Issuu on Google+


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 1

Simon Malkenes

APOKALYPSE OSLO

Samlaget Oslo


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 3

Innhald STARTEN 5 Vonde ord? 5 TEKSTEN – 2083 – A European Declaration of Independence 12 2083 som apokalyptisk forteljing 18 2083 som politisk manifest 28 Den politiske rørsla 38 Dei politiske omstenda 40 Forfattarens rolle 46 DRAUMEN – «Vi som er glade i Norge» 49 «Drøm fra Disneyland» 50 Tvitydigheit og konspirasjon 60 Fryktas politikk – den skjulte trusselen 62 Å forgifte motstandaren 64 Karisma og truverd 66 SKANDALEN – Det politiske ordskiftet etter 22.7. 70 To tunger 70 24.7. Offer 76 Fjellstøtt: Tybring-Gjedde i NRK 77 13. august: Fyrsten Siv Jensen 83 3


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 4

23. november: Per Sandberg I Stortinget 84 Dramatisering og skandale 90 SLUTTEN 92 Notar 100 Litteratur og kjelder 103


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 5

STARTEN

Vonde ord «Nå er nesten alle ord brukt opp,» opna kong Harald sitt minneord med under den nasjonale minnemarkeringa for 22.7.2011 i Oslo spektrum. Terroranslaget mot regjeringskvartalet og AUFs sommarleir på Utøya 22.07.2011 skaka verda. Eit hol opna seg midt blant oss, og ein kunne sjå ned i avgrunnen. Kongen, som fleire andre, lét bearbeidinga av hendingane gå gjennom språket. Han fyller sorga med ord, setningar, språk vi kan bruke til å skildre og forstå kva som har skjedd, kva som kan vere årsaka, og korleis vi skal leve vidare. Slik peikar kongen på språkets lækjande kraft. Han viser òg at språket blir sett på ein prøve i møte med avgrunnen, ein risikerer å «bruke det opp» og bli ståande stum attende. Å sette ord på ting er heilt avgjerande for å bearbeide «skyld og angst, raseri og tomhet». Men om språket har ei lækjande kraft, kan det òg mane fram vonde krefter? I gamal tru blir språket gjeve eigenskapar som gjer at det kan mane fram vondskap, på same måte som ein ved å bruke språket rett kan halde vondskapen 5


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 6

unna.1 I ei slik magisk verd har språket den eigenskapen at gode og vonde krefter kjem om ein kallar på dei. Difor skal ein ikkje nemnne det vonde ved namn. Hausten 2011 såg ein dette på nært hald. Terroristen Anders Behring Breivik vart til «ABB»2 og terroråtaket til «hendingane 22.7.». Slik blir språket koda kring ei tru på at kreftene, elementa, «lyttar» på ein og kjem om ein kallar. Ein må kjenne til og vere innvigd i koden for å forstå eit slikt koda språk. For å kunne gripe og forstå den lidinga som ufatteleg og urettferdig rammar uskuldige, har menneska laga forteljingar og symbol som grip, temmer og bearbeider den slik at ein kan leve vidare. Dette er dei kosmologiske forteljingane vi finn til dømes i dei store verdsreligionane. Dei forklarer og gjev mening til det meiningslause ved å sette det inn i ein større samanheng. Det ufattelege blir difor eit prov på Guds kjærleik, for Herrens vegar er uransakelege. Ei av dei mest sentrale forteljingane i vår kultur, apokalypsen, har desse eigenskapane. Apokalypsen, forteljinga om verdas undergang, gjev meining til det meningslause, den lovar bot og betring og frelse for den ufattelege lidinga. Apokalypsen er gamalt nytt, den har ei lang historie, og dei fleste kjenner att dei kraftfulle bileta av dommedag, antikrist, verdas undergang og tusenårsriket som den er bygd på.3 Felles for desse bileta er ein særeigen måte å tolke, forstå og gje meining til si eiga tid på, eit apokalyptisk verdssyn. 6


