Blå fuge for far min

Page 1

Bl책 fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

1

16:49

Side 1


Bl책 fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

grete kleppen Ada. Roman. Samlaget 1998 H. Roman. Samlaget 1999

2

16:49

Side 2


Bl책 fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 3

Grete Kleppen

Bl책 fuge for far min Roman

Samlaget Oslo 2010


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 4

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Egil Haraldsen/Ellen Lindeberg/exil design førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11,5/13,5 papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykk og innbinding: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7739-8


Bl책 fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 5

Ohne Musik w채re das Leben ein Irrtum. Friedrich Nietzsche


Bl책 fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 6


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 7

1 – Dunk! Det dunkar i treveggen ute, far min set hardt frå seg sykkelen spring opp trappa triv i døra trampar i gangen og styrtar inn på kjøkkenet. – Kva er det? Hushjelpa står som ein statue ved komfyren og rører sindig i sausen. Ho snur ikkje på hovudet med dei rosa hårrullane under det lysegule chiffonskjerfet. Seier berre: – Hindemith. – Hindemith? – Ja. Hindemith. No igjen. På stovegolvet ligg eg og hyler med nasen ned i fillerya. Sprellar med beina og slår med knyttnevane. – Næ-ii!! Ikkje Hindemith! Søster mi tronar blant dei broderte putene midt i den store grøne sovesofaen og vender sakte sidene i Den store krigen. Ho ser lenge på fotografia, som det er mange av. – Her er det folk som er forferdeleg tynne, dei er i fengsel. – Ikkje no igjen! – Og her er det marsjerande soldatar. – Ikkje Hindemith, hulkar eg. På regnvêrsdagar lukka vi auga, søster mi og eg, og snurra rundt ein to–tre gonger framfor bokhylla før vi i blinde 7


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 8

strekte fram handa og styrte peikefingeren inn mot bokryggane. Vi valde først kvar vår gong. Når den eine hadde gjort blindvalet sitt, måtte den andre berre ta neste bok og så såg vi i kvar vår bok. Det var ikkje lov å ta ny bok med det same. Måtte sjå og sjå til begge var ferdige. Vi hadde ikkje så mange bøker og dei med bilete i, var det heller få av. Den store krigen fekk vi ikkje lov å røre, så den såg vi mykje i. Musikkens verden lét vi derimot stå, sjølv om vi nok kunne ha greidd å løfte ned den tunge boka med trepermane, om vi stod på stolar og tok tak begge to. Men det var boka til søndags, då far vår vende sidene og las eller fortalde. Musikkorpsene i Norge var eit av dei betre blindvala, men boka kom ikkje opp mot Den store krigen. I Musikkorpsene var det likevel eit bilete på kvar side, sjølv om det på ein måte var same biletet heile vegen, berre med forskjellige andlet på musikantane. Vi kunne namna på alle instrumenta dei heldt, tuba bak og althorn, trompetar står dei med på skrås og fremst sit dei med klarinettar på tvers. Vi hadde lært kva dei heitte, i Musikkens verden om søndagane når det regna. På ei side nesten på slutten av Musikkorpsene ser vi far vår sitje midt i fremste rekke, med klarinetten. Det er Presto. Vi må bla gjennom mange korps før vi kjem så langt. Det er ikkje lov å juksebla fort. Boka som på ein merkeleg måte valde seg sjølv til meg kvar einaste gong, var Hindemiths harmonilære. Enn å bli sitjande med denne vesle gule boka og måtte sjå i henne medan søster di tek seg tid med Den store krigen! Ho ser på bilete. Eg ser på sidene i Hindemith, der dei svarte notane står tett i tett på linjene sine. Slik som på klarinettnotane på notestativet til far min der han sit og øver og øver. Det 8


