__MAIN_TEXT__

Page 1

VÅRENS BØKER 2020

1


2


VÅRENS BØKER 2020

3


vårens bøker 2020 ©2019 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget styreleiar: Kari Bjørke forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Mariboes gate 13, 0183 Oslo postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 Oslo føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar. konsept, omslag og formgiving: Trine + Kim designstudio

4


INNHALD SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE

6

Romanar og noveller

8

Lyrikk, drama og essay

12

POCKET 22 FAKTA OG DOKUMENTAR

30

BARN OG UNGE

38

3–6 år

40

6–9 år

41

Leseland 44 Ungdom 59 HØGARE UTDANNING

64

Syn og Segn

76

Fotografregister 78 Kontakt oss

81

5


6


SKJØNNLITTERATUR

7


romanar og noveller

HELGA SONGØYGARD BATTIN

ROSEHAGTORNEN Om folk kunne vere meir som plantar Tilia prøver å finne plassen sin i vaksenlivet generelt og i forholdet til Adrienne spesielt. Det er lettare sagt enn gjort, for det er krevjande å vere vaksen, og Adrienne er så sikker på alt. Då er det enklare å omgi seg med planter: Dei slår rot og veks og blømer. Sitrongeraniumen har til og med formeira seg til sjølvstendige planter gjennom alle avleggarane Tilia har gitt vekk. Og medan Adrienne byrjar å snakke om ekte barn, ønsker Tilia seg mest av alt eit tre, ein roman | ISBN: 9788234001826 ISBN 978-82-340-0182-6 PRIS KR 349,- | UTG. JANUAR

e-bok | ISBN: 9788234001833 PRIS KR 269,- | UTG. JANUAR

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 8 2 6

9 788234 001826

Debutant

helga songøygard battin (f. 1989) bur i Tokke i Vest-Telemark. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø. Rosehagtornen er den første romanen hennar.

8

rosehagtorn. Rosehagtornen er ei smart, morosam og sår forteljing om å bli vaksen.


romanar og noveller

MARIT O KALDHOL

TA FØRST PÅ DI EIGA MASKE Med Chile i hjartet Romanen følger Rut på reise til Chile i 2017. Endeleg skal ho bli kjent med landet til ungdomskjærasten Luis, som kom til Noreg som flyktning frå militærdiktaturet i Chile i 1980-åra. Samtidig tar minna henne med tilbake i tid, på ei reise gjennom skjelsettande hendingar i chilensk samtidshistorie og til åra dei to hadde saman. Til då det berre var dei to, Rut og Luis, og ho ikkje såg kva politikk hadde med kjærleiken å gjere. Medan Rut prøver å forstå korfor det gjekk som det gjekk, både med Chile og kjærasten, kjem opplevingar frå hennar eigen barndom

roman | ISBN: 9788234001239

ISBN 978-82-34001-23-9 PRIS KR 379,- | UTG. MARS

nærare enn på lenge. Ho hugsar saknet etter ei

e-bok | ISBN: 9788234001246

mor som ikkje evna å vere til stades.

PRIS KR 299,- | UTG. MARS

Undervegs kjenner ho også ei uro for Rakel, den unge dottera heime, som sender så knappe tekstmeldingar.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 2 3 9

9 788234 001239 SAGT OM MJØLKETANNMUSEET (2018): «Det fabelaktige finnes her altså i rikt monn, burlesk humor likeså. [...] Kaldhol skriver enkle setninger i et rikt og klokt dosert nynorsk, man merker at det er en erfaren forfatter som har kost seg mye i skrivingen.» morten langeland, klassekampen marit o kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne. Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986).

9


romanar og noveller

MAREN UTHAUG

DER DET FINST FUGLAR Ein litterær pageturner Romanen Der det finst fuglar er eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten i mellomkrigstida, skriven med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg, og endå vanskelegare å gløyme. I romanen fortel dansk-norske Maren Uthaug, som har basert forteljinga på historier om si eiga slekt ho sjølv høyrde i barndommen, om kva isolasjon, sterke drifter, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere. For å redde mor si må Johan gifte seg med roman | ISBN: 9788234000829

Marie, jamvel om det er Hannah han elskar.

e-bok | ISBN: 9788234000836

bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så

PRIS KR 299,- | UTG. MARS

sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje

ISBN 978-82-521-9852-2 PRIS KR 379,- | UTG. MARS

Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor

skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie 9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 8 2 9

9 788252 198522

luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven? Der det finst fuglar er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor.

maren uthaug (f. 1972) er ein dansk-norsk forfattar, teikneserieskapar og bloggar, og eit litterært stjerneskot i Danmark. Ho er fødd i Noreg og flytta til Danmark som åtteåring. Ho debuterte som romanforfattar i 2013 og har også gitt ut fleire satiriske teikneseriebøker om samisk kultur. I 2018 fekk ho DR Romanprisen for Der det finst fuglar – som er hennar andre roman.

10

Frå dansk ved Ingvild Holvik.

SAGT OM HVOR DER ER FUGLE (2017): «Ei beisk og stilsikker forteljing om familie­ synder som blir nedarva i ein slik grad som ville imponert både salige Ibsen og Strindberg.» kathrine sommer boysen, jyllands-posten


romanar og noveller

INGENMANNSLAND NYE NYNORSKE NOVELLER Korte forteljingar som blir verande lenge i lesaren Eit elskande par hamnar på sjøen, ei kvinne tar seg av den aldrande mor si og prøver å finne kjærleiken samstundes, ein gut er redd for å bli eit monster i løpet av natta, ei kvinne ber den døde hunden sin gjennom skogen for å finne ein gravstad. Novellene i Ingenmannsland handlar om utroskap, angst, kjærleik og lengt, men òg om kampen for tilværet, utanforskap og radikalisering. Her er realistisk samtid og dystopisk framtid. Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske

noveller | ISBN: 9788234001949

ISBN 978-82-521-9852-2 PRIS KR 349,- | UTG. APRIL

litteraturen, som aldri har stått sterkare enn i

e-bok | ISBN: 9788234001956

dag. Her får forfattarane briljere i kortformat,

PRIS KR 269,- | UTG. APRIL

lett tilgjengeleg for lesaren. Dei som bidrar, er blant våre fremste forfattarar: Marit Kaldhol, Ingvild Holvik, Sigrid Merethe Hanssen, Vidar Kvalshaug, Solfrid Sivertsen, Hilde Myklebust, Rønnaug Kleiva og Lars Petter

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 9 4 9

9 788252 198522

Sveen. Boka presenterer òg ein debutant, Ingrid Senje. Ingenmannsland er første utgåve i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.

11


lyrikk, drama romanar og noveller og essay

HELGA FERRANTE ELENA SONGØYGARD BATTIN

EIT VAKSNES ÅR MED DEI ROSEHAGTORNEN ELENA FERRANTE LØGNAKTIGE LIV SPALTENE FRÅ THE Om folk kunne vere meir som GUARDIAN I SAMLING

Iplantar eit stort familieselskap oppdagar

ungjenta og einebarnet Giovanna at den

Meisterlege artiklar frå Ferrante

Tilia prøver å finne plassen sintil i vaksenlivet nære familievennen og faren to av genereltbeste og i forholdet til Adrienne spesielt. hennar venner beinflørtar med mor

Elena Ferrante er ein av dei mest anerkjende og

Det er lettare sagt enndetaljen, gjort, forto det er hennar. Denne vesle par

bestseljande forfattarane i vår tid, særleg kjend

krevjande vere vaksen, og Adrienne bein vikla åsaman under eit stuebord, er så

for Napoli-kvartetten. Ei av verdas største sikker på alt. Då er det enklare å omgi seg aviser, The Guardian, gav henne eit med planter: Dei slår rot og veks og spanande blømer.

blir starten på ein eksplosjon som skal

øydelegge to familiar og dramatisk endre

oppdrag: å skrive eihar fasttilhelgespalte gjennom Sitrongeraniumen og med formeira eit heilt år. Her får du tekstane samla. seg til sjølvstendige planter gjennom alle

barnas oppvekst.

avleggarane Tilia har gitt vekk. Og medan

Elena Ferrante er ein av og vårjordnært tids største Ferrante skriv personleg om

Adrienne byrjar å snakke om ekte barn,

forfattarar. Medi: Napoli-kvartetten røynda vi lever om alt frå sitt førstegjekk kyss

ønsker Tilia seg mest av alt eit tre, ein

ho tett på kvinners liv vilkår i det til 20. til kvinnefellesskap, fråog plantevekstar

roman 9788234001826 essay 9788234001772 ROMAN| ISBN: || ISBN: ISBN: 9788234002465 ISBN 978-82-340-0182-6 ISBN 978-82-34001-77-2 PRIS KR 349,369,- | UTG. JANUAR FEBRUAR PRIS KR 379,- | UTG. JUNI

e-bok 9788234001789 E-BOK ||ISBN: ISBN:9788234001833 9788234002472 PRIS JANUAR 299,FEBRUAR PRIS KR KR 269,239,-| UTG. | UTG. JUNI

rosehagtorn.

hundreåret og skildra vennskap måte klimaendringar, frå beundring forpå ei ein kjend som manglar filmstjerne til sidestykke redselen fori ålitteraturhistoria. flytte og om

Rosehagtornen er ei smart, morosam og sår kvinnefrigjering enno mannsdominert forteljing om å blii eit vaksen.

