1 minute read

Levande landskap

Ein av dei viktige ressursane i vår region er utmarka, som i tusenvis av år har vore nytta til beiting og produksjon av kjøt og ull.

For om lag 5.000 år sidan byrja steinaldermenneska å rydde norskekysten for skog. Ved hjelp av øks, eld og beitedyr skapte dei det landskapet vi i dag kjenner som kystlynghei. Avskoginga og forminga av Europa sitt eldste kulturlandskap strakk seg i eit belte like frå Portugal i sør til Lofoten i nord. Kystlyngheia er opne landskap, dominert av dvergbusker og då særleg røsslyng (Calluna vulgaris).

Tidlegare utgjorde kystlyngheiene om lag 2 % av landarealet i Noreg og på byrjinga av 1900-talet strakk dei seg òg eit stykke innover langs fjordane. Årsaka til at denne naturtypen berre finst langs kysten er det milde klimaet, som gjer det mogleg å ha beitedyr ute heile året.

Totalt sett har meir enn 80 % av lyngheiene i Europa gått tapt sidan byrjinga av 1800-tallet. Kystlyngheia er no karakterisert som sterkt truga (EN) og er oppført på «Norsk Rødliste» for truga planteartar.

Dei viktigaste årsakene til dette er gjengroing, tilplanting og spreiing av skog, mellom anna sitkagran (Picea sitchensis). Nedbygging dyrking, gjødsling og anriking i jordsmonnet av nitrogen frå luft og nedbør endrar landskapet. For at lyngheia skal bestå må den nyttast, med brenning og beiting. Noreg har dei nordlegaste lyngheiene i verda og har difor eit spesielt forvaltningsansvar for desse.

I Fjordkystparken tek ein no vare på dei nedarva tradisjonane med å nytte utmarka, blant anna ved å auke kompetansen om dei gamle driftsmåtane og korleis ein haldar kystlyngheia i hevd. Hardbakke villsaulag er eit godt døme på korleis ein kan involvere og engasjere lokalbefolkninga til å ta vare på landskapet sitt.

Artsmangfold

Sjølv om artane i kulturlandskapet i dag er avhengige av menneskeleg skjøtsel, har desse i hundretusenvis av år utvikla seg på dei naturlege steppene som tidlegare fanst i Europa. Desse områda blei haldne opne av brann, vindfall eller store flokkar med ville beitedyr. I takt med at menneska dyrka opp steppene og utrydda dei store beitedyra, flytta soppane, plantane og insekta inn i kulturlandskapet. Om vi ikkje opprettheld kulturlandskapet, misser vi ei mengd med artar som kan ha stor verdi for mennesker, dyr og kretsløp.

Kystlyngheia er viktig for fleire raudlista artar, blant anna den sjeldne purpurlyngen som berre veks heilt ute ved kysten der det er mildt nok klima til at den kan overvintre. Foto: Trude Søilen.

Lyngbrenning er ein 5000 år gamal tradisjon som er opphavet til det opne kystlandskapet ein finn i parken. Foto: Pascale Baudonnel.