BLA I Betalt for å stå

Page 1


UTSAL PÅ CAMAÏEU

Dei faste

Kjøpe klede som om det var datostempla vare. Komme igjen kvar månad, kvar veke, kvar dag, opptil eire gonger om dagen. Dei faste er lette å kjenne. Alltid dei travlaste. Veit kva dei vil. Blir aldri lenge.

Psykedelisk

Når alt du ser er grelle spotlights på fullt i det falske taket og skrikande oransje plakatar med det berømte %-teiknet for utsal.

Liggande på rygg i vogna har ein vaken baby si første erfaring med psykedelika mens mora går i billegsalsrus.

I ein klesbutikk for damer har ei dame med veske ingen grunn til å bruke tid ved den latterlege vesle hylla med stygge handvesker … om ho då ikkje skal kamu ere eit lite butikktjuveri.

Tjuvgodset stappar ho ned i si eiga veske. I veska si stappar ho alarmdingsen som ho passa på å kutte av med knipetong då ho var innom prøveromma. Misforhold i utveksling av varer.

I ein klesbutikk for damer held alle damene godt fast på handveska si, særleg damene som stel.

Camaïeu - aksiom

I ein klesbutikk er ein kunde utan veske ein kunde som ikkje kjem til å stele.

Musikk er send ut over høgtalarar i butikken heile dagen. Av eit snitt på ti låtar på Radio Camaïeu er sju sungne av kvinner, to i duett med ein mann, berre éin av ein mann. Reknar du tre

Radio Camaïeu

minutt per song, altså tjue songar i timen, kan vektaren, på ein seks timars turnus, rekne med 120 stykk skrekkmusikk. Pausen er eit stort fagforeiningsframsteg.

Rette rumper

Sjøl om dei kan sorterast i somme store grupper, er forma på rumpa like unik som eit digitalt ngeravtrykk. Kva hadde vel gått for seg på politistasjonane viss det var dette identi seringssystemet styresmaktene hadde valt … Slik kan vektartankane svirre.

Vrange rumper

På grunn av den kallipygiske anatomien sin kjøper afrikanske kvinner sjeldan anna enn overdelar. Bukser, shortsar, truser er fabrikkerte etter gjennomsnittlege rumpemål på kvite kvinner som av natur er ate, av kinesiske arbeidarkvinner som av natur er svært ate.

I Kina skal ordet «rumpe» visstnok ikkje nnast. Der seier dei «nedre ryggen». Uråd å nne på eit ord for noko som ikkje nst.

Kinesar

Med den enorme mengda klesplagg som er fabrikkerte i Maoland, kan du seie at ein kinesar i ein klesbutikk er return to sender.

Dialog

«Korfor krinsar du rundt meg på den måten?» (Mannen.)

«Ja, du krinsar rundt oss! Det er stressande!» (Kvinna.)

«Beklagar, men eg krinsa ikkje rundt dykk. Ikkje rundt dykk spesielt.» (Vektaren.)

«Det stemmer ikkje! Berre sjå i barnevogna, der er det ingenting. Ta heller og krins rundt franskmenn. Ikkje rundt oss.»

«Du er paranoid, monsieur.»

«Kva?»

«Du er pa-ra-no-id.»

«Nei! Eg er algeriar, eg.»

Alarmar , merkelappar og prøverom

Berrføtte kvinner kledde i plagget dei vil kjøpe, kjem ofte ut av prøveromma på jakt etter ein annan storleik eller farge. På plagga dei prøver, heng det sjølsagt fullt av diverse etikettar og alarmdingsar, godt synlege rundingar av grå plast forma som ygande tallerkar, «spikra» rett gjennom sto et.

· På ermelause kjolar: Merkelapp hengande frå ermehola, alarm festa på høgre rumpeball, prislappen på ryggen.

· På bukser: Merkelapp på høgre hofte, ein til på venstre rumpeball ved sida av prisnedslaget (– 50 %, f.eks.).

Dette står på ei lang blank teipremse klistra på plagget.

Prislappen sit på venstre hofte, på somme plagg heng ein ekstra etikett med «vaskeråd» festa i linninga og dinglar over rumpesprekken.

· På korte lette jakker og skjorter: Prisnedslaget på eit band på venstre skulder, ein merkelapp klistra på venstre erme, prislappen kjem ut frå magen.

Det blir då, for ei dame som prøver ein Carlita-jeans og ein

Tolérant-topp:

· 24,95 euro, nedsett med 50 %, prisen på bein og rumpe.

· 14,95 euro, nedsett med 30 %, prisen på bryst og overkropp.

Eller eit avslag på i alt 17 euro og 45 cent for innpakking av samla sekundære kjønnskjenneteikn.

Tjukke damer

Ofte begynner tjukke damer først med å prøve dei minste plagga … før dei og den rette storleiken forsvinn diskré inn på prøveromma.

Bakrommet

På bakrommet er det toalett, personlege metallskap, kjøleskap, mikrobølgjeomn og ikkje minst ei tavle for internkommunikasjon der ein kan lese: «Tø Veke negativ salskoe sient + justering 9,91 % = BONUS Vi står på!» (Teiknsetting og emoji rett sitert.)

Skjempesøt liten topp

«Så skjempesøt liten topp.» Ei av dei mest brukte frasane når det skal settast ord på toppane vi sel i butikken. Og orda kjem alltid frå eit bøygd hovud med den «skjempesøte toppen» i klem mellom hake og hals, blunkande auge og plagget breidd godt ut over brystet. Valfritt: beundrande venninne til stades – eller ikkje.