Isamfunn. Dei vaksnes løgnaktige liv held ho fram med å utforske kva det vil seie å vere

Eit år med Elena Ferrante eihandlinga skarp og vittig menneske. Denne gongenerer 9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 8 7 2 7 6 2

9 788234 001826 9 elena 788234 ferrante001772 er fødd i Napoli. Sidan debuten i

bok og for alle Ferrante-fans. lagd til eit eitmust middelklassemiljø i Napoli i 1990-åra. Ferrante legg opp til eit stort

«Egtett høyrer til den kategorien menneske og familiedrama om identitet og

1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Med

som ikkje liker seg verken på fotoog eller klasse, sanning ogsjølv, løgner, relasjonar

Napoli-kvartetten vann Ferrante hjarta til millionar

film. [...] Men for ei tid sidan fann eg igjen eit generasjonar.

av lesarar verda over. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikkar. Elena

Debutant

Ferrante er eit pseudonym.

fotografi av meg sjølv frå då eg var sytten år, og eg likte det så godt at eg fekk ramma det inn.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal

[...] Litt etter litt måtte eg også erkjenne at eg likte det fotografiet nettopp fordi eg ikkje likna

kristin sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor helga battin (f. 1989) Arendal.songøygard Ho er lærar, omsettar og forfattar. Ho har bur i Tokke i Vest-Telemark. Ho har gått på gitt ut romanane Makabre bikkjer (2010), Guds Hund Forfattarstudiet i Bø. Rosehagtornen er den første (2013) og Mare (2017). Sørsdal fekk Målprisen (2016) romanen hennar. (2017) for arbeidet med å omsette og Storegutprisen Ferrante til nynorsk og Kritikerlagets pris for beste omsetting i 2016 for Historia om det tapte barnet.

12 8

det minste på det bildet eg hadde av meg sjølv.» Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.


21


lyrikk, drama og essay

ELENA FERRANTE

EIT ÅR MED ELENA FERRANTE SPALTENE FRÅ THE GUARDIAN I SAMLING Meisterlege artiklar frå Ferrante Elena Ferrante er ein av dei mest anerkjende og bestseljande forfattarane i vår tid, særleg kjend for Napoli-kvartetten. Ei av verdas største aviser, The Guardian, gav henne eit spanande oppdrag: å skrive ei fast helgespalte gjennom eit heilt år. Her får du tekstane samla. Ferrante skriv personleg og jordnært om røynda vi lever i: om alt frå sitt første kyss til kvinnefellesskap, frå plantevekstar til essay | ISBN: 9788234001772

ISBN 978-82-34001-77-2 PRIS KR 369,- | UTG. FEBRUAR

klimaendringar, frå beundring for ei kjend filmstjerne til redselen for å flytte og om

e-bok | ISBN: 9788234001789

kvinnefrigjering i eit enno mannsdominert

PRIS KR 299,- | UTG. FEBRUAR

samfunn. Eit år med Elena Ferrante er ei skarp og vittig

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 7 7 2

9 elena 788234 ferrante001772 er fødd i Napoli. Sidan debuten i

bok og eit must for alle Ferrante-fans. «Eg høyrer til den kategorien menneske

1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Med

som ikkje liker seg sjølv, verken på foto eller

Napoli-kvartetten vann Ferrante hjarta til millionar

film. [...] Men for ei tid sidan fann eg igjen eit

av lesarar verda over. Rettane til bøkene er selde til

fotografi av meg sjølv frå då eg var sytten år, og

43 land, og bøkene har fått strålande kritikkar. Elena

eg likte det så godt at eg fekk ramma det inn.

Ferrante er eit pseudonym.

[...] Litt etter litt måtte eg også erkjenne at eg likte det fotografiet nettopp fordi eg ikkje likna

kristin sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal. Ho er lærar, omsettar og forfattar. Ho har gitt ut romanane Makabre bikkjer (2010), Guds Hund (2013) og Mare (2017). Sørsdal fekk Målprisen (2016) og Storegutprisen (2017) for arbeidet med å omsette Ferrante til nynorsk og Kritikerlagets pris for beste omsetting i 2016 for Historia om det tapte barnet.

12

det minste på det bildet eg hadde av meg sjølv.» Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.


lyrikk, drama og essay

GLORIA GERVITZ

MIGRASJONAR 1976–2020 Unikt livsverk endeleg på norsk Migrasjonar er eit av vår tids største poetiske prosjekt. Sidan 1970-åra har den meksikanske poeten Gloria Gervitz skrive på dette langdiktet, som har blitt utgitt i stadig nye versjonar. Kvar einskild av dei opnar for nye tolkingar. Verket har vakse fram frå livet til forfattaren og frå historia til familien hennar: flukta frå jødeforfølgingane i Aust-Europa tidleg på 1900-talet. Lesaren blir dratt med i eit enormt sveip gjennom ulike tider, tradisjonar, språk og røyster i eit ekspansivt dikt som krinsar rundt slekt og einsemd, religion, død og seksualitet.

lyrikk | ISBN: 9788234000423

ISBN 978-82-34000-42-3 PRIS KR 329,- | UTG. JANUAR e-bok | ISBN: 9788234000430

Boka er gjendikta frå spansk av Helene

PRIS KR 249,- | UTG. JANUAR

Hovden Hareide, som også har skrive eit etterord. 9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 4 2 3

9 788234 000423

gloria gervitz er fødd i Mexico by i 1943 i ein jødisk familie med austeuropeisk opphav. I tillegg til dei ulike versjonane av langdiktet Migrasjonar har ho gitt ut gjendiktingar av forfattarar som Anna Akhmatova, Lorine Niedecker og Samuel Beckett. I 2019 vart ho tildelt Pablo Neruda-prisen for livsverket sitt. Migrasjonar har så langt blitt gjendikta til engelsk, tysk, polsk, arabisk og svensk.

13


lyrikk, drama og essay

CLAUDIA RANKINE

DET KVITE KORTET Den usynlege kvitheita Kvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte, privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen? Dette er sentrale spørsmål i Claudia Rankine, forfattaren av Medborgar, sitt nye stykke, Det kvite kortet. Ekteparet Virginia og Charles, to kvite kunstsamlarar, har invitert den gryande, svarte kunstnaren Charlotte til middag. Dei vil kjøpe kunsten hennar og prøver å smigre henne med refleksjon kring spørsmål om drama | ISBN: 9788234001758

kunst, representasjon og rase.

e-bok | ISBN: 9788234001765

Samtalen imploderer sakte, men sikkert, og

PRIS KR 199,- | UTG. FEBRUAR

stykket får lesaren til å vri seg i ubehag etter

ISBN 978-82-34001-75-8 PRIS KR 279,- | UTG. FEBRUAR

kvart som middagsselskapet havarerer. Det utforskar kva som skjer om ein er villig til å bli 9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 7 5 8

9 788234 001758

i rommet når det gjer vondt å lytte. Boka er like fullt humoristisk, og personane blir meir og meir melodramatiske etter kvart som selskapet utartar seg. Det kvite kortet er eit politisk lesestykke med stor aktualitet og samfunnsrelevans.

claudia rankine (f. 1963 på Jamaica) voks opp

Boka er ei rørande og avslørande destillering

i Kingston og New York. I dag underviser ho ved

av raseskiljet slik det blir erfart i kvite rom;

Yale University. Ho er blitt tildelt ei mengd prisar,

i stova, i kunstgalleria, i samfunnet og i vår

mellom anna National Book Critics Award og PEN

eigen fantasi.

Open Book Award.

Frå engesk ved Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof.

14


lyrikk, drama og essay

JULIANE RUI

SNURR MI ENG Variasjonar over nærleik Kva skjer med mennesket når det går frå å vere barn til sjølv å få barn? Juliane Ruis nye diktsamling startar med det nyfødde barnet og

JULIANE RUI SNURR MI ENG

krinsar om dei skjøre kontaktpunkta mellom menneska, naturen og dei andre artane på jorda. I dette oppstår mennesket som ein del av ein samanheng, kopla til omverda og familien. Rui viser korleis ein endrar perspektiv etter kvart som ein blir påverka av tid, minne og relasjonar.

lyrikk | ISBN: 9788252197273

ISBN 978-82-52197-27-3 PRIS KR 279,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234002267 PRIS KR 199,- | UTG. MAI

9 7 8 8 2 5 2 1 9 7 2 7 3

9 788252 197273

juliane rui (f. 1982) er ei unik stemme i norsk lyrikk. Ho debuterte i 2011 med Den hesten er av snø. I 2018 blei ho tildelt Bokhandlerforeningens forfattarstipend for forfattarskapen. Juryen skreiv mellom anna dette: «Bevisstheten om at menneskeskapte endringer truer våre omgivelser er eksplisitt, men likevel dempet til stede, som én blant flere kunnskaper forfatteren har om natur. Rui er en forfatter med egenart og integritet.» Snurr mi eng er Ruis fjerde bok.

15


lyrikk, drama og essay

WARSAN SHIRE

EG LÆRER MOR MI Å FØDE Krigens brutalitet i rå kjensler Den kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga Eg lærer mor mi å føde i 2011 – også superstjerna Beyonce, som siterer Shire i fleng på albumet Lemonade frå 2016. Boka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet, og dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar og liv levde i frykt og terror. Shire konfronterer lesaren med menneske tvungne til å forlate heimane sine og tanken om at ingen er trygge om katastrofen skulle lyrikk | ISBN: 9788234000942

inntreffe – heller ikkje i Vesten.

e-bok | ISBN: 9788234000959

Kroppen er eit viktig motiv – først og fremst

PRIS KR 199,- | UTG. FEBRUAR

kvinnekroppen – og valden som blir utført

ISBN 978-82-34000-94-2 PRIS KR 249,- | UTG. FEBRUAR

mot han, både i og utanfor heimen. Ved å hevde fullstendig eigarskap over eigen kropp 9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 9 4 2

9 788234 000942

proklamerer ho at ho, trass systematisk undertrykking, rasisme og brutalitet, ikkje vil la seg kue. Shire sparer ikkje på detaljane, og røysta hennar flyt over på papiret i rå kjensler og eit vakkert, bilderikt språk. Gjendikta frå engelsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen.

warsan shire (f. 1988) er ein prisvinnande britisk poet, redaktør, aktivist og lærar, fødd av somaliske foreldre i Kenya. Poesien hennar er blitt omsett til ei rekke språk.

