3 minute read

Havet

ORD Å FORSTÅ

alge – plante som lever i havet

tang og tare – store algar som veks på grunt vatn, nær land. Dei er festa til botnen med små røter.

planteplankton – bitte små algar som driv fritt rundt i havet

ORD Å SNAKKE OM

grunt, tidvatn, lågvatn, fotosyntese

Nesten tre firedelar av jordkloden er dekt av hav. Dyr og plantar som lever i havet, må tole det salte vatnet. La oss sjå på det som lever i dette økosystemet.

Inntil land er det som regel ikkje djupare enn at vi kan sjå ned til botnen. Men langt til havs kan det vere veldig djupt. Så djupt at solstrålane ikkje når heilt ned til botnen. Då er det heilt mørkt på botnen, og det er nesten ingenting som kan leve der. Men på grunnare vatn er det eit yrande liv!

Planteliv i havet

Er det plantar i havet, spør du kanskje? Svaret er ja, det er mange plantar i havet. Dei heiter algar.

Det er lett å vikle seg inn i tang og tare når du badar i saltvatn. Og det er mange bitte små algar som heiter planteplankton, som driv rundt i havet. Dei kan vere så små at du treng mikroskop for å sjå dei.

Algane som er festa til botnen, som tang og tare, må tole at vatnet trekkjer i dei utan at dei losnar. Tidvatnet gjer at område heilt inntil land står tørre når det er lågvatn. Algar som veks her, må tole å stå både i vatn og på land.

Algane er ikkje så kravstore, dei lagar maten sin sjølve gjennom fotosyntesen. Hugsar du kva plantane treng for å drive fotosyntese?

OPPGÅVE

tangen på biletet til venstre heiter blæretang. teikn korleis du trur sagtang ser ut. Finn bilete av han etterpå. liknar teikninga di?

Kråkebollar kan suge seg fast til underlaget.

Dyreliv i havet

På botnen Dyr som lever på havbotnen nær land, må tole å bli trekte fram og tilbake av bølgjer. Nokre, som sjøstjerner og kråkebollar, har små føter som dei kan suge seg fast til botnen med. Fleire typar skjel og sniglar kan òg feste seg til botnen.

Fiskane sym rundt, men nokre av dei fiskane som lever på botnen, er heilt flate. Då kan dei gøyme seg for fiendar eller liggje på lur for å ete nokre smådyr.

Kva dyr har du sett under vatn?

ORD Å FORSTÅ

dyreplankton – små dyr som driv fritt rundt i havet

kril – lite krepsdyr som er viktig mat for fisk og kvalar bardar – det bardekvalane silar vatnet gjennom for å få i seg mat gjeller – organ som dyr som lever i vatn, pustar med

ORD Å SNAKKE OM

sjøstjerne, kråkebolle, skjel, snigel, kval, sel, gjeller

Fritt i vatnet Fiskar, kvalar og selar sym rundt i havet. Kroppane deira er lange og smale, og dei er flinke til å symje. Kvalar og selar må opp til overflata for å puste inn luft. Fiskane er alltid under vatn, og pustar med gjeller.

Det er òg mange små dyr i havet. Dei heiter dyreplankton og er viktig mat for større dyr. Kril er eit døme på dyreplankton.

Dette er kril. Desse bitte små krepsdyra er god mat for mange dyr i havet.

VISSTE DU AT

Nokre kvalar har bardar og ikkje tenner. Bardane ser ut som ein børste med stive hår som sit tett i tett. Desse kvalane gapar, sluker masse vatn, og silar så ut vatnet gjennom bardane. Så et dei fiskane eller dei bitte små krepsdyra som blir igjen i munnen når vatnet er sila ut.

This article is from: