Page 1


Billy the Kid ferdig.qxd:a

24-05-12

14:12

Side 3

Michael Ondaatje

Billy the Kids samla verk Venstrehendte dikt Gjendikta frå amerikansk av Anne Arneberg og Espen Stueland

Samlaget Oslo 

3


Billy the Kid ferdig.qxd:a

24-05-12

14:12

Side 5

Eg sender deg eit fotografi av Billy tatt med Perry-lukkaren så raskt det lar seg gjere – framkalling med pyro og sodaoppløysning. For tida gjer eg eksperiment dagleg og oppdagar at eg kan fange inn hestar som passerer i livleg trav i skotlinja – snøfnugg i lufta – hjuleikene tydelege ei og ei – litt uklart øvst på hjulet, men elles skarpt − spaserande menn er ikkje noko problem – eg vil sende deg døme ein dag. Eg skal vise deg kva som kan utrettast i salen utan mattglas og kamerastativ – når du får eksponeringane, hugs at dei blei laga med heilt opne linser, og at mange av dei beste blei tatt medan hesten min var i rørsle. 


Billy the Kid ferdig.qxd:a

24-05-12

14:12

Side 6

* Desse er dei drepne. (Eg drap) − Morton, Baker, venner frå gammalt av. Joe Bernstein.  indianarar. Ein smed då eg var tolv, med kniv.  indianarar i sjølvforsvar (i dekning bak ein stor stein). Ein mann som sette tennene i meg under eit ran. Brady, Hindman, Beckwith, Joe Clark, visesheriff Jim Carlyle, visesheriff J.W. Bell. Og Bob Ollinger. Ein rabieskatt, fuglar under trening, Desse er dei drepne. (Dei drap) − Charlie, Tom O’Folliard Angela Ds kløyvde arm, og Pat Garrett skar av hovudet mitt. Blod eit halssmykke eg bar heile livet.


Billy the Kid ferdig.qxd:a

24-05-12

14:12

Side 7

* Jul i Fort Sumner, . Vi var fem menn. Wilson, Dave Rudabaugh, Charlie Bowdre, Tom O’Folliard og eg. I november feira vi at eg blei tjueein, marihuana og alkohol flaut i hop – heile samfunnet trekte pusten den natta. Neste dag fortalde nokon at Pat Garrett hadde fått tilbod om jobben som sheriff og takka ja. Vi var uheldige for utviklinga i New Mexico, og krøtterpolitikarar som Chisum ville kvitte seg med det dårlege ryktet. Dei valde Garrett som sheriff og han sende meg eit brev som sa forsvinn eller så tar eg deg Billy. Styresmaktene sende ein herr Azariah F. Wild for å hjelpe han. I november– desember ein gong drap eg ved ei misforståing Jim Carlyle, som var ein venn. Tom O’Folliard bestemde seg for å ta vegen austover, han ville møte oss i Sumner til jul sa han. Farvel farvel. Eit par dagar før jul fekk vi høyre at Garrett var i Sumner og venta på oss. Julekvelden. Garrett, Mason, Wild, og fire–fem andre. Tom O’Folliard rir inn i byen, rifla kvilande mellom øyra på hesten. No ville han skyte frå hofta, noko han var ganske god på med rifle, han trefte alltid godt. Garrett hadde venta på oss medan han spela poker med dei andre, geværa låg på golvet ved føtene. Då han blei fortald at Tom kom ridande åleine, gjekk han rett bort til vindauget og skaut O’Folliards hest. Hesten fall og Tom med, han hadde framleis geværet i hendene og 