16


lyrikk, drama og essay

PATTI SMITH

APENS ÅR Frå forfattaren av Just Kids og M Train «Alt kan skje, det er trass i alt apens år», seier ein framand til Patti Smith. Året er 2016, og det skal bli eit år som endrar alt. I februar byrjar ifølgje kinesisk astrologi apens år. Ein gåtefull syklus som ber med seg brå og overraskande hendingar, uro og ugagn. Patti Smith opplever ei djup sorg ho ikkje kan flykte frå. For Patti Smith, som er grunnleggande nysgjerrig og alltid utforskande, gir det å skrive seg gjennom dette året dyrebar innsikt i tap, alderdom og eit dramatisk skifte i det politiske landskapet i USA. Smith tar oss med

memoarar | ISBN: 9788234001734

ISBN 978-82-34001-73-4 PRIS KR 299,- | UTG. APRIL

frå det sørlege California til ørkenen i Arizona,

e-bok | ISBN: 9788234001741

ho pendlar mellom den sjuke vennen Sam

PRIS KR 249,- | UTG. APRIL

Shepard på ein gard i Kentucky og sjukehuset der vennen og mentoren Sandy Pearlman ligg i koma. Som alltid blir det også eit par turar innom New York. I denne uforgløymelege boka smeltar fakta og

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 7 3 4

9 «Smith 788234 001734 forheksar med utsøkt prosa.» publishers weekly

fiksjon saman med poetisk meistring. Trass i sorg og håpløyse byr Smith på visdom, humor og eit urokkeleg håp om ei betre verd. Apens år er fengslande og elegant, ein prøvestein for turbulente tider. Boka er illustrert med Patti Smiths eigne Polaroid-bilete. Frå engelsk ved Brit Bildøen.

patti smith (f. 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria, og ho er også kjent som pønkens gudmor. Ho er vokalist, låtskrivar,

«Viljen hennar til å sjå nøye på livets siste

poet og artist og har gitt ut fleire bøker. Just Kids

kapittel gjer dette til ei magisk bok.» bethanne patrick, the washington post

(2012), Sanka ull (2013), M Train (2016) og Om å skrive (2018), er alle gitt ut på norsk. For Just Kids fekk ho National Book Award i 2010.

17


lyrikk, drama og essay

ENDRE TVEIT

BLØ MEG SAKTE UT Einsemd i mørker og lys Blø meg sakte ut fortel om eit eg som ikkje lenger kjenner seg i kontakt med verda rundt seg. Faren døydde nyleg, og mora har gått inn i ein sorgprosess som kjennest kvelande og framand. Forteljaren grundar over kjenslene rundt tapet og søkjer nærleik i nye stader og nye ting for å erstatte den manglande morsfiguren. Byen står som ramme rundt forteljinga, som noko både kjend og ukjend. Samlinga rører ved emne som depresjon, lyrikk | ISBN: 9788252196580

ISBN 978-82-52196-58-0 PRIS KR 279,- | UTG. JANUAR e-bok | ISBN: 9788234000911 PRIS KR 199,- | UTG. JANUAR

9 7 8 8 2 5 2 1 9 6 5 8 0

9 788252 196580 Debutant

endre tveit (f. 1990) er frå Holmefjord i Bjørnafjorden kommune og er tilsett som konsulent på kyrkjekontoret i Fusa sokn. Frå 2013 til 2014 studerte han ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Blø meg sakte ut er forfattaren si fyrste diktsamling.

18

angst, framandgjering og avmakt, men rettar òg blikket mot empati, menneskeleggjering og ein liten kjerne av von.


lyrikk, drama og essay

BJÖRNER TORSSON

X2 Eit stadig foranderleg bygg Den svenske poeten Björner Torsson har gjennom 50 år stått støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Med dobbeltutgivinga av samlingane I skuggen av ein hare (2001) og Hüzün eller Den samanleggberre nasen (2012) blir han utgitt på norsk for første gong. Torssons dikt er i stadig rørsle, med høg energi og ein heilt eigen logikk og sans for absurditetar og det skapande potensialet i språket. Dei er leikande, opprørske og burleske samstundes som det ofte finst ein tydeleg understraum av melankoli og sorg i dei. Å lese den arkitektutdanna Björner Torsson kan vere som å vere inne i eit bygg av Hans Escher («men dette går då ikkje an!»), før ein

lyrikk | ISBN: 9788234002137

ISBN 978-82-34002-13-7 PRIS KR 279,- | UTG. MARS e-bok | ISBN: 9788234002144 PRIS KR 199,- | UTG. MARS

i neste augneblink snarare må tenke på Kurt Schwitters’ Merzbau. Vi ser nærmast dikt bli til framfor nasen på oss: først presist oppbygde gjennom sterk sanselegdom, innfall og uventa bilde – i neste augneblink rivne ned eller

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 1 3 7

9 788234 002137

korrigerte gjennom avbrot og distraksjonar. Dei skal alltid vidare. Til saman utgjer dei eit byggverk som, nettopp fordi det nektar å stivne i ei form, står støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Gjendikta frå svensk av Gunstein Bakke. Etterord ved poeten Dan Gustavsson.

björner torsson (f. 1937) er busett på Gotland. Han er poet, arkitekt og tidlegare lærar på Tekniska högskolan i Stockholm. Han debuterte i 1964 med Duvan i oljeregnet og har fått ei rekkje prisar for forfattarskapen sin.

19


lyrikk, drama og essay

EINAR ØKLAND

OSS IMELLOM ? 80-årsjubilant om litterære og menneskelege vennskap Einar Økland er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. I si nye tekstsamling stiller han dei store og små spørsmåla: Kva vil det seie å vere ein venn? Korleis var det første møtet med Torborg Nedreaas? Og kva må ein å vite før ein går i gang på kjøkkenet? Korleis kjennest det når språkvaskaren rettar intenderte feil, og kva svarar Økland alle dei som spør han om stort og smått? Einar Øklands niande artikkelsamling er ein essay | ISBN: 9788234002113

ISBN 978-82-34002-11-3 PRIS KR 379,- | UTG. JANUAR

personleg og kunnskapsrik refleksjon over litterære og menneskelege vennskap. Blant

e-bok | ISBN: 9788234002120

dei vi møter i tekstane, er Jorunn Veiteberg,

PRIS KR 299,- | UTG. JANUAR

Georg Johannesen, Gunnar Lunde, Aksel Sandemose, Olav H. Hauge, Sissel Solbjørg Bjugn og Sigbjørn Obstfelder. Boka inneheld

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 1 1 3

9 788234 002113

også fragment frå eit forfattarliv, utsnitt av norsk litteratur- og kulturhistorie, hyllest til antikvariat, bøker og trykksaker, og Økland skriv om poesi for barn, glansbilde og bukselommer.

einar økland (f. 1940) debuterte i 1963 og har fått ei lang rekkje prisar. Han har skrive over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar. Andre essay- og artikkelsamlingar er Skrivefrukter (1979), Nå igjen (1982), Måne over Valestrand (1989), I staden for roman eller humor (1993), I tilfelle nokon spør (2001), Frå helling via hylling til halling (1997), Kant-i-kant (2008) og Fotgjengar med fotnotar (2013).

20


21


22


POCKET

23


pocket

MARIT EIKEMO

HARDANGER Det unike i det lokale I eit skur på Kvanndal kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger – mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen. Novellene i Hardanger handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom pocket | ISBN: 9788234002229

ISBN 978-82-34002-22-9 PRIS KR 179,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234000072 PRIS KR 215,20 | I SAL

menneske.

«Hardanger gir meg lyst til å byrje framanfrå og lese den og alle dei andre bøkene til Eikemo igjen»

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 2 2 9

9 788234 002229

marit eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Bøkene hennar er smarte og underhaldande, og Eikemo har imponert kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho fekk Amalie Skramprisen 2017 for forfattarskapen sin.

24

eivind myklebust, klassekampen


pocket

JON FOSSE

SEPTOLOGIEN I – II

DET ANDRE NAMNET Første bok i storverk frå Jon Fosse Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle køyrer fram og tilbake på snølagde vegar for å besøkja vennen. Livet til dei to Aslane blir fortalt både gjennom tilbakeblikk og gjennom ei notidshistorie. Det andre namnet er ei suggererande og storslått forteljing om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det

pocket | ISBN: 9788234002199 PRIS KR 199,- | UTG. MAI

e-bok | ISBN: 9788252196184

ISBN 978-82-34002-19-9 PRIS KR 239,20 | I SAL

lydfil | ISBN: 9788234001635 PRIS KR 299,- | I SAL

handlar om døden, men også om kva det vil seia å vera i livet, om varmen frå ein hund, gleda ved bilkøyring i snø og kor godt det kan smaka med egg og flesk.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 1 9 9

9 788234 002199

«Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boken en gang til.» gro jørstad nilsen, bergens tidende

«Terningkast sju: Fosse i full fyr.» vidar kvalshaug, bok365

jon fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over førti språk, og skodespela er sette opp over

«lysende litteratur» terje eidsvåg, adresseavisen

tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei uendeleg rekkje prisar både i inn- og utland.

25


pocket

ANNE GUNN HALVORSEN

STRESS OG KORLEIS LEVE MED DET Kvifor er vi så stressa, og kva kan vi gjere med det? Forfattaren av den kritikarroste boka Livet og korleis leve det har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor blir folk så slitne, og kven sin feil er det eigentleg? Halvorsen dreg ut på ei journalistisk reise i det pocket | ISBN: 9788234000904

ISBN 978-82-34000-90-4 PRIS KR 179,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788252196900

norske stresset og kjem attende med ei rekkje gode tips og observasjonar. Det handlar om vår indre, strenge stemme og kor ho kjem frå.

PRIS KR 199,20 | I SAL

Stress og korleis leve med det er ei konkret handbok i stressmeistring og eit under­ 9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 9 0 4

haldande augeblikksbilete av tida vi lever i.

9 788234 000904 «Stresset vil nok alltid vere blant oss. Men den velskrivne og konkrete boka til Anne Gunn Halvorsen vil mange kunne kjenne seg igjen i, og ho viser veg for dei som vil gjere noko med det.» tom hetland, stavanger aftenblad

anne gunn halvorsen (f. 1984) kjem frå Vikedal i Rogaland og bur i Oslo. Ho har arbeidd som journalist i over femten år, mellom anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv. Ho er fast spaltist i Aftenposten.