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 7

Koplinga vi skal gjere mellom grufulle hendingar, språk og trua på verdas undergang, er ikkje ny. Den fanst i mellomalderens religiøse verd som «trongen til å reinse verda ved å utslette ein kategori menneske som ein føresteller seg er øydeleggjande agentar og inkarnasjonen av vondskap».4 Vi finn den òg nærare vår eiga tid i politiske ideologiar til diktatorar som Adolf Hitler og Josef Stalin. Dei totalitære politiske ideologiane er eit uttrykk for at «det finst ei underverd der fantasiar er forkledde som ideologiar, sette saman av kjeltringar og udanna fanatikarar, for å tekkast dei ignorante og overtruiske. Denne underverda stig av og til opp frå djupet og fascinerer brått, fenger og fangar mengder av vanlegvis tilreknelege og ansvarsfulle menneske som kastar alle hemningar og gjev seg over til den. Av og til kan denne underverda ta form av ei politisk kraft som endrar kursen til verdshistoria».5 Men finst denne «underverda» i vårt eige samfunn? Er det den ein ser om ein stirer Anders Behring Breivik i kvitauget? For å forstå korleis apokalypsen kjem til uttrykk i politikken i eit ikkje-totalitært samfunn som vårt eige, må vi sjå etter ein særeigen politisk retorikk. Eit døme på ein slik politisk retorikk finn vi i senator Joe McCarthys heksejakt på kommunistar i USA. Om McCarthy og dei politiske meiningsfellane hans i USA på 1950-talet vart det hevda: «Der er ein 7


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 8

tendens til å sekularisere eit religiøst verdsbilete, å sjå politiske problem gjennom eit kristent verdssyn og å farge det med ein mørk symbolikk frå ei viss side av den kristne tradisjonen. Denne trua, at sosiale problem kan reduserast til ein kamp mellom det gode og det vonde, og at om ikkje vondskapen blir fjerna, vil ein oppleve ein sosial apokalypse, finn ein på den ekstreme høgresida i dag. Men poenget er at ein slik måte å forstå verda på, inneheld dei same overdrivingane, den same korstogmentaliteten, den same følelsen av at all vår uro kan sporast til same kjelde, og at den i ein heroisk siger kan fjernast. Om ikkje åtvaringane frå dei som ser den indre fienden, snart blir tekne på alvor, blir det påstått at vi er ferdige for godt. Og verda står overfor ein apokalypse som skildra i Johannes’ openberring.»6 Slik er hekseprosessar, inkvisisjon, kommunisme, fascisme og det ekstreme høgre ikkje berre eit utrrykk for eit apokalyptisk verdssyn, dei ber òg i seg den same førestellinga om «at det eksisterte, ett eller annet sted i storsamfunnets midte, et annet samfunn, lite og hemmelig, som ikke bare truet storsamfunnets eksistens, men som også var avhengig av skikker som ikke bare var avskyelige, men i bokstavlig forstand umenneskelige».7 Slik peikar dei alle mot ein hovudfiende som må fjernast. Hitler utpeika ei jødisk-kommunistisk samansverjing, Stalin den imperialistiske kapitalismen, og McCarthy dreiv heksejakt på kommunistar. 8


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 9

Men historia skulle drive McCarthys meiningfellar på den ekstreme høgresida på jakt for å finne andre til å fylle fienderolla. For når Muren fall, forsvann kommunismen òg som fiende. Utan ein fiende leita ein etter ein ny og fann islam. Islam som hovudfiende for den ekstreme høgresida når eit høgdepunkt hos George W. Bush, knappe fem månader etter den 11. september 2001, i presidenten si årlege tale om rikets tilstand. Tala er ein apokalyptisk visjon der presidenten teiknar eit bilete av ei verd som skal friast frå vondskap, koste kva det koste vil. 29.01.2002 er scena sett for apokalypsen. George W. Bush startar med å forklare rikets tilstand: «Når vi er samla her i kveld, er nasjonen i krig, økonomien er i nedgang, og ein uhøyrd fare trugar den siviliserte verda.»8 Ikkje berre USA, men heile den siviliserte verda er truga. Vondskapen knyter Bush til den fatale hendinga den 11. september året før. USA må handle fort i møte med trusselen som nærmar seg dag for dag, elles er katastrofen uunngåeleg. Apokalypsen er nær, vi er i dei siste dagar. Dette gjer at det vonde blir både verdsomspennande og verdsutslettande. Oppgjeret står mellom dei gode og dei vonde. Men det store, episke slaget står att. «Vår krig mot terror har byrja godt, men den har akkurat starta. Dette felttoget vil ikkje ende på vår vakt – men det må førast på vår vakt.» Fienden, den verst tenkjelege motstandaren, er 9


