5 minute read

Dale vidaregåande skule

Dale vidaregåande skule ligg i Fjaler kommune, og er den einaste vidaregåande skulen i parken sitt område. Det er i dag rundt 210 elevar og 45 tilsette ved skulen. Skulen tilbyr studiespesialiserande, bygg- og anleggsteknikk, helseog oppvekstfag, helsefagarbeidar, teknikk og industriell produksjon, industriteknologi og påbygging til generell studiekompetanse. Dale vgs er ein stad der elevar og tilsette trivst i lag, miljøet er svært godt og stimulerer til utvikling og læring. Skulen sin visjonen er «Vilje til visdom og vennskap»

United World College Red Cross Nordic

vart opna av H.M. Dronning Sonja i 1995 og er ein utdanningsinstitusjon på vidaregåande nivå som tilbyr eit intensivt, toårig program for om lag 200 studentar frå meir enn 90 land.

UWC-rørsla arbeider for å bruke utdanninga som ei kraft for å sameine folk, nasjonar og kulturar for fred og ei berekraftig utvikling. Utdanninga på «UWC Røde Kors Nordisk» legg her spesielt vekt på humanitært arbeid, miljøvern og nordisk kultur. UWC er som eit vindauge ut mot verda og ønskjer å vere ein partnar som kan bidra til utvikling i det spanande skjeringsfeltet mellom det internasjonale og det lokale.

Bergen Arkitekth Gskole

Bergen Arkitekthøgskole (BAS) bygger på vestnorsk verna byggekultur som har utvikla seg i ein kontekst av eit særeige klima og landskap. Under studietida skal studentane oppleve og engasjere seg i dei ulike landskapsromma og busetnadsmønster i innlandet og langs kysten. Dette gjennom ei blanding av analyser, oppteikningar og praktisk arbeid med å byggje eller restaurere gamle naust og andre gamle bygningar.

Skulen har tverrfagleg samarbeid med fag som meteorologi, landskapsøkologi og byggehistorie. Dette er eit viktig element som ligg i kjerna av utdanninga. Skulen er samarbeidspartnar med parken i forskingsprosjektet «å vøla eit landskap» – kvar haust kjem førsteårs- studentane til Solund på feltkurts og bur i telt i ein heil månad for å bli kjende med landskapet og den lokale byggehistoria.

Norsk Kvernsteinsenter

Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum midt i eit av dei største kvernsteinsbrota i Nord-Europa frå vikingtida og middelalderen. Museet viser ei anna side av historia som kanskje ikkje er like kjend: Vikingane som dyktige handtverkarar og handelsmenn. Steinen var gullet i Hyllestad. Steinhoggarar jobba i over hundre steinbrot, og hogde kvernstein etter kvernstein for så å verte frakta over heile Noreg, til Danmark, Sverige, Tyskland og øyane i Atlanteren. Kvernsteinsproduksjonen var heilt grunnleggande i Hyllestad på denne tida; utan kvernstein var det ingen mat.

JAKOB SANDE – SENTER FOR FORTELJEKUNST

I tillegg til å vere senter for forteljekunst i Vestlandet er Jakob Sande-senteret i Dale også eit besøkssenter med aktivitetar som omvising, kafé- og kulturarrangement. «Jakob Sande – senter for forteljekunst» skal forske i og formidle Jakob Sande si dikting, nynorsk språk og kultur, og det skal vere ein stad som får fram mangfald av forteljingar og nye røyster.

Heimen til senteret er «Klokkargarden», men senteret vil stå bak aktivitetar i heile regionen i samspel med ulike organisasjonar og miljø, mellom anna med Fjordkysten regional- og geopark. Senteret har nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Målgruppa er barn og unge (i barnehage, skule, fritid), studentar, lærarar, forfattarar, særlege talent og folk frå alle miljø med ulik kulturell og fagleg bakgrunn.

Litle F R Yna Kystkulturlag

Nordmenn som ikkje har fått med seg Roar Moe på Litle Færøyna har ikkje følgt godt nok med i timen. Du finn ein nærare presentasjon i NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Dette er ein stad som er gjenskapt for at oppveksande generasjon skal kunne oppleve eit lite stykke Noreg og eit kystliv slik det framstod før motorisert ferdsel gjorde sitt inntog langs kysten. Dette er ein restaurert husmannsplass på ei øy med eitt hus og éin fast innbyggjar, som lidenskapleg ynskjer å formidle eit stykke norsk kystkultur på sitt beste. Både staden og denne personen kan du sjølv møte om du vel å ta Postbåten (øyhoppinga) i Solund.

