1 minute read

Del med andre

Det siste punktet er å dele forskinga med andre. Det kan du gjere ved å skrive om det, lage ein plakat, ein presentasjon eller ein film. Dette kan du vise til læraren og dei andre i klassen.

Forskarar skriv ofte artiklar om forskinga si. Når det står ein artikkel i eit blad, seier vi at forskaren har publisert forskinga si.

Du kan også få publisert det du har funne ut. Kanskje i skuleavisa? I Aftenposten Junior? Eller i ein blogg eller på ein nettstad?

Kvart år arrangerer nysgjerrigper.no ein forskarkonkurranse for elevar på 1.–7. trinn. I denne nysgjerrigperkonkurransen kan de forske på kva de vil, og dei beste forskingsrapportane får pengepremie.

Det hender andre lurar på det same som du forska på. Då er det fint om du deler det du har funne ut, så kan dei jobbe vidare med forskinga.

ORD Å FORSTÅ

artikkel – ein tekst om eit aktuelt eller fagleg emne i ei avis, eit tidsskrift eller eit magasin publisere – gi ut ein tekst så mange andre kan lese han

ORD Å SNAKKE OM

forskingsrapport

VISSTE DU AT

albert Einstein er ein av dei mest kjende vitskapsmennene som har levd. Han var 16 år gammal då han skreiv den første vitskaplege artikkelen sin.

OPPGÅVE

Gå inn på www.nysgjerrigper.no og les ein forskingsrapport frå nysgjerrigperkonkurransen.

Når du forskar, følgjer du ei oppskrift:

1 Still eit spørsmål, finn ei god problemstilling. 2 lag ein hypotese, kva trur du svaret på spørsmålet kan vere? 3 Samle inn informasjon med ulike metodar. 4 Sorter informasjonen og tenk på kva resultatet betyr.

Er det nokon feilkjelder? 5 Del forskinga med andre.