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 9

blir visst aldri bra nok. Om igjen og om igjen. Forte triller og opp og ned i full fart. Det er langt frå kjellar til loft på ein klarinett. Eg liker best kjellaren. «Allegro», seier han. Det er ganske fort, men ikkje så fort som vivace og presto. Eg sit på ein stol og dinglar med beina. Lurer på om han ikkje snart er ferdig. «Andre satsen er adagio», seier han. «Adaaagio». Så eg skal høre kor sakte det går. Og han speler og speler. Det er klarinettkonserten til Mozart. Far min tek ein pause og fortel om Mozart og søster hans. Han var komponist allereie som gutunge, han skreiv notar og hadde hovudet fullt av musikk, han spelte for kongar og keisarar i store salar med gullbrokadetapet på veggene og søyler som snodde seg høgt oppunder taket, det berre trilla ut med den finaste musikk, «hør på adaaagioen» her. Og eg hører. Det er fint, men det tek si tid. Det var også søndagar med flaskeorkester og det likte eg godt, å stille opp blanke og brune flasker på salongbordet, Solo-flasker frå Sylte-brus og ølflasker frå Ringnes. Nye tomflasker blei det ofte om laurdagane, då var det tipping heime–borte–borte, vekeblada Nå og Aktuell og ein papirpose med frukt, mest eple, men innimellom ein Fyffes-banan på deling og kanskje ei flaske Solo, likeins på deling. Med nasane i bordplata sikta vi inn dei siste dropane, så det skulle bli heilt likt i dei to glasa, «søsterleg delt», som far vår sa. No er det søndag. Far vår sit på kortsida i gyngestolen med flaskene sine på bordet og vi to på kvar vår langside med flaskeradene våre der alle flaskene er stemte, det vil seie med akkurat nok vatn til rette tonen. Det er far vår som fyller vatn frå springen i utslagsvasken på kjøkkenet og 9


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 10

stemmer. Det tek si tid. «Aaa?» seier han og blæs i flasketuten. Det er ikkje heilt A, så han heller i litt meir vatn, frå eit halvlitermål no, til finstemminga. Ha på litt meir her. «Ein A er ein A,» seier han. «Ein A er noko av det sikraste vi har her i verda. Svingingane endrar seg ikkje.» Søster mi og eg slo med stemmegaffelen kvar vår gong, snerta han i armlenet på gyngestolen og løfta han fort opp mot øyret. Vi hørte tydeleg A-en der han dirra med svingingane sine og vi song med. «Gehør,» sa far vår, «byrjar med A-en.» Eg visste ikkje kva gehør var, men eg sette stemmegaffelen mot den eine hjørnetanna for å plante tonen i hovudet mitt. Han er der framleis. Her står flaskene framfor oss på bordet, ferdig stemte. Søster mi og eg har heiltonar, far vår har halvtonar. Han har melodien, medan vi to har tostemt akkompagnement. Det må gå i adagio, for det er slett ikkje lett å flytte munnen fort frå den eine flaska til den andre, særleg ikkje når vi må hoppe over ein flasketut for å kome til rette tonen. «Pam pam, pam-para-pam,» seier far vår sakte og vi blæs pamminga til Mozart i adagio medan vi held oss godt fast i salongbordkanten. Det er trestemt her i saktesatsen frå klarinettkonserten, som vi kjenner godt sidan far vår ofte øver på den. Søndagsgryta med sausekjøt sender angane sine ut frå kjøkkenet, der mor vår rører så fort ho kan i jarngryta. Ho sper den brune blandinga av smør og mjøl med sjyen frå kjøtgryta så det freser og svosjar og dampen strøymer ut av det opne vindauget med dogga glas. Til middag skal vi ha «kjød i mørket», som farmor kallar det, ho er frå Kirkenes. Det er vintermat, kokt kjøt med mørkebrun sterk saus. Det hørest fint ut frå flaskeorkesteret. Vi treffer 10


