Naturfag 5 frå Cappelen Damm Grunnbok (kap. 1)

Page 24

Del med andre! Det siste punktet er å dele forskinga med andre. Det kan du gjere ved å skrive om det, lage ein plakat, ein presentasjon eller ein film. Dette kan du vise til læraren og dei andre i klassen. Forskarar skriv ofte artiklar om forskinga si. Når det står ein artikkel i eit blad, seier vi at forskaren har publisert forskinga si. Du kan også få publisert det du har funne ut. Kanskje i skuleavisa? I Aftenposten Junior? Eller i ein blogg eller på ein nettstad? Kvart år arrangerer nysgjerrigper.no ein forskarkonkurranse for elevar på 1.–7. trinn. I denne nysgjerrigperkonkurransen kan de forske på kva de vil, og dei beste forskingsrapportane får pengepremie. Det hender andre lurar på det same som du forska på. Då er det fint om du deler det du har funne ut, så kan dei jobbe vidare med forskinga.

VISSTE DU AT Albert Einstein er ein av dei mest kjende vitskapsmennene som har levd. Han var 16 år gammal då han skreiv den første vitskaplege artikkelen sin.

22

NATURFAG 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

ORD Å FORSTÅ artikkel – ein tekst om eit aktuelt eller fagleg emne i ei avis, eit tidsskrift eller eit magasin publisere – gi ut ein tekst så mange andre kan lese han

ORD Å SNAKKE OM forskingsrapport


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.