26

«Elegant og morsomt beskriver hun hva stress gjør med oss, og hvordan vi kanskje kan bryte ut av den negative spiralen.» hilde østby, aftenposten


pocket

AGNES RAVATN

DEI SJU DØRENE Ny roman frå forfattaren av Fugletribunalet! Litteraturprofessor Nina Wisløff lever i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste. Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiet si etterforsking stansar opp. I det stille begynner Nina å nøste opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store ringverknader. Dei sju dørene er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit.

pocket | ISBN: 9788234002182 PRIS KR 179,- | UTG. MAI

e-bok | ISBN: 9788252199116 ISBN 978-82-34002-18-2 PRIS KR 239,20 | I SAL

«en imponerende god roman» ole jacob hoel, adresseavisen

lydfil | ISBN: 9788234001628 PRIS KR 299,- | I SAL

«… har alt ein kan ønske seg av humor, intelligens og spaning.» gerd elin stava sandve, dagsavisen

«Agnes Ravatn gjør krimsjangeren litt

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 1 8 2

9 788234 002182

mer elegant.» gro jørstad nilsen, bergens tidende

agnes ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, blant anna romanen Fugletribunalet (2013), som har gjort suksess både som bok og teater, og som er seld til mange land. Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit.

27


pocket

SIGRI SANDBERG

MØRKE

SJERNER, REDSEL OG FEM NETTER PÅ FINSE Har mørket blitt ein avgrensa ressurs? Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever? Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg likevel aleine til fjells vinterstid for å finne pocket | ISBN: 9788234002939

ISBN 978-82-34002-93-9 PRIS KR 179,- | I SAL e-bok | ISBN: 9788252197761

ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934.

PRIS KR 199,20 | I SAL

Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, 9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 9 3 9

9 788234 002939

svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur? «Sandbergs bok er både aktuell og vakker, og føyer seg inn i rekken av sakprosa som poengterer hvor viktig naturen, stillheten - og nå mørket - er for oss.» janne bjørgan, bergensavisen

sigri sandberg (f. 1975) er journalist og har arbeidd for sentrale norske aviser i over 20 år. Ho har

«Til tross for mørkeredselen er boka lys i tonen.

budd mange år på Svalbard og skrive ti bøker – om

[...] Dette er ei bok å legge på nattbordet.» fredrik wandrup, dagbladet

natur, friluftsliv, klima og polare strok. Sandberg voks opp i Gulen og Bergen og er busett i Oslo.

28


29


30


FAKTA OG DOKUMENTAR

31


fakta og dokumentar

OTTAR GREPSTAD

1900-TALET

FORTELJINGAR FRÅ EIT HUNDREÅR Verdshistorie slik ingen før har skrive Kl. 01.47 ringjer nattevakta på eit hotell i Washington D.C. til politiet. Det får nestkommanderande W. Mark Felt i FBI til å gjere noko han avslører 33 år seinare. På høglys dag går to maskerte menn inn på ein skulebuss i Mingora. «Kven er Malala?» spør dei. Kl. 14.30 har Paul McCartney studiotid i London for å spele inn «Blackbird». Etter 32 opptak gir han seg ved midnatt. 1900-talet byd på over åtti historier om folk historie | ISBN: 9788234001925

som har forma vår tid. Forteljingane tek til

PRIS KR 369,- | UTG. JANUAR

i nærmare femti land og rommar scener frå

e-bok | ISBN: 9788234001932

mange fleire. Der dukkar dei opp, politikarar

PRIS KR 299,- | UTG. JANUAR

og forfattarar, offiserar og musikarar, side om

ISBN 978-82-34001-92-5

side med legar og romfararar, forskarar og vaktmeistrar. 9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 9 2 5

9 788234 001925

I grenselaus forteljeglede tek forfattaren lesaren med dit det skjedde. Forteljingane er ordna etter klokkesletta då dei skjedde. Det opnar ein ny inngang til verdshistoria, og alt ordnar seg ikkje til slutt.

ottar grepstad (f. 1953) er forfattar, språk- og

Dette er ei lesebok om eit felles døgn. Slik har

litteraturvitar med over førti bøker bak seg. I 2013

ingen før skrive.

kom den kritikarroste Historia om Ivar Aasen og Språksansen. Kalender om all verdas språk. Grepstad har hatt ei rad roller i norsk kulturliv og var i 19 år direktør for Nynorsk kultursentrum. Han fekk Norsk språkpris 1999 for Det litterære skattkammer. I 2018 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.

32


fakta og dokumentar

BJØRN HATTERUD

MJØSA RUNDT MED MOR Ei annleis klassereise Dette er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa. Sonen Bjørn Hatterud er fødd med ei rekkje funksjonshemmingar, har vore eit overvektig mobbeoffer og er homofil og klassereisande. Han flytta frå heimbygda, Veldre nord for Brumunddal, då han var 21 år gammal, og har budd halve livet i Oslo. Som tenåring drøymde han seg vekk. På ein trimma moped tok han sine første turar bort frå heimbygda, inn i fridommen. I dag drøymer han seg tilbake mens han køyrer heim til bygda i bil. Boka fortel ei sjølvbiografisk og personleg historie om å ikkje passe inn der ein kjem frå, og om samstundes å ikkje kunne slå seg heilt

dokumentar | ISBN: 9788234002335

ISBN 978-82-34002-33-5 PRIS KR 349,- | UTG. APRIL

e-bok | ISBN: 9788234002342 PRIS KR 240,- | UTG. APRIL

til ro i byen heller. I tankar og samtaler går reisa mellom fortida og notida, mellom bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein funksjonshemma, homofil bygdegut frå arbeidarkår som har arbeidd seg inn i kunst- og

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 3 3 5

9 788234 002335

kulturfeltet i hovudstaden. Mest av alt er dette ei forteljing om korleis barndomslandskapet set seg i sjela, og om korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen ein voks opp. Boka er ein hyllest til ein oppvekst, ein

bjørn hatterud (f. 1977) er kulturskribent, kunstkritikar, kurator og musikar. Han kjem frå Veldre og er busett i Oslo.

generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.

33


fakta og dokumentar

Siri Helle

SIRI HELLE

MED BERRE NEVANE

EIT FORSVAR FOR PRAKTISK ARBEID Dette er ei historie om å bygge eit lite, men heilt nødvendig hus på eiga hand og kjenne ei

med berre nevane Eit forsvar for praktisk arbeid

intens meistringsglede over å gjere ting sjølv. Siri Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein protest, men mest for å finne ut om ho kunne. Siri Helle var skuleflink, men sprang kring skulebygningane i friminutta på barneskulen for å verte kvitt uroa i kroppen. Sjølvsagt skulle slike som henne vidare på universitetet,

dokumentar | ISBN: 9788252196658

ISBN 978-82-52196-65-8 PRIS KR 329,- | UTG. MARS

e-bok | ISBN: 9788252196665 PRIS KR 329,- | UTG. MARS

9 7 8 8 2 5 2 1 9 6 6 5 8

9 788252 196658

men først då Siri Helle utdanna seg til agronom, fann ho seg sjølv; blant sta geiter, høygaflar og famlande motorsaging fann ho meistring og ro. Vi menneske har alltid brukt hendene våre til å skape verda rundt oss. Heilt fram til no. I dag har vi gått frå å vera praktikarar til teoretikarar, frå å vere produsentar til konsumentar. Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene? Kva skjer med samfunnet? På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri

siri helle (f. 1982) er utdanna agronom

Helle seg inspirere av andre menneske som

i økologisk landbruk frå Sogn jord- og

på ulike måtar finn glede, meining og i nokre

hagebruksskule. Ho arbeider tidvis som skribent og

tilfelle levebrød i å skape med hender og kropp.

journalist, snikkarassistent og geitebudeie.

Dette er ei forteljing om praktisk arbeid og intens meistringsglede.

34


fakta og dokumentar

ELLEN KRISTVIK

NOTAT VED AVGRUNNEN EI MORS FORTELJING Skakande om sjølvmord Ellen Kristvik har opplevd ein forelders verste mareritt. To veker før dottera Johanna fylte 25 år, tok ho sitt eige liv. Kristvik miste sitt einaste barn. I Notat ved avgrunnen blir vi kjende med Johanna som barn og ung. Lesaren får glimt inn i livet til ulike tider, i barnehagen, på skulen, heime og med venner. Vi møter åleinemora og dottera, men òg den sørgjande mora som desperat prøver å forstå det som skjedde: Korleis kunne den høgt elska dottera hennar ta sitt eige liv? dokumentar | ISBN: 9788252199048

Kristvik vekslar mellom nakne uttrykk for

ISBN 978-82-52199-04-8 PRIS KR 349,- | UTG. FEBRUAR

sorga, retrospektive glimt frå tida før det

e-bok | ISBN: 9788252199055

katastrofale tapet og forteljingar om korleis

PRIS KR 215,- | UTG. FEBRUAR

etterlatne søkjer hjelp til å leve vidare. Dette er ei skakande bok om eit vanskeleg og langt på veg tabuert tema. Mellom 500 og 600 menneske døyr i sjølvmord her i landet årleg.

9 7 8 8 2 5 2 1 9 9 0 4 8

9 788252 199048

Talet er stigande.

ellen kristvik (f. 1955) er forskar ved Avdeling for helsetenesteforsking (HØKH) på Akershus Universitetssjukehus. Ho er antropolog og har òg bakgrunn som sjukepleiar. Kristvik har dessutan erfaring frå eit forskingsarbeid om forteljingane til etterlatne foreldre etter dødfødslar. I tillegg har ho arbeidd med sorgarbeid som sjukepleiar for alvorleg sjuke og døyande. I denne samanhengen er ho først og fremst ei mor i stor sorg.

35


fakta og dokumentar

JON SEVERUD

EIN EUROPEISK DØL Europearen Aasmund Olavsson Vinje Aasmund Olavsson Vinje er velkjend som forfattar og som den første moderne journalisten her i landet. Mindre kjend er det internasjonale perspektivet i journalistikken til Vinje. Dei mange krigane og samlinga til europeiske nasjonalstatar frå midten av 1800-talet følgde Vinje ivrig med i. Det gjeld til dømes Krimkrigen, dei dansk-tyske krigane i 1848 og 1864, Italias samling, industrialiseringa i Storbritannia og utviklinga i Amerika. historie | ISBN: 9788234001659

ISBN 978-82-34001-65-9 PRIS KR 349,- | UTG. APRIL

e-bok | ISBN: 9788234001666 PRIS KR 240,- | UTG. APRIL

Vinje sette ein ny tone i kommentar og kritikk, han var antiautoritær og like kunnig som ironisk. Han nytta dagsaktuelle hendingar til å utvikla resonnement omkring enkeltmenneske og samfunn, stat og nasjon,

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 6 5 9

9 788234 001659

og han såg også på det heimlege landskapet i eit europeisk stormaktsperspektiv. Heilt frå dei tidlege bladstykka i Andhrimmer og Drammens Tidende og til dei siste tekstane i Dølen tek Vinje opp internasjonale spørsmål. Dette internasjonale – helst europeiske – perspektivet har i liten grad vore

jon severud (f. 1951) er lektor og forfattar. Han har tidlegare gjeve ut Ei gjenreise. Ferdaminne etter A.O. Vinje.

