Blø meg sakte ut

Page 1





Endre Tveit

Blø meg sakte ut Dikt

Samlaget Oslo 2020


© Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no Omslag: Magnus Osnes Førtrykk: Type-it AS Skrift: 11/17 pkt. Adobe Garamond Papir: 80 g Munken Print Cream, 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-9658-0

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


her i kyrkja står Mor med tårer i hendene vrir dei, knar dei, held fast i dei her renn tårene ned på golvet augo som har smelta og runne ut nasen dei flyt utover som ei vollgrav mot kista og det hjelper ikkje med blomar ikkje med ord ikkje for Mor og tårene samlar seg i ein pøl rundt føtene hennar og kista mobbar alt det svarte med sin kvitskap og tårene etsar hòl gjennom teppe og tre og Mor søkk ned i golvet, ned i jorda, ned

5


på morgonen søler Mor vatn på golvet ho ansar det ikkje, det sig inn i tøflane hennar dei vert blaute og tunge og tafsete ho subbar gjennom dammen med begge føtene dreg han utover kjøkengolvet i striper deler rommet i to: det blaute og det turre, der eg får og ikkje får gå då ho har subba ut i gangen finn eg fram papir og turkar opp papiret vert blautt og tungt og tafsete rommet er ikkje lenger i to no er det udelt tomt som det var etter at eg sølte vatn på golvet som ung og mor greip tak i moppen og golvet var alltid mjukt og trygt og me var turre og lette og utan frynser

6


menneskeskuggen er ein dobbeltgjengar nett som menneska han høyrer til, går han forbi meg, han er ein tvilling måla i svart og døypt i alle vasspyttar menneskeskuggen er ein utanfor biten av mennesket som vert verande våt når kroppen er dekt av regntøy og paraply, biten som heng fast under skosolen og går stega sine opp ned menneskeskuggen er ein port der eg kan banka på og verta ynskt inn, møta mennesket som eig skuggen, trå i og trekkjast inn i ein framand si verd, men eg gjer ikkje det, vil ikkje trekkjast inn i det ukjende, eller: vil ikkje banka på berre for å haldast ute, eller: begge to so eg trår aldri i menneskeskuggen, men av og til berre av og til dultar eg borti ein med ei tå

7


eg veit det var du som tok i dette handtaket før meg og at det er varmen din eg kjenner og fòrene i handa di som klistrar seg til mine og fotavtrykka eg står på, dei er dine dei har bygd bru over dei tomme gatene so eg ikkje skal falla gjennom steinen, ned og inn i det djupe, svarte og når eg opnar døra og lufta utanfrå vaskar over meg då ber han med seg essensen av deg

me møtest her gong etter gong utan å vita eller kjenna, berre i ein klem smurd ut over tid og rom

8


i san carlo al corso, roma by ved altaret til sankt olav treffer eg far att

i eine handa held han kongseplet i andre handa ei øks under begge føtene ligg ein drake på eit svaberg ved stormande hav han ser ikkje på draken, har blikket festa oppover

dette minnet til ein daud konge er for meg minnet til far far som stirar ut i kyrkjerommet og ikkje ansar den kveilande, klagande draken

eg kjenner dei skarpe svaberga under meg og dei skarpe støvlane over og den skarpe øksa bak og den skarpe vinden og det skarpe i sjøsprøyten, i kongseplet, i kjensla av å ikkje vera sett skjer hòl i lerretet, i fjellet, berga vert til rennande sand havet, skyene turkar ut lufta, vert knust i millionar av bitar vinden blæs alt vekk

9


snart er berre eg og far

10



Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.