Havet Nesten tre firedelar av jordkloden er dekt av hav. Dyr og plantar som lever i havet, må tole det salte vatnet. La oss sjå på det som lever i dette økosystemet.
ORD Å FORSTÅ alge – plante som lever i havet tang og tare – store algar som veks på grunt vatn, nær land. Dei er festa til botnen med små røter. planteplankton – bitte små algar som driv fritt rundt i havet
ORD Å SNAKKE OM grunt, tidvatn, lågvatn, fotosyntese
Inntil land er det som regel ikkje djupare enn at vi kan sjå ned til botnen. Men langt til havs kan det vere veldig djupt. Så djupt at solstrålane ikkje når heilt ned til botnen. Då er det heilt mørkt på botnen, og det er nesten ingenting som kan leve der. Men på grunnare vatn er det eit yrande liv!
Planteliv i havet
Er det plantar i havet, spør du kanskje? Svaret er ja, det er mange plantar i havet. Dei heiter algar. Det er lett å vikle seg inn i tang og tare når du badar i saltvatn. Og det er mange bitte små algar som heiter planteplankton, som driv rundt i havet. Dei kan vere så små at du treng mikroskop for å sjå dei. Algane som er festa til botnen, som tang og tare, må tole at vatnet trekkjer i dei utan at dei losnar. Tidvatnet gjer at område heilt inntil land står tørre når det er lågvatn. Algar som veks her, må tole å stå både i vatn og på land. Algane er ikkje så kravstore, dei lagar maten sin sjølve gjennom fotosyntesen. Hugsar du kva plantane treng for å drive fotosyntese?
OPPGÅVE Tangen på biletet til venstre heiter blæretang. Teikn korleis du trur sagtang ser ut. Finn bilete av han etterpå. Liknar teikninga di?
18
NATURFAG 6 FRÅ CAPPELEN DAMM