70
Kontakt – norsk for påbygging
Trymskvadet
«Trymskvadet» skil seg frå dei andre eddadikta ved at ein tøyser med dei norrøne gudane i ein ellevill forkledningskomedie. Diktet handlar om kva som skjer når jotunen Trym stel hammaren Mjølne frå guden Tor. Gudane er heilt avhengige av at Tor har hammaren, elles vil han miste styrken sin. Men når Tor sender Loke for å hente Mjølne tilbake, får han beskjed om at det berre kan bli noko av dersom Trym får gifte seg med gudinna Frøya! Dette nektar Frøya, og løysinga blir at Tor må kle seg ut som Frøya for å lure Trym. Trym blir sjølvsagt mistenksam, ikkje minst når han får sjå kor mykje «brura» hans greier å ete ved bryllaupsbordet. Men guden Loke, forkledd som tenestejenta til Frøya, serverer brudgommen gode forklaringar, og til slutt blir Mjølne henta fram. Du kan lese heile «Trymskvadet» på kontakt.cdu.no. Den norrøne guden Tor må kle seg ut som brur for å prøve å lure tilbake hammaren som jotunen Trym har stole.
Kontakt påbygg nynorsk.indb 70
30.06.15 09.59