Franskkaribiske fashonistafrø

Motebevisste svarte jenter som gir seg til i butikken i timevis og snakkar om klede til og med midt i kleshandlinga. Litt som alle franskmennene som snakkar om mat rundt bordet. Gjett om dei har kulturen i blodet og ikkje på huda!

Fatima, butikksjefen, har mista dei nydelege små svarte krøllane i maghreb-hårmanken sin frå veka som var. No er ho like stri og blond i håret som ei vikingkvinne.

Ingen har sett det nkrusa håret til Christiane, den svarte ekspeditrisa. Ho går med eit langt syntetisk påsett av store svarte krøllar som fell til midt på ryggen på ho.

Råolje og alfa - keratin

På dei så langt to vekene som vektar er inga svart dame kommen inn i butikken med det naturlege håret sitt på hovudet. Dei går alle med laushår – lokkar og extensions laga av syntetisk ber som kjem frå oljeindustrien. Råolje, primær energikjelde for planeten, kjem frå opprotning i geologiske lag langt under jordskorpa, av alt førhistorisk organisk materiale som har hopa seg opp gjennom tidene. Svarte kvinner går med fossil energi på hovudet.

Vektaren får auge på ei svart dame med ein lang og omfangsrik man som fell heilt til rumpa på ho i store lokkar. For at ho skal bli frisert på den måten, må minst ein heil tyrannosaurusstamme ha rotna.

Teori om kapillært begjær

Kapillærbegjær, sterk hårmisunning, smittar i nordleg lei: beurettejenter, med foreldre som har komme hit frå Nord-Afrika, traktar etter det strie blonde håret til vikingjenter; tropiquettejenter, med foreldre som har komme hit frå landa sør for Sahara, vil ha det krølla håret til beurettejenter.

Bété-kvinne med kvite babyar. Vektaren kjenner att «bété-kvinner med kvite babyar» så fort han ser dei. Dette er kvinner opphavleg frå Elfenbeinskysten, nærare bestemt frå Gagnoa-regionen. I Frankrike er nesten alle desse «barnepiker».

Ein velvald krigsterm for dadda til desse vestlege barna som er halvt kongar, halvt fangar.

Vektaren får ein sprø visjon av ei BKKB som kjem inn i butikken med nakne bryst og med det tradisjonelle skjørtet etta av

bladnervane til ra apalmen om livet. Men straks kjem verkelegheita tilbake. Framfor seg skubbar kvinna ei dobbeltbarnevogn der det ligg to engleaktige små blonde ungar og søv. BKKB-a har på seg ein «skjempesøt liten topp» av polyamid og ei tynnsliten gammal dongeribukse.

BKKB - dialog

«Eg kjøper altså ikkje wôrô-wôrô-jeans2, dei blir det fort berre llene igjen av!» (BKKB 1, mens ho ser med forakt på ein jeans som er stone washed.)

«Du har så rett, syster. Tenkje seg til, lage hòl i buksa før folk har fått kjøpt ho? Tsjrrrr!»3 (BKKB 2, hovudristande.)

Vokabular

I ivorianarmiljøet i Frankrike er vektaryrket så fast forankra at det har generert sin eigen terminologi, alltid prega av fargerike uttrykk frå nouchi, folkeleg abidjanesisk slang.

Betalt for å stå: femner alle yrke der ein må stå for å tene til føda.

Zagoli: vektaren sjøl. Zagoli Golié er ei berømt målvakt på

2 Wôrô-wôrô er kommunale taxiar i Abidjan, skranglekassar som ofte klappar saman.

3 Typisk plystrelyd afrikanarane lagar mellom lepper og samanbitne tenner for å vise avsmak.

Éléphants, fotballandslaget til Elfenbeinskysten. Å vere vektar er som å vere målvakt: Du står der og ser på at dei andre speler, og no og då kastar du deg etter ballen.

Soufè-wourou: bokstaveleg talt «nattehund» på malinke. Termen står for «hundeførar», eller «hundeførande spesialsikkerheitsvakt», som det heiter i administrativ terminologi. Endå soufè-wourouar får svært mykje betre betalt, er det langt færre av dei enn av «zagoliar» i dei afrikanske miljøa.

I Sahel-Afrika og Afrika sør for Sahara – med unntak av hos dozoafolket, ein jegerkaste kledd som fugleskremsel – er hundedyr tradisjonelt sett ikkje omtalte som anna enn «skabbehund», «bastardhund», «vond hund» … For deira plass blant menneska er det lite rom for nyansar.

Ideen om hunden som menneskets beste venn er dermed ein vestlegisme som enno er altfor fersk for afrikanarar. Når du har vakse opp med forakt eller redsle for meir eller mindre skabbete eller rabiessmitta hundar som akkar radmagre rundt i dei afrikanske byane, blir det å få seg ein hund til livskamerat og arbeidspartnar både psykologisk og kulturelt eit hinder som er svært vanskeleg å overstige. Berre det å ha hund, fôre han, dressere og halde han i god form er ei betrakteleg økonomisk investering når du verken har papir eller arbeid. Så om arbeidet ditt krev at du investerer i hund, kan du trygt seie at hunden bit seg sjølv i halen. Ivorianarane har konkludert: «Zagoli er best!»

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
BLA I Betalt for å stå by caminoforlag - Issuu