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 10

overalt. Heile verda er infisert av vondskap, og USA må jakte på motstandarane og nedkjempe dei overalt. Kampen mellom det gode og det vonde er verdsomspennande: «Fienden ser heile verda som ei slagmark, og vi må jakte på han kvar han enn er.» Vondskapens akse væpnar seg og trugar verdsfreden. Ved at desse landa rustar seg med atomvåpen, veks trusselen dag for dag: «Slike statar, og terroristane dei har samansvore seg med, utgjer ein vondskapens akse som væpnar seg for å truge verdsfreden. Ved å prøve å skaffe seg masseøydeleggingsvåpen utgjer desse regima ein stor og stadig aukande fare.» Dette rettferdiggjer bruk av vald, også ekstrem vald, for å gjere verda fri. Og Bush går inn i apokalypsen ved å identifisere seg med ei mytisk rolle: Det vonde må utryddast, koste kva det koste vil. Det forklarer den tilsynelatande sjølvmotseiinga når han kan seie: «Ingen menneske i heile verda ønskjer å bli undertrykt, tvinga til trældom eller å vente i frykt på midnattstimen då det hemmelege politiet bankar på døra,» og så opprettar hemmelege fengsel verda rundt og flyg fangar frå kontinent til kontinent for å torturere dei, ofte med døden til følgje. Det gjer det òg mogeleg å forstå hendingane på stader som Abu Ghraib og Guantanamo. For «vondskapen finst, og vi må konfrontere han». Bush innleidde krigen mot terror i State of the Union-talen 29.01.2002, ein krig som plasserte trus10


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 11

selen frå islam i sentrum av ein kamp mellom sivilisasjonar. Den skildra verda som ein stad der det gode kjempar ein endeleg kamp mot det vonde. Og når apokalypsen kjem nærmare, kallar den heltar til handling, heltar som skal tre inn på historias scene, reinse verda og fri den frå det vonde, i ein endeleg kamp der det gode skal sigre. Dette er det apokalyptiske bakteppet som heng over Norge om morgonen 22.07.2011. Vi skal følgje tre ulike greiner i terroråtaka 22.7. Den første er det politiske manifestet til Anders Behring Breivik. Kvifor skriv han eit politisk manifest? Og korleis skal vi forstå det? Den andre greina er anklagane retta mot Frp etter 22.7., der det vart påstått at Frp, spesielt i artikkelen «Drøm fra Disneyland», nytta same retorikk som Breivik.9 Kva retorikk bruker Frp i «Drøm fra Disneyland»? Den siste greina er Frps handtering av anklagane. Har Frp ein appell til den ekstreme høgresida? Kva er i så fall denne appellen? Korleis er den utforma? Og korleis kan Frp behalde den etter 22.7.? Stammen dei tre greinene veks på, er ein bestemt måte å forstå språk og retorikk på. I stammen finn ein det særeigne, apokalyptiske synet på verda som flyttar verda inn i ein symbolsfære der gode krefter kjempar mot vonde, der heltar drep drakar om dei sjølve ikkje blir dolka i ryggen. Og rota dei tre greinene får næring frå, er trua på verdas undergang, apokalypsen.