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 11

tonane. A-en sit som han skal. Ein A er ein A. Vi tuar og blæs. «Tu» må vi seie med pusten når vi tek tonen, ikkje «du». Vi tel og tuar trestemt heilt til mor vår seier at vi må dekke på middagsbordet. Det regnar, det er ettervinter og eg er fem år. Sistesatsen i klarinettkonserten blir terpa og terpa del for del. Notane er tette og svarte, det er ein rondo, ganske fort. Eg går rundt far min og notestativet fleire gonger. Han enser meg ikkje. Så triv eg plutseleg notane og slengjer dei på golvet. Far min løftar armane med klarinetten og opnar munnen, men han blæs ikkje ein einaste tone. Eg må seie noko på flygande flekken. – Eg vil også lære notar! Ikkje det at eg hadde tenkt så mykje på det, men noko måtte eg seie for at far min ikkje skulle bli sint. Han reiser seg og går bort til etuiet som ligg oppslege på spisebordet. Finn fram pusseskinna og tek klarinetten frå kvarandre. Skinnet med det vesle runde blyloddet dreg han gjennom for å tørke innvendig, fleire gonger. Så er det å tørke utanpå, tørke og tørke. Legge delane i etuiet. Til slutt er det munnstykket, han skrur opp dei to små skruane, tek av røyret og tørkar det lett på handbaken. Ny runde med eit anna skinn inni og utanpå munnstykket. Så er det på igjen med røyret, litt lenger bak no, før ringen blir skrudd på igjen, for at det skal tørke til neste gong. Endeleg er det forsiktig på med hetta og ned i etuiet. Loket på. Knepp knepp. – Lære notar, ja. Han er ikkje sint i røysta. – Vi treng fire ting. Papir blyant kniv og eple. 11


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 12

Eg set meg i den store grøne sovesofaen, ein sofa så brei at skoføtene mine berre rekk fram til kanten der eg sit heilt inntil sofaryggen. Eg har nye skor. Tjukke brune uteskor. Først må dei gåast inn inne, i mange dagar. Så berre litt og litt ute, når det er vêr til det. Far min er skomakar. Det er kome papir og blyant på salongbordet, frå skriveskuffen i skjenken. Kvar eplet har kome frå, veit eg ikkje, men det er stort og rødt og blankt. Lommekniven tek han sjølvsagt opp av lomma. – Først to spørsmål som du må svare på. Eg nikkar. – Vil du lære notar? – Ja. – Kan du telje til fire? – Ein to tre fir, tel eg på innpust. – Eit eple er fire, seier han, og eg tel det. Så teiknar han det på papiret, ein runding. Med den kvasse lommekniven deler han eplet i to og passar på å kløyve stilken også. Halve eplet blir å telje to, sidan heile er fire. Eg tel. Ein-to tre-fir. Han teiknar to rundingar under den første, no med stilk på kvar. – Heile eplet er ein heilnote, og då blir halve eplet ein …? – Halvnote. Eg synest ikkje desse eplerundingane liknar så mykje på alle dei svarte notane i boka til Hindemith, men det seier eg ikkje noko om. Så blir kvart halveple delt i to, stilken også. No er det fire bitar og eg tel til fire. Far min teiknar fire rundingar under dei to. Alle fire får stilkar og han fargar dei svarte. – Her har vi fire firedelar. Eg tek vekk ein, nummer 12


