1 minute read

Hardbakke Villsaulag

Mange av dei som bur i dette særeigne og opne kystområdet i dag er ikkje klar over at det er eit menneskeskapt kulturlandskap, forma av våre forfedre som kultiverte området med eld og sauehald. Menneska som lever i dette landskapet er knytt til det og ønskjer å ta vare på det, men manglar ofte kunnskap og kompetanse om korleis ein skal få dette til. Den gamle driftstradisjonen knytt til lyngbrenning og utegangarsau, som tidlegare vart overført frå hand til hand mellom generasjonar, er nesten heilt borte. Berre nokre få lokale bønder og grunneigarar driv framleis med denne ekstensive måten å drive på. Solund var tidleg ute med å etablere villsaulag på øyane for å ta vare på landskapet, og desse er framleis i drift.

Hardbakke Villsaulag er eit sentrumsnært villsaulag som er eigd og driven av lokalbefolkninga sjølv, i samarbeid med Solund kommune, skulen og barnehagen. Gjennom handlingsboren kunnskap lærer innbyggjarane korleis dei i praksis kan produsere sin egen mat like utanfor stovedøra, på same måte som generasjonar før dei har gjort, og samtidig ta vare på det særeigne landskapet.

Villsaulaget er organisert som eit samvirkelag der lokalbefolkninga kjøper og eig så mange partar som dei ønskjer. Laget har i dag selt 150 partar til rundt 100 medlemer. Desse er fordelt mellom lokale næringsaktørar, private i alle alderssjikt, kommunar, skule, barnehage, helse- og omsorg, mfl.

Alle partseigarane vert invitert med på oppgåver knytt til villsaudrifta gjennom året; – mellom anna rydding av landskap, brenning, sanking, fôring, merking, medisinering, ruing, slakting og foredling. Sauene går i utmarka heilt inntil kommunesenteret på Hardbakke. Dei er tame og likar å få kos og mat av både born og vaksne som oppsøkjer dei.