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 12

TEKSTEN 2083 – A European Declaration of Independence Som ein del av Anders Behring Breiviks store plan for 22.7. publiserte han ein tekst han kalla 2083 – A European Declaration of Independence (vi kallar den heretter 2083).10 Teksten vart distribuert til fleire tusen utvalde mottakarar på internett. Teksten er Breiviks vitnesbyrd, den skal forklare verda i ei uroleg tid, som Breiviks openberring. 2083 er ein kolossal tekst, både i innhald og i omfang. Fordi den er så nært knytt til terroranslaget 22.7. og tapet av mange menneskeliv, reiser den på nytt spørsmålet om språk kan avle vondskap. For å forstå 2083 må vi analysere teksten på bakgrunn av den spesielle argumentasjonen apokalypsen ber i seg, den særeigne måten den tolkar og forstår verda på. Sentralt står dei tre elementa tid, vondskap og autoritet.11 Tida er i 2083 framstilt som slutten på ein epoke, ei endetid, som i apokalypsen. Ei katastrofal omvelting er nær. Heile den vestlege, kristne euopeiske sivilisasjonen er truga av vonde krefter som vil utslette den. Breivik skriv: 12


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 13

Om vi, Den Europeiske Motstandsrørsla, mislukkast eller gjev opp, vil Vest-Europa falle, og dermed din fridom og barna dine sin fridom … Det er heilt sentralt og svært viktig at alle har blitt fortalde sanninga før systemet vårt kollapsar om 2 til 7 tiår (s. 5).12

Som ein utvald med innsikt i Den store guddommelege planen for verda kan Breivik sjå kva som er i ferd med å skje. Verda, slik vi kjenner den, skal snart, «om 2 til 7 tiår», kollapse. I endetida skal kampen mot dei vonde kreftene innleiast, dei gode skal kjempe mot dei vonde. Kampen er eit kosmisk drama der dei gode kreftene kjempar mot å bli dei vondes slavar i all tid: «Det kan vere den einaste måten vi kan komme unna den noverande og framtidige underkastinga (slaveriet) under eit islamsk fleirtalsstyre i våre eigne land på» (s. 8). Men dersom ein vinn kampen, vil verda gå vidare til ein paradisisk tilstand, fridd frå alle truslar. Slik er tid i teksten spunnen rundt det vondes problem: Korleis har det seg at det finst vondskap i ei verd som er styrt av ein god Gud?13 I dei siste dagar blir vondskapen synleg for dei utvalde, som Breivik. Og Breivik hevdar at det eksisterer ein vond, verdsomspennande trussel mot sivilisasjonen vår: Den vestlege verda er i det skjulte i ferd med å bli overteken av islam. Denne trusselen skal i ein avgjerande kamp få sin rettmessige slutt. Ved at 13


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 14

det vonde blir fjerna, skal verda gjenoppstå, fri frå vondskap. Lovnaden er at vi skal få eit paradis, fridde frå det vonde, der dei utvalde, sanne og gode skal leve vidare i ei fredeleg verd. I 2083 er vondskapen Islam. Men kampen er ikkje retta direkte mot hovudfienden. Breivik skriv: Du kan ikkje vinne over islamiseringa eller stoppe/reversere den islamske koloniseringa av Vest-Europa utan først å fjerne dei politiske doktrinane som blir forfekta gjennom multikulturalisme/kulturmarxisme14 (s. 4).

Kampen må først rettast mot «multikulturalisme/kulturmarxisme». Vondskapen har slik ikkje berre form av ein ytre fiende som trugar med å utrydde Europa. Nokon av «våre eigne» samarbeider med dei vonde og utgjer ein indre fiende. Eitt av teikna på at undergangen er nær, er at ei vond kraft overtek alle styringsprosessar i samfunnet – politiske så vel som religiøse. Vi, dei gode, kjempar mot dei andre, som er konspiratørar, ei bevisst vond samansverjing av sterke krefter i samfunnet. Dei andre har ein enorm kapasitet til å utøve vond makt, dei opererer i det skjulte, og dei er ikkje ein del av oss. Vondskapen blir slik definert som noko som er framandt og barbarisk, samstundes som den i høgste grad eksisterer og er synleg om ein berre ser godt etter. Denne indre fienden står så i ledtog med den 14


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 15

større ytre fienden. Den eksistensielle kampen til Breivik er ikkje først og fremst retta mot islam, men mot dei som tillèt islam å overta verda. Hovudtrusselen er at «identiteten, kulturen og den nasjonale suvereniteten vår» står i fare for å bli utrydda. Den indre fienden, som står i ledtog med dei vonde, har forrådt identiteten, kulturen og den nasjonale suverentiten vår. Dei har dolka oss i ryggen. Difor er den indre fienden, som han kallar «multikulturalisme/kulturmarxisme», eit legitimt og nødvendig mål i kampen for å redde verda. Ifølgje 2083 rettar den indre fienden seg mot nasjonalstaten, fundamentet for den vestlege, kristne siviliasjonen. Det er den nasjonale identiteten og kulturen som er truga, ein identitet og kultur som igjen utgjer ein del av det truga Vesten. Slik blir blir den kosmiske kampen mellom det gode og det vonde, som først blir kalla ein kamp mellom kristendom og islam, omgjord til ein kamp innanfor nasjonalstaten. Og kven er det nasjonen tilhøyrer? I apokalypsen representerer nasjonalstaten det gode, det lova landet som Gud har gjeve sitt folk. Nasjonalstaten og borgarane av den utfører difor Guds vilje på jorda, ein vilje som ikkje kan vere vond, ettersom Gud er god. Identiteten, kulturen og nasjonen ein forsvarer, er eit ledd i Guds plan for verda, utvalt og ufeilbarleg. Den kosmiske kampen mellom det gode og det vonde startar difor med å fjerne den 15


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 16

indre fienden, som vil dolke nasjonen i ryggen. Berre slik kan nasjonen overleve. Breiviks svar er altså at nasjonalstaten tilhøyrer dei gode menneska, det vil seie han og dei som er som han. Men kvifor skal lesaren tru på Breivik? Kvar hentar han autoriteten som skal gje truverd til påstanden om at vi alle står framfor den endelege kampen mellom det gode og det vonde? Breivik kombinerer to typar autoritet. Den første autoriteten han hevdar, er som profetisk fortolkar. Breivik er ein som gjev lidinga meining ved å ha eigenskapen imaginatio15, det vil seie evna til å tolke og forstå teikna i verda og å sjå samanhengen mellom det synlege og det skjulte.16 Imaginatio er ein sjeleleg eigenskap hos Breivik som gjer at han ser dei skjulte nivåa ved røyndommen. Med den kan Breivik avkode, tolke og forstå og slik få tilgang til ei opphavleg meining. Han har tilgang til det som ligg bak alt, det som andre ikkje kan sjå, det som andre ikkje kan bevise er der, men som Breivik likevel veit eksisterer. Dette synet på verda inneber ei sterk tru på symbolske og verkelege samanhengar mellom alle delar i det skjulte og synlege universet.17 Breivik lever i ei verd som har ein symbolsk karakter, der teikn viser til teikn, som igjen viser til skjulte mysterium, som vidare bind saman det synlege med det åndelege og det guddommelege. Natur, historie og heilage tekstar 16


Apkalypse Oslo ferdig:A

29-02-12

15:03

Side 17

uttrykker det same for Breivik. Og på same måte som «Naturens bok» inneheld dei same sanningane som Bibelen, inneheld hans eige manifest sanninga om verda. Dette gjer at for Breivik er Gud og djevelen, det gode og det vonde, til stades i verda. 2083 kan forståast som tekst berre på bakgrunn av eit slikt verdssyn, trua på ei verd full av jartegn og varsel. I Breiviks verd kjem difor det vonde om du kallar på det. Autoriteten til Breivik er rolla hans som bindeledd mellom lesaren og den guddommelege planen for universet, ein plan han har full innsikt i. Breivik og lesaren inngår eit skjebnefellesskap der dei får felles innsikt i dei kosmiske spørsmåla om verdas undergang. Det er apokalypsens lovnad om frelse og trussel om helvete som bind dei saman. Som profetisk fortolkar veit Breivik kven som skal til himmelen, og kven som skal til helvete. Ved å ta rolla som profetisk fortolkar blir Breivik eit overmenneske, han står nær Gud og har innsikt og forstand til å forstå guddommelege spørsmål. Den andre autoriteten han dermed hevdar, er som karismatisk leiar.18 Som karismatisk leiar er Breivik ein nærmast overmenneskeleg figur med ei større innsikt i apokalypsen med meir direkte tilgang til den guddommelege planen for historia.

17


Apokalypse Oslo