2 minute read

Ein levande kystkultur for framtida

Felles for alle kommunane i Fjordkystparken er at kystkulturen er sterkt framtredande. Mange av partnarane i parken har tilknyting til fiskeri, skyssbåtverksemd, reiseliv og bygningsvern og dei evnar å samarbeide godt. Denne levande og autentiske kystkulturen er med på å gje tilreisande til regionen ekte og minneverdige opplevingar.

Skippartaket

I 2018 gjekk fem av medlemsverksemdene som driv med snekkeri, båt- og bygningsvern saman om ein årleg dugnad for å redde eit kystkulturminne. Dei ville gjere noko med at desse kulturskattane så lett vert gløymt og gjerne stemoderleg handsama og ønskte å sette fokus på kva verdi slike gamle bygningar og fartøy har for samfunnet og kystkulturen.

Verksemdene inngjekk ein partnarskapsavtale med parken om å samarbeide og dele erfaringar for å auka kompetansen og medvitet på dette fagfeltet. Fjordkystparken er ein pådrivar og koordinator for tiltaket.

Partnarane i «Skippertaket» er :

Nedre Jølster bilelag er mellom Noreg sine fremste på restaurering av gamle hus og freda bygningar, og får m.a. oppdrag frå Riksantikvaren å restaurere stavkyrkjer og andre kulturminne. Dei held kurs i vestlandsk byggeskikk og restaurering, og har dei siste ti åra vore instruktør for Arkitekt og Design Høyskolen i Oslo (AHO), med praktiske kurs i fullskalabygging med tradisjonskonstruksjonar.

Jensbua Kystkultursenter er eit bygningsvern- og kystkultursenter som gir råd og hjelp til restaurering av bygningar og båtar. Dei arrangerer kurs og samlingar om tradisjonshandverk og andre relevante tema. Jensbua har ein fast dugnadsgjeng som samlast kvar måndag for å halde ved like bygningar og båtar ved den autentiske og godt bevarte sjøbua i Fjaler.

Norsk Kystkulturakademi AS vart skipa i 2011 og har base i Solund. Kystkulturakademiet driv med bygningsvern og har ei snikkaravdeling med fire tilsette og ein lærling. Formidling og undervisning står sentralt. Dei underviser mellom anna Bergen Arkitekthøgskule i vestnorsk byggeskikk når dei kjem på sitt årlege feltkurs til Solund. I tillegg satsar dei på guiding og opplevingar og arrangerer årlege friluftskular og kurs i ulike fag knytt til kystfriluftsliv. I tillegg tilbyr dei konsulenttenester. Kystkulturakademiet var ein av initiativtakarane til parken og villsaulaget, og hadde prosjekteigar- og leiaransvar i etableringsfasane.

Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar har spesialisert seg på bygningsvern og tradisjonell båtbygging, og har om lag 30-års erfaring frå planlegging og ut- føring av restaurering på gamle hus og andre kulturminne. Han har verkstad på «Jensbua», og tek oppdrag i heile regionen. Han utførar m.a. innreiingsarbeid i tre, og lagar tilstandsrapportar og planar for folk som ynskjer å setje i stand gamle bygningar eller båtar. Ove underviser òg om gamle byggjeteknikkar som t.d. grindbygg.

Fortidsminneforeningen Sogn og Fjordande kjempar for at verdifulle kulturminne og kulturmiljø skal bli teke vare på for ettertida. Mange trur sikkert at kulturminne må vere svært gamle for å kategorisert som verdifulle. Slik er det ikkje. Fortidsminneforeningen tek hand om kulturminne frå alle tidsepokar, men har ein spesiell kjærleik for historiske bygg og bygningsmiljø. Dei er eigar av den staselege Lillingstonheimen, som mellom anna tilbyr overnatting i herskapelege omgivnadar.

Andre medlemer i Fjordkystparken

Fjordkystparken har ein del einskildpersonar som medlemar, mange med ei levande interesse for kystkultur og landskap. Det er også fleire partnarar som driv med gardsbruk, gjerne med gamalnorsk sau som går ute heile året. I tillegg til å beite kystlyngheia, produserer og sel gardsbruka kjøt, skinn, garn og horn. Partnarar innan gardsbruk er «Sørværet Villsau» i Værlandet, «Kystlandbruket» på Leknessund, Tangenes gard og Nils Chr. Bjørgo i Sandvik. Frode Kalgraff er ein lokalmatprodusent som veit å foredle produkt frå villsauen på tradisjonsrikt vis. Han er og villsaulaget si fagperson når julehøgtida står for døra, og villsauen skal på bordet etter alle kunstens reglar. «Leonards Forlaavelse», ein høgkvalitet småskala spisestad og gardsutsal ved Dalsfjorden tilbyr også lokalmat.

Fiskeri har alltid vore ein berebjelke i våre kystsamfunn. «Barstein AS» på Gåsvær og «Lending Rederi» frå Ytre Sula representerer den moderne fiskarbonden som skapar store verdiar for regionen i dag. «Vidar Hop Skyssbåter» og «Sulejet AS» er lokale skyssbåtaktørar i øyane. «Lillingstonheimen», «Værlandet Havhotell», «Solund leilighetshotell» og «Sognhostel» er og partnarar som tilbyr overnatting i parken.