Naturfag 5 frå Cappelen Damm Grunnbok (kap. 1)

Page 26

Å bruke modellar i naturfag Ein modell er ei forenkling av verkelegheita. I naturfag brukar vi modellar for å kunne vise eller forklare korleis ting heng saman. Utan at du kanskje har tenkt over det, brukar du modellar sjølv. No skal du lære meir om kva det er. Ein venn som ikkje går i klassen din, spør kvar i klasserommet du sit. Du teiknar opp klasserommet med pultane, tavla, dør og vindauga. Teikninga di er ein modell av klasserommet, ei forenkling av det verkelege klasserommet. Ved å sjå på teikninga kan vennen din enkelt forstå kvar i klasserommet du sit. Teikninga fortel likevel ikkje noko om fargen på veggen, luktene i rommet eller at golvet er slite. Dette viser at modellar kan vere nyttige, men at dei ikkje fortel alt. I naturen er det mange ting det er vanskeleg å forklare. Då kan modellar hjelpe oss med å få oversikt.

ORD Å FORSTÅ modell – forenkling av verkelegheita

ORD Å SNAKKE OM forenkle, organ


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.