36

kommentert i ettertida.


fakta og dokumentar

LINE NAGELL YLVISÅKER

VERDA MI SMELTAR Midt i klimaendringane I 2006 byrja søringen Line Nagell Ylvisåker som journalist i Svalbardposten. Same året skreiv ein kollega i avisa at Svalbard kunne bli opptil åtte grader varmare i 2100, men Nagell Ylvisåker lét seg ikkje affisera. Ho susa rundt på skuter, blei kjent med fjella og midnattssola

L I N E N AG E L L Y LV I S Å K E R

VERDA MI SMELTAR

og fekk fridom gjennom eiga bjørnerifle. Å LEVE MED KLIMAENDRINGAR

Våren 2019 hadde Longyearbyen vore

PÅ SVALBARD

varmare enn normalen meir enn åtte år i strekk. Dei første åra merka ikkje Nagell Ylvisåker endringane, men frå 2015 skjedde det noko. Snøen dundra ned frå fjellet Sukkertoppen, og ei to år gamal jente og ein familiefar døydde. Det gjekk jordskred, og hus vart evakuerte då jorda sprakk opp etter kraftige regnvêr. Line Nagell Ylvisåker har

dokumentar | ISBN: 9788234002311

ISBN 978-82-34002-31-1 PRIS KR 349,- | UTG. MARS

e-bok | ISBN: 9788234002328 PRIS KR 240,- | UTG. MARS

bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar, kalla plassen for heime, men brått tok ho seg i å bli uroleg når det vart varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer i hennar kjære Longyearby?

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 3 1 1

9 788234 002311

På leit etter svar snakkar ho med venninna og skredvarslaren som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker klimaforskarar og ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg. Ho reiser ut på tokt med han som

line nagell ylvisåker (f. 1982) kjem frå Sogndal.

truleg var den første som såg at djuphavet vart

Ho er utdanna journalist og arbeidde frå 2005 til 2018

systematisk oppvarma, møter tre isbjørnar på

i Svalbardposten.

fottur med ungane, jaktar på fossil og følgjer sikringa og flyttinga av hus i Longyearbyen. Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leva midt i klimaendringane.

37


38


BARN OG UNGE

39


3–6 år

HILDE MYKLEBUST OG AKIN DUZAKIN

YLVA OG VILLGEITENE Poetisk om modig jente i naturen Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer havørna. Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane.

ISBN 978-82-52199-32-1 biletbok | ISBN: 9788252199321 PRIS KR 279,- | UTG. FEBRUAR

Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine? Ylva og villgeitene er ei forteljing om å prøve å vere modig når nokon treng hjelp, men

9 7 8 8 2 5 2 1 9 9 3 2 1

9 788252 199321

også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.

hilde myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho har etablert seg blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg. Ho har også skrive to bøker for barn: Bildeboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik, i 2009 og diktsamlinga Bjørkebokstavar, illustrert av Tone Lileng, i 2015. akin duzakin (f. 1961) er prislønt illustratør og barnebokforfattar. Han har vunne Brageprisen to gonger med bildebøker utgitt på Samlaget og har blitt tildelt Kulturdepartementets premie for illustrerte bøker for barn og ungdom.

40


6–9 år

TOR ARVE RØSSLAND

ABSOLUTT PODE Samleutgåve med dei to populære Pode-bøkene Tor Arve Røsslands bøker om Pode er moderne barnebokklassikarar som har blitt svært populære. No kjem dei i ei flott samleutgåve i høve Røsslands 20-årsjubileum som forfattar. Her får du dei fire første Pode-bøkene: Pode, Pode mister fotfestet, Pode får snue og AntiPode. I tillegg inneheld samleutgåva to nye Pode-forteljingar illustrert av Øyvind Torseter. Bøkene om Pode er underfundige og morosame og var med på å etablere Røssland som ein populær barnebokforfattar. I Pode må

samlebok | ISBN: 9788234002076 ISBN 978-82-34002-07-6 PRIS KR 299,- | UTG. FEBRUAR

seksåringen Pode og familien ete opp middagen

e-bok | ISBN: 9788234002083

sin for at det skal bli fint vêr dagen etterpå.

PRIS KR 199,- | UTG. FEBRUAR

I Pode mister fotfestet finn vi ut kva som skjer når ein mister alle dei fire framtennene samstundes. I Pode får snue får Pode høysnue. I tillegg er nokon ute etter han. I den fjerde boka, Anti-Pode, skal Pode feire jul. Faren skal

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 0 7 6

9 788234 002076

bake femti sortar julekaker, og mora skal syngje femti julesongar. Men Pode, han har det ikkje bra i det heile.

tor arve røssland (f. 1971) er nominert til Uprisen heile fem gongar. Han er kanskje mest kjent for grøssarserien Svarte-Mathilda. Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad og er no busett på Halhjem i Os.

41


6–9 år

BOK 1

RUTH LILLEGRAVEN OG JENS KRISTENSEN

KLODEKLUBBEN DEI SVARTE SVANENE Dramatisk jakt på miljøskurkar

Ny spenningsserie for barn!

Ein båt krasjar i kaia utanfor fabrikken. Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesøl i fjorden, og dei kvite svanene har fått svart olje på seg. Stammar olja frå båten, eller forureiner nokon fjorden med vilje? Kan det vere den rike fabrikkeigaren som kvittar seg med olja? Eller er det den mystiske

ISBN 978-82-52198-74-4 barnebok | ISBN: 9788252198744

PRIS KR 199,- | UTG. MAI

e-bok | ISBN: 9788252198751 PRIS KR 149,- | UTG. MAI

assistenten hans, Luke, som står bak? Når ingen vaksne trur på det Vanja, Sivert og Mo fortel, må Klodeklubben ta saka i eigne hender. Dei svarte svanene er første bok i

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 7 4 4

9 788252 198744

Klodeklubben – ein heilt ny spenningsserie om miljø og klima for barn i alderen 6-9 år, skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen. I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter

ruth lillegraven (f. 1978) har sidan debuten

miljøskurkar.

i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, både for barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar. No er Ruth Lillegraven aktuell med ein ny detektivserie for barn om klima og miljø. Serien om Klodeklubben er illustrert av Jens Kristensen.

42

Bok nr. 2 kjem samtidig, mens bok nr. 3 kjem hausten 2020.


6–9 år

BOK 2

RUTH LILLEGRAVEN OG JENS KRISTENSEN

KLODEKLUBBEN HYTTA SOM FORSVANN På garden der Vanja bur, er dyra nett sleppte ut på beite. Men så blir fleire av dei sjuke. Samtidig skjer det noko med den tomme hytta i skogen, der Vanja og Sivert alltid har leika. Ein dag blir ho riven, og søppelet flyt rundt i naturen. Kven er det som riv gamle hytter og bygger nye? Og kven er det som kastar frå seg avfall som dyra tar skade av? Hytta som forsvann er andre bok i Klode­ klubben – ein heilt ny spenningsserie om miljø og klima for barn i alderen 6-9 år, skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen. Første bok, Dei svarte svanene, blir utgitt samtidig som Hytta som forsvann. Bok nr. 3 i serien kjem hausten 2020.

barnebok | ISBN: 9788252199161 ISBN 978-82-52199-16-1 PRIS KR 199,- | UTG. MAI

e-bok | ISBN: 9788252199178 PRIS KR 149,- | UTG. MAI

9 7 8 8 2 5 2 1 9 9 1 6 1

9 788252 199161

I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.

ruth lillegraven (f. 1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, både for barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar. No er Ruth Lillegraven aktuell med ein ny detektivserie for barn om klima og miljø. Serien om Klodeklubben er illustrert av Jens Kristensen.

43


fenGjande

r øke b s e nnskap. t tl seku e e l l g ro e s

er an de te re s

G

e historier d o

sj a Un ng s in e der a haldande og rn a ab som er tilpass

Samlagets LEsELaNd for barn som lærer å lese er laga for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar. Du kan også lese bøkene i Leseland­appen, som du kan laste ned på lesebrett.

LE SE L AN D for barn som lærer å lese

44

NIVÅ EIN Ny I LEsELaNd

NIVÅ TO KOm I gaNg

NIVÅ TRE LEsEVENNEN

NIVÅ FIRE LEsEpROFFEN

Bøkene eignar seg for barn som nett har begynt å lære å lese.

Bøkene eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder.

Bøkene eignar seg for barn som les, men som enno ikkje er uthaldande i lesinga.

Bøkene eignar seg for barn som les og begynner å bli uthaldande i lesinga.

Bøkene har lita tekstmengd og mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta. Barna lærer å lese både tekst og bilete.

Tekstmengda aukar litt. Bøkene har framleis mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta.

Tekstmengda aukar, og lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel for å skape pausar i lesinga. Bøkene har illustrasjonar på kvar side.

Tekstmengda aukar, og historiene er meir komplekse. Lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel med illustra­ sjonar på kvar side.

Enkel og kort tekst, korte setningar, 5–10 ord per side.

Enkel og kort tekst, korte setningar, 15–25 ord per side.

Korte tekstar, korte til middels lange setningar, 30–50 ord per side.

Middels lange tekstar, middels lange setningar, 70–90 ord per side.


tem

a

l let t

på te r e as g å b f a r in v i n r e e le s le s e e r s fi rna ba pa r riftty y ten k s e n s fl le t t le e m ja r le s e r f m so tilpassa innhald, tekstmengd og ordforråd

spr ek e, illustr fargerike a sj o n a r f or b å og le de lesefl i se s v ake b nke f or a rn b og j å de gu t ar ent e r

esen tek st


leseland

HANNE SIGBJØRNSEN (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? BÆSJ Visste du at eit menneske bæsjar eit heilt badekar med bæsj kvart år? Og visste du at tjukktarmen er over ein meter lang? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om bæsj. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Hanne Sigbjørnsen.

