NYNORSK 171
VERB SVAKE VERB Vi skal sjå på to typar svake verb: e-verb og a-verb. Når vi skal slå opp eit verb i ordboka, må vi vite kva verbet heiter i infinitiv. I ordlista står det: lyse -te -te viser at dette er eit e-verb danse -a -a viser at dette er eit a-verb Slik bøyer vi e-verb: Infinitiv
Presens
Preteritum
Perfektum
å lyse å vurdere
lyser vurderer
lyste vurderte
har lyst har vurdert
A-verb endar på -ar i presens og -a i preteritum. Infinitiv
Presens
Preteritum
Perfektum
å danse å kaste
dansar kastar
dansa kasta
har dansa har kasta
E-verb eller a-verb? Finn ut kva du sjølv ville ha sagt! Dei verba som endar på -a eller -et i preteritum i bokmål, er alltid a-verb på nynorsk. Kva ville du ha sagt i preteritum ved verba vandre og notere? Bokmål
Verb-type
Nynorsk
vandra/vandret noterte
a-verb e-verb
vandra noterte
OPPGÅVE Bøy desse svake verba på nynorsk: dømme, hoppe, hente, leve, treffe, angre, gjere.