Bo flyttar ut

Page 1



Samlaget,

Oslo 2016


Før var det berre mor og Bo. Dei spelte ludo. Dei bygde lego. Mor kokte torsk. Mor steikte bacon. Det er det beste Bo veit. Av og til fekk Bo sove i senga til mor.



Ein morgon Bo vaknar, er det ein framand i huset. — Dette er Viktor, seier mor. — Han skal bu hos oss no.


No er dei tre. Dei bygger lego. Dei speler kort. Viktor fĂĽr nesten alltid sove i senga til mor.



— Kva er det til middag? spør Bo. — Lever, svarer mor. — Viktor er så glad i det.

— ÆSJ!

seier Bo.

— Det er faktisk sunt, meiner Viktor. —

Eg liker ikkje lever, skrik Bo. — UT! roper mor. — De treng frisk luft.


Ute er det friskt. Ute er det surt. — Skal vi leike gøymeleiken? spør Viktor.

— PØH!

svarer Bo.

— Eg har verdas beste nase, påstår Viktor.

— DU FINN MEG ALDRI! — Eg tel til ti, seier Viktor.

skrik Bo.


Bo spring ut porten. Han spurtar ned vegen. Han bykser over grøfta og smett inn i skogen.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.