2 minute read

TYPISK PARKARBEID

• Dugnad på Losna – Hausten 2021 besøkte vi partnaren vår Losnaspelet på Losna. Her fekk vi omsyning i nokre kvernsteinsbrot som ikkje har vore registrert av fylkeskommunen. Parken søkte og fekk midlar til å involvere skuleelevar i ein dugnad for å avdekke og registrere funnet, slik at det kunne synast fram for publikum under Losnaspelet i 2022.

• Samarbeid mellom Dale vidaregåande skule og lokale verksemder.

• Regionen vår har mykje kompetanse på gamle bygningar og tradisjonshandverk, og nokon av partnarane som driv med bygningsvern ynskjer å etablere eit bygningssenter i Fjaler (Jensbua/Dale). Dei har saman med Fjordkystparken teke initiativ til eit samarbeid med Dale Vidaregåande skule for å etablere eit tilbod til studentane om bygningsvern og restaurering som tema på tømrarlina. Det er satt opp bygningsverndagar mellom anna på Lillingstonheimen, der deltakarane får lære ulike handverksteknikkar.

• Erasmus+ program for tverrsektorielt samarbeid

Det er oppretta samarbeid med ein venskapspark i Frankrike om tradisjonshandverk, og Fjordkystparken har fått midlar til å delta i eit Erasmus+ program for å byggje kompetanse og nettverk innan tradisjonshandverk, materialbruk og bygningsvern. Ein gruppe med deltakarar frå Dale Vidaregåande skule, Fjaler Kommune og dei ulike bygningsvernaktørane i parken skal på studietur til Parc naturel régional de Brière i Frankrike. Planen er å etablere eit utvekslingstilbod mellom skular i dei to parkane. Her ligg det mange moglegheiter for brei verdiskaping.

• Guidekurs i interpretasjon. I samarbeid med paraplyorganisasjonen for parkane; Norske parker og Interpret Europe vil vi halde guidekurs, og mellom anna vere vertskap for Europas første interpretkurs for geo-guiding. Formidlingsmetoden vi nyttar i parken heiter interpretasjon. Med denne metoden vil du kunne:

· Auke medvitet kring formidling og betre dine ferdigheiter som guide eller formidlingsplanlegger.

· Aktivt nytte tema knytt til natur- og kulturfenomen og setje dei besøkande i direkte kontakt med sitt nærområde.

· Skape engasjement hos gjestene og relatere opplevinga til deira eigen kunnskap, erfaring og verdiar.

• Fjordkystparken rundt – i 2021 vart det skreddarsydd ein «test-parktur» for ei gruppe turistar som reiste frå partnar til partnar i heile parkområdet. Desse hadde ingen tilknyting til området frå før, men var ute etter naturopplevingar, lokal kultur, lokalmat og hadde lyst å møte lokalbefolkninga.

Rundturen starta på sykkel og i kajakk i Solund, og deltakarane fekk mellom anna vere med på villsausafari med «Hardbakke Villsaulag». Etter eit par dagar vart dei sende på øyhopping med Postbåten til Bulandet og Værlandet, der nye opplevingar venta på sykkelen. Så drog dei vidare med ferga til Askvoll for lunsj og litt handling før dei heldt fram til Fjaler og Jakob Sande-senteret. Dei overnatta på «Lillingstonheimen» og vart varta opp med fantastisk mat på «Leonards Forlaavelse». På UWC leigde dei kajakkar og padla på ei av verdas vakreste fjordarmar, før dei fortsette til Hyllestad på den gamle postvegen til Kvernsteinsenteret.

Vi fekk strålande tilbakemeldingar på dette konseptet og trur dette har eit stort potensiale. Dersom du har lyst å vere ein del av ein slik opplevingspakke, er det berre å ta kontakt!