Billy the Kid ferdig.qxd:a

24-05-12

14:12

Side 8

blåste ut vindauget til Garrett. Garrett var alt halvvegs ned trappa. Herr Wild skaut mot Tom frå den andre sida av gata og skaut hesten ein gong til utan grunn. Om Tom hadde brukt stigbøylar og ikkje hadde svinga beina så mykje, ville han truleg vore klemd fast under dyret. O’Folliard bevegde seg raskt. Då Garrett hadde komme seg ned trappa, var berre hesten att i gata, stein død. Han kunne ikkje rope for å spørje Wild kvar O’Folliard var, det ville plent vore slutten. Men Wild begynte å rope til Garrett, og Tom skaut han rett ned. Garrett sikta mot der O’Folliards skot kom ifrå, og skaut av han skuldra. Tom O’Folliard gjekk skrikande ut i den stille Fort Sumner-gata, på julekvelden, i retning Garrett, utan skulder, kjevane vippa opp og ned som galne belger. Altfor forbanna til eingong å sikte på Garrett. Dritsekk dritsekk dritsekk, medan Garrett tok seg tid til å sikte og blåste han ut. Garrett plukka han opp, kløyvd skalle, tok han med attende opp på hotellrommet. Mason strekte ut eit reint laken i hjørnet. Garrett la ned Tom O’Folliard, braut opp Toms rifle, tok ut dei siste patronene og la dei ved sida av han. Dei måtte vente til morgonen no. Dei fortsette pokerspelet til seks. Så kom dei på at dei ikkje hadde gjort noko med Wild. Difor gjekk alle fire ut og fekk Wild inn på rommet. Åtte på morgonen gravla Garrett O’Folliard. Han hadde kjent han ganske godt. Så gjekk han til togstasjonen, la Azariah F. Wild på is og sende han attende til Washington.


Billy the Kid ferdig.qxd:a

24-05-12

14:12

Side 9

* I Boot Hill er det over  graver. Dei tar opp meir enn tjue mål. Det er ein dekorert port men ingen hovudveg berre stiar som vasar seg som greiner på eit tre mellom gravsteinane.  av dei døde i Boot Hill døydde av vald  blei skotne med gevær, meir enn  blei knivstukne nokre blei dytta under tog – ein populær men lite omtalt drapsmetode i Vesten. Nokre døydde av hjernebløding etter nevekampar på baren minst  drepne i piggtråd. I Boot Hill er det berre to graver som tilhøyrer kvinner og dei er dei einaste der som ein veit tok sine eigne liv


Billy the Kid ferdig.qxd:a

24-05-12

14:12

Side 10

* Eg veit at dei andre ikkje såg såra komme på himmelen, i lufta. Det hende at ei vanleg panne rett framfor meg lak gass frå hjernen. Ein gong tetta ein nase seg, rett framfor meg, eit bind av hud la seg over naseborene, og det sjokkerte andletet måtte puste gjennom munnen, men då festa mustasjen seg i tennene nede og han begynte å gispe høgt ah ah! stadig høgare – låg og froda på golvet, kollapsa, såg til slutt ut som han pusta ut gjennom auget – små tynne luftstrålar nådde ned i halsen. Eg fortalde ingen om det. Sjølv ikkje Angela D, viss ho hadde vore med meg då; ikkje Sallie, John, Charlie, heller ikkje Pat. Til slutt var dyr det einaste som aldri hadde endra seg, som aldri blei øydelagt.




Billy the Kid ferdig.qxd:a

24-05-12

14:12

Side 11

* Mmmmmmmm mm tenkje reise gjennom verda til hest kroppen splitta ved nakkeeggen nakkesveitte tærer sund jeansen reise gjennom verda til hest viss eg tenkte som ein avismann ville eg seie vel, moral kan også vere fysisk den må vere klar og tydeleg som ei klokkeskive eller ei stjerne ein må eliminere mykje det vil seie snu seg når kula forlèt deg gå sin veg utan å sjå leivningane auga som fyller seg opp som tette grøfter ha trua på moralen til avisene eller geværa der kroppar er medvitslause som papirblomar du ikkje gjødslar eller gir vatn det er difor eg kan studere innmaten på klokker skyve tannhjula og akslingane inn i kvarandre og komme levande ut, i timar om gongen




Billy the Kid ferdig.qxd:a

24-05-12

14:12

Side 12

* Då eg fann Charlie Bowdre døyande kasta ein meter av kuler drønn fnisande mot meg fjeset slengt ut til alle kantar smerter i beina medan han pissa i buksa ansiktet som endra seg som drivande solskin å herre gud å herre gud billy eg pissar pass hendene dine medan auga strøymde ut over heile kroppen hans

Jesus eg forstod aldri det gjorde du med nervane skotne ut spring levra rundt der som ei hovudlaus høne byksande brun over heile gardsplassen sett det hos tanta mi òg ikkje ete høne etter det




Billy the Kid ferdig.qxd:a

24-05-12

14:12

Side 13

Billy the Kids samla verker  

Michael Ondaatjes diktsamling på norsk. Gejndikta av Anne Arneberg og Espen Stueland.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you