Karl Olsen. 3a grublar og skriv så godt dei kan. Ingen hugsar at det er stor F i Finland. «For å bade i dei tusen sjøar,» avsluttar Karl Olsen med sitt velkjente sukk. «Finland er nemleg landet med dei tusen sjøar.» Han gjespar, drar ned kartet og peikar på eit land som har massevis av blå flekkar på seg. Den trøtte stemma til Karl Olsen glir gjennom rommet som ein mild vårvind. Stjerne og Lykke blir søvnige, og tankane deira tar dei med ut av klasserommet. I tankane drar dei tilbake til hekken. Eit sekund kjem skuggen fram frå gardina og krympar til ei smilande jente på deira eigen alder som vinkar dei til seg og vil leike. I neste sekund er skuggen forvandla til ein frodande drake med auge av eld og eit gap fylt med skvulpande gift. «Kva tenker de på?» spør Karl Olsen og stirar på Stjerne og Lykke med dei trøtte auga sine. «På drakar,» kviskrar Lykke. «Og snille jenter,» kviskrar Stjerne. «Ja ja,» sukkar Karl Olsen. «Fantasien lever no sitt eige liv. Lat oss teikne noko frå Finland.»


Familien Kråkestup og nyset i nabohuset