ISBN 978-82-34001-38-3

Visste du at ...? BÆSJ er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å

lettlesbok | ISBN: 9788234001383

lese. Dette er gode historier med enkel tekst

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 3 8 3

9 788234 001383

hanne sigbjørnsen (f. 1989) er ein norsk teikneserieskapar, også kjent som «Tegnehanne».

46


leseland

HANNE SIGBJØRNSEN (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? HÅR Visste du at vi har mellom 100 000 og 150 000 hår på hovudet? Og visste du at håret strekker seg ut når det blir vått? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om hår. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Hanne Sigbjørnsen. Visste du at ...? HÅR er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å

ISBN 978-82-34001-40-6

lese. Dette er gode historier med enkel tekst

lettlesbok | ISBN: 9788234001406

og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

stimulere og inspirere ferske lesarar. 9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 4 0 6

9 788234 001406

hanne sigbjørnsen (f. 1989) er ein norsk teikneserieskapar, også kjent som «Tegnehanne».

47


leseland

HANNE SIGBJØRNSEN (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? BLOD Visste du at blodet fraktar mat ut til heile kroppen? Og visste du at vaksne har mellom 4 og 6 liter blod i kroppen? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om blod. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Hanne Sigbjørnsen.

ISBN 978-82-34001-42-0

Visste du at ...? BLOD er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å

lettlesbok | ISBN: 9788234001420

lese. Dette er gode historier med enkel tekst

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 4 2 0

9 788234 001420

hanne sigbjørnsen (f. 1989) er ein norsk teikneserieskapar, også kjent som «Tegnehanne».

48


leseland

KRISTOFFER KJØLBERG (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? BÅT Visste du at den første båten blei laga for om lag 10 000 år sidan? Og visste du at det finst båtar som kan køyre heilt sjølve? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om båten. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Kristoffer Kjølberg. Visste du at ...? BÅT er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å

ISBN 978-82-34001-34-5

lese. Dette er gode historier med enkel tekst

lettlesbok | ISBN: 9788234001345

og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

stimulere og inspirere ferske lesarar. 9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 3 4 5

9 788234 001345

kristoffer kjølberg (f. 1980) er illustratør, designar og teikneserieskapar. Han er ein del av teikneseriekollektivet Dongery.

49


leseland

KRISTOFFER KJØLBERG (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? BIL Visste du at det finst over ein milliard bilar i verda? Og visste du at det ville teke seks månader å køyre bil til månen? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om bilen. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Kristoffer Kjølberg.

ISBN 978-82-34001-32-1

Visste du at ...? BIL er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å

lettlesbok | ISBN: 9788234001321

lese. Dette er gode historier med enkel tekst

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 3 2 1

9 788234 001321

kristoffer kjølberg (f. 1980) er illustratør, designar og teikneserieskapar. Han er ein del av teikneseriekollektivet Dongery.

50


leseland

KRISTOFFER KJØLBERG (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? FLY Visste du at maten smakar annleis i fly? Og visste du at det første motorflyet i verda blei laga av to brør? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om flyet. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Kristoffer Kjølberg. Visste du at ...? FLY er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å

ISBN 978-82-34001-36-9

lese. Dette er gode historier med enkel tekst

lettlesbok | ISBN: 9788234001369

og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

stimulere og inspirere ferske lesarar. 9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 3 6 9

9 788234 001369

kristoffer kjølberg (f. 1980) er illustratør, designar og teikneserieskapar. Han er ein del av teikneseriekollektivet Dongery.

51


leseland

ANNA FISKE (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? MARK Visste du at marken pustar gjennom huda? Og visste du at marken kan leve i vatn i mange dagar? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om marken. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna Fiske.

ISBN 978-82-34001-30-7

Visste du at ...? MARK er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å

lettlesbok | ISBN: 9788234001307

lese. Dette er gode historier med enkel tekst

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 3 0 7

9 788234 001307

anna fiske (f. 1964) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har vunne ei rekkje prisar for arbeida sine.

52


leseland

ANNA FISKE (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? MAUR Visste du at det kan bu fleire millionar maurar i ei tue? Og visste du at ei tue kan bli over to meter høg? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om mauren. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna Fiske. Visste du at ...? MAUR er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å

ISBN 978-82-34001-28-4

lese. Dette er gode historier med enkel tekst

lettlesbok | ISBN: 9788234001284

og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

stimulere og inspirere ferske lesarar 9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 2 8 4

9 788234 001284

anna fiske (f. 1964) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har vunne ei rekkje prisar for arbeida sine.

53


leseland

ANNA FISKE (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? MYGG Visste du at myggen har venger som kan slå 500 gonger i sekundet? Og visste du at stankelbein er ein mygg? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om myggen. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna Fiske. Visste du at ...? MYGG er ein del av Samlagets

ISBN 978-82-34001-26-0

lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst

lettlesbok | ISBN: 9788234001260

og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

stimulere og inspirere ferske lesarar.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 2 6 0

9 788234 001260

anna fiske (f. 1964) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har vunne ei rekkje prisar for arbeida sine.

54


leseland

ANNA R. FOLKESTAD (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? GODTERI Visste du at verdas største tyggisboble vart 50,8 cm? Og visste du at tyggis bruker ti år på å brytast ned i naturen? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om godteri. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna R. Folkestad. Visste du at ...? GODTERI er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som

ISBN 978-82-34001-44-4

lærer å lese. Dette er gode historier med enkel

lettlesbok | ISBN: 9788234001444

tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

å stimulere og inspirere ferske lesarar. 9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 4 4 4

9 788234 001444

anna r. folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, som kom på russisk i 2012. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser.

55


leseland

ANNA R. FOLKESTAD (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? SUSHI Visste du at wasabi er ein plante som veks i Japan? Og visste du at ein sushikokk i Japan må gå på skule i sju år? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om sushi. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna R. Folkestad.

ISBN 978-82-34001-48-2

Visste du at ...? SUSHI er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å

lettlesbok | ISBN: 9788234001482

lese. Dette er gode historier med enkel tekst

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 4 8 2

9 788234 001482

anna r. folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, som kom på russisk i 2012. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser.

56


leseland

ANNA R. FOLKESTAD (ILLUSTRATØR)

VISSTE DU AT ...? TACO Visste du at tacoen kom til Noreg i 1965? Og visste du at den største tacoen i verda var 40 meter lang? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om taco. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna R. Folkestad. Visste du at ...? TACO er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å

ISBN 978-82-34001-46-8

lese. Dette er gode historier med enkel tekst

lettlesbok | ISBN: 9788234001468

og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

stimulere og inspirere ferske lesarar. 9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 4 6 8

9 788234 001468

anna r. folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, som kom på russisk i 2012. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser.

57


leseland

LARS MÆHLE OG MONICA EGELI

GJETT ORDET MED LURIVAR ANDRE ORD Bli med Lurivar på ordjakt Lurivar er ein nysgjerrig og utspekulert ordspion. No tenker han på eit nytt ord. Det finst ikkje i havet, men berre på jorda. Det kan vere både inne og ute. Det er noko alle dyr og alle menneske treng. Men det er ikkje mat.

ISBN 978-82-34000-35-5

Kva kan det vere?

lettlesbok | ISBN: 9788234000355

Gjett ordet med Lurivar. Andre Ord er bok 2 om

PRIS KR 179,- | UTG. JANUAR

ordspionen Lurivar.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 3 5 5

9 788234 000355

lars mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen. monica egeli er illustratør og kunstnar.

58


ungdom

SELMA LØNNING AARØ

BERGTATT Grøss og gru i underverda I den nye klassen til Leo sit ei jente for seg sjølv heilt bakarst. Ho har grøne augo. Det er noko med augo som gjer at han heile tida lengtar etter henne. Kven er ho? Kvifor går ho kledd så annleis, og kvifor luktar ho myr og skog? I fleire generasjonar har ungdommar forsvunne på mystisk vis i bygda. Og når Leo står i vindauga på rommet sitt, ser han rett inn i eit skogholt. Kva skjuler seg der? Snart viser det seg at jenta med dei grøne augo også er interessert i Leo. Men før han kan få henne, må han gjere noko grufullt, noko som vil endre han for alltid.

roman | ISBN: 9788234002021

ISBN 978-82-34002-02-1 PRIS KR 249,- | UTG. APRIL

Bergtatt er ei ny bok i Grøss og gru-serien, eit

e-bok | ISBN: 9788234002038

samarbeid med Leser søker bok.

PRIS KR 159,- | UTG. APRIL

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 0 2 1

9 788234 002021

selma lønning aarø (f. 1972) kjem frå Stord i Hordaland. Ho debuterte med Den endelige historien i 1995 og har skrive fleire bøker for vaksne og barn.

59


ungdom

SIGRID AGNETHE HANSEN

SER DU DETTE? Sterk debut om nakenbilete på avvegar Anna har flytta til ein ny stad. Men eit rykte kan reise fortare enn ein bil kan køyre. Eit rykte bryr seg verken om kilometer, fart eller reiserute. Eit rykte vil berre fort fram. Og det vil nå så mange som mogleg. Anna har reist frå eit rykte. Ho må starte på nytt. Med ny skule og nye venner. Korleis klarer ho å handtere det nye livet når ho heile tida fryktar at fortida skal avsløre henne? Ser du dette? handlar om Anna og eit roman | ISBN: 9788234001802

ISBN 978-82-34001-80-2 PRIS KR 249,- | UTG. MARS

nakenbilete som blir spreidd på nettet. Om å gi hjartet sitt til ein som tråkkar det i tusen

e-bok | ISBN: 9788234001819

knas. Om å vere 15 år og tore å stole på nokon

PRIS KR 159,- | UTG. MARS

igjen.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 8 0 2

9 788234 001802 Debutant sigrid agnethe hansen (f. 1989) er programleiar og produsent i NRK Troms. Ser du dette? er hennar første bok.