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 13

tre her. Då blir det pause der. Vi må telje pausen også. Han er like viktig som notane. Og eg tel. – Ein to mm fir. Så tek han vekk nummer to og eg tel, han tek vekk nummer fire og eg tel og mm-ar. Vi teiknar pausar for firedelen, det er meir som ein sikk-sakk nedover. Far min skjer to av firedelseplebitane i endå mindre båtar, i åttandedelar og sekstandedelar. No er det ikkje lett å kløyve eplestilken, men notane får stilkar her også. Vi tel og teiknar pausar. Og eg skriv notar med og utan stilkar, tel til fire. Det er fire slag i takta her og innimellom må eg ha mange svarte notar på eit einaste slag for at det skal bli rett. Eg får skrive på notepapir med fem notelinjer også og eg skriv notar og pausar av alle slag. Etterpå tel vi saman for å finne ut kvar taktstreken skal stå når det er fire slag i takta. Til slutt har eg fylt ei heil side. Far min tek fram fela og speler notane mine. Melodien er litt rar, men eg er nøgd likevel. Kjenner meg nesten litt som søster til Mozart. Vi ser på bilete i Musikkens verden. Det er mange sider med Mozart. Sidney Bechet speler klarinett og Charlie Parker speler altsaksofon. Far min speler begge delar. Haydn var son av ein vognmakar, får vi vite, søster mi og eg. På eit bilete ser vi at han reiser til England med båt i styggevêr. Hindemith er det ikkje noko bilete av, berre ei lita teikning der han speler fele. Far min speler klarinett og saksofon og fortel om Dyrenes karneval der det er elefantar kenguruar og skjelpadder. Svanen, frå Dyrenes karneval, speler han på fele, ein sørgjeleg sakte melodi. Byrjinga på Svanesjøen er det derimot fart over. På klari13


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 14

netten speler han katten i Petter og Ulven. Eg liker godt den katten, sjølv om han listar seg fram for å ta ein fugl. På saksofon ber det rett inn i Dovregubbens Hall, inn i berget det blå som ingen kan kome seg ut frå. Øvst på ei side er det bilete av Johan Sebastian Bach som smiler lurt, men han har litt sinte auge, synest eg. Far min seier likevel at han var ein artigkar. Bach med håret i tette rullar som såsissar. – Bach er barokken! seier far min. – Sjølve rosemålinga i musikken, der du ikkje har den enkle melodien som går rett frå den eine tonen til den andre, nei, i barokken tek tonen ein tur rundt omkring i fine krusedullar før han kjem fram til neste tone, har du ta-ta, blir det barokk med ta-tikka-ti-ti-tii tire-li-ti-ti-ti ta. – Bach! seier han med ch langt nede i halsen, men lyden flyg likevel lett fram og lettar, faldar ut sommarfuglvengene sine og svever i fine blondemønster over fjord og fjell i snirklande sikk-sakk på himmelen eller nede på fjorden der vi ser Stella Polaris kome inn, så stor og kvit med gullbordar i baugen. Det som er så fint med Musikkens verden, er at så mange ikkje er døde, berre fødde. Hindemith, til dømes, er fødd i Harnau i 1895. Han er ikkje død, ikkje i boka i alle fall. Eg går ut og set meg på trehjulssykkelen. Det er ikkje nokon vanleg trehjuling, men ein stor og tung ein frå før krigen, ein som var svart og delt i to. Kanskje han blei bomba, slik som heile byen. Eg fekk vere med far min då han tok dei to delane og gjekk til han Lange på sveiseverkstaden. Vi måtte stå eit stykke unna då han tok på seg 14


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 15

maska og sveisa. Det spruta blå gneistar ned på golvet, men det tok ikkje fyr. Etterpå måla far min sykkelen rød. Eg trør ned bakken med singel, svingar rundt grønhuset og ut på grusvegen langs elva som er ganske stor og stri i dag. «Elva er farleg,» seier dei vaksne. Men om sommaren veit eg kvar eg skal setje føtene for å kome meg over. Eg kjenner kvar stein, dei stødige og dei som ruglar litt, dei tørre flate og dei rundare med grøn mose som kan gli meg plumpande uti, men det er berre sandalane som blir litt våte, sokkane har eg i lomma. Innimellom er elva gul og blå, alt etter kva farge dei vil ha på ullteppa dei lagar på Ullvarefabrikken. Om våren kjem elva fossande frå fjellet bak byen ein stad, frå høgt oppe bak Skihytta der det heiter Helvete. Ho kjem buldrande ned langs vegen her, ned Veslefossen og under brua ved Brannstasjonen og hiv seg i Storfossen ved Frelsesarmeen før ho dundrar vidare til neste bru ved Konfeksjonsfabrikken og til slutt ut i fjorden. No trør eg med dei røde sandalane mine, syklar forbi Metodisten og over vegen ved skoleplassen, vidare langs den lange låge tyskarbrakka bak Bjørnson. Eg har slutta å tru det dei seier om at Bjørnson kjem ned frå sokkelen sin for å ta meg dersom eg syklar forbi han. Heilt dørgande stille sit han der og undrar seg på kva han får å sjå bakom fjella. Eg stansar likevel, ved enden av brakka. Snur meg litt for å forsikre meg om at han sit der heilt stille som han skal. Skomakarverkstaden ligg i ein kjellar. Eg liker godt å sjå på når far min arbeider. Og så er det så god limlukt der, Köwulfix. Det er nok å opne naseborene for å kjenne 15


