
4 minute read
Kunnskap frå naturen
Kva har plantene samane brukar som medisin, båtane til vikingane og plakatane med gamle vêrteikn til felles?
Medisin frå naturen

Menneska har alltid sanka frå naturen. Kunnskap om bruk av planter som mat og medisin har blitt overført frå generasjon til generasjon.
Medisinmenn visste mykje om planter og var kjende for å kunne lækje sjuke menneske. Særleg urfolk var kjende for å ha medisinmenn. Samar er eit urfolk, og den tidlege kunnskapen deira om planter som medisin og mat er det viktig å ta vare på.
ORD Å SNAKKE OM
kunnskap, medisin, sanke, generasjon, lækje, eigenskap, blærekatarr

Nokre fleire medisinplanter
• lysegrøne skot ytst på grankvistane: inneheld vitamin C, og te laga av desse skal verke som hostesaft • engsyre: inneheld vitamin C, har vore brukt som grønsak • marikåpe og groblad: skal få sår til å gro • løvetann og gullris: kan verke mot blærekatarr • lavendel: drikk du te av denne, skal han verke mot hovudverk og dårleg ande
ORD Å FORSTÅ
urfolk – folkegruppe som stammar frå dei første menneska i eit område
mjød – ein alkoholhaldig drikk
vitamin C – eit vitamin som er viktig for kroppen vår
Mjødurt er ei plante som er kjend for medisinske eigenskapar. Ho veks vilt i heile landet. Vi veit at ho blei brukt av vikingane. Dei brukte ho for å få god smak på mjøden dei brygde. Samane, som reiste rundt med reinflokkane sine, var ikkje lenge nok på éin stad til at dei kunne dyrke frukt og grønsaker. Frukt og grønsaker er ei viktig kjelde til vitamin. Men samane fekk i seg vitamin likevel. Dei hausta frå naturen, og brukte mjødurt som kjelde til vitamin C. Samane brukte også mjødurt i medisin, og visste at mjødurt kunne verke mot feber, betennelse og smerter.
Forskarar fann ut at mjødurt og andre planter med same eigenskapar inneheldt eit stoff dei kalla salisylsyre. I dag blir dette stoffet brukt i fleire medisinar. Dei plukkar ikkje lenger planter for å få tak i stoffet, men lagar det i laboratorium.
Legevitskapen hadde kanskje ikkje oppdaga salisylsyre og mange andre stoff om ikkje urfolk hadde visst om dei medisinske verknadene til plantene. OPPGÅVE
kvann er ei plante som trivst fleire stader i Noreg. Ho har frå gammal tid vore brukt både som mat- og medisinplante. Finn ut kva delar av planta som blei etne, og kvifor kvann kan kallast ei medisinplante.
Båtane til vikingane
For meir enn tusen år sidan reiste vikingane rundt for å skaffe seg varer vi ikkje hadde i Noreg på den tida. For å komme seg til andre land var dei heilt avhengige av å ha gode båtar. Vikingane bygde båtar dei kunne ro og sigle, som tolte hardt vêr på havet, men som også kunne dragast opp på ei strand.
Du tenkjer sikkert at moderne båtar er heilt annleis enn båtane til vikingane. Du har ganske rett i det, men teknologien som blir brukt i moderne båtar, byggjer på den kunnskapen vikingane hadde. Kunnskapen om båtbygging har altså utvikla seg over tid.
VISSTE DU AT
isfuglen er ein fugl som kan stupe ned i vatnet utan at det blir mykje plask og lyd. Ein japansk forskar fann ut at det er forma på nebbet som gjer dette. Han fekk laga eit tog som etterliknar isfuglnebbet framme. Dette gjer at toget går raskare og bråkar mindre.

Vêrteikn
Det er mange som har plakatar om gamle vêrteikn hengande på hytteveggen. Eit eksempel er «Aften rød gir morgen blød». Det er lett å tenkje at det berre er tøys at fargen på kveldshimmelen har noko å seie for vêret dagen etter, men det er ikkje sikkert det er så dumt. La oss sjå på det på ein naturvitskapleg måte.
ORD Å FORSTÅ
meteorolog – person som har utdanning i vêr og klima
ORD Å SNAKKE OM
viking, teknologi, regnboge, temperatur
Lyset frå sola ser kvitt ut, men det består av mange fargar. Om du har sett ein regnboge, så har du sett desse fargane. Lyset spreier seg når det treffer vassdropar, sot og støv i lufta. Det er lyset med den raude fargen som går lengst. Det betyr at når sola går ned og dei siste solstrålane treffer vassdropar og anna i lufta, blir det raudt lys vi ser mest av. Di fleire vassdropar det er i lufta, di raudare blir himmelen. Mange vassdropar betyr at det er mykje vatn i lufta, og derfor meir sannsynleg at det begynner å regne. Så når «aftenen er rød», er sjansen stor for at morgonen blir «blød».
I dag er det meteorologane som «spår» korleis vêret blir. Dei brukar noko av den tradisjonelle kunnskapen. Men i staden for å sjå på fargen på himmelen om kvelden for å seie noko om vêret har dei målereiskapar som kan måle kor mykje vatn det er i lufta, vindretning, temperatur og mykje anna. Når dei brukar desse målingane og tolkar dei med avansert datateknologi, kan dei berekne vêret mykje meir nøyaktig.
Bygging av båtar i vikingtida, bruk av mjødurt som medisin og gamle vêrteikn er gammal kunnskap som vi i dag byggjer vidare på i naturfaglege fagfelt som fysikk, medisin og meteorologi. Tradisjonell kunnskap har altså blitt ein del av naturvitskapen.
Vikingskip i solnedgang. Korleis trur du vêret blir for vikingane dagen etter? OPPGÅVE
Skriv ei historie om ein klassetur der de blei overraska av endra vêr. Bruk orda vêrteikn og yr.no i historia.