1 minute read

og geopark

representerte Noreg sitt bidrag i Europarådets landskapspris 2020/2021

Fjordkysten regional- og geopark vart valt ut som den norske kandidaten til Europarådets landskapspris i 20202021 for sitt strategiske og kontinuerlege arbeid med å fremje kystlandskapet og verdiane knytt til det. Fjordkysten regional- og geopark spring ut av det som tidligare var skapt i lokalsamfunna på lokale initiativ i samspel med næringsliv og enkeltkommunane. Parken vart etablert som ein felles samarbeids- plattform for Solund, Fjaler, Askvoll og Hyllestad, samt ulike organisasjoner og privat- personer. Regjeringa skriv av Fjordkystparken vart valt ut fordi den er eit godt døme på bevisst og målretta jobbing over fleire år, med landskapet som utgangspunkt og felles ramme. Dette er godt integrert i kommunane sitt arbeid, og måten dei jobbar på gjennom park-modellen har stor overføringsverdi til andre stader.

Trude J. Søilen, leiar i Fjordkysten regionalog geopark tok i mot diplomet frå Maguelonne Déjeant-Pons (Europarådet) saman med Gunn Åmdal Mongstad, styreleiar i Norske Parker. Foto: Kjell Mongstad.

Ein delegasjon frå Fjordkystparken og frå Norske Parker dro til Italia i april 2022 for å representere Noreg og delta på prisutdelinga.