4 minute read

EPISENTER

Som Formidlingsarena

Vi er no i ferd med å etablere besøkssenter i kvar kommune i parken. Desse sentera vert kalla episenter og dei skal formidle kva parken er i sin heilskap og kva ein kan oppleve i parken. På sikt er det ynskje om å etablere fleire episenter i kvar kommune.

Kvart episenter er knytt opp mot partnarar i parken, som skal vere med å ta ansvar for drift og formidling til besøkande og fastbuande. Konseptet byggjer på at både partnaren som vertskap og parken som formidlingsaktør får fordelar av samarbeidet.

Episentera skal innehalde innandørs og/eller utandørs utstillingar med interaktiv formidling, der det vert tilrettelagd for opplevingar og læring gjennom aktiv bruk av sansane.

Medverknad, læring og handlingsboren kunnskap er stikkord. Parken er medlem av Interpret Europe og har som mål å utdanne partnarar og vertskap i parken til å bli Certified interpretative guides (CIG).

Alle besøksentra kjem til å ha ulike hovudtema knytt opp mot sin stad, samstundes kjem det til å vere ein gjennomgåande raud tråd felles for alle episentera.

I Solund er episenteret på Hardbakke. Dette er tredelt mellom den store sjøbua i hamna, Solund leilighetshotell og Solund Senter. Partnarar er mellom anna Norsk Kystkulturakademi AS, Vidar Hop Skyssbåtar, Solund Eigedom og Solund kommune. Hovudtema her er levande landskap og kystkultur.

I Hyllestad er episenteret knytt til Kvernsteinsparken der musea i Sogn og Fjordane og Norsk Kvernsteinssenter er partnar. Hovudtema her er vikinghistorie og kvernstein.

I Fjaler er episenteret på den gamle pikeskolen på Steia i Dale og det er Jakob Sande-selskapet som er partnar. Hovudtema her er forteljekunst og kultur.

Solund kommune

er den vestlegaste kommunen i Noreg. Med sine 1.700 øyer, holmar og skjer heilt vest i havgapet der Sognefjorden munner ut i Nordsjøen er Solund eit populært reisemål for alle som leitar etter autentisk kystkultur og spanande naturopplevingar. Det er lett å bli kjent med lokalbefolkninga som gjerne deler sine tips med tilreisande. Her bør ein ikkje gå glipp av sjansen til å bli med på Øyhoppinga med den lokale postbåten; – den lokale passasjerruta. Eller ta turen på ein fyrsafari til Utvær – Norges vestlegaste punkt.

I vikingtida var Utvær samlingspunkt for eit skipsbesøk av eit slikt format at knapt nokon på norskekysten hadde sett maken. Kong Harald Hardråde at han hadde rett til herredømme over England, og i 1066 kalla han ut leidangen og ville dra vestover. Snorre Sturlason fortel at flåten talde over 200 langskip utanom matskuter og småskip! Som kjent gjekk ikkje slaget ved Stamford Bridge heilt slik som kongen hadde tenkt seg.

Øyane i Solund er eit eldorado for kystfriluftsliv. Kajakkpadling og vandring er populære aktivitetar i eit område med eit heilt særeigent landskap og geologi, der konglomerat og mektige flyttblokker frå Istida står som skulpturar mot horisonten. I dette landskapet vil du kunna møta den spesielle villsauen og oppleve kystlyngheia. Solund sine verksemder er i stor grad bygd opp rundt maritime næringar og det er om lag 800 innbyggjarar i kommunen som gjerne kallar seg «Øyriket Solund».

Hyllestad kommune

er kjend for sin omfattande produksjon av kvernstein, ein produksjon som truleg har føregått i meir enn tusen år.

Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit spanande visningssenter for denne sjeldne historia. Det er utvikla ein modell for involvering av skulebarn i formidlinga av geologien og kvernsteinproduksjonen; – som har blitt kjent som Hyllestadmodellen. Her må ein ikkje gå glipp av ein fantastisk demonstrasjon av den eldgamle tradisjonen med kalksteinbrenning.

Skipsindustri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen, som har ca. 1.300 innbyggarar.

Den spektakulære Lihesten er eit berømt landemerke på kysten og er truleg eit av dei mest fotograferte fjella i vår region.

For dei som likar friluftsliv har Hyllestad mykje å by på. Landskapet i Hyllestad er kupert og variert, med mange fjellnutar opp i 500–700 meters høgde. Risnesnipa mellom Åfjorden og Lifjorden er den høgste (777 moh). Den er en del av Lihesten, som er eit fjellmassiv med bratte stup på dei fleste kantar.

Askvoll kommune

ligg på nordsida av Dalsfjorden og har ei rik vikinghistorie. I Rivedal står statuen av Ingolf Arnarson som grunnla den første busetjinga på Island i år 874.

Frå kommunesenteret Askvoll ser ein rett vest til Atløy som er nemnt mange gonger i Snorre-sagaen. Kommunen husar også det som i dag er Noregs vestlegaste fiskerisamfunn, Bulandet og Værlandet, som fortsatt er i drift; – eit ynda besøksmål for både øyhopping, sykling og fotturar. Her reiser det kjente landemerket Alden (481 m.o.h.) seg rett opp frå havet. Alden er eit av dei mest markante landemerka på kysten, på folkemunne kalla «Den Norske hest», og er eit særdeles populært turmål. Eit anna landemerke er det geologiske fenomenet «Brurastakken», eit fjell som visualiserer området sin geologiske arv på ein framifrå måte.

Kommunen har ca. 3.000 innbyggarar og har ei rik industrihistorie å vise fram, i tillegg til all aktivitet innan landbruk og fiske.

Det er fleire spanande sider for kommunen knytt til det å vera medlem i Fjordkystparken. Den kan skape ein felles identitet i dette området, som vi har vore på leit etter i lengre tid.

Ole André Klausen, ordførar i Askvoll

Fjaler kommune

ligg på sørsida av den vakre Dalsfjorden, og strekk seg frå høge dalføre og like ut til kysten. Kommunen har ei lang industri- og skulehistorie.

I nyare tid har kommunen utmerka seg med eit innovativt miljø innan IT. Folketalet er ca. 2.800 i denne kommunen.

Her finn ein regionen sin einaste vidaregåande skule, samt United World College som er eit internasjonalt gymnas med 200 elevar frå heile verda.

Fjaler er også kjent for å vere fødestaden til den folkekjære diktaren Jakob Sande (1906 – 1967). Jakob Sande-senteret i Dale er både besøkssenter og nasjonalt senter for forteljekunst. Kommunen har eit rikt kulturliv, Nordisk Kunstnarsenter er lokalisert her, og kommunen har og ein eigen og populær Teaterfestival.

Kystkulturmiljøet rundt Jensbua kystkultursenter og kopien av den gamle tradisjonsbåten «Bakkejekta» er ein del av det du må oppleve om du reiser til Fjaler.