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 16

angen av denne limlukta, ei blanding av grønsåpe kanel tjøre einebær bek ingefær honning pepparkakehus kamferdropar brunsirup sevje fiken tare terpentin og kvae. Innimellom var det ikkje hammarslag å høre når eg parkerte trehjulingen utanfor. «Kjem straks,» stod det visst på pappbiten han hadde hengt på døra, men han var der likevel. Måtte berre ikkje forstyrrast. Eg banka signalet mitt og kunne kome stille inn, men ikkje seie noko. Sette meg på besøksstolen som var ein snurrestol, men eg snurra ikkje rundt på han slik eg elles brukte å gjere. Alle dei små metallkoppane med spikar og plugg var flytta vekk frå arbeidsbordet. Alle reiskapane også. Det var reparasjon eller full overhaling av ein klarinett. Noko sjeldnare ein saksofon. Det var ikkje så mange av dei på 50-talet. Eg ser på bordet med dei 127 delane. Alle desse bitane er ein klarinett, har vore ein klarinett og skal bli ein klarinett igjen, når far min har gjort seg ferdig med overhalinga. No smir han til små korkbitar, limer på, finn fram nye puter, reingjer og smør bittesmå skruar. Klarinetten ser så naken og død ut. Men langt om lenge livnar han opp igjen, får på seg brillene sine, alle delane kjem på plass og det blir prøvespeling. På solen jeg ser. Er det ein god klarinett, får eg høre Klarinettpolka også. Eller til og med dei første taktene av Rhapsody in blue. Av Gøørsvin. Eg sit og svingar rundt på besøksstolen. Ventar på at vi skal heim til middag. Pakka med røykafisk ligg klar på arbeidsbordet. Far min har teke av seg kjeledressen og hengt han på kleshengaren på døra. No står han med ryggen til, framfor utslagsvasken i hjørnet ved vindauget, 16


Blå fuge for far min ferdig.qxd:A

16-06-10

16:49

Side 17

til venstre for den store grøne symaskinen Adler, som syr saman gapande hòl i dameskor med overlêr tynne som hanskeskinn, medan herreskor blir sydde med like beine saumar, men med tyngre fot og grovare tråd. På røde barnesandalar syr Adler som ein heilt vanleg symaskin, stilt og lett. Far min vaskar hendene sine. Det tek si tid. Såpeskum frå Sunlight under rennande kaldvatn. Han skrubbar lenge med naglebørsten. Skrubbar og skrubbar medan vatnet renn. Der stengjer han endeleg kranen. Tek naglesaksa frå spikaren på veggen og reinskar bakom alle dei kortklipte neglene, i tilfelle det skulle vere igjen ein liten millimeter med skit. Så er det å skylje igjen. Tørkinga tek også si tid. Det er ikkje gjort i ei handvending å tørke hendene sine skikkeleg. Då eg var lita, trudde eg at det var heilt vanleg å sjå vaksne menn bruke lang tid på å file fingerneglene sine. Det hender eg minnest desse hendene hans. Når det er nærbilete på fjernsynet, av dei forte fingrane på venstrehanda til ein fiolinist.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.