Sunnfjord Geo Center

Sunnfjord Geo Center (SGC) har sitt hovudsete i Stongfjorden og er eit konsulentselskap innan geofarevurdering og formidling innan geologi. SGC er eit senter av kunnskap om korleis fjell, lausmassar, vatn og snø har oppførd seg og vil oppføre seg i framtida. I eit globalt klima som endrar seg er dei budd på stadig nye faglege utfordringar.

SGC har ein visjon om at alle kan oppnå å leve i eit trygt miljø og på lag med naturen. Det daglege arbeidet er å bidra til denne tryggleiken gjennom kunnskap og erfaring. Geologane og geoteknikarane i Sunnfjord Geo Center er høgt utdanna og dedikerte, med ei jordnær, men profesjonell tilnærming til oppdraga.

Teaterfestivalen I Fjaler

Kvart år i september går den populære teaterfestivalen i Fjaler av stabelen. Festivalen har eit nasjonalt nedslagsfelt og er kjent for å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. Naturen og landskapet speler ei viktig rolle i programmeringa, der ein legg vekt på å skape ei unik ramme rundt kvart enkelt prosjekt. På Teaterfestivalen i Fjaler vil du oppleve engasjerande scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet, i tillegg til konsertar, debattar, foredrag og gode møter.

Visit Fjordkysten Og Sunnfjord

Visit FjordKysten og Sunnfjord er destinasjonsselskapet med ansvar for reisemålsutvikling og marknadsføring av regionen. Dei arbeider for å utvikle berekraftige natur- og kulturopplevingar i lokalsamfunna heile året. Dette skjer i tett samarbeid med medlemer som leverer opplevingar, transport, mat og overnatting. «FjordKysten og Sunnfjord» er derfor ein svært sentral og viktig partnar som parken samarbeider tett med. Deira daglege leiar er mellom anna representert i parken sitt styre. Aktørar som er medlem i både parken og destinasjonselskapet får rabatt på kontingenten hos Visit FjordKysten og Sunnfjord.

Gulatinget

Gulatinget- møtestad for lov og rett: Gulatinget er eit av dei eldste regionale tinga frå vikingtida. Her møttest alle frie våpenføre menn frå heile vestkysten i direkte forhandlingar med konge og kyrkjemakt. Dei vedtok lover, dømde i saker, og diskuterte politikk. Tinget gav oss Gulatingsloven, som er den eldste bevarte lovsamlinga i Norden. I dag står Tusenårsstaden til minne om Gulatinget i flotte omgjevnadar 4 kilometer utanfor Eivindvik i Gulen kommune.

Losnaspelet

Fanst det riddarar i Noreg? Var det ikkje berre på Frankrike og Englands grøne enger mellom veldige gamle eiketre at dei edle menn kjempa til hest, væpna med rustning og lanse, om fagre møyars gunst? Kanskje det er vanskeleg å sjå for seg, men gjekk føre seg riddarturneringar på forblåsne svaberg i Solund. Losnaspelet tek utgangspunkt i historiske hendingar på slutten av 13-hundretalet. Hendingane er bygd opp rundt Herr Eindride Erlendsson og ætta han høyrde til – Losnaætta. Han var riddar og riksråd, fehirde og styresmann på Akershus og Tunsberghus. For dronning Margrete var han ein stor støttespelar. I 1397 var han var med på kongekroninga i Kalmar . I Sogespelet «Herr Eindride til Losna» av Rolf Losnegård er den sentrale delen i Losnaspelet som setjast opp. Dette skjer annakvar sommar på Losna.

Fjordane Friluftsr D

Fjordane Friluftsråd er ein interkommunal organisasjon starta opp i 2017. Det er seks medlemskommunar i friluftsrådet; Solund, Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn. Hovudkontoret ligg på Hardbakke Brygge i Solund. Fjordane Friluftsråd arbeider hovudsakeleg med planlegging, gjennomføring, organisering og førebyggande arbeid opp imot marin forsøpling. Vil også samarbeide med offentlege og private aktørar, for å bidra med tilrettelegging for lågterskel friluftsliv.

Sunnfjord Utvikling

Sunnfjord Utvikling AS sitt føremål er å bidra til utvikling i Sunnfjord kommune, mellom anna ved å hjelpe nye etablerarar, og leggje til rette for at eksisterande næringsliv kan utvikle seg vidare og eventuelt skape ny aktivitet. Sunnfjord Utvikling har som mål å vere ein tilretteleggjar med god oversikt over kva som skjer i heile område på tvers av kommunegrensene. Selskapet er eigd av Sunnfjord kommune samt næringslivet i området.