2 minute read

NOKRE OPPLEVINGAR

I Fjordkystparken

Yhopping Med Postb Ten

Bli med på den lokale postruta til Solund, Bulandet og Værlandet, ein tur i dei vestlegaste øyane i Noreg. Her kjem du tett på den unike naturen og kvardagen til menneska som bur i havgapet. Solund kommune har over 1700 øyar, holmar og skjer. Den lokale postbåten tilbyr ein guida tur blant desse øyane kor det er sannsynleg å oppleve havørn, sel og kanskje ein oter som er vanlege i dette området. Båten tar eit stopp ved den historiske handelsstaden Gåsvær, ei lita øy langt ute på havet. Anne Marie – ein lokal bonde, politikar og tursitvert, tek imot reisande med kaffi, pannekaker og historier, før dei reiser vidare til Bulandet i Askvoll kommune.

Bes K Kvernsteinsparken

Bestill ei omvising i det gamle steinbrotlandskapet og opplev ei litt anna historie om viking- og middelalderverda, prega av dyktige handtverkarar, handelsmenn og tolmodige kvinner som heldt den roterande kverna i gang. I tillegg til omsyning vil alle bli inviterte til å prøve den roterande handkverna, lære om mattradisjonar for tusen år sidan og bake brød over bålet.

ALT LYS PÅ SOLUND (ALPS)

Lysfestivalen er lokalisert til Solund og har etablert seg som eit fast og populært arrangement i slutten av november. Skule og barnehage deltek med sine verk og installasjonar, og det årlege tema for festivalen nyttast som utgangspunkt i undervisning. Festivalen skal være ein arena for kunst og oppleving.

Bli Med Bakkejekta P Skumringstur I Dalsfjorden

Bakkejekta er ein kopi av Norges eldste bevarte trebåt, frå omlag 1750. Om sommaren kan du bli med på skumringstur på den vakre Dalsfjorden. Båten er bygd med hogde bord og er rigga slik vikingskipa var for tusen år sida. Bakkejekta er den einaste som er igjen av dei hundrevis av jekter som har vore i Sunnfjord, og truleg den eldste båten i landet utanom vikingskipa.

Omvising P Tusen Rsstaden Gulatinget

Bli med på guidet vandring i vikingenes fotspor! Tusenårsstaden er open for publikum heile året, og tilbyr guida omvisning og lunch for grupper etter avtale. Omvisningane på Tusenårsstaden Gulatinget gjev ei innføring i historia knytt til Gulatinget, Gulatingslova og Leidangen, samt kunstverka til kunstnaren Bård Breivik.

FJELLTUR OG VANDRING

Nyt utsikta over eit mylder av øyar, høge fjell og langstrakte fjordar. Her finn du eit variert vandretilbod, frå spektakulære toppturar som Lihesten, Alden, Blegja og Pollatinden, til fotturar i lett terreng. Det er og dagsturhyttar i alle kommunane med merka stiar som gjer det enkelt å finne fram.

GUIDA PADLETUR

Få ein smak av saltet og den autentiske kystkulturen i den vestlegaste delen av Noreg og det magiske området der den mektige Sognefjorden munnar ut og møter den røffe Nordsjøen.

Ein kajakktur er den beste måten å utforske landskapet i Solund på, der ein følger spora til tusenvis av fiskarkvinner og –menn som alltid har nytta sjøen som hovudveg. Guidane frå Sognefjord Active stiller med alt utstyr. Det er ikkje nødvendig med førehandserfaring. I løpet av denne turen vil du lære om lokal historie, geologi og dyreliv, og få sjå nokre typiske døme på den rike kystkulturen i området. Sognefjord Active har og kajakk-kurs og utleige.

Sykle P V Rlandet Og Bulandet

Tek du ferga frå Askvoll, kjem du til Værlandet fergekai. Mellom Værlandet og

Bulandet ligg ein perlerad av bruer over dei tronge sunda med storslått utsikt over øyer og hav. Sykkel er det perfekte framkomstmiddelet for å dra på oppdagingsferd i dette mangfaldige landskapet. Bulandet vert kalla Nordens Venezia, med etter sigande 366 små øyer, holmar og skjær, tronge sund og idylliske viker. Ettersom øyane er bundne saman med bruer, kan du sykle den knappe mila frå Værlandet til Bulandet på ca ein time, med mogelegheiter for spanande avstikkarar. Vegen vart tildelt «Vakre veiers pris 2006».