60


ungdom

ANN HELEN KOLÅS INGEBRIGTSEN

SINNE ADHD, forelsking og vennskap 15 år gamle Synne har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen. Heldigvis har Synne bestevennen Torunn. Men to nye elevar i klassen skapar problem: Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgarar på Instagram, og mystiske og pene Johan, som må ha O'boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag. roman | ISBN: 9788234002151

ISBN 978-82-34002-15-1 PRIS KR 279,- | UTG. APRIL e-bok | ISBN: 9788234002168 PRIS KR 159,- | UTG. APRIL

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 1 5 1

9 788234 002151 Debutant ann helen kolås ingebrigtsen (f. 1980) kjem frå Valderøya i Giske kommune. Ho arbeider som norsklærar i vidaregåande skule.

61


ungdom

EILI HARBOE

TRE METER MED KNIV Sterk debut om å vere kjærast, dotter og syster Lykke vil bli halden rundt av Simeon i symjehallen. Ho ønskjer å bli sett av ei sjuk mor. Ho prøver å vere grei med fostersystera Lena. Men Simeon, som kan vere så snill, kan også vere slem. Og mor, som kan vere så morosam, kan også vere langt borte. Og kva er det med Lena, som av og til er heilt, heilt stille? Tre meter med kniv handlar om å vere forelska, om å vere ei dotter, ei syster, men heile roman | ISBN: 9788252198096

ISBN 978-82-52198-09-6 PRIS KR 249,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788252198102 PRIS KR 159,- | UTG. MAI

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 0 9 6

9 788252 198096 Debutant

eili harboe (f. 1994) er frå Stavanger. Ho har bachelorgrad i engelsk litteratur frå UiS og bachelorgrad i kunsthistorie frå UiO. Harboe fekk det store gjennombrotet som skodespelar med hovudrolla i filmen Thelma (2017). Tre meter med kniv er hennar første bok.

62

tida vere på vakt, heile tida kjempe mot tårene, heile tida lengte, heile tida oppleve at kjenslene svir.


63


64


HØGARE UTDANNING

65


høgare utdanning

ÅSE NYLENNA AKSLEN OG RANDI MOE

BARNEHAGE­ PEDAGOGIKK

EI INNFØRING FOR STUDENTAR Filosofar og tenkarar har opp gjennom tida gitt uttrykk for ulike syn på barn, oppseding og danning og skapt eit grunnlag for dagens barnehagepedagogikk. Denne boka gir ei innføring i sentrale emne innanfor barnehagepedagogikk og viser til nokre av grunnleggarane på feltet. Pedagogikkfaget har i seg element frå tradisjonar, til dømes innanfor psykologi, sosiologi og filosofi. Første delen av boka inneheld ein gjennomgang av nokre av høgare utdanning | ISBN: 9788252195637

ISBN 978-82-52195-63-7 PRIS KR 449,- | UTG. MARS e-bok | ISBN: 9788234001154 PRIS KR 379,- | UTG. MARS

dei tenkarane som har betydd mest for barnehagepedagogikken. I andre delen av boka drøftar forfattarane sentrale spørsmål som handlar om

9 7 8 8 2 5 2 1 9 5 6 3 7

9 788252 195637

omsorg, barns leik, læring og danning med særleg ansvar for å ivareta profesjonsperspektivet. Boka har relevans for barnehagekvardagen både i notid og framtid og viser dei ulike forgreiningane innanfor barnehagepedagogikken.

åse nylenna akslen og randi moe er førstelektorar ved Høgskulen på Vestlandet og underviser i barnehagelærarutdanninga.

66


høgare utdanning

GEIR SVERRE BRAUT OG KJELL ARNE AARHEIM

INNFØRING I HELSEPOLITIKK FOR SJUKEPLEIE OG HELSEFAG Helsepersonell må kjenne rammene dei arbeider innanfor. Denne boka gir ei brei innføring i norsk helsepolitikk og samspelet mellom samfunnet og helsetenesta. Ho syner korleis politikken blir utforma og gjennomført i praksis, og korleis helsetenesta er organisert, styrt og finansiert. Forfattarane forklarer politiske prosessar på sentralt hald og viser korleis dei påverkar tenesteytinga. Helsetenesta slik vi møter henne i dag, blir også sett inn i ein historisk og internasjonal samanheng, og demografiske og organisatoriske utfordringar

høgare utdanning | ISBN: 9788234001062

ISBN 978-82-34001-06-2 PRIS KR 399,- | UTG. APRIL e-bok | ISBN: 9788234001079 PRIS KR 339,- | UTG. APRIL

blir behandla i eigne kapittel. Avslutningsvis blir medverknaden frå brukarane og frå dei tilsette drøfta. Boka eignar seg som lærebok i helsepolitikk

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 0 6 2

9 788234 001062

for bachelorstudentar i ulike helsefag og som innføringsbok for mastergradstudentar som treng ei kort oppdatering i emnet.

geir sverre braut (f. 1955) er seniorrådgjevar ved Stavanger universitetssjukehus og professor i samfunnstryggleik ved Universitetet i Stavanger og i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet. Braut er utdanna lege og spesialist i samfunnsmedisin. Han har hatt ei rekkje stillingar i helseforvaltninga, mellom anna som fylkeslege i Rogaland og assisterande direktør i Statens helsetilsyn. kjell arne aarheim (f. 1958) er førstelektor ved Fakultet for helsefag, VID Bergen. Aarheim er sjukepleiar, intensivsjukepleiar og cand.polit. i helsefag og har mangeårig praksis som sjukepleiar og leiar i sjukeheim og heimesjukepleie. Han har mellom anna vore redaktør og forfattar av ei lærebok om heimesjukepleie.

67


høgare utdanning

KARL ELLING ELLINGSEN, LARS RUNE HALVORSEN OG EINAR AADLAND

PROFESJONSETIKK I VERNEPLEIE Som vernepleiar må ein balansere mange omsyn, og handtere krysspress frå fleire aktørar. Brukarar skal behandlast med respekt og omsorg, ein skal samarbeide godt og effektivt med andre profesjonar og sikre høg kvalitet i eigen profesjonell praksis. I slike situasjonar kan ulike krav og forventningar ofte komme i konflikt med kvarandre. Dette er utgangspunktet for denne innføringsboka i profesjonsetikk i vernepleie. høgare utdanning | ISBN: 9788234001840

ISBN 978-82-34001-84-0 PRIS KR 329,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234001857 PRIS KR 279,- | UTG. MAI

I første delen av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt; etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. I andre delen ser ein på vernepleiarrolla, kva normer og verdiar som ligg til grunn, og kva utfordringar og

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 8 4 0

9 788234 001840

problemstillingar som pregar arbeidskvardagen. Her står sjølvbestemming og avgjerdsstøtte sentralt, men også problemstillingar rundt krysskommunikasjon, konflikthandtering og det å tale saka til den svake parten blir grundig behandla. Avslutningsvis blir forskingsetikk

karl elling ellingsen (f. 1955) er professor ved Avdeling for Institutt for psykisk helse (IPH), NTNU og leiar av Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU). lars rune halvorsen (f. 1979) er førstelektor ved Avdeling for helse- og velferdsfag ved Høgskolen i Østfold. einar aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

68

behandla i eit eige kapittel.


høgare utdanning

PEDER HAUG

SPESIALUNDERVISNING INNFØRING FOR STUDENTAR

Kva treng lærarar å vite om spesial­under­ visning? Kva handlar spesial­undervisninga om, og korleis fungerer ho? Boka gir eit historisk overblikk over spesialundervisninga, korleis ho blei til, kva formål ho har, og korleis organiseringa har endra seg. Forfattaren tek utgangspunkt i komplementaritetsteorien, som går ut på at når den ordinære opplæringa er god, er behovet for spesielle tiltak lite, medan behovet for spesielle tiltak aukar når den ordinære opplæringa er mindre god. Studentane får ei innføring i kva teoretisk grunnsyn som ligg til grunn for spesialundervisninga, og korleis dette har endra spesialundervisninga over tid. Vidare

høgare utdanning | ISBN: 9788234002397

ISBN 978-82-34002-39-7 PRIS KR 299,- | UTG. APRIL e-bok | ISBN: 9788234002403 PRIS KR 249,- | UTG. APRIL

går forfattaren gjennom kva vi veit om korleis spesialundervisninga fungerer i dag, kva vi veit om dei elevane som får spesialundervisning, og kva utbytet er for elevane.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 3 9 7

9 788234 002397

Boka er skriven spesielt for lærarstudentar og lærarar.

peder haug er professor emeritus i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda. Han har arbeidd ved Høgskulen i Volda sidan 1976, men med lengre engasjement ved Senter for barneforsking NTNU, Noregs forskingsråd, Universitetet i Stavanger, Skolverket i Sverige og Uppsala Universitet. Han har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om tema som gjeld barnehage, skule, lærarutdanning og spesialundervisning.

69


høgare utdanning

IDA LARSSON, ÅSHILD SØFTELAND OG URD VINDENES

PRAKTISK GRAMMATIKK Praktisk grammatikk er ei bok med øvingsoppgåver i grammatikk skriven for studentar på innføringskurs i norsk grammatikk. Boka er delt opp i kapittel etter ulike grammatiske tema, som semantikk, syntaks, fonologi og morfologi. Kvart kapittel har ein kort gjennomgang av reglane og teoriane i dette emnet. Oppgåvene er varierte både i type og vanskegrad, og bruker mange autentiske

ISBN 978-82-52199-39-0 høgare utdanning | ISBN: 9788252199390 PRIS KR 289,- | UTG. JUNI

døme frå norsk prosa. Det er utfyllande løysingsforslag til alle oppgåvene. Øvingane følgjer i all hovudsak terminologien i Norsk referansegrammatikk og kan brukast saman med ulike læremiddel i grammatikk.

9 7 8 8 2 5 2 1 9 9 3 9 0

9 788252 199390

ida larsson (f. 1977) er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho har forska på grammatikk, språkhistorie og dialektvariasjonar i Norden. Ho driv også med nordisk arvespråk i Amerika. åshild søfteland (f. 1979) er førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold. Ho underviser i grammatikk, dialektologi og språkhistorie i lærarutdanningane og forskar på talespråksvariasjon i norsk og nordisk innanfor grammatikk og pragmatikk. urd vindenes (f. 1988) er førsteamanuensis i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho har skrive doktoravhandling om norske demonstrativ og interesserer seg særleg for grammatiske konstruksjonar i talespråket og mekanismane bak språklege endringar.

70


høgare utdanning

BENTE OHNSTAD

JUSS I SJUKEPLEIE OG HELSEFAG Dette er ei grunnleggande innføringsbok i helserett for sjukepleiarar. Boka gir oversikt over regelverket som gir rammene for sjukepleiefagleg arbeid, og over kva desse reglane inneber i praksis. Etter ei kort innføring om ulike normer, rettsstat, velferdsstat og menneskerettane, tar forfattaren for seg reglane som gjeld ved utøving av sjukepleiaryrket. Sentrale føresegner i mellom anna helsepersonellova, pasient- og brukarrettslova og psykisk helsevernlova vert gjennomgått. Kravet til forsvarleg yrkesutøving, grenser for bruk av tvang, kravet til journalføring, informasjonsbehandling og teieplikt blir behandla og sett i lys av prinsipp som pasientautonomi og rettstryggleik. Her

høgare utdanning | ISBN: 9788234001048

ISBN 978-82-34001-04-8 PRIS KR 389,- | UTG. JULI e-bok | ISBN: 9788234001055 PRIS KR 329,- | UTG. JULI

blir også krav til medverknad – også for barn og unge – gjennomgått. Plikter for sjukepleiarar og anna helsepersonell heng nøye saman med rettar for pasientane.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 0 4 8

9 788234 001048

Pasientar har rettar både vis-a-vis sjukepleiarar og anna helsepersonell, men også vis-a-vis verksemder som er ansvarlege for tenestene. Difor vert også plikter for eigarar og dei som er ansvarlege for organisering og drift av helsetenestene, gjennomgått, sidan dette vedkjem rettane til pasientane og kan avgrensa ansvaret til fagpersonellet.

bente ohnstad (f. 1953) er jurist, advokat og førsteamanuensis i rettsvitskap ved Høgskolen i Innlandet, Lillehammer. Ohnstad har brei erfaring frå offentleg forvaltning, undervisning, utgreiing, forsking og leiing. Ho har publisert fleire fagbøker og artiklar innanfor rettsområda forvaltningsrett, velferdsrett og helserett, skrive NOU 1993:33 om helsepersonell sine rettar og plikter og leia arbeidet med Ot.prp. nr. 13 (1998–99): Om lov om helsepersonell.

71


høgare utdanning

BIRTE SIMONSEN

ETIKK FOR BARNEHAGELÆRARAR Det finst mange kryssande krav og forventningar til korleis ein barnehagelærar skal utøve yrket sitt. Denne boka handlar nettopp om korleis ein kan finne fram til best mogleg handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg. Forfattaren drøftar situasjonar og etiske dilemma ein barnehagelærar kan komme opp i . Innleiinga i boka gir ein gjennomgang av relevante etiske omgrep for barnehagelærarprofesjonen, etisk medvit i høgare utdanning | ISBN: 9788234002410

ISBN 978-82-34002-41-0 PRIS KR 299,- | UTG. FEBRUAR e-bok | ISBN: 9788234002427 PRIS KR 249,- | UTG. FEBRUAR

kvardagen og ein gjennomgang av eit utval etiske teoriar. Boka legg vekt på å veksle mellom praktiske casar og gjennomgang av teoretisk stoff. Etiske omgrep og teoriar blir forklarte og drøfta med utgangspunkt i eksempel frå barnehagekvardagen. Tema som blir behandla,

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 4 1 0

9 788234 002410

birte simonsen (f. 1948) er pensjonert lærarutdannar ved Universitetet i Agder. Ho har vore leiar av og undervist i pedagogikk og spesialpedagogikk i barnehagelærar- og lærarutdanning. Ho har leia det etiske rådet til lærarprofesjonen og vore med i den nasjonale følgjegruppa for barnehagelærarutdanning.

72

er mellom anna profesjonell integritet, tilhøvet mellom dei ulike yrkesgruppene i barnehagen, barn sin rett til medverknad, rettferd i fordeling av tid og den profesjonsetiske plattforma.


høgare utdanning

TORILL STEINFELD OG BENTE AAMOTSBAKKEN

KANON

LITTERATURUTVAL, KANONISERING OG LESEMÅTAR I NORSKFAGET I denne boka viser forfattarane korleis litteraturutvalet har endra seg og variert så lenge morsmålsfaget har eksistert, frå oppstarten rundt 1801 og til dei siste læreplanrevisjonane i 2013. Norskfaget blei til i ei tid da samfunnsdebatten mellom anna handla om nasjonsbygging, oppseding til demokrati og medborgarskap, danningsideal og språk og språkutvikling i Noreg. Korleis litteraturutvalet og lesemåtane i skulen har endra seg, blir sett i samanheng med samfunnet skulen er ein del av, og mange av dei tidlegare debattane er relevante også for vår tid.

fagbok | ISBN: 9788252198157

ISBN 978-82-52198-15-7 PRIS KR 359,- | UTG. APRIL e-bok | ISBN: 9788234001130 PRIS KR 299,- | UTG. APRIL

Framstillinga drar vekslar på nyare teori om kanonisering og tek mellom anna for seg kva kriterium som ligg til grunn for tekstutvala og lesemåtane som pregar dei ulike læreplanane.

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 1 5 7

9 788252 198157

torill steinfeld (f. 1948) er professor emeritus i nordisk litteratur og norskdidaktikk ved Universitetet i Oslo. bente aamotsbakken (f. 1948) er professor emeritus i tekstvitskap ved Universitetet i SøraustNoreg.

73


høgare utdanning

OLA SVEIN STUGU

DEN ANDRE VERDSKRIGEN I NORSK MINNEKULTUR Den andre verdskrigen er ikkje ferdig fortid, men eit høgst levande tema i samtidskulturen. Krigen er godt eigna som grunnlag for å diskutere allmenne verdispørsmål og moralske dilemma, men kva som har vorte sett som viktig å fortelje og diskutere om krigen, forandrar seg etter som nye spørsmål blir aktuelle. Ettertida brukar kort sagt krigen for å forstå og påverke eiga samtid betre. Denne boka dreg opp hovudlinjene i korleis den andre verdskrigen har vorte hugsa, høgare utdanning | ISBN: 9788252194807

ISBN 978-82-52194-80-7 PRIS KR 249,- | UTG. JUNI e-bok | ISBN: 9788234001598 PRIS KR 209,- | UTG. JUNI

forstått og framstilt i norsk etterkrigstid. Hovudperspektivet er korleis minnet om krigen har vorte teke vare på og utvikla seg i norsk offentlegheit. Den faghistoriske litteraturen og debatten går inn i dette biletet, men er berre ein del av det. Somme tema og perspektiv, framfor

9 7 8 8 2 5 2 1 9 4 8 0 7

9 788252 194807

alt motstandskampen og kven som var vener og fiendar, har vore godt synlege heile tida. Andre, som lenge låg i skuggen, vart langt seinare ein viktig del av debatten. Lagnaden til dei norske jødane er eitt slikt tema. Kan ein tale om heilt nye perspektiv på krigen, eller er det berre den

ola svein stugu (f. 1947) er professor emeritus

etablerte heimefrontforteljinga som har vorte

ved Institutt for historiske studium ved NTNU.

utvida og nyansert?

Han har særleg arbeidd med by- og regionhistorie og historiedidaktikk og har mellom anna skrive Kunnskapsbyen. Trondheims historie (1997), Historie i bruk (2008) og Norsk historie etter 1905 (2018).

74


75


76


NYE TANKAR SKARPE PENNAR MEIR Å LESE Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1984. Syn og Segn er eit av få tidsskrift på nynorsk og ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet. Tidsskriftet er både eit korrektiv og eit supplement til kulturdekninga i norske medium. Det gjer Syn og Segn til eit av dei viktigaste tidsskrifta i Noreg. Velkommen som ny lesar! Knut Aastad Bråten redaktør Bli abonnent her: synogsegn/abonnement

- SYN OG SEGN RETT I POSTKASSA – FIRE GONGER I ÅRET - 432 SIDER SAKPROSA KVART ÅR - BØKER FRÅ SAMLAGET TIL REDUSERTE PRISAR

77


register FOTOREGISTER Oda Berby.................................................................. 8 Øyvind Eide...............................................................9 Kajsa Gullberg........................................................10 John Lucas................................................................14 Leyla Jeyte................................................................16 Jesse Dittmar...........................................................17 Tove Breistein.................... 18, 20, 33, 35, 40, 58 Ulla Montan............................................................19 Eivind Senneset.....................................................24 Tom A. Kolstad.......................................................25 Kristin Svanæs-Soot.............................................26 Marius Viken..........................................................27 Sara Berntsen...................................................32, 59 Marit Brennset.......................................................34 Oddleiv Apneseth.................................................36 Agnethe Brun..................................................42, 43 Sara Fiske.................................................. 52, 53, 54 Bodil Haga................................................ 55, 56, 57 Fabian Ubeda..........................................................60 Marthe Thu.............................................................62

78


79


FØLG OSS PÅ: twitter.com/samlaget facebook.com/samlaget instagram.com/detnorskesamlaget og abonner på nyheitsbrev på samlaget.no

Foto: Josefine Kjærstad

80


KONTAKT OSS Anne Liv Tresselt Sals- og marknadssjef M: 90 56 13 22 a.tresselt@samlaget.no Ann-Mari Volden Prosjektleiar backlist og Juleroser M: 951 12 358 a.volden@samlaget.no Karin Helgøy Kommunikasjonssjef M: 97 01 98 65 k.helgoy@samlaget.no Sara Olivia Berntsen Marknadskoordinator Kundeservice M: 952 73 488 s.berntsen@samlaget.no Katerina FutsÌter Vik Sals- og marknadskonsulent M: 93 05 77 23 k.vik@samlaget.no Mari Reinholt Aas Sals- og marknadskonsulent for barne- og ungdomsbøker M: 920 81 156 m.aas@samlaget.no

81


84

Profile for Det Norske Samlaget

Vårens bøker 2020  